6.    GASS OG GASSTRYGGLEIK

 

Kjemisk institutt har utplassert gassflasker over store delar av instituttet, denne utplasseringa er gjort på dispensasjon frå brannvesenet. Gass og gassflasker utgjør ei monaleg risiko (”betydelig”- risiko), og må handsamast med spesiell varsemd.

 

 

6.1   FAREMOMENTA MED GASS

 

Alle gassar som vert brukte vil bli oppbevart og transportert på gassflasker eller andre typar av behaldarar eller tankar for dette føremålet. Gassen kan koma på følgjande måtar:

 

Komprimert gass: Gassen er hele tida i gassfase i flaska. Trykket minkar etter kvart som ein tappar av gassen.

Dette gjeld: argon, helium, hydrogen, karbonmonoksid, metan, nitrogen og oksygen.

Kondensert gass: Gassen er delvis kondensert til væske i gassflaska. Trykket er konstant inntil all væska er tappa av.

Dette gjeld: ammoniakk, dinitrogenoksid (lystgass), hydrogen-sulfid, karbondioksid og klor.

Gass løyst under trykk i flytande løysemiddel: Gassen blir frigitt frå løysemiddelet under avtapping. Trykket er konstant inntil flaska er nesten tom.

                   Dette gjeld: acetylen.

Djupkjølt kondensert gass: Gassen er kondensert til væske i spesielle behaldarar. Trykk vert bygd opp ved fordamping.

NB ! Dersom djupkjølt, flytande gass blir inneslutta i behaldar eller leidning utan muligheit for trykkavlastning, oppstår det ein  fare for eksplosjon. Derfor skal tankar og behaldarar til dette føremålet vera forsynte med anordningar for trykkavlastning.

                   Dette gjeld: nitrogen og helium.

                   Problemstillinga og faremomenta er liknande for tørris (CO2),              berre det at den er i fast form.

 

 

6.1.1 TRYKKSTIGNING

 

Eit felles faremoment for alle gassar er at ei ukontrollert oppvarming kan føra med seg så stor trykkstigning at flaske, behaldar eller tank regelrett eksploderer. Derfor er alle gassar klassifisert som “farlig gods”.

Ein konsekvens av dette er at gassflasker ikkje må oppbevarast ved høgare temperatur enn 45 °C.

Sjølv utan oppvarming kan ein få ei plutseleg og ukontrollert avlasting av trykket frå ein behaldar med komprimert gass. Energimengda som då vert frigjort kan senda ei gassflaske av garde som ein rakett.

 

 

6.1.2 KVELINGSFARE

 

Oksygen er absolutt nødvendig for å oppretthalda livet. Ved middels tungt arbeid er oksygenbehovet ca. 5 liter i minuttet eller 25 liter atmosfærisk luft med 21 vol% oksygen.

Vert lufta fortynna med ein kva som helst annan gass enn oksygen, vert oksygeninnhaldet redusert. Ved reduksjon til for eksempel halvparten av det normale, dvs. ca 11 vol%, inntreff medvitsløyse etter kortare tid. Ved ca. 6 vol% oksygen inntreff medvitsløyse straks med kveling.

Fare for luftfortynning og oksygenmangel er alltid til stades der enten inertgassar som nitrogen, helium eller argon vert nytta som verneatmosfære eller ved lekkasje frå emballasjen. Avdamping frå djupkjølt gass vil alltid vera tyngre enn luft og vanskeleg å ventilera.

Nedre grense for oksygeninnhaldet utan å bruka friskluftapparat vert rekna for 17 vol%, ved atmosfæretrykk.

Gassar som kan føra til kvelingsfare er: nitrogen (N2), argon (Ar), helium (He), karbondioksyd (CO2), dinitrogenoksyd (N2O), ammoniakk (NH3), hydrogen (H2), metan (CH4), propan (C3H8)

 

 

6.1.3 GIFTIG GASS

 

Ei rekkje gassar verkar kvelande sjølv ved små konsentrasjonar i luft, sjølv om oksygeninnhaldet er normalt. Dette skuldast at gassane gjennom sin kjemiske giftverknad øydelegg eller lammar sjølve andedrettsorgana, slik at kroppen ikkje kan nyttiggjera seg oksygenet i lufta.

Akutt forgifting etter kort tids eksponering: Ved tilstrekkeleg giftig gass og tilstrekkelig høg konsentrasjon.

Kronisk forgifting etter lengre tids eksponering: Ved mindre giftig gass og tilstrekkeleg konsentrasjon.

For mindre konsentrasjon av giftig gass i lufta gir gassmaske med riktig filter fullt vern for ei avgrensa tid. Ved større konsentrasjonar må det nyttast friskluftapparatur frå første augneblink.

Under giftige gassar kjem: ammoniakk (NH3), klor (Cl2), karbon-monoksyd (CO) og hydrogensulfid (H2S).

 

 

6.1.4 BRANNFARLEG GASS

 

Gassar som ved tenning forbrenn i luft er klassifisert som "brannfarleg vare". For at ein gass skal kunne tennast og forbrenna eksplosivt, må følgjande vilkår vera oppfyltte:

Det må være eit bestemt blandingsforhold mellom gassen og luft. Lågaste volumprosent av gassen som kan tennast vert kalla LEL (=Lower Explosive Limit). Ved lågare konsentrasjon er blandinga for mager til å underhalda forbrenninga. Høgaste volumprosent av gassen som kan tennast vert kalla UEL (=Upper Explosive Limit). Ved høgare konsentrasjon er blandinga for feit til å kunna brenna. I området mellom LEL og UEL er blandinga tennbar og eksplosiv.

Ved aukande temperatur minkar verdien på LEL, mens verdien på UEL aukar slik at det eksplosjonsfarlige området vert utvida nedanfrå så vel som ovanfrå. Det same vil som regel vera tilfelle for aukande trykk. Dei verdiar som vanlegvis  vert oppgitt for LEL og UEL gjeld for atmosfæretrykk og romtemperatur.

 

LEL og UEL for dei brannfarlege gassane som er i bruk ved Kjemisk institutt:

 

Gass namn

LEL

UEL

Tennings-

 

vol %

vol %

temp. °C

Hydrogen

4

75

585

Metan

4,5

15

539

Propan

2,1

9,5

470

Karbonmonoksyd

12,5

74,2

605

Hydrogensulfid

4

46

270

Acetylen

2,3

82

300

 

 

6.1.5 OKSYGENANRIKING

 

Oksygen kjem i ei særstilling når det gjelder brannfare. Gassen er ikkje sjølv brennbar, men er ein nødvendig føresetnad for all forbrenning. Det fører til at i rein eller tilstrekkelig anrika oksygenatmosfære skjer all forbrenning hurtigare og voldsommare enn i luft. Ei rekkje vanlege metall som normalt ikkje brenn i luft f.eks. jern, aluminium, sink, vert antent og brenn friskt i oksygen. Nødvendig antennelsestemperatur vil òg vera lågare i rein eller anrika oksygenatmosfære. Oksygenanriking har ingen vesentleg effekt på LEL, men vil vanlegvis auka UEL, slik at eksplosjonsfarleg område vert utvida.

 

 

6.1.6 LÅGE TEMPERATURAR

 

Flytande, djupkjølte gassar har svært låge temperaturar. Hudkontakt med slike gassar eller med nedkjølte leidningar og armatur kan føra til forfrysningsskadar som er like alvorlege som forbrenningar.

Låge temperaturar kan òg føra til kuldeskjørleik og set spesielle krav til kva materialar som kan nyttast.

Ved Kjemisk institutt bruker ein to typar flytande, djupkjølte gassar: nitrogen (N2) og helium (He).

 

 

6.2   HANDTERING AV GASSFLASKER OG UTSTYR

 

Gassflasker skal handsamast med varsemd og respekt. Pass på at flaskene som er i bruk står oppreist og er sikra med kjetting. Når flaskene vert  transporterte skal ein bruka flasketralle, og flaskehetta skal være påmontert.

Flasker som fell er ein fare for folk i området. Dei representerer ein potensiell fare gjennom lekkasje ved skade på flaskeventilen, regulatoren og anna utstyr kopla til flaska.

Regulatorar, tilbakeslagsventilar og flammesperrer tilkopla gassflaska må vera tenkt for den aktuelle gassen. (Det vil seia ein nyttar berre hydrogenutstyr til hydrogengass, osb). Ventilar må opnast og stengast langsamt. Alt utstyr må haldast reint og fritt for forureiningar.

Alt utstyr som vert brukt i samband med komprimert gass bør regelmessig inspiserast og vedlikehaldast. Slik inspeksjon bør òg inkludera slangar, fleksible røyrsamband og ”endefittings”.

 

Merk: Trykkregulatoren bør ikkje nyttast som regulator for gassmengda ved stadig å forandra settepunktet for trykket. Oppgåva til regulatoren er å halda eit ønskt trykk konstant.

Når anlegget skal vera ute av drift, stenger ein først flaskeventilen, og deretter bles ein trykket av reguleringssystemet. Til slutt vrir ein reguleringsskruen mot urvisaren til den går fritt.

 

Det skal alltid vera eit resttrykk på gassflaska på 1,5-2 bar for å sikra mot forureining. Og gassflaskehetta skal settast på så snart flaska er fråkopla regulatoren.

 

 

6.3   BRUK AV DJUPKJØLT GASS (KRYOGEN GASS)

 

Bruk av djupkjølt kondensert gass medfører ei rekkje faremoment i tillegg til dei som gjeld for komprimerte gassar.

 

Låg temperatur. Kontakt med væske, kald gass eller uisolert apparatur kan gje alvorlege frostskadar på ubeskytta hud. Fastfrosen hud kan rivast av.

Stor volumauke ved fordamping. Dei djupkjølte luftgassane N2, Ar og O2 gjev pr. liter veske respektive ca. 700, 840 og 860 liter gass ved atmosfæretrykk og normaltemperatur. I eit avgrensa rom kan fortrenging av luft med inert gass føra til ei betyleg kvelingsfare, medan anriking av O2 gir betydeleg auka brannfare.

Materialar som ikkje er berekna for låg temperatur, vil ved kontakt med djupkjølt gass bli sprø og misser ein vesentleg del av sin normale styrke.

 

Felles for alle behaldarane for kryogene gassar er at dei skal vera dobbeltvegga med isolerande mellomrom. Behaldarane skal handsamast med varsemd, og lagrast i godt ventilerte lokale.

 

 

6.3.1 VERNEUTSTYR

 

          Ved handtering av djupkjølt gass skal det brukast verneutstyr som      ansiktsskjerm, solide laustsittande hanskar og tett solid fottøy.

 

 

6.3.2 BRUK AV HEIS VED FRAKT AV DJUPKJØLT GASS

 

          Når ein skal frakta behaldarar med djupkjølt gass mellom etasjane      bør ein vera 2 personar. Den eine personen set behaldaren med   kryovæske inn i heisen og går ut att, medan den andre personen går i førevegen og trykker heisen opp i rett etasje. Behaldaren med           djupkjølt gass vil dermed ikkje vera nokon fare med omsyn på           avdamping i tronge rom, jamfør kvelingsfare (kap. 6.1.2).

 

 

6.4   GASSFLASKER OG BRANN

 

Ein bør alltid ta forholdsreglar for å unngå at det oppstår brann. Skulle slik fare likevel bli røyndom, er det nokre viktige prinsipp å hugsa på.

 

Hugs at alle brannar er ulike. Handlingane som vert utført vil vera avhengige av korleis situasjonen er.

 

 

6.4.1 LOKALE BRANNAR

 

Der det er praktisk mogeleg er det første prinsippet å stengja flaskeventilen dersom det er ein lokal brann i flaskeventilen eller tilkopla utstyr.

Deretter sløkkjer ein brannen med et handsløkkeapparat.

Dersom derimot gasstilførselen ikkje lar seg stengja, ligg det ein potensiell fare i å sløkkja. Gassen som då slepp unna kan frambringa ein eksplosjon dersom den igjen tenner. (Sjå større brannar).

 

 

6.4.2 STØRRE BRANNAR

 

Der det ikkje er praktisk mogeleg å stenga flaskeventilen, bør området evakuerast og brannvesenet tilkallast. Informer brannmannskapa om talet på gassflasker, deira lokalisering og innhald. Brannen bør berre haldast nede med bruk av rikelege vassmengder frå ein beskytta person.

Merk at ingen gassflasker som har vore involverte i ein brann må flyttast før dei er blitt kalde. Observer om det dampar av flaska når vasspylinga vert avbroten for ein augneblink. Dersom det ikkje dampar, kan ein kjenna med handa og forsette kjølinga til flaska er kald.

 

 

6.4.3 BRANNFARLIGE GASSAR

 

Dersom det dreier seg om utslepp av eller antenning av brannfarlige gassar, forsøk å stengja flaskeventilen dersom det kan gjerast utan fare. Flytt deretter flaska til ein sikker plass utandørs. Lar dette seg ikkje gjera, evakuer området og tilkall brannvesenet.

 

 

6.4.4 GIFTIGE OG KORRODERANDE GASSAR

 

Ein må utvisa stor varsemd når giftige eller korroderande gassar er involvert i brann. Området bør evakuerast og brannvesenet tilkallast. Dei må få full informasjon vedrørande lokalisering og faretype av involvert gass. (Brannmannskapa bør ha andedrettsvern, og når det gjeld korroderande gassar full vernedrakt).

 

 

6.4.5 ACETYLENFLASKER

 

Denne typen gass er spesiell. Dersom acetylen vert oppvarma under trykk, kan det settast i gang ei sjølvunderhaldande spalting som utviklar sterk varme med tilhøyrande sterk trykkstigning. Spaltinga kan skje eksplosivt slik at acetylenflaska verta sprengd, sjølv om den er utstyrt med overtrykkssikring.

Ein slik situasjon kan oppstå dersom acetylenflaska er involvert i ein brann, eller spaltinga kan setjast i gang ved eit større slag mot flaska. Dersom spaltinga er satt i gang, vil ein merka det ved lokal oppvarming av flaska.

 

Prinsippa for handtering av acetylenflasker er:

Prøv å stengja flaskeventilen dersom det kan gjerast på ein sikker måte. Ei nyttig rettleiing vil vera at det er trygt å stengja ventilen dersom dette kan gjerast innan kort tid etter tenninga fann stad. I motsatt fall, evakuer området og tilkall brannvesenet.

Anvend rikelige mengder med vatn for å kjøla flaska, frå ein sikker skjerma posisjon. Etter ein time avbryt kjølinga ein augneblink for å sjekka om det dampar frå flaska si overflate. Dersom det er tilfelle, forsett kjølinga ein halv time før ein på ny sjekkar. Fortsett slik inntil ein ikkje kan observera nokon damputvikling.

Ein kan no kontrollera om flaska er kald over heile flata, og at den held seg kald i ein halv time. Dersom det ikkje er tilfelle, fortsett å kjøla med vatn. Held flaska seg derimot kald i ytterlegare ein halv time, kan flaska flyttast forsiktig og nedsenkast i vatn for minst 12 timar. Varsla gassleverandøren om kva som har hendt.

 

 

6.5.  BESTILLING AV GASS

 

          All gass skal bestillast hjå

                                      Steinar Vatne, rom U024.

 

          For å få bestilt gass må ein skriva rekvisisjon, og den skal          innehalda:

                             1. Dato.

                             2. Namn på brukar

                             3. Kor flaska skal stå (kva rom).

4. Namn, mengde og reinleiken på gassen.

                             5. Underskrift.

 

 

6.6.  HENTING OG RETUR AV GASSFLASKER

 

Gassflaskene vert leverte på gassflaskelageret i kjellaren – fjerde dør til høgre for garasjeporten, (rett over for ”vaskehallen”). Her skal brukar returnera tomme og henta bestilte flasker. Pakksetlane for gass skal leverast Steinar Vatne.

 

Ein skal returnera tomme flasker til flaskelageret før dei nye kjem, slik at dei tomme vert tatt i retur med ein gong. Instituttet har mange flasker, og flaskeleiga er dyr. Alle har eit ansvar for at me held talet på flasker på eit minimum.

 

NB!   Husk at flaskehetta skal vera montert på flaska under transport. Hetta skal monterast på flaska før den vert tatt vekk frå sikringa (kjettingen) på laboratoriet, (sjå òg kap. 6. 2). Gassflasker utan flaskehetter vert ikkje tatt i retur.

 

Gassflasker skal transporterast på gassflaskevogner (helst vognene for to flasker, fordi dei er mest stabile). Gassflaskevognene vert leverte ut av S. Vatne, og SKAL returnerast attende til han i U.-etg med ein gong etter bruk.

 

 

6.7.  MERKING AV LABORATORIA

 

På alle laboratoria der det vert nytta gassflasker skal det vera merking. Skiltet skal stå på yttersida av døra (gangsida) og ha påskrifta:

                             Gass under trykk

                             Brennbar gass

                             Giftig gass under trykk

                             Giftig brennbar gass

 

alt etter kva gass ein har på laboratoriet. Ein kan òg ha fleire skilt på same dør!

 

Dette er pålagt av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap   (dsb).

 

          Bruker må sjå etter at slike skilt finst. Dersom ikkje, ta kontakt med:

                                Ann Margot Whyatt, rom 3038