7.    AVFALL OG AVFALLSHANDTERING

 

 

         All avfallshandtering startar med innkjøp. Ein skal ved innkjøp sjekka og passa på at ein kan verta kvitt eventuelle restar. Dette       gjeld spesielt for nokre kjemikaliar/sambindingar, dei som er     eksplosive og radioaktive.

 

         Alt avfall ved Kjemisk institutt skal handsamast etter gjeldande         lover og forskrifter, samt gjeldande retningsliner for Universitetet i         Bergen. Universitetet sentralt har fleire returordningar for avfallet     som vert produsert ved dei ulike einingane. Dei overordna    retningslinene finn ein i Regelsamlinga for UiB; del 9 ”Drifts- og          eiendomsforvaltning”, underkapittel 1.3 ”Behandling av avfall” (nett adresse: http://link.uib.no/?5WdAl.) og i HMS-handboka – Kapittel          5.5 (nett adresse:

         http://www.uib.no/hms/handbok/kapittel5/k5_5.html ).

         I HMS-hanboka er det òg linkar til det aktuelle lovverket.

 

 

7.1   ANSVAR FOR AVFALLSHANDTERINGA

 

         Det er DEN (DEI) personen(ane) som produserer avfallet ved          Kjemisk institutt som har ansvaret for at avfallet vert handtert forsvarleg etter retningslinene og sendt i riktig returordning.

         Før ein tek inn spesielle typar avfall, til dømes pikrinsyre          (eksplosivt), skal ein forvissa seg om at ein kan verta kvitt avfallet på ein forskriftsmessig forsvarleg måte, sjå òg kap. 7.9 Eksplosivt         avfall.

 

 

7.2   KONTAKTPERSON FOR FARLEG AVFALL OG   PROBLEMAVFALL

 

         Kontaktpersonen skal vera ein lokal resursperson ved instituttet og skal kunna svara på spørsmål om handtering av farleg avfall og        problemavfall. Personen skal ha gjennomgått opplæring (sjå òg     kapittel 5.5, underkapittel 5.3 i den sentrale HMS-handboka).

         Kjemisk institutt sin kontaktperson for farleg avfall og problemavfall er:

                                      Lisbeth Glærum , rom U024

 

 

7.3   ULIKE TYPAR AVFALL

 

         Ein kan grovt sett dela avfallet ved Kjemisk institutt inn i 5         hovudtypar:

                            1. Forbruksavfall

                            2. Problemavfall

                            3. Farleg avfall

                            4. Radioaktivt avfall

                            5. Eksplosivt avfall

         Kva type avfall som kjem inn under dei ulike kategoriane er som       følgjer.

 

 

7.4   FORBRUKSAVFALL

 

         UiB har innført kjeldesortering, og mykje av forbruksavfallet kjem      inn under ulike returordningar. Dette gjeld mellom anna:

                             - Papir/Papp

                             - Glas/Metall

                             - PC-utstyr/EE-avfall

                             - Lysstoffrør

 

         Ein vil no kort beskriva dei ulike typane av forbruksavfall.

 

 

7.4.1 PAPIR

 

         Bergen kommune har fått laga eigne kartongar for papir som skal    gå til gjenvinning. Kartongen har får namnet ”Miljøesken”. Alle          kontora ved instituttet har fått utlevert ein kartong til dette     føremålet. Dersom ein ikkje har ”Miljøesken”, kan ein få den ved å venda seg til driftsleiar i Realfagbygget. Ein kan òg få utlevert      eska til andre rom/instrumentlaboratorium der ein nyttar papir som       skal gå til gjenvinning.

 

         Kva kan ein leggja i ”Miljøesken”:

-         skrivepapir

-         papir til kopieringsmaskiner og dataskrivarar

-         datalister

-         konvoluttar utan vindauga

-         aviser

-         tidskrift

-         brosjyrer og liknande

 

         Vanleg mengde papir i ”Miljøesken” vert tømt av reingjerings-  personalet. Dersom ein får større mengder papiravfall, skal brukar       sjølv ta hand om avfallet. Eska skal då tømmast i konteinarane        med blått lokk merka PAPIR. Det er fleire slike konteinarar i          avfallsrommet i garasjen.

 

 

7.4.2 PAPP

 

         Alt av papp skal gå i denne returordninga (esker, kartongar,     skiljeveggar, innlegg osb.). Alle kartongar og esker skal         FLATPAKKAST, skjerast ned.

         Det er brukar sjølv som tek hand om avfallet. Pappen skal i    konteinarane med blått lokk merka PAPP. Det er fleire slike       konteinarar i avfallsrommet i garasjen.

 

         IKKJE BLAND PAPIR OG PAPP – TENK ØKONOMI

 

 

7.4.3 GLAS

 

         Alt reint og luktfritt glas skal brukar kasta i glaskonteinarane i avfallsrommet i garasjen. Desse konteinarane er merka med          glas/knust glas. Brukar skal prøva å få alt glas reint og luktfritt for    kjemikaliar slik at mest mogeleg av glaset kan gå i denne          returordninga.

 

         I Realfagbygget har ein 2 glaskonteinarar for slik avfall, ein for klart glas og ein for farga glas.

 

         Ikkje la slik glasavfall stå og hopa seg opp på laboratoria, men få     det bort etter kvart! Det vil gje eit mykje tryggare og betre   arbeidsmiljø.

 

         Når det gjeld forureina glas som ikkje går an å få reint, sjå under       Problemavfall (kap. 7.5.1) og Farleg avfall (kap. 7.6.1).

 

 

7.4.4 METALL

 

         Her gjeld det same som for glas. Rein og luktfri metallemballasje     vert kasta av brukar i glaskonteinarane.

 

         Glas og metall, ja TAKK, begge delar.

         Forureina metall som ikkje går an å få reint, sjå under      Problemavfall (kap. 7.5.1) og Farleg avfall (kap. 7.6.1).

 

 

7.4.5 PC-UTSTYR/EE-AVFALL

 

         PC-utstyr og EE-avfall, dvs. gamal instrumentering går i dag i same          returordning. Dersom ein har slikt avfall, ta kontakt med:

                                      IT-ansvarleg, rom 3011

 

         Grunnen til at ein har ei slik ordning på gamalt utstyr er ikkje berre    at utstyret inneheld ein god del farleg avfall, men og at informasjonen på harddiskane i PC-ane ikkje skal koma på      avvegar.

 

         På UiB har ein eit eige rom for slikt avfall i driftsområde 2. I tillegg    har Realfagbygget permanent utplassert eit nettingbur for slikt       avfall i garasjen ved inngangsdøra til bossrommet.

 

 

7.4.6 LYSSTOFFRØR/LYSPÆRER

 

         Det er eige returordning for lysstoffrør, sparepærer og lyspærer.     Lysstoffrøra og sparepærene inneheld kvikksølvdamp (Hg-damp),           difor må røra tømmast for dampen for ikkje å skada miljøet. Når det       gjeld lyspærer inneheld dei elementært bly (Pb) som då må takast         hand           om på ein forsvarleg måte.

 

         Det er ”DRIFTEN” som skiftar lysstoffrør og det meste av       sparepærene. Men dersom ein har lyspærer eller sparepærer, ta          kontakt med driftsleiar ved Realfagbygget og få levert avfallet       etter avtale og på rette måten.

 

 

7.4.7 RESTAVFALL

 

         I vanleg boss/restavfall går det som ikkje kjem inn under dei    returordningane nemnt over. Dette gjeld mellom anna matpapir,      plastbeger, plastflasker (reine og luktfrie), konvoluttar med      vindauge, blåpapir, bøker og telefonkatalogar.

 

         Dette gjeld ikkje for Problemavfall (sjå kap. 7.5) og Farleg avfall      (sjå kap. 7.6).

 

 

7.5.  PROBLEMAVFALL

 

         Dette avfallet går til forbrenning i Rådalen. Avfallet vert henta kvar    fjortande dag. Hentetider sjå vedlegg 7.1.

         Det er BIR som har forskrift om innsamling av problemavfall. Ein      finn forskrifta på nettet, adresse: http://www.bir.no/biras_no/index.asp?strURL=1001232i

 

         Kva kjem inn under problemavfall?

                    - Stikkande og skjerande

                    - Patologisk avfall

                    - Nokre typar gelar

                    - Cytostatika

                    - Mikrobiologisk smitteavfall

 

         Ein vil no kort gå gjennom dei ulike problemavfallstypane.

 

 

7.5.1 STIKKANDE OG SKJERANDE

 

         Kanylar, skalpellar, knivblad, barberblad, knust glas og anna    stikkande/ skjerande avfall som er av metall eller glas og er eller    kan vera infisert.

 

         Sprøytespissane skal samlast på kanyleboksar eller andre    plastflasker.

         Kanyleboksane finn ein i skapa for problemavfall i rommet for farleg         avfall i kjellaren i Realfagbygget.

 

 

7.5.2 PATOLOGISK AVFALL

 

         Dyr, smittefarlege delar av dyr eller større mengder vev frå dyr.        Dyra eller delane av dyra må ikkje vera større enn at kartongen til    pakking ikkje vert meir enn to-tredjedels full (⅔), (sjå òg kap.   7.5.6 Emballering av problemavfall).

 

 

7.5.3 GELAR

 

         Agarosegel eller polymerisert acrylamid gelar.

 

7.5.4 CYTOSTATIKA

 

         Alt avfall frå utblanding av cytostatika. Avfall frå infusjon eller    injeksjon, nytta hanskar, papir osb. Det vil seia alt avfall ein får i      samband med bruk av cytostatika er problemavfall. Cytostatikaet          sjølv er farleg avfall (sjå kap. 7.6)

 

 

7.5.5 MIKROBIOLOGISK SMITTEAVFALL

 

        Mikrobiologisk, smitteførande materiale frå laboratoria.

        Blodsmitte, kompressar/bandasjar frå pasientar med kjent smitte. Tømte drenasjebehaldar og sugekolbar frå alle pasientar utan   omsyn til smittestatus.

        Kontaktsmitte, bandasjar/kompressar og eingongsutstyr som har vore i kontakt med smitteførande kroppsvæsker/materiale frå      pasientar som vert halde isolert.

 

 

7.5.6 EMBALLERING AV PROBLEMAVFALL

 

         Klare plastsekkar vert sett i kartongen. Kartongen skal ikkje vera       meir enn trekvart full (¾). Plastsekken skal dobbelt      ”muleforbindast” før kartongen vert lukka. (Dobbel     ”muleforbinding”: Knytt sekken så langt ned mot avfallet som mogeleg. Brett så øvre resterande del av sekken ned og knytt ein gong til). Lukk kartongen.

 

         Kanyleboksane og/eller plastflaskene med stikkande og skjerande vert sett oppi plastsekken.

 

         Kanyleboksar, plastsekkar og kartongane til emballering av      problemavfall finn ein på rommet for farleg avfall i kjellaren i   Realfagbygget.

         Dersom det er lite eller tomt for emballasje ta kontakt med      kontaktpersonen for farleg avfall og problemavfall (sjå kap. 7.2).

 

 

7.5.7 MERKING AV PROBLEMAVFALL

 

         ORANSJE merkelapp med FORBRENNING skal klistrast på kartongen. Merkelappane finn ein på rommet for farleg avfall i          kjellaren.

         Kryss av for avfallssort og skriv på, dato, institutt/avdeling,       telefonnummer og namn med blokkbokstavar.

 

 

7.5.8 MELLOMBELS LAGRING AV PROBLEMAVFALL

 

         ”Avfallsprodusent” set dei lukka og MERKA kartongane inni         skapa for problemavfall på rommet for farleg avfall i kjellaren i        Realfagbygget.

 

         Dersom ein ser at det minkar på kanyleboksar, pappkartongar,         plastsekkar og merkelappar til problemavfall gje beskjed til   kontaktpersonen (sjå kap. 7.2).

 

 

7.6.  FARLEG AVFALL

 

         All handtering av farleg avfall skal skje i høve til forskrift om farleg    avfall, nettadresse:

         http://www.lovdata.no/for/sf/md/xd-20021220-1817.html.

         Farleg avfall går mellombels til Farleg avfallstasjonen på Flesland.   Avfallet vert henta etter avtale med driftsleiar i Realfagbygget.

 

         Kva er farleg avfall?

                    - Kjemikaliar

                    - Oljeavfall

                    - Plantevernmidlar

                    - Maling

                    - Fotokjemikaliar

 

         Ein vil no gje ei kortfatta presisering av dei ulike avfallskategoriane   under farleg avfall.

 

 

7.6.1 KJEMIKALIAR

 

         Dette gjeld alt kjemikalieavfall frå laboratorie- og klinikkmiljø. Det      meste ein kan koma på av kjemikaliar. Etsande syrer og basar,     desinfeksjonsvæsker, kvikksølvhaldig- og cyanidhaldig avfall,          tungmetall, organiske løysemiddel med og utan halogen, reaktive      stoff og cytostatika sjølv, for å nemna nokre.

 

         LIKEVEL; ikkje EKSPLOSIVE og RADIOAKTIVE sambindingar.

 

 

7.6.2 OLJEAVFALL

 

         Her er det fleire typar, som til dømes spillolje, oljeemulsjonar,           råolje.

 

 

7.6.3 PLANTEVERNMIDLAR

 

         Alle middel som vert nytta mot ugras og skadedyr på plantar.

 

 

7.6.4 MALING

 

         Alt av maling og lakkrestar – inklusive sprayboksar.

 

 

7.6.5 FOTOKJEMIKALIAR

 

         Her har ein framkallingsbad, bleikebad, fikseringsbad, sølvhaldige   stabilisatorar osb.

 

 

7.6.6 EMBALLERING AV FARLEG AVFALL

 

         Så langt det er praktisk mogeleg ønskjer ein alt farleg avfall levert i          ORIGINALEMBALLASJEN og med minst mogeleg blanding, både          av kjemikaliane og dei ulike farleg avfallstypane.

         Dersom dette ikkje er mogeleg må ein SJØLV passa på å nytta       eigna behaldarar som tilfredsstiller dei krav som vert stilt til       oppbevaring av det enkelte avfallet.

 

         HUGS: Det er svært viktig at emballasjen vert merka grundig og       utvetydig med NAMN og KONSENTRASJON.

 

         Originalemballasjen eller anna høveleg konteinar som inneheld        avfallet og er merka vert sett i plastkassar av høveleg storleik.     Plastkassane til dette føremålet finn ein i rommet for farleg avfall i        kjellaren.

 

         LØYSEMIDDELDUNKAR

         Nytta løysemiddel vert samla i plastdunkar. Ein har to ulike fargar      på dunkane alt etter kva avfallet inneheld:

                   BLÅ-dunk: Er til haloginerte løysemiddel, det vil seia avfall              som inneheld fluor (F), klor (Cl), brom (Br), jod (I) og astatin             (At).

                   Blanke-dunkar (Er dei som i alle år har gått som raud): Til             løysemiddel som IKKJE inneheld halogen.

 

         Det er svært stor skilnad på kostnadane for deponering av      løysemiddel med og utan halogen – SÅ IKKJE BLAND DEI.

         Bland heller ikkje reine løysemiddel med andre stoff, som til dømes          syrer og basar, dersom dette er mogeleg. SKILNAD PÅ PRIS.

         MEST MOGELEG REINE KJEMIKALIAR – ER GOD ØKONOMI.

 

         OLJEAVFALL

         I garasjen i Realfagbygget ved smøregrava er det eit skap med       2 fat inni. Desse fata inneheld oljeavfall, og dersom ein har      restar av slikt avfall (sjå kap. 7.6.2), kan ein hella det på desse       fata.

 

 

7.6.7 DEKLARERING AV FARLEG AVFALL

 

         Alt farleg avfall som skal til Flesland skal deklarerast ved hjelp av          ”Registreringsskjema for farleg avfall ved Universitetet i Bergen”,    sjå vedlegg 7.2.

         Døme på korleis ein fyller ut skjemaet finn ein i vedlegg 7.3.

 

         Avfallsnumra med ei enkel presisering finn ein i vedlegg 7.4.

 

         Det er den ansvarlege for avfallshandteringa (avfallsprodusent)        som skal deklarera avfallet. (sjå kap. 7.1).

 

         Skjemaet vert festa på løysemiddeldunken eller lagt oppi kassen.

 

 

7.6.8 MELLOMBELS LAGRING AV FARLEG AVFALL

 

         ”Avfallsprodusent” set det deklarerte avfallet i hyllene for farleg   avfall på rommet for farleg avfall i kjellaren i Realfagbygget. Ikkje           sett kassane med avfall rundt på golvet!

 

         Dersom det er mykje farleg avfall på rommet ved levering gje           beskjed til kontaktpersonen ved instituttet (sjå kap. 7.2).

 

 

7.7   TILGANG TIL FARLEG AVFALLSROMMET

 

         Nøkkel til rommet for farleg avfall i Realfagbygget kan ein få låna      ved å hendvenda seg på hovudlageret i opningstida. Ein kan òg få   svar på spørsmål som vedkjem handtering av avfall.

 

         Det er brukar/avfallsprodusent som sjølv leverer problem/farleg avfallet og set det på sine respektive stader. (Problemavfall i        skapa for problemavfall, og farleg avfall i reolane for farleg avfall).    Det er òg brukar/avfallsprodusent som merkar/deklarerer        respektive problem/farleg avfall.

 

        HUGS! Lever nøkkelen attende til hovudlageret når avfallet er          levert.

 

 

7.8   RADIOAKTIVT AVFALL

 

         For radioaktivt avfall skal ein fylgja dei sentrale retningslinene for      UiB beskrive i HMS-handboka – Kapittel 5.5 (nett adresse:          http://www.uib.no/hms/handbok/kapittel5/k5_5.html ). Handteringa    skal skje i samsvar med Regelsamlinga for UiB, del 9, underkapittel        1.3 ”Behandling av avfall” – del 4 Radioaktivt avfall (nett adresse:    http://link.uib.no/?1thJB ).

 

         For meir informasjon ta kontakt med instituttets kontaktperson for     ioniserande stråling, sjå kap. 5.5.2 eller med kontaktperson for          farleg avfall og problemavfall, sjå kap. 7.2.

 

 

7.9   EKSPLOSIVT AVFALL

 

         Dersom ein må nytta eksplosive eller peroksiddannande         sambindingar skal all handtering av desse stoffa skje i samsvar      med UiB sine retningsliner i Regelsamlinga og i HMS-handboks     (nett adressene: http://link.uib.no/?1qZjc og          http://www.uib.no/hms/handbok/kapittel5/k5_5.html). Sjå òg     handtering av desse kjemikaliane i kap. 4.13 Eksplosive peroksid          og kap. 4.14 Sambindingar som er eksplosive ved innkjøp.

 

         For innkjøp av slike sambindingar sjå kap. 9.5 Innkjøp ved Kjemisk institutt.