1.    HANDLINGSPLAN

 

 

          Handlingsplanen for helse-, miljø- og tryggleiksarbeid ved Kjemisk     institutt for perioden 2003-2005 vart handsama i instituttstyret   05.12.02 og vart samrøystes vedteken.

 

 

Handlingsplan for Kjemisk institutt i perioden 2003 til 2005.

 

Kjemisk institutt arbeider målbevisst med å få gode rutinar og for å følgja opp det systematiske HMS-arbeidet. Instituttet kan spesielt verta betre med omsyn til implementering av HMS-arbeidet til alle som har instituttet som arbeidsstad. Instituttet er i stor omvelting og endring, noko som medfører store utfordringar for kvar og ein ved instituttet.

 

          Instituttet vil ha følgjande satsingsområde i perioden 2003-2005:

1.    Risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS).

2.    HMS-kurs –    eit for studentar på lågare grad og

eit for studentar på høgare grad og tilsette.

3.    Kjemikalieregister.

4.    Tryggleikshandboka.

5.    Psykososialt arbeidsmiljø.

 

 

1.1    SATSINGSOMRÅDA

 

1.    Risiko og sårbarhetsanalyse (ROS)

I handlingsplanen for HMS ved UiB 2000-2003 skulle der gjennomførast risikovurderingar av HMS med tiltaksplanar ved alle laboratoria og klinikkane. HMS-avdelinga har i den samanheng vurdert ROS-metoden som eit tenleg verktøy og har peika ut tre laboratorieinstitutt for å prøva systemet. Kjemisk institutt er saman med Odontologisk klinikk og Institutt for farmakologi spurt om dei vil vera med på å prøva ut metoden. Det har leiinga ved Kjemisk institutt vore svært positiv til.

Instituttet vil no starta arbeidet med planlegging og innføring av ROS-metoden. Dette arbeidet ser ein vil gå over ei tid, både for å koma i gang og for å få nok materiale og kunnskap for å kunna vurdera metoden. Ein vil ha eit samarbeid med HMS-avdelinga under dette arbeidet.

 

 

2.    HMS-kurs

Opplæring er ein av dei viktigaste faktorane i førebyggande HMS-arbeid. Instituttet arbeider med eit obligatorisk HMS-kurs for studentar retta mot laboratoriearbeid. Opplæringa vert delt i to. Eit kurs for studentar som skal delta på instituttet sine laboratoriekurs på 100-talet, og eit vidaregåandekurs for studentar på høgare grad og nytilsette (både vitskaplege og tekniske).

Kurset for begynnarstudentar skal gjennomførast for første gong våren 2003 som ein del av K101, KJ100 og KJ110. Ein vil så ut frå erfaringane her arbeida og utvikla kurset for hovudfagsstudentar. Me ser for oss at desse kursa på sikt kan utviklast og nyttast av større deler av Universitetet/randsonen til Universitetet.

 

3.    Kjemikalieregister

Kjemisk institutt avslutta hausten 2002 pilotprosjektet for etablering av elektronisk kjemikalieregister. I løpet av 2002 vart store delar av instituttet sine kjemikaliar registrerte i databasen og ein vil forsetja dette arbeidet i 2003. Ein vil òg i løpet av året implementera registeret i rutinane for kjemikaliehandteringa ved instituttet. Vi reknar med at registeret på sikt kan implementera store delar av Universitetet sitt behov på dette feltet.

 

4.    Tryggleikshandboka

Tryggleikshandboka vart lagt ut på internett i desember 2002, for at den skal vera lett tilgjengeleg for studentane og dei tilsette ved instituttet. Boka er eit oppslagsverk over ansvarsforhold og ulike rutinar og prosedyrar som gjeld ved instituttet. Ein vil i perioden for handlingsplanen arbeida vidare med fullføring og kontinuerleg revidering av boka. Hovudfagsstudentane skal kvittera for å ha sett seg inn i innhaldet av tryggleikshandboka.

 

5.    Psykososialt arbeidsmiljø

Det psykososiale arbeidsmiljøet vedkjem oss alle, og det er eit viktig innsatsområde generelt men og spesielt i den tida instituttet no går inn i med store endringar og omveltingar. Kjemisk institutt vil arbeida for eit godt sosialt miljø blant tilsette og studentar. Dette vil ein prøva å oppnå ved å informera og inkludera dei tilsette i utviklinga av instituttet, og ved å støtta sosiale aktivitetar. Det vert og viktig å få fram det ansvaret den einskilde har for å skapa eit godt arbeidsmiljø.

 

 

          Med denne handlingsplanen vil Kjemisk institutt tydleggjera det           systematiske HMS-arbeidet som er så viktig for å kunna meistra dei       utfordringane me står overfor. Eit optimistisk arbeidsmiljø skaper          trivsel og produktivitet, og sikrar at optimal tid og energi vert fokusert      mot forsking og undervisning.