Auke i folketalet
Kva tyder "viking"?
Vikingskipa
Drap og plyndring
Marknadsplassar
Klede
Kongen
Norske vikingkongar og jarlar
Oppgåver

Menneske og samfunn - kva hende?

Klede i vikingtid

I vikingtida vevde dei stoffa til kleda sine sjølve av tråd og garn som var spunnen av saueull eller lin. Nokre av stoffa var vakre medan andre var grovare og mindre forseggjorte. Kanskje var det slik at kverdagsplagga var grovare medan festplagga var vakre. Les mer om veven her. Dei brukte lær til sko og belter.

Kvinnedrakta bestod gjerne av ein understakk og ei skjorte. Utanpå dette hadde dei ein kjole med stropper som kunne ha dekorband i nederste kanten. Stroppene var festa med to store skålfoma spenner av forgylt sølv. Mellom spennene hang ein eller fleire rader med perler. Kvinnene bar skaut på hovudet.

Mannsdrakta bestod gjerne av ein halvlang kjortel. Under denne hadde dei bukser som gjerne var surra inntil leggen med snorer. Menn brukte også kappe som vart holdt sammen av ei ringnål. Beltet hadde gjerne forgylt spenne.

Det er funnen mange arm- og fingerringer av gull frå vikingtid, så vi veit at dei pynta seg med vakre smykker!