9.    DIVERSE INFORMASJON OG PROSEDYRAR

 

 

9.1.  GRAVIDE OG PERSONAR I FERTIL ALDER

 

         Då arbeidsmiljøet ved Kjemisk institutt ikkje representerar nokon      særleg helsefare er det generelt sett trygt for alle å arbeida ved          instituttet.

         Ein skal likevel vera merksam på at nokre kjemiske stoff kan vera     skadeleg for gravide og ammande samt personar i fertil alder. Dette   gjeld særleg bly og blysaltar og då spesielt dei organiske bly-       sambindingane. (sjå òg kap. 4.10 Bly (Pb), behandling av bly og    blysambindingar). Dei kjemiske stoffa som kan vera skadelege for          forplantningsevna er klassifisert og merka som       reproduksjonsskadelege i ”Stofflista” med risikosetningane R60   eller R62.

         Ein skal òg vera merksam på at enkelte kjemiske sambindingar kan          vera til skade for fosteret utan at stoffa er til skade for mora. Desse   stoffa er òg merka som reproduksjonsskadelege i ”Stofflista”, men    då med risikosetningane R61 eller R63

 

         Det er vanskeleg å generalisera tiltak for gravide og personar i fertil          alder. Dette fordi det er svært ulike arbeidsoppgåver dei tilsette og   studentane utfører, og det er ikkje ofte ein nyttar desse         kjemikaliane.

 

         Dersom ein er ynskjer meir informasjon ta kontakt med leiinga ved   instituttet eller med Bedriftshelsetenesta ved UiB.

 

         Arbeidstilsynet har ulike publikasjonar om temaet:

         Forskrift om ”Forplantningsskader og arbeidsmiljø”, (best. nr. 535).

         Orientering; ”Arbeidsmiljø og graviditet”, (best. nr. 474).

         Brosjyre; ”Gravid i arbeid”, (best. nr. 475).

 

 

9.2.  VERNEOMBOD

 

         Verneombodet skal velgast blant arbeidstakarane i verneområde,    og vera ein person som er akta og har eit godt rykte. Verne-     ombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i sakar som vedkjem arbeidsmiljøet. Sjå òg omtale i HMS-handboka kapittel       2.3.3 (nett adresse:     http://www.uib.no/hms/handbok/kapittel2/k2.html#a233 ).

 

         Funksjonstida for verneombodet er 2 år. Verneombodet sine oppgåver er regulert og utdjupa i ”Lov om arbeidsvern og     arbeidsmiljø m.v.”. §26. I tillegg har arbeidstilsynet gjeve ut         ”Forskrift om verneombod og arbeidsmiljøutvalg” (best. nr. 321) og      brosjyrane ”Du er valt til verneombud” og ”Vernetenesten” (best. nr.         437 og 383).

 

 

         Verneområde:

                                      Kjemisk institutt

 

         Verneombod:

Tanja Barth, rom 3023

         Vara verneombod:

                                      Terje Lygre, rom 3026

 

 

9.3.  VERNEUTSTYR

 

 

9.3.1 AVTREKKSSKAP

 

         Avtrekksskap er den viktigaste tekniske innretninga ein har på           laboratoria. Ved riktig bruk av skapa kan ein arbeida trykt og sikkert utan å verta eksponert for farlege kjemikaliar. Dette gjeld spesielt    når sambindingane ligg føre som gass, damp, røyk eller støv. Arbeid med slike stoff skal alltid skje i eit godt ventilert    avtrekksskap. Alt arbeid med kreftframkallande-, svært giftige,   giftige, arveskadelege stoff og løysingsmiddel skal òg skje i godt       ventilerte avtrekkskap. Under arbeid må avtrekksskapa stå på          max. Men i tillegg må skapa nyttast riktig:

 

Det vil seia at når skapet er i bruk skal ein trekke ned "frontruta" så langt som mogleg. Ein arbeider på innsida berre med henda og ikkje heile overkroppen.

 

Når avtrekksskapet ikkje er i bruk skal "frontruta" trekkjast heilt ned, til opninga berre er på eit par cm.

Dette skal òg skje når ein har forsøk i gong inne i skapet eller forlet laboratoriet.

 

         Meir utfyllande informasjon finn ein på Bedriftshelsetenesta ved       UiB sine temasider om emne, sjå nettsida; http://www.uib.no/hms/laboratoriesikkerhet/avtrekkskap/avtrekkskap.html

         Her går ein gjennom alt frå korleis ein skal nytta avtrekksskapa til      mengde luftgjennomstrømming og kontroll.

 

         Fleire stadar i Tryggleikshandboka, då spesielt i kap. 4. Arbeid        med farlege stoff og produkt vert det referert til at ein skal nytta         avtrekkskap. Dette er å oppfatta som eit pålegg!

 

         Ved Kjemisk institutt er dei fleste laboratoria utstyrt med eit eller      fleire avtrekksskap. Ventilasjonen til skapa vert kontrollert ein gong i året av EIA. Kvart avtrekksskap er merka med mengde luft-       gjennomstrøyming og dato for siste gjennomførte kontroll av       avtrekksskapet.

         Dersom ein meiner at skapet ikkje oppfyller krava ta kontakt med     næraste overordna eller leiinga ved instituttet.

 

 

9.3.2 PERSONLEG VERNEUTSTYR

 

         Personleg verneutstyr skal nyttast når ein ikkje kan oppnå        tilfredstillande vern av arbeidstakarane ved hjelp av tekniske   installasjonar (t.d. avtrekksskap), eller dersom ein skal utføra arbeid som kan vera risikofylt (t.d. arbeid med konsentrerte syrer     og baser). Krava til denne typen utstyr er gjeven i ”Forskrift om        bruk av personlig verneutstyr på arbeidsplassen” (best. nr. 524) og         ”Forskrift om konstruksjon, utforming og produksjon av personleg      verneutstyr” (best. nr. 523).

 

 

         HANSKAR

 

         Der finst ingen vernehanske som kan nyttast til ”ALT”.

         Når ein skal velja kva type hanskar ein skal nytta må ein velja ut frå           arbeidssituasjonen. Det vil seia ein må veta kva kjemikaliar ein skal nytta og konsentrasjonen på desse, samt kva funksjonsnivå ein må      ha ved utføringa av arbeidet.

 

         For å gjera valet enklare, vonleg lettare og ikkje minst meir riktig       har Hanskegruppa ved UiB gått gjennom fleire leverandørar av      vernehanskar. Gruppa har sett på hanskane ut frå:

-         merkinga av hanskane er i samsvar med lovverket

-         ikkje påfører brukar plagar ved bruk, til dømes lateksallergi

-         gjennomtrengingstid mot mikroorganismar

-         gjennomtrengingstid for dei mest nytta kjemikaliane ved UiB

-         hanskane fungerar i bruk

-         pris

 

         Hanskegruppa kom fram til 4 ulike vernehanskar og 2 typar      eingongshanskar.

         Dei 4 vernehanskane er:

         BARRIER                    Sjå kortfatta presentasjon og bruksområde                                          for hansken, vedlegg 9.1

         SOL-VEX (nr. 37-675)         Sjå kortfatta presentasjon og bruksområde                                         for hansken, vedlegg 9.2

         NEOTOP                     Sjå kortfatta presentasjon og bruksområde                                          for hansken, vedlegg 9.3

         PVA                              Sjå kortfatta presentasjon og bruksområde                                          for hansken, vedlegg 9.4

         Då det kan sjå ut som om Sol-Vex og Neotop har same bruks-         område er desse to hansketypane samanlikna i eit eige oppsett, sjå         vedlegg 9.5.

 

         Eingongshanskane er valt ut frå to forskjellege kriterium. Den eine   hansken er valt primært til bruk i klinikkmiljø med krava dei har til     funksjon og komfort. Den andre hansken er valt ut frå at den skal   ha best mogeleg kjemisk og biologisk resistens. Den eingongs- hansken aktuell for Kjemisk institutt er:

         Touch N Tuff:               Sjå kortfatta presentasjon og bruksområde                                          for hansken, vedlegg 9.6

         MERK at Touch N Tuff ikkje er noko vernehanske – skal berre         nyttast som ”Skvetthanske”, sjå vedlegget.

 

         For at det skal verta lettare å velja riktig vernehanske er det laga       ein tabell over dei mest vanlege kjemikaliane ved UiB. Tabellen    inneheld gjennomtrengingstida for dei ulike kjemikaliane mot dei    valte hanskane for UiB. (Hurtigskjema for kontroll av hanskar ved   UiB, sjå vedlegg 9.7).

         Når det gjeld amin kan ein ikkje generalisera noko med omsyn på    val av vernehanske, slik ein kan med alkoholar, syrer, baser osb.       Desse stoffa må ein kontrollera for kvar enkel sambinding. Dei      mest vanlege amina er satt opp i ein eigen tabell, sjå vedlegg 9.8

 

For meir informasjon om val av riktig vernehanskar kan ein finna i     hefte Hanskeguiden. Instituttet har eit eksemplar av         Hanskeguiden, den er å finna hjå:

Ann Margot Whyatt, rom 3038.

 

         Alle vernehanskane nemnt over kan ein få tak ved å hendvenda        seg til hovudlageret ved instituttet i opningstida. Dersom ein treng     andre typar vernehanskar, som til dømes vern mot varme, kulde –          til arbeid med flytande djupkjølt gas, ta kontakt med vedkommande          som kjøper inn kjemikaliar og utstyr til lageret (sjå kap. 9.5.) eller   med Bedriftshelsetenesta ved UiB.

 

 

         VERNEMASKE

 

         Ein skal så langt råd prøva å unngå og måtte nytta andedretts- vern. Dette kan ein gjera ved å erstatta farlege sambindingar med        mindre farlege, dersom det er mogeleg. Er det naudsynt å nytta farlege stoff så skal ein fjerna forureiningane med ventilasjon til       dømes avtrekksskap. Det kan likevel i enkelte høve vera          nødvendig å nytta vernemaske som til dømes ved uhell utanom       avtrekksskap.

         For generelle krav til slik utstyr sjå under innleiinga kap. 9.3.2 Personleg verneutstyr. I tillegg har ein orienteringa om   ”Åndedrettsvern” (best. nr. 539).

 

         Ved Kjemisk institutt har det synt seg av erfaring at det er        heilmasker som må nyttast ved bruk av andedrettsvern. Dette er grunna i at ein må ha vern for augo i tillegg til at filtera som vert         nytta er for tunge for halvmasker.

         Ved hovudlageret har ein tilgjengeleg heilmasker i 3 storleikar (S,    M og L). I tillegg har ein støvfilter og 2 typar filter for gassar og         dampar. Filtera for gassar og dampar er kombinasjonsfilter og       dekker fylgjande:

                   Filterkode AXP3.

                   AX, dekkjer organiske dampar med kokepunkt på eller lågare           enn 65º C.

                   P3, vernar mot faste og væske partiklar, med opptaks-                      kapasitet 3 (1,0 volumprosent – 10 000 ppm)

                   Filterkode ABEK2P3.

                   A, dekkjer organiske dampar med kokepunkt over 65º C.

                   B, vernar mot uorganiske gassar som t.d. klor (Cl2),                           hydrogensulfid (H2S) og hydrogencyanid (HCN, (blåsyre)).

                   E, hindrar sure gassar som svoveldioksid (SO2).

         Alle dei tre føregåande filtertypane har opptakskapasitet 1 (0,1         volumprosent – 1000 ppm).

                   K2, dekkjar ammoniakk (NH3) opp til 5000 ppm, dvs 0,5                             volumprosent og klasse 2.

 

         Dersom ein har andre krav til filtera ta kontakt med vedkommande   som kjøper inn kjemikaliar og utstyr til lageret (sjå kap. 9.5.) eller   med Bedriftshelsetenesta ved UiB.

 

         Filter har avgrensa lagringstid, så skriv på dato på filtera når ein        først tar dei i bruk. Siste bruksdato for filtera i uopna original       emballasje står angitt på filtera. Husk at filteras levetid under bruk          er noko heilt anna enn angjeve dato for lagring. Les nøye           bruksanvisinga som fylgjer maska og filtera.

 

         HUGS: Ingen filter vernar mot oksygenmangel (under 19,5 % oksygen).

 

         Ein bør òg legga seg på minne at andedrettsvern ikkje bør nyttast    av personar med skjegg, dårleg eller ingen luktesans og ved    enkelte sjukdomar og tilstandar.

 

 

         VERNEBRILLE

 

         Bruk av vernebrille er beskrive i kap. 3 Generelle laboratorierutinar.          Vanlege briller er ikkje eigna som vernebriller, dei dekkjer eit for lite      området rundt augo. Ein skal difor nytta vernebriller utanpå dei    vanlege brillene. Dersom ein skal arbeida med større mengde   konsentrerte syrer og basar bør ein vurdera å nytta ansiktsskjerm.

 

         Hovudlageret ved instituttet har tilgjengeleg to typar vernebriller        berekna for generell laboratoriebruk. Den eine typen er berekna til    å ha utanpå vanlege briller.

 

         Dersom ein treng spesielle briller til vern mot ulike typar stråling,      som UV-, IR-, røntgen- eller laserstråling, samt til sveising ta         kontakt med vedkommande som kjøper inn kjemikaliar og utstyr til   lageret (sjå kap. 9.5.) eller med Bedriftshelsetenesta ved UiB.

 

 

         HØRSELSVERN

 

         Dei fleste arbeidsoppgåvene ved instituttet krev ikkje bruk av hørselsvern, men det kan i enkelte tilfelle likevel vera naudsynt, til   dømes ved verkstaden. Krava til bruk av denne typen personleg        verneutstyr er gjeven i ”Forskrift om støy på arbeidsplassen” (best.         nr. 398). Det er òg utarbeida ein lettfatteleg brosjyre, ”Tenk på         helsa når du arbeidar i støy” (best. nr. 438).

 

         Dersom ein meiner at ein treng hørselsvern ta kontakt med      næraste overordna, leiinga ved instituttet eller med      Bedriftshelsetenesta ved UiB.

 

 

9.4.  BRUK AV KJØL- OG FRYSEROM

 

         Kjøle- og fryseromma ved Kjemisk institutt er gjort tilgjengeleg for   tilsette for å setta sine ”private” kjemikaliar til lagring.

         For å kunna nytta romma må ein retta seg etter dei utarbeida   retningslinene for kjøl- og fryseromma, sjå vedlegg 9.9.

         Før ein kan plassera kjemikaliane på kjøl og frys må ein ta kontakt    med romansvarleg å få tildelt hylle(r).

 

         Romansvarleg kjøl- og fryserom:

                                      Steinar Vatne, rom U024

 

 

9.5.  INNKJØP VED KJEMISK INSTITUTT

 

         Leiinga ved instituttet oppfordrar alle tilsette og studentar om å         nytta innkjøpspersonane ved bestilling av varer. Ein kan då få ein     meir samla og betre oversik over bestillingane.

 

         Når det gjeld innkjøp av eksplosive og peroksiddannande        kjemikaliar, sjå vedlegg 4.1 og 4.3, skal desse kjøpast inn via       innkjøpsperson for kjemikaliar og utstyr, sjå under. Desse       kjemikaliane skal ha spesiell merking og brukarane skal føra          jamleg kontroll på stoffa etter gjevne retningsliner, jamfør kap. 4.13          og 4.14 samt UiB si Regelsamlinga og HMS-handbok kapittel 5.5         (nett adressene: http://link.uib.no/?1qZjc og   http://www.uib.no/hms/handbok/kapittel5/k5_5.html)

 

         Kjemisk institutt sine innkjøpspersonar(innkjøpsansvarlege) med      varekategoriar:

Varekategori

Namn

Rom nr.

Kontorrekvisita

Nina Berg-Johannesen

3003

Data og datarekvisita

It-konsulent

3011

Verkstadsmateriell samt elektronisk utstyr og komponentar

Gass òg djupkjølt kondensert gass, etanol og isopropanol

Steinar Vatne

U024

Kjemikaliar og utstyr

Ann Margot Whyatt

3038