Nr 2 - 1995

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Fienden på film - nazifilmane sin estetikk

Underhaldningsfilmane var den viktigaste bodbringaren av nazistane sitt ideologiske bodskap til vanlege folk. Nazi-Tyskland sin propagandasjef Joseph Goebbels tok tidleg i bruk film for å legitimere fiendebileta og påverke folkemassane til å ta del i "tidsånda".

Tekst: Abjørn Leirvåg  
Bilder fra propgandafilmer: © G. Schonenberner

– Vi finn heile nazi-ideologien uttrykt i desse underhaldningsfilmane, seier Gerhard Schonenberner. Han er tysk filmhistorikar og har i mange år arbeidd spesielt med nazistiske propagandafilmar. Under eit universitetsseminar i Bergen i mars viste han fleire av dei mest kjende underhaldningsfilmane som blei produserte av Hitler-Tyskland. Desse filmane skulle dyrke fram eit positivt sjølvbilete hos tyskarane, samt legitimere og forsterke den negative oppfatninga av fienden.

Det nazi-skapte nasjonalsosialistiske verdsbiletet mana til nasjonal solidaritet og ekskludering av interessemotsetnader mellom dei sosiale klassane. Kinoane blei ei viktig brikke i arbeidet med å halde oppe einsrettinga. Nazistane satsa på å auke kinobesøket gjennom å etablere bygdekinoar og organisere syningar på skular, fabrikkar, militærleirar og i ulike organisasjonar. Og dei lukkast særs bra.

– I 1933 hadde Tyskland 244 millioner kinobesøk årleg. I 1942 passerte besøket ein milliard. Både dei vekentlege filmavisene og dei meir underhaldande spelefilmane fylte folket sitt behov for informasjon og underhaldning, seier Schonenberner.

Full kontroll

Etter at nazistane tok over makta i januar 1933 tok det ikkje lang tid før den tyske filmindustrien blei underlagt politisk kontroll. Propagandaminister Joseph Goebbels såg tidleg kva sjansar einsretting ved hjelp av propagandafilm kunne gi, og blei snart leiar for eit eige ministerium som skulle ha ansvar for propagandaverksemda. Dette innebar total kontroll over såvel idear og manus som sjølve redigeringa - og Goebbels sjølv styrde det meste av prosessen. Mange filmfolk blei sparka av rasemessige omsyn, og fleire blei nøydde til å røme frå landet.

Samstundes oppretta nazistane ei nasjonal kredittordning for filmproduksjon og slo saman fleire filmselskap til det statskontrollerte UFA-selskapet. Dette førte til at nazistane snart hadde økonomisk kontroll over filmindustrien. Seinare kom óg distribusjonsordninga og ein stor del av kinoane under regjeringa si kontroll. Allereie i 1933 kom underhaldningsfilmen Hitlerjunge Quex (Hitlerguten Kvikk) med klar appell til ungdommen. Filmen syner korleis tenåringen Heini bryt med dei usympatiske og drikkfeldige kommunistane, og heller velger å følgje dei sunne, flinke og disiplinerte ungdomane i Hitlerjugend. Når kommunistane hemner seg og drep Heini, får han døy heroisk i armane på nazi-kameratane. Filmen blei svært populær og viktig for rekrutteringa til nazistane sine ungdomsrørsler.

Underhaldning med bodskap

– Dei første nazistiske filmane blei både kunstnariske og kommersielle fiaskoar. Kinopublikumet reagerte negativt på den sterke politiske misjoneringa, så Goebbels såg tidleg at det ideologiske bodskapet måtte skjulast på ein meir sofistikert måte. Han satsa på få og dyre filmprosjekt der rollene var gjort av kjende stjerner. Dei sensurerte avisene ga automatisk filmane gode kritikkar, og dei fekk prisar av det nazistiske regimet. Filmane blei derfor godt besøkte og sett opp i dei fleste landa som var okkupert av Tyskland, seier Schoneneberner.

Han har studert fleire hundre filmar som blei produserte under nazistisk kontroll, og har funne ei rekkje likskapstrekk.

– Sentralt i ideologien stod det sosial-demagogiske omgrepet Volksgemeinschaft, som legitimerte kampen for tysk overherredømme over andre folk og rasar. Filmane spelar på element som kamp mot kommunisme og arbeidarrøyrsle, militære leiarideal for samfunnet som heilskap, oppløysing av parlamentarisk demokrati og at det var naudsynt med krig for å nå dei nazistiske måla. Samstundes blei den irrasjonelle ideen om at den tyske rasen som herrefolk måtte hjelpe naturen med å utrydde det stygge, svake og lågarståande menneske for å oppfylle ein slags vulgær-darwinisme, understreka gjennom historiske epos eller liknande.

Eit fellestrekk ved filmane er at dei ofte handlar om omskrivne historiske hendingar, som blir nytta til å byggje opp under nazistane si politiske linje.

Vekslande fiendar

Etter at krigen starta i 1939 blei fiendebiletet i filmanene endra. Då Storbritannia kom med krigserklæringa same haust, fekk landet rolla som erkefiende, og blei tema for storfilmen Ohm Krüger (Onkel Krüger) frå 1941.

– Dette er eit klart døme på korleis den utanrikspolitiske situasjonen blir avspegla i spelefilmproduksjonen. Britane hadde i mange tyske filmar vore framstilt som tapre, ærlege, riddarlege og rettvise. Då regjeringa braut med Hitler sin ekspansjons- og rustningspolitikk, blei dette biletet med ett endra. I Ohm Krüger står Hitler fram som ein føregangsmann i kampen mot imperialisme og britisk undertrykking av dei sørafrikanske boerane. Britane blir karakteriserte som herskesjuke og grusomme, medan nazi-regimet blir dei sanne forsvararane av dei svake og forfulgde, seier Schonenberner.

Seinare i krigen fekk denne strategien nærast absurde utslag. Etter slaget ved Stalingrad i 1943, då krigen i realiteten var tapt, sette Goebbels i gong med produksjonen av filmen Kolberg. "Hitler og Goebbels må ha vore fengsla av ideen om at filmen var meir nyttig for dei enn til dømes å vinne eit slag i Russland", sa regissør Veit Harlan i eit intervju før han døyde i 1965. Byen Kolberg hadde i 1806 kjempa i eit år mot Napoleon sin hær. Sjølv om tyskarane til slutt tapte slaget, hadde innbyggjarane overlevd. Goebbels såg dette som ein parallell til utviklinga av krigen, og ville nytte historia til å styrke det tyske folket sin moral. Filmen hadde eit budsjett på over 8,5 millionar riksmark, og innspelinga varte heilt fram til slutten av 1944. Då hadde heile 187 000 soldatar vore haldne vekk frå fronten i fleire månader for å medverke som statistar i filmen. 10 000 uniformar blei spesialsydde for filmen og fleire hundre jernbanevogner med salt som skulle illudere snø blei køyrde inn på filmsettet. Då filmen blei ferdig i 1945 var det vanskeleg å få sett han opp, fordi mange kinoar var okkuperte av dei allierte eller bomba i filler.

Den vakre krigen

– Jo lengre krigen varte, jo mindre blei han skildra på film. I filmen Stukas frå 1941 er det dei tyske bombeflygarane som blir dyrka som heltar. Dei er staute, lojale og positive. Fienden blir gjort om til objekt for sportslege bombekonkurransar. Der tyske flygarar fell i kamp, blir det framheva kor bra det er å døy for fedrelandet sitt. Seinare blei sjølve krigen erstatta med historiske filmar som legitimerte kvifor fienden måtte nedkjempast, seier Gerhard Schonenberner.

Fleire filmar frå 1933 til 1941 inneheld antisemittiske bodskap, men først i 1939 blei dette det eksplisitte og sentrale temaet i fleire filmar. I Jud Süss frå 1940 blir Leon Feuchtwangers roman forvrengd til å framstå som eit prov på at jødane er onde og evige syndebukkar. Jøden Joseph Süss-Oppenheimer blei på 1700-talet hertug Karl Alexander av Württemberg sin finansrådgjevar. Han fekk i oppgåve å skaffe pengar til å dekka hertugen si gjeld. Sjølv om han greide dette blei han utsett for eit komplott og dømd til døden ved hengjing. I filmen blir Süss framstilt som ein maktsjuk snyltar som utnyttar tyskarane til jødane sin fordel. Det heile bygger opp om å rettferdiggjere utryddinga av jødar.

– Dette viser at fiendebiletet var nært knytta til nazistane sine taktiske behov og kan omtrent nyttast direkte til å tidfeste filmane, seier Schonenberner.

Ikkje forelda

Propagandafilmane til Hitler-Tyskland blir i dag lagra under strenge sikringstiltak. Skal filmane visast offentleg, krevst det at dei skal.nyttast i ein seriøs samanheng. Det er kjent at det sirkulerer kopiar av filmane i nynazistiske miljø i Europa, og filmane har vore viste under ulike arrangement.

– Propaganda kan berre motkjempast med informasjon. Eg har vore med under oppbygginga av eit museum og kompetansesenter for krigshistorie i Berlin. Her har vi óg ei pedagogisk avdeling som skreddarsyr seminar for ulike yrkesgrupper, lærarar, elevar og studentar. Her spelar bruk av multimedia ei sentral rolle. Eg trur dette kan gjere folk meir medvetne til å innta ei kritisk haldning til ulike bodskap - ikkje minst på bakgrunn av erfaringa frå borgarkrigen i det tidlegare Jugoslavia. Dette er eit godt døme på at propaganda framleis kan nyttast med hell, sjølv i det "moderne" Europa, seier Schoenberner.

 

 

Se også:

Oppgjørets time

Hamsun & nazismen

Den tyske filmhistorikeren Gerhard Schonenberner

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen