4.    ARBEID MED FARLEGE STOFF OG PRODUKT

 

 

4.1   GENERELT OM GIFTIGE KJEMIKALIE

 

Dei fleste stoff og produkt som vert brukte i laboratoria er i større eller mindre grad helsefarlege. Alle som arbeider i eit laboratorium skal gjera seg kjent med helsefaren ved dei stoff dei til ei kvar tid nyttar i sitt arbeid. Sjølv om eit bestemt stoff ikkje er angitt som farleg, bør det likevel handsamast som eit farleg stoff. Dersom det skal arbeidast med ukjente stoff, bør ein starta med små mengder av stoffet og føra nøye kontroll med reaksjonen, varmeutvikling osv. Det skal alltid vurderast om eit farleg stoff eller materiale kan erstattast med eit som er ufarlig, mindre farlig eller mindre sjenerande.

 

Flyktige stoff inneber ein openberr innandingsrisiko. Lite flyktige stoff kan òg innebera ein innandingsrisiko i samband med oppvarming og prosesser som dannar aerosolar. Faste stoff kan innebera ein innandingsrisiko i dei tilfella stoffet er av ein slik karakter at støv eller damp (sublimering) kan dannast.

 

Giftstoff kan ha høgst ulike eigenskapar. Enkelte røpar seg straks gjennom lukt, smak, irritasjon av slimhinner, framkalling av tårer, smertefornemming osv. Giftstoff kan gje direkte skade på hud eller andre opptaksorgan (sterke syrer, etsande gassar etc.). Andre giftstoff vil ikkje vekke umiddelbart ubehag, men kan likevel representera ein alvorleg trussel. Nokre giftstoff kan akkumulerast i organ i kroppen og gje skadar på desse, (t.d. bly, kvikksølv og andre tungmetall). Såleis finst det ei rekkje stoff som har vist seg å vera kreftframkallande (karsenogene). Stoff som kan framkalla kreft kan òg føra til skade på arvestoffa i cellene (mutagen effekt).

 

Av dei mest vanlege sterkt giftige kjemikaliane kan nemnast:

blåsyre (HCN), alkalicyanida (NaCN el. KCN), cyanogenhalid (CNBr, CNCl), hydrogensulfid (H2S), arsenikk (As4O6), arsin (AsH3), blysalt, klor (Cl2), fosgen (COCl2), karbonmonoksid (CO), nitrøse gassar (N2O, NO, NO2), fosfin (PH3), alkylfosfin (PR3), karbontetraklorid (CCl4) og benzen (C6H6).

Ei lengre liste over sterkt giftige kjemikaliar finn ein i “Kartotek for KJEMISKE STOFF” i slutten av registerbindet.

 

NB!   I lov om arbeidsvern og arbeidsmiljø m.v. § 11 heiter det at arbeid med stert giftige og giftige kjemikaliar skal erstattast med mindre farlige kjemikaliar dersom dette er mogleg.

 

Stoff som vert omtala som teratogene stoff kan under graviditet framkalla defektar i fosteret sjølv ved dosar som er ufarlege for mora.

 

Enkelte organiske løysemiddel kan ha dei tidlegare nemnde helseeffektane ved at dei kan gje akutte og kroniske skadar på sentralnervesystemet. Sjølv låge konsentrasjonar kan gje skade dersom eksponeringa føregår over lang tid (10-20 år). Ein har i dag haldepunkt for at eksponering for fleire løysemidlar samstundes (blandingseksponering) inneber ein ekstra høg risiko.

 

Alle organiske løysemiddel verkar uttørkande på huda, og hyppig hudkontakt kan såleis gje opphav til hudirritasjon og eksem.

 

Krom (Cr), nikkel (Ni), arsenikk (As), kobolt (Co), kvikksølv (Hg) og deira saltar, fotografiske framkallarar, formaldehyd (HCHO), visse benzenderivat, olje/kondensat og syntetiske fargestoff m.m. kan framkalla allergi og eksem.

 

Til tross for dei mange skadeverknadene som arbeid med kjemikaliar kan gje, kan skadeverknadene nesten eller heilt eliminerast ved at ein syner varsemd, følgjer tilviste tryggingsreglar og nyttar verneutstyr når dette er naudsynt.

 

Alt arbeid med sterkt giftige stoff som finst i væske- og/eller gassform eller kan gå over i slik form, må utførast i godt ventilerte avtrekk. Det same gjeld for arbeid med organiske løysemidlar anna enn på mikroskala.

 

Under arbeid med stoff som er allergiframkallande eller som av andre grunnar kan gje skadar ved hudkontakt, må det brukast hanskar og/eller utvisast omhyggeleg hygiene.

 

Sjølv om dei “farlege” kjemikaliane representerer ein risiko for alt personale, er det viktig at gravide og personar i fertil alder er merksame på ein del spesielle fysiske, biologiske og kjemiske faktorar i arbeidsmiljøet. Sjå nærare omtale kap. 9.1.

 

          Ei viktig informasjonskjelde for faremoment, helseskadar og     tryggingstiltak ved bruk av kjemikaliar finn ein i HMT-databladet for        det aktuelle kjemikaliet. For tilgang til HMT-datablada sjå under kap.       4.2.

 

 

4.2   STOFFKARTOTEK OG KJEMIKALIEREGISTER

 

I samband med forskrift om "Oppbygging og bruk av stoffkartotek for helsefarlige stoffer i virksomheter" (Stoffkartotekforskriften; best. nr. 565) skal virksomheter opprette stoffkartotek for de helsefarlige stoff som blir fremstilt, pakket, brukt eller oppbevart på en måte som kan innebære helserisiko. Informasjonen for de helsefarlige stoffene finner en i sikkertsdatablad. Databladene skal tilfredsstille forskriften ”Stoffkartotekforskriftenon" (best. nr.565). Sikkerhetsdatabladene må kontinuerlig holdes ved like og oppgraderest/oppdaterest (databladene bør ikke væra eldre enn 3 år).

 

 

4.2.1 STOFFKARTOTEK

 

I forskriften blir det krevd at stoffkartoteket skal være bygd opp på en måte som gjør det lett å søke og finne fram til informasjon om det enkelte helseskadelige stoffet. Stoffkartoteket skal være lett tilgjengelig for de ansatte. Selv om en har et EDB-basert kartotek (sjå kap. 4.2.2) skal òg informasjonen finnest i ei norsk papirutgave.

