Tilbake til Hovedside

KRIGSFORSPILL

 

OKKUPASJONEN

 

FRIGJØRINGEN

Følg oss på Facebook!

 






 
BLOGG: ILLEGALE AVISER

«Kjemp – for alt hva du har kjært!»

20. mars 2012

Parolar og åtvaringar var viktige faktorar i motstandsarbeidet mot okkupasjonsmakta, og ein av dei illegale avisenes aller viktigaste funksjonar. Ein parole er ein direkte beskjed om korleis ein skal førehalde seg til noko. Som Bulletinen sjølv skreