3.    Generelle LABORATORIERUTINAR

 

 

1.      Det er ikkje tillatt å nytta matvarer på laboratoria.

Matvarer må ikkje oppbevarast samen med kjemikaliar eller andre giftige stoff. Matvarer skal ikkje inn på laboratoria, inklusive kjøleskap og fryseboksar.

Bruk ikkje laboratorieutstyr, som til dømes begerglas, til mat og drikke.

Ein skal heller ikkje nytta oppvaskemaskiner for laboratorieutstyr til å vaska opp servise.

 

2.      Ein bør generelt sett alltid bruka vernebriller.

Det er forbode å nytta kontaktlinser på laboratoria.

Vernebriller skal brukast når ein arbeider med konsentrerte syrer og basar.

Arbeidsklede (frakk, sko) skal brukast når arbeidet krev det.

 

Studentane som tar laboratoriekurs skal bruka vernebriller på laboratoria (KJEM 100, 110, 121, 130, 131, 210, 230, 232, 240 og 250).

 

Bruk laboratoriefrakk av bomull. Kunstfiberstoff smeltebrenn og gjev stygge brannsår. Statisk elektrisitet i kunstfiberstoff kan gje gnist som kan antenna eldsfarlege stoff. Laust hengande, uknappa eller fillete frakkar kan henga seg opp og representera eit farleg forhold.

Bruk sko på laboratoria som er ”tette” over tærne. Dette for å unngå skadar dersom ein søler kjemikaliar, då spesielt syrer og baser. Bruk òg eigna sko når ein nyttar/tappar djupkjølt kondensert gass.

 

3.      Smak aldri på kjemikaliar eller oppløysningar sjølv om du meiner å vera sikker på at desse er ufarlege.

 

4.      Det er ikkje lov å ha umerka kjemikaliar på laboratoria. Behaldarar som inneheld kjemikaliar skal som eit minimumskrav ha merkelappar om:

                   namn på kjemikaliet

                   leverandør av kjemikaliet

                   distributør av kjemikaliet

                   cas-nummer

                   dato og signatur på den som har overført kjemikaliet frå    originalemballasjen

 

5.      Før ein startar laboratoriearbeid, skal ein kontrollera at det finst ein kyndig person i nærleiken av laboratoriet.

          Ved bruk av flussyre og gjennomføring av andre risikoarta operasjonar er det ikkje tillate å arbeida åleine i laboratoriet. Det skal i slike tilfelle alltid vera minst to personar til stades. Bruk og behandling av flussyre sjå kap. 4.3.

 

6.      Bruk aldri munnen til pipettering, men bruk gummiballong, byrette, pipumpe, elektrisk pipetteringsautomat eller anna utstyr.

 

7.      Arbeid med giftige eller illeluktande stoff skal alltid skje i avtrekkskap.

 

8.      Slå ikkje sterkt giftige eller brennbare kjemikaliar i vasken.

 

9.      Kjemikalieflasker skal ikkje berast etter flaskehalsen og heller ikkje inntil kroppen. Det skal nyttast eigne trillebord eller bereanordningar, t.d. bøtter. Ved helling frå flasker skal etiketten alltid venda opp, slik at eventuelt søl ikkje øydelegg etiketten. Ha aldri andre kjemikaliar på flaska enn det som står på etiketten. Tomme behaldarar og flasker skal vaskast/skyljast med dertil egna løysing og kastast forsvarleg. Reine behaldarar av plast skal kastast i bosset. Alt reint glas skal returnerast til den rette gjenvinningskonteinaren i avfallsrommet. Sjå òg kap. 7 om avfallshandtering.

 

10.    Vask hender omhyggelig når du har vore i kontakt med kjemikaliar. Bruk såpe og vatn, ikkje organiske løysningsmidlar.

 

11.    Søl på arbeidsbenker og golv skal tørkast opp umiddelbart, uansett   om det er kjemikaliar eller vatn.

 

12.    Gassflasker skal alltid vera festa til vegg med kjetting. Sjå kap. 6.      om handtering av gass og gassflasker.

 

13.    Korridorar og utgangar skal alltid vera ryddige, det er RØMINGSVEG. Det må ikkje lagrast eller settast inventar, emballasje eller noko anna som kan hindra fri ferdsel eller utgjera brannfare.

          HUGS at heisar heller ikkje er avfallsrom eller lagerplass.