 

Kjemisk institutt har omkring 50 laboratorium (brukarsteder for kjemikalier), av forskjellig art. For at det skal være mulig å holde et stoffkartotek ajourført når det ligg føre endringar og for å gjera kartoteket lett tilgjengeleg for alle tilsette vert instituttet sitt stoffkartotek plassert på:

                             Kopieringsrommet, rom 3002

 

Instituttet sitt stoffkartotek er tenkt nytta dersom ”nettet” ikkje er tilgjengeleg eller i naudstilfelle. Ein tek her kopi av datablada og set originalen attende på rett plass i permen.

Datablada står i kvite permar med oransje rygg i alfabetisk rekkjefølgje.

Kartoteket vert oppdatert når det ligg føre endringar og med gjennomgang kvart halvår.

 

 

4.2.2 KJEMIKALIEREGISTER

 

Dette er en database som inneholder sikkerhetsdatablad for alle laboratoriene/brukarplassene ved Universitetet i Bergen. Dette registeret vil òg være tilgjengelig på engelsk.

 

Her kan alle gå inn og søke på ønsket stoff. En kan gå inn via Kjemisk institutt sine sider for ansatte, EcoOnline.

Dersom det er ønskelig, kan en òg skrive ut informasjonen på papir.

 

Dette registeret skal holdest kontinuerleg vedlike. Vedlikeholdsprosedyre sjå kap. 4.2.4

 

 

4.2.3 BRUKERPLASS

 

          Brukerplass ved Kjemisk institutt vil si alle laboratorie der det blir   benyttet merkepliktige kjemikalier. Instituttet har omkring 50 brukerstader.

          På Kjemisk institutt skal en på hvart laboratorium/brukerplass sette    opp ”Rapport over lokale stoff”. Dette er ein rapport frå         Kjemikalieregisteret ved UiB over alle kjemikaliene/merkepliktige    stoff som blir benyttet på laboratoriet/brukerplassen. Listen blir hengt opp på innsiden av døren på laboratoriet/brukerplassen.

 

 

4.2.4 VEDLIKEHOLDSRUTINER FOR STOFFKARTOTEKET OG      KJEMIKALIEREGISTERET

 

Alle ansvarshavende for laboratorie/brukerplassene, sekap. 2.3, har ansvar for å holde sitt område oppdatert.

 

De ansvarlige lederende for laboratorie/brukerplassen skal:

 

1. Gje melding enten til Chess-kontakten ved instituttet (sjå kap. 4.2.5) eller melda sjølv opp endringar i kjemikalieutvalet på laboratoriet/brukarplassen. (Dette gjeld både dersom ein får nye kjemikaliar inn eller ”gamle” som ikkje er tenkt nytta lenger).

Ved oppmeldinga vil ein få endring i både listene for oppdatering av Stoffkartoteket og for Kjemikalieregisteret for det aktuelle laboratoriet/brukarplassen og instituttet.

 

 

2. Ved innkjøp av nye kjemikaliar skal ein så langt rå er prøva å få tak i og registrera HMT-databladet på laboratoriet/brukarplassen i Kjemikalieregisteret før kjemikaliet kjem til laboratoriet/brukarplassen.

 

3. Dersom nokre av dei utanlandske studentane, gjesteforskarane eller besøkjande må ha engelske datablad, må rettleiar/ansvarshavande ta kontakt med Chess-kontakten ved instituttet. Det er rettleiar/ansvarshavande som har ansvar for at studentane, gjesteforskar og besøkjande har god nok kunnskap for å kunna arbeida med dei aktuelle kjemikaliane, og rettleiar skal forsikra seg om at kunnskapen er tilstades. Dette gjeld både norske og utanlandske studentar, gjesteforskarar og besøkjande.

 

 

4.2.5 ECOONLINE-KONTAKTEN

 

          EcoObline-kontakten er oppnevnt av instituttet og skal væra et       bindeledd mellom instituttet og prosjektleder for Kjemikalieregisteret     ved UiB. Vedkommende skal òg være med på å gjøre   Kjemikalieregisteret kjent blant tilsette og studenter, samt være til           hjelp med oppdatering og vedlikehold.

         

          EcoOnline-kontakten ved Kjemisk institutt er:

                             Lisbeth Glærum , rom U024

 

          Dersom en ønsker meir informasjon eller lurer på noe, så er det bare  å ta kontakt.

 

 

4.3   KONSENTRERTE SYRER OG BASER

 

Ved arbeid med konsentrerte syrer og baser skal det alltid brukast verneutstyr: briller, ansiktsskjerm, arbeidsstøy, hanskar og føremålstenlege sko (støvlar og forkle ved større mengder). Konsentrerte syrer og baser og dampane deira er helsefarlege. Oppslutning/koking med t.d. kongevatn og konsentrert salpetersyre (HNO3) vil gje frå seg svært giftige nitrøse gassar. Arbeidet må derfor utførast i avtrekkskap. Sprut av konsentrerte syrer og baser kan gje alvorlege etseskadar i augo og på hud.

 

Fortynning av sterke syrer og baser kan gje sterk varmeutvikling. Arbeidet skal derfor skje i varmeresistent glasapparatur eller anna eigna materiale. Fortynning av sterke syrer og baser skal skje i avtrekkskap.

 

Vatn må aldri hellast i konsentrert syre. Fortynning av syre skal utførast ved å tilsetta syre til vatn.

 

Oppløysning av faste alkalioksid eller hydroksid i vatn må på grunn av sterk varmeutvikling aldri skje i heilt tillukka apparatur. Bruk apparatur som tåler varmeutvikling.

 

Søl av syrer og baser skal nøytraliserast straks og fjernast. Syresøl kan nøytraliserast med natriumkarbonat og basesøl med fortynna saltsyre, før ein spyler alt vekk med vatn.

 

NB! Rundt om på alle laboratoria er det satt ut eit kvitt spann med raudt lokk som inneheld universelt absorpsjonsmiddel som kan nyttast på de fleste typar søl, deriblant syrer og baser. Den som nyttar av dette spannet har ansvar for å gå til:

Martin A. Hansen, rom 2001

 

for å få spannet fylt, for så å setja det attende på laboratoriet der det kom frå.

 

 

4.3.1 FØRSTEHJELP

 

AUGO:

Ved sprut av syre eller base i augo, skyl straks med store mengder vatn i minst 15 min. under fastmontert augeskyljedusj, og la skyljing fortsetja til behandling hjå lege kan starta.

 

HUD:

Tilsølt hud skal spylast straks med store mengder vatn, samstundes som tilsølte klede vert fjerna. Kontakt lege.

 

SVELGING:

Dersom den skadde er bevisst, skyl munnen straks med vatn. Drikk deretter vatn. Er det svelgt syre, drikk helst mjølk. Unngå brekningar.

Transport til sjukehus.

 

Hugs: Bring vedkommande snarast bort frå eksponerings-kjelda.

 

 

4.4   FLUSSYRE (HF), BEHANDLING AV FLUSSYRERESTAR

 

KJENNETEIKN:

Fargelaus - sterkt etsande syre.

 

Rykande damp.

 

Sterk, stinkande lukt.

 

ETSE FARE:

Flussyre er svært etsande enten den føreligg i løysning eller som damp. Flussyre trengjer gjennom hud og gjev svære nekrosar i underliggande vev (også beinvev). Ofte vil ein den første tida bare sjå litt misfarging av huda, men sterke smerter og etseskadar kjem etterkvart.

 

Ved innanding av damp kan det oppstå etsing i andedrettsorgana og i verste fall ødem i lungene. Lungekomplikasjonar kan syna seg etter 1 - 2 dagar.

 

Ein skal så lenge som mogeleg unngå å bruka flussyre, finn alternativ.

Dersom ein må bruka flussyre skal ein:

- Alltid bruka avtrekkskap.

- Bruka eit laboratorium med nauddusjanlegg.

- For å auka tryggleiken må minst 2 personar vera tilstades

  laboratoriet.

- Bruk verneutstyr: briller, ansiktsskjerm, forkle og støvlar.

- Ha veska med førstehjelpsmedikamenta på laboratoriet.

Veska skal innehalda:

H-F antidote gel (spesialsalve, minst 2 tubar)

Calsium (Sandoz) brusetabeletter (minst 50/100 stk.).

Datablad for flussyre.

Tryggleikshandboka sine skrivne sider om flussyre.

Giftinformasjonssentralen sitt førstehjelpsblad.

Giftinformasjonssentralen sine retningsliner til lege og anna helsepersonell.

I tillegg til generelt førstehjelpsutstyr (lista over         totalt innhald i flussyreskrinet er limt på innsida av         lokket på førstehjelpskofferten).

Dersom uhellet er ute, ta kofferten med til sjukehuset.

 

          Førstehjelpskofferten kan ein få utlevert på:

                                Ekspedisjonskontoret, rom 3003

 

og leverast attende same stad med ein gong etter bruk. Personen som leverer ut førstehjelpskofferten har òg ansvar for å sjå etter og eventuelt få erstatta medikamenta.

 

Det er ikkje tillatt å bruka flussyre utanom i ordinær arbeidstid.

 

 

4.4.1  FØRSTEHJELP

 

HUD SOM HAR VORE I KONTAKT MED FLUSSYRE:

Skyl om nødvendig fleire timar med rikeleg mengde vatn, òg under    transport til sjukehus. Start skyljing så raskt som mogeleg, allereie      medan ein tek av sko, klede osb.

 

H-F antidote gel (spesialsalve som inneheld kalsiumglukonat) vert smurt på aktuelle hudområde så snart som mogeleg etter at huda er grundig skylt med vatn og tørka. Masser salven godt inn.

Forsett å massera inn salven medan den skadde vert transportert til sjukehus. Massering med salve skal gå føre seg til smertene forsvinn og ca. 15 min. til, eller til annan behandling kan setjast inn.

 

SPRUT I AUGO:

Ein må straks setja i gang skylling med store mengder rennande vatn, om nødvendig fleire timar. Skylling held fram òg på vei til sjukehus (augeavdelinga).

 

VED SVELGING OG INNANDING:

Drikk rikeleg med mjølk eller vatn, og i tillegg gje 4 tablettar Calcium- Sandoz brusetablettar løyst i vatn. Munnen skyller ein med rikelege mengder vatn.

 

Det må ikkje framkallast brekningar hjå den skadde.

 

Ved brekning/oppkast legg den skadde i stabilt sideleie. Sørg for frie luftvegar og pass på at oppkast ikkje kjem i berøring med hud eller auge.

 

BEVISSTLAUSE MÅ IKKJE FÅ DRIKKE.

 

SPILL, SØL:

Flussyre skal nøytraliserast i ei løysning av CaCO3 + NaOH. Nøytrale løysningar vert helt i avløpet med rikelege mengder vatn.

 

Ved uhell og spill utanfor avtrekkskap eller svikt i ventilasjons-anlegget, nytt nødvendig verneutstyr.

 

Handtering av flussyre må gå føre seg med den største varsemd. Dei som arbeider med flussyre skal vera kjent med faremomenta og retningslinene og korleis førstehjelp vert gitt ved eit flussyreuhell.

 

Tilkall hjelp ved å kontakta andre. Helsepersonell må kontaktast.

Førstehjelp må setjast i gang med ein gong, òg før den skadde vert sendt på sjukehus, og behandling skal forsetta undervegs som skrive over. DET VIKTIGASTE ER Å KOMA HURTIG I GONG MED FØRSTEHJELP, og ingenting må senka dette, - heller ikkje tilkalling av helsepersonell/sjuketransport.

 

DEN SKADDE SKAL HA MED SEG MINST EIN PERSON TIL SJUKEHUSET. PERSONEN SKAL TA MED SEG FØRSTEHJELPSKOFFERTEN MED MEDISINAR OG “INFORMASJON TIL SJUKEHUS OG LEGE” OG HMT-DATABLADET FOR FLUSSYRE.

 

 

4.5   PERKLORSYRE (HClO4), BEHANDLING AV   PERKLORSYRE

 

KJENNETEIKN:

Fargelaus, dampande, ustabil væske.

 

BRANN OG EKSPLOSJONSFARE

Arbeid med perklorsyre utgjer ein potensiell fare for brann og eksplosjon. Perklorsyre er eit ekstremt sterkt og reaktivt oksidasjonsreagens, i tillegg til eit sterkt dehydreringsreagens. Den kan danna ekstremt eksplosive sambindingar med mange brennbare materiale og metall. Den vassfrie forma av syra kan eksplodera spontant.

 

Perklorsyra må lagrast under brannsikre forhold og borte frå oksiderbart materiale, inkludert treverk og alle organiske kjemikalie. Ein bør lagra minst mogeleg av syra på laboratoria.

 

BEHANDLING VED INSTITUTTET

Behandling av syra må skje med ekstrem varsemd, og berre i spesielle perklorsyreavtrekk. Syra må ikkje koma i kontakt med treverk, papir, eddiksyreanhydrid, fett, olje, alkoholar, bismut eller bismutlegeringar, då desse er inkompatible.

 

Perklorsyreavtrekket ved instituttet er plassert på instrumentrommet i 2.-etg, rom 2019. For tilgang til avtrekket ta kontakt med:

                                Anne G. Frøystein, rom 2012

                                Marit B. Vaage, rom 2A2b

                                Kirsten Sæterstøl, rom 2027A

 

Ved bruk av perklorsyre skal ein bruka tjukke gummihanskar og ansiktsskjerm. Skjermen på avtrekket skal vera nede, då syra er flyktig og lett kan skada luftvegane.

 

 

4.5.1 FØRSTEHJELP

 

HUD:

Skyl straks med rikelege mengder vatn. Fjern tilsølte klede og forsett å skylja.

Kontakt lege.

 

AUGO:

Skyl straks med store mengder vatn. Fortsett med skyljing under transport til sjukehus (augeavdelinga).

 

MUNN:

Gje straks vatn (ca. 500 mL) eller helst mjølk å drikka.

Kontakt lege.

 

Det må ikkje framkallast brekningar hjå den skadde.

 

INNANDING:

Fjern den skadde frå eksponeringskjelda. Få han til å pussa nasa grundig. Hald han heilt i ro i halvt sittande stilling og hald han varm.

Kontakt lege.

 

 

4.6   CYANID (CN), BEHANDLING AV CYANID OG        CYANIDSALT

 

KJENNETEIKN:

Hydrogencyanid, HCN (blåsyre): Fargelaus gass eller væske.

Karakteristisk "bittermandel" lukt

Natrium salt, NaCN:                Kvite krystallar.

Kalium salt, KCN:                   Kvitt granulert pulver.

 

HELSESKADAR:

Cyanid finst som hydrogencyanid (blåsyre) eller som salt frå denne, samt aceton cyanhydrin ((CH3)2COH(CN)). Dei er alle svært giftige og helseskadelege, og inntak av små mengder kan medføra fare for livet. Forgifting kan skje ved absorpsjon via hud eller som damp/støv via lungene.

 

HANDTERING:

All handsaming og lagring er regulert i forskrift om Cyanid (best. nr. 199).

Legg merke til § 12 som seier: "I rom der det vert lagra eller brukt cyanid skal det ikkje lagrast syrer eller andre sambindingar som ved kontakt kan utvikla hydrogencyanid."

Lagring av cyanid skal alltid skje i låste rom eller skap med god ventilering.

 

 

4.6.1 FØRSTEHJELP

 

Akutt cyanidforgifting kan raskt få svært alvorlege følgjer. Det er derfor viktig at førstehjelpstiltak kan setjast i gang umiddelbart.

Pass på at der det er fare for innanding av cyanidstøv eller -gass på ulykkesstaden, må hjelpemannskapa vera verna mot cyanidforgifting med eige verneutstyr.

 

INNANDING:

Fjern den skadde frå eksponeringa. (Fjern alle klede og sko). Dersom den skadde pustar gje oksygen kontinuerleg til lege overtar, dersom tilgjengeleg. Ein kan eventuelt gje amylnitritt, knust den dekka ampullen mellom fingrane. Hald den 2-3 cm frå nasen og la den skadde inhalera. Gjenta kvart 5. minutt til lege overtek. Dersom respirasjonen er stoppa, gje kunstig andedrett. Munn-mot-munnmetoden, som er den mest effektive, vil innebera fare for førstehjelparen, men det finst ein innretning med bag og munnstykke som kan brukast til å blåsa inn luft, og denne bør brukast dersom mulig.

 

HUD:

Som ved innanding. I tillegg skyl eksponert hudområde grundig med vatn. Det er viktig at stoffet vert fjerna straks frå huda.

 

MUNN:

Som ved innanding. I tillegg gje straks 240-300 mL vatn eller mjølk å drikka dersom den skadde er ved medvit. Brekning er inga ulempe, framleis dersom den skadde er ved medvit.

 

 

4.7   HYDROGENSULFID (H2S), BEHANDLING AV        HYDROGENSULFID

 

          KJENNETEIKN:

          Fargelaus, ekstremt brannfarleg gass med ei karakteristisk lukt av      rotne egg.

                                   

          HELSESKADAR

          Hydrogensulfid er svært giftig. Konsentrasjonar ned til 1 ppm har       ubehageleg lukt, men evna til å kjenna ubehageleg lukt vert borte         etter svært kort tids eksponering. Ein kan dermed ikkje nytta          luktesansen for å registrera aukande konsentrasjon. Kan føra til død       ved konsentrasjon på 700 ppm eller meir. Alvorleg hydrogensulfid    forgifting kan vera meir alvorleg enn cyanidforgifting ved same           konsentrasjon. Den administrative norma for hydrogensulfid er 15      mg/m3 (dvs. 10 ppm), Arbeidstilsynets rettleiing om ”Administrative     normer for forurensning i arbeidsatmosfære” (best. nr. 361).

          Sjå òg kap. 6.1.3 Giftig gass.

 

          BRANNFARE

          Gassen er ekstremt brannfarleg, og den må ikkje utsetjast for statisk elektrisitet. Sjå òg kap. 6.1.4 Brannfarleg gass.

 

          BEHANDLING VED INSTITUTTET

Arbeid med hydrogensulfid er regulert i kjemikalieforskrifta, best. nr. 566, under generelle vilkår ved bruk av farlege kjemikaliar. Alt arbeid med slike stoff skal skje i samsvar med denne forskrifta.

 

          Alt arbeid med hydrogensulfid skal gå føre seg i godt ventilerte          avtrekk. Ein skal òg vera merksam på at gassen reagerer kraftig          med mange vanlege oksider og sterke oksidasjonsmidlar som til    dømes salpetersyre. Då gassen er svært brannfarleg, må ein ta    omsyn til statisk elektrisitet ved å jorda apparatur.

          Ein bør nytta gassylinder som kjelde for hydrogensulfid, unntatt med små mengder. Dersom ein lagar gassen frå jernklorid og saltsyre, er       det vanskeleg å kontrollera gassutviklinga. Ein kan då få større         utslepp av gass.

 

          Lagring av gassylinder som inneheld hydrogensulfid må vera i godt   ventilert avtrekk, utan direkte sollys og varme. Sylinderen må sikrast       mot fall og ikkje utsetjast for slag.

 

 

4.7.1 FØRSTEHJELP

 

          Der det er fare for innanding av hydrogensulfid på ulykkesstaden er   det viktig at hjelpemannskapa vernar seg mot gassen med eige          verneutstyr.

 

          INNANDING:

          Fjern den skadde frå eksponering. NB! Pass på at den som hjelper   ikkje sjølv vert skada. Hald den skadde heilt i ro og varm. Pass på frie luftvegar.

          Transporter den skadde til lege/sjukehus.

 

          AUGO:

          Fjern den skadde frå eksponering. Skyl straks med store mengder    lunkent vatn i minst 15 minutt. Hold augelokka godt frå einannan.

          Kontakt lege straks.

 

          HUD:

          Fjern den skadde frå eksponering. Skyl straks med rikelege      mengder vatn. Fjern tilsølte klede og fortsett å skylja.

          Kontakt lege straks.

 

 

4.8   DIISOCYANAT (-(NCO)2) OG ISOCYANAT (-NCO)

 

Arbeid med diisocyanat og isocyanat er regulert i kjemikalie-forskrifta, best. nr. 566. Alt arbeid med slike stoff skal skje i samhøve med denne forskrifta.

 

I tillegg er det for isocyanat utgjeve ei ”orientering” om framstilling og bruk av slike stoff, best. nr. 536, som gjev råd om tilrettelegging av arbeidsforhold for å unngå helseskadar.

 

Ein skal så langt som mogeleg prøva å erstatta desse stoffa med mindre farlege stoff, men dersom ein må arbeida med diisocyanat og isocyanat skal det utarbeidast arbeidsinstruks. Arbeidsinstruksen skal så godkjennast av instituttleiar før arbeidet kan ta til. (Arbeidsinstruksen skal inn i tryggleikshandboka).

 

 

4.9   KVIKKSØLV (Hg), BEHANDLING AV       KVIKKSØLVRESTAR.

 

Damp frå metallisk flytande kvikksølv er svært giftig. Alt arbeid og handtering av kvikksølv skal skje i avtrekkskap, og der det er mogeleg over eit plasttrau. Apparatur som inneheld kvikksølv skal så vidt mogeleg plasserast i bakker av plast eller anna eigna fugefritt materiale inne i avtrekksskapet.

 

Ved søl av metallisk kvikksølv utover golv o.l. er det som kjent svært vanskeleg å samla det opp att. Dei små kulene gøymer seg i alle sprekker og fôrdjupningar og avgjer stadig kvikksølvdamp til luft. Gjeldande yrkeshygieniske grenseverdi er 0,05 mg/m3. Luft metta med kvikksølvdamp ved romtemperatur inneheld ca. 15 mg/m3.

 

Spill av kvikksølv skal fjernast umiddelbart. Til oppsamling av kvikksølvdråpar kan ein nytta ei pipette som er forbunde med ein vakuumslange, kvikksølvskje, sugepumpe eller gummiball. Kvikksølvet vert soge inn i røret som er forsynt med dråpefangar og behaldar der kvikksølvet kan samlast opp.

Spillstaden må dekkast til med svovelpulver eller kvikksølv-kit (“J.T. Baker clean-up-kit”) dersom tilgjengeleg. La spillstaden vera dekka i 5-7 dagar før ein fjernar pulveret. Små dråpar i sprekker og krokar kan fjernast med aluminiumsfolie som bind Hg.

 

Restar og spill vert samla og dekt med vatn i nøyaktig merka tette behaldarar.

 

Bruk verneutstyr. Briller, ansiktsskjerm, hanskar og dersom nødvendig t.d. ved større spill vernemaske med filter (brun/raud) eller kombinasjonsfilter (raud). For mindre spill kan eingongsmaske (3M 9908) brukast.

 

Utstyr som har vore i kontakt med kvikksølv, skal etter utført arbeid reingjerast omhyggeleg. Det er pålagt den enkelte som arbeider med kvikksølv å bruka tilrådd verneutstyr og å utføra ein streng personleg hygiene.

 

 

4.9.1 FØRSTEHJELP

 

GENERELT:

Vanleg førstehjelp: ro, varme, frisk luft.

Kontakt lege.

 

HUD:

Tilsølt tøy vert fjerna og hud vaska godt med såpe og vatn.

 

INNANDING:

Symptom på lungeskadar vert vanlegvis først merkbar etter fleire timar (sårhet, hoste, feber, pustevanskar). Hald pasienten i ro pga. fare for lungeødem. Transport til sjukehus.

 

 

4.10 BLY (Pb), BEHANDLING AV BLY OG BLYSAMBINDINGAR

 

Bly og blysalt er svært giftige. Ein må skilja mellom dei uorganiske og dei organiske blysambindingane, då dei har forskjellige helseeffektar.

 

Tetrametyl- (CH3)4Pb, tetraetyl- (CH3CH2)4Pb og andre alkylblysambindingar (R1R2R3R4)Pb vert rekna som organiske blysambindingar. Desse er meir fettløyselege enn dei uorganiske sambindingane og kan trenga gjennom hud. Nokre av stoffa er flyktige og kan innandast.

 

Dei organiske salta, blyacetat og blystearat, vert rekna i lag med dei uorganiske salta. Desse vert tatt opp i kroppen hovudsakleg ved innanding eller svelging.

 

Bly kan føra til skade på sentralnervesystemet, nyrer, arveanlegg og forplantningsevna. Foster kan få hjerneskade ved blodblynivå som er ufarlege for mora. Ein skal òg merka seg at fleire blysambindingar er klassifiserte som kreftframkallande. Arbeid med bly og blysambindingar er regulert av Kjemikalieforskrifta, best. nr. 566.

 

Alt arbeid med blysalt skal skje i godt ventilerte avtrekk.

 

 

4.10.1 FØRSTEHJELP

 

INNANDING:

Fjern den skadde frå eksponering. Få han til å pussa nesa grundig. Hald han i ro og varm. Kontakt lege.

 

AUGO:

Skyl grundig med vatn. Kontakt øyelege.

 

HUD:

Skyl med vatn, vask så med såpe og vatn. Fjern tilsølte klede og sko og vask huda under.

 

MUNN:

Skyl munnen med vatn og gje vatn eller helst mjølk å drikka. Kontakt lege.

 

 

4.11 NATRIUM (Na), BEHANDLING AV NATRIUMRESTAR

 

KJENNETEIKN:

Sølvfarga metall. Reagerar kraftig med vatn, dekomponerar og ein får utvikling av hydrogen. Reaksjonsvarmen kan gje antenning (hydrogen og oksygen frå luft).

 

Dei som arbeider med natrium skal gjera seg kjent med kor brann-sløkkingsapparata for klasse D brannar (metallbrannar) er montert på instituttet.

Dersom ein skal arbeida med større mengder natrium, bør ein ta eitt av brannsløkkingsapparata inn på laboratoriet under arbeidet, og henge det attende når arbeidet er ferdig.

Der er totalt 8 stk. brannsløkkingsapparat for klasse D-brannar:

1 stk. er montert i 4-etg, utanfor kurssalane i nord.

3 stk. er montert i 3-etg.

3 stk. er montert i 2-etg.

1 er montert på lageret i U-etg.

Eitt anna eigna sløkkemiddel for små natriumbrannar er tørr sand.

 

 

Dersom ein har brukt av eit brannsløkkingsapparat, gje beskjed til:

          Ann Margot Whyatt, rom 3038

 

for å få det etterfyllt.

 

Når ein handterer natrium, skal ein alltid bruka vernehanskar og ansiktsskjerm. Nytt små mengder. Etsing i andedrettsorgana kan føra til strupehovudødem med andenød. Sprut i augo kan føra til blindhet. Kan òg få etsesår på hud.

 

DESTRUERING:

Etter kvar gong ein har brukt natrium, bør ein destruera restane, slik at ein ikkje får for store kvanta når ein skal destruera.

 

Ha ca. 600 mL Na-tørka dietyleter i eit stort begerglas (3-5 L). Ta rester av natriumet oppi eteren. Sett så til forsiktig nokre dråpar 96 % etanol, vent og sjå om ein får utvikling av H2-gass.

- Dersom liten eller ingen reaksjon, bruk meir etanol.

- Dersom kraftig eller voldsom reaksjon (skumming eller eteren begynner å koke), tilsett meir eter. Eteren kjøler ned reaksjonen og tynner ut etanolen.

 

Etter kvart tilset ein meir og meir sprit, slik at ein held oppe reaksjonen. Når ein ikkje få gassutvikling sjølv om ein tilset store mengder etanol, kan ein begynna å tilsetja SMÅ mengder vatn til blandinga.

- Dersom liten eller ingen reaksjon, tilset litt meir vatn.

 

Når all gassutviklinga er opphørt, kan ein tynna ut løysninga med store mengder vatn. Deretter skil ein eter og vasslaget. Vasslaget vert lagt til sides for at rest-eter skal fordampa. Når eteren er fordampa, vert vasslaget så tømt i vasken under konstant uttynning med vatn. Eterlager vert handsama som farleg avfall (sjå kap. 7.6)

 

NB! Under destrueringa av natrium får ein danna ein tjukk “graut” av sterk lut. Denne luten er svært etsande (sjå syrer og baser), så ein må ikkje få den på seg.

Destruksjonen må gjerast av ein kvalifisert person.

 

 

4.11.1 FØRSTEHJELP

 

INNANDING:

Fjern den skadde frå eksponeringa. Få han til å pussa nasen grundig. Kontakt lege.

 

AUGO:

Skyl grundig med vatn. Kontakt lege (Øyeavdeling).

 

HUD:

Skyl med rikelege mengder vatn, vask med såpe og vatn. Fjern tilsølte klede og sko og vask huda under. Kontakt lege.

 

MUNN:

Skyl munnen med vatn og gje eit glas vatn å drikka. Kontakt lege.

 

 

4.12 BRENNBARE ORGANISKE VÆSKER OG LØYSEMIDLAR

 

Brannar på laboratoriet skuldast som oftast arbeid med eldsfarlege stoff. Organiske væsker utgjer ein særleg risiko. Mange av desse væskene er flyktige, og gjev brennbare gassar. Gassane er tyngre enn luft og kan samla seg langs golv eller laboratoriebenkar og denne dampen representerer då ein stor brannfare.

 

Nokre av dei vanlegaste brennbare organiske væskene er: Karbondisulfid, eter, benzen, toluen, xylen, hexan, petroleumseter, aceton, metanol og etanol (ei lengre liste over svært brannfarlege kjemikaliar finn ein i registerbindet i “Kartotek for KJEMISKE STOFFER”). Antenning av væskene/gassane kan skje på mange måtar: Ved open flamme, varme flater, røyking, friksjonsvarme, statisk elektrisitet og gnistar frå motorar og apparatur, frå brytarar, batteri og frå kjemiske reaksjonar.

 

Lagra og bruk derfor minst mogleg brennbare væsker i laboratoria. Lagring bør skje i eldsikre skap, om mogleg. La ikkje flasker med brennbare væsker stå utan kork. Arbeid alltid i avtrekkskap når ein handterer organiske væsker og løyemidlar.

 

Ikkje arbeid med open flamme i nærleiken av brennbare væsker eller der det kan vera samla dampar frå slike væsker. Spesielt skal oppvarming av brennbare væsker, destillasjon o.l. aldri gjerast der antenning ved til dømes glødande trådar eller gnistar kan skje.

 

Oppvarming bør i staden skje for eksempel ved bruk av vassbad, damp, IR-lampe eller annen forsvarlig elektrisk varmekjelde.

 

Ekstraksjonsarbeid med bruk av skiljetrakt fører ofte til overtrykk med fare for væskesprut. Sjå til at skiljetrakta under ristinga alltid vert halden med stilken vendt opp, og slepp hyppig ut overtrykk i skiljetrakta ved å opna ventilen/hanen. Arbeid alltid i avtrekk.

 

Filtrering av kokande varme oppløysingar av stoff løyst i brennbare organiske løysingsmidel er ytterst farlig på grunn av den sterke fordampinga, og arbeidet må berre finna stad i avtrekk kor det ikkje vert nytta open flamme.

 

 

4.12.1 ETANOL OG ISOPROPANOL

 

Etanol, (96 % og absolutt), og isopropanol skal det leverast rekvisisjon på før dei vert utlevert. Det er berre dei fast vitenskaplege som har lov til å rekvirera desse løysemidla.

 

Det skal leverast ein rekvisisjon for kvart av løysemidla for kvart uttak. På rekvisisjonen skal det stå:

1. dato

2. mengde og kva løysemiddel

3. underskrift

Rekvisisjonen skal leverast til:

                                      Steinar Vatne, rom U024.

 

Han leverer òg ut løysemidla.

 

Flaskene til 96 % etanol skal returnerast til bordet utanfor verkstaden i U-etg. Det er brukar som har ansvaret for å returnera flaskene.

 

Lagring av etanol og isopropanol skal skje i låste skap på dei enkelte laboratoria. Det er rekvirent som har ansvar for dette.

 

 

4.13 EKSPLOSIVE PEROKSID

 

          Nokre organiske og uorganiske sambindingar kan reagera med          oksygen i luft og danna potensielt eksplosive peroksid. Dei som må      nytta slike stoff må læra seg å kjenna dei att, og å handtera dei    forsvarleg. Dei mest vanlege peroksiddannande sambindingane er        lista i vedlagte tabellar (A-C), sjå vedlegg 4.1. Desse           sambindingane skal kjøpast inn via lageret, sjå kap. 9.5 Innkjøp ved   Kjemisk institutt.

 

 

4.13.1 SIKKER BRUK OG HANDTERING

 

          Flaskene med peroksiddannande stoff skal ha merkelapp der det      skal vera notert:

                   1. PEROKSIDDANNAR

                   2. Dato for mottatt vare

                   3. Dato for fyrste gong opna

                   4. Signatur på den som først opna varen

                   5. Dato og signatur for når kjemikaliet/ane sist vart sjekka

 

          Kjemikaliane som kjem inn under kategorien peroksiddannar skal       sjekkast med omsyn til danna peroksid kvar kvartal (kvar 3 månad)         etter at flaska er opna, og før ein nyttar sambindingane. Der er fleire    metodar for testing av peroksid, sjå kap. 4.13.2 Ulike test metodar.       Teststrimlane er til dømes lette og hendige i bruk, men ikkje så           universell og følsam som t.d. jernthiocyanat testen, og lagringstida er           avgrensa.

 

          Dersom ein finn peroksid må dette enten fjernast, der det er     mogeleg, eller leverast som farleg avfall, sjå kap. 7.6. Er       konsentrasjonen under 400 ppm (mg/l) kan ein nytta ein av    metodane under til reinsing av løysemiddelet, sjå kap. 4.13.3   Fjerning av peroksid. Ein kan etter reinsing nytta kjemikaliet.

          HUGS: Sett ny dato på merkelappen!

          Dersom konsentrasjonen er over 400 ppm men under 3000 ppm       (mg/l) lever stoffet som farleg avfall (kap. 7.6). (Kan maksimalt ha      0,3 % peroksid innhald – svarande til 3000 ppm . ADR bestemming      kap. 2.2.3.2.1, nettadresse http://link.uib.no/?a3yY ).

          Unngå å destillera kjemikaliar som inneheld peroksid. Test alltid           peroksiddannande løysemidel før ein destillerar eller dampar inn.       Dersom positiv test, fjern peroksida før bruk. Peroksiddannande    sambindingar som har vert opna og det har gått meir enn eit år (sjå tabellane i vedlegg 4.1). bør ein levera stoff/a som farleg avfall. Nytt           aldri metallspatlar når ein arbeider med peroksid. Konterminering av      metall kan føra til eksplosive nedbrytninga stoff. Hugs òg at dei fleste           peroksiddannande kjemikaliane er flyktige og kan lett ta fyr. Arbeid     difor i godt ventilerte avtrekk og unngå tennkjelder. Lagring av         peroksiddannande løysemiddel skal skje i godt ventilerte       kjemikalieskap borte frå kjemikaliar som dei er inkompatible med.

 

          Ein god metode for å unngå å få problem med gamle       peroksiddannande kjemikaliar er å ikkje kjøpa inn større mengde enn det ein treng, og å nytta løysemidla etter ”fyrst inn, fyrst ut”          prinsippet. Peroksid og peroksiddannande sambindingar skal lagrast          ved lavast mogeleg temperatur, borte frå lys og varme. Dersom ein           nyttar kjøleskap til lagring må ein vera viss på at skapet er eigna for    føremålet.

 

          Ikkje test eller handter peroksiddannande kjemikaliar der ein er      usikker på alder, der flaska har vert opna, men ikkje testa på to år,           der ein har synlege krystallar eller botnfall, eller der det er danna eit    viskøst oljelag.

          Ta kontakt med instituttets kontaktperson for farleg avfall og      problemavfall, sjå kap. 7.2.

 

 

4.13.2 ULIKE TESTMETODAR

 

          Testmetodane som fylgjer kan nyttast på dei fleste organiske    løysemiddela. Der er inga passande, enkel testprosedyre for å    bestemma peroksid i kjemikaliar som alkali metall, alkali metall       alkoxid, amid eller organometallar.

 

          Ikkje test eller handter peroksiddannande kjemikaliar der ein er      usikker på alder, der flaska har vert opna, men ikkje testa på to år,           der ein har synlege krystallar eller botnfall, eller der det er danna eit    viskøst oljelag.

          Ta kontakt med instituttets kontaktperson for farleg avfall og      problemavfall, sjå kap. 7.2.

 

          JOD TEST:

          Tilfør 0,5-1,0 ml av væska ein vil ha testa til omlag same mengde       iseddik der ein har tilsatt omtrent 0,1 g sodium iodide (NaI) eller      potassium iodide (KI) krystallar.

          Ein gul farge indikerar ein lav konsentrasjon av peroksid i prøven.       Dersom ein får brun farge indikerer det ein høg konsentrasjon. Ein      bør òg gjera ei blank bestemming.

          Lag alltid ei fersk ny løysning med jodid/iseddik før bruk, fordi ein ser          at etter ei tid vil blankprøven verta brun på grunn av luftoksidasjon.

 

          JERNTIOCYANAT TEST:

          Ein dråpe av løysninga som skal testast vert blanda med ein dråpe           reagensløysing. Reagensløysninga lagar ein av 9 g iron(II) sulfate      heptahydrate (FeSO4·7H2O) i 50 ml 18 % hydrochloric acid (HCl).

          Tilsett 0,5-1,0 g granulert zinc (Zn) og så 5 g sodium thiocyanate        (NaSCN).

          Når den gjennomsiktige raude fargen forsvinn, tilfør 12 g eller meir     med sodium thiocyanate (NaSCN)og dekanter løysninga frå ikkje          nytta zink (Zn) over i ei rein flaske.

          Rosa eller raud farge indikerar at ein har peroksid til stades.

 

          TITANIUM(IV)OKSYSULFAT TEST:

          Ta ut 1 ml prøve og tilsett 1 ml reagens. Reagensløysninga er ei        ferig titanium(IV) oxysulfate (TiOSO4) løysning i 27-31% sulfuric acid         (H2SO4), Fluka nr. 89532.

          Rist, la blandinga stå i minst 2 minuttar og observer fargen.        Samanlikn med kalibrerings-/standardkurven, sjå vedlegg 4.2.

 

          PEROKSID TESTSTRIMLER:

          Teststrimler er kommersielt tilgjengelege frå fleire   kjemikalieleverandørar. Til dømes: Sigma-Aldrich (Aldrich,     Quantofix, bestillings nr. Z249254 (0-25 mg/l) og Z101680 (0-100           mg/l)) eller VWR International (Merck, Perex-Test, bestillings nr.           1.16206.0001 (10-500 mg/l)).

          Nytt teststrimlene slik det er beskrive i bruksanvisinga.

 

 

4.13.3 FJERNING AV PEROKSID

 

          Påviser ein peroksid i løysemidlet må ein fjerna det før bruk. Ein av    dei fylgjande metodane kan nyttast. Etter fjerning av peroksid testar      ein kjemikaliet på nytt med ein av testmetodane over.

 

          Ikkje test eller handter peroksiddannande kjemikaliar der ein er      usikker på alder, der flaska har vert opna, men ikkje testa på to år,           der ein har synlege krystallar eller botnfall, eller der det er danna eit    viskøst oljelag.

          Ta kontakt med instituttets kontaktperson for farleg avfall og      problemavfall, sjå kap. 7.2.

 

          METODE 1 – AKTIVERT ALUMINA

          Danna peroksid kan fjernes frå løysemiddelet ved å la det gå    gjennom ei kort kolonne fylt med aktivert alumina. Metoden er effektiv for både vassløyselege og ikkje vassløyselege     løysingsmiddel. Unntaket er alkoholar med lav molekylvekt.

          Metoden øydelegg ikkje peroksida, så aluminaen må behandlast        etter bruk med fortynna syre løysning av potassium iodide (KI) eller          iron(II) sulfate (FeSO4) for å få fjerna peroksid.

 

          METODE 2 – JERN(II) SALT:

          Peroksidforureining i vassløyselege løysingsmiddel kan enkelt øydeleggastfjernes ved å forsiktig rista med ei konsentrert løysing          med iron(II) salt (Fe(II)-salt).

          Ofte nytta iron(II) salt løysingar er:

          60 g iron(II) sulfate (FeSO4) + 6 ml konsentrert sulfuric acid (H2SO4) + 110 ml vann.

          Eller: 100 g iron(II) sulfate (FeSO4) + 42 ml konsentrert hydrocloric    acid (HCl) + 85 ml vann.

 

 

4.14 SAMBINDINGAR SOM ER EKSPLOSIVE VED INNKJØP

 

          Dei mest vanlege eksplosive kjemikaliane er lista opp i vedlagte       tabell, sjå vedlegg 4.3. Brukarane som nyttar desse stoffa må læra          seg å kjenna att stoffa og handtera dei forsvarleg. Der det er mogleg     skal ein finna erstatnings sambindingar, dersom det ikkje går skal      stoffa kjøpast inn via lageret, sjå kap. 9.5 Innkjøp ved Kjemisk      institutt. Behaldarane med eksplosive kjemikaliar skal ha merkelapp   der det skal noterast:

                   1. EKSPLOSIV

                   2. Dato for mottatt vare

                   3. Dato for fyrste gong opna

                   4. Signatur på den som først opna varen

                   5. Dato og signatur for når kjemikaliet/ane sist vart sjekka

 

          Kjemikaliane som kjem inn under eksplosive skal kontrollerast kvart   kvartal (kvar 3 månad), der ein ser etter at stoffa er fuktige. Dersom        dei begynner å tørka ut, etterfyll med eigna væske. (Sambindingane        må absolutt ikkje gå tørr då faren for eksplosjon blir overhengande).      Dette er brukars ansvar. Lagring av eksplosive stoff skal skje i godt ventilerte kjemikalieskap borte frå kjemikaliar som dei er   inkompatible med.

 

          Då eksplosive sambindingar ikkje kan leverast som farlig avfall må     dei destruerast. Bruker tar kontakt med instituttet sin kontaktperson          for farlig avfall og problemavfall, sjå kap. 7.2.

 

 

4.15 ALLERGIFRAMKALLANDE STOFF

 

Stoff som kan framkalla allergi eller anna overfølsemd i augo eller luftvegar, eller som kan framkalla allergi ved hudkontakt, er merka med A i Arbeidstilsynets “Administrative normer for forurensning i arbeidsatmosfære” (best. nr. 361).

 

Ei liste over nokre stoff som kan gje allergi ved hudkontakt eller ved innanding finn ein i registerbindet til “Kartotek for KJEMISKE STOFFER”.

 

Vis spesiell varsemd og omhyggeleg hygiene ved arbeid med slike stoff. Bruk hanskar og avtrekk.

 

 

4.16 KREFTFRAMKALLANDE STOFF

 

Stoff som kan vera kreftframkallande, er merka med K i Arbeids-tilsynets “Administrative normer for forurensning i arbeidsatmosfære” (best. nr. 361). Tilsvarande merking finn ein i “Forskrift om liste over farlige stoffer” – Stofflista.

Instituttet har et eksempel av stofflisten, den er å finne hos:

Lisbeth Glærum , rom U024.

 

Alt arbeid med kreftfremkallende stoff er regulert av forskrifta:

”Vern mot eksponering for kjemikalier på arbeidsplassen” - Kjemikalieforskriften (best. nr. 566)

 

Kreftframkallende stoff skal oppbevarast i lukket emballasje. Alt arbeid med slike stoff, òg veiing, skal, dersom det er risiko for damp eller støv etc., utførest i avtrekkskap.

 

Reingjering av arbeidsreiskap skal gjevast oppmerksemd. Det kan vera påkravd å bruka særskilte arbeidsklede under arbeidet.

 

Avfall må bringest til sikker sted, sjå kap. 7.6 om handtering av farlig avfall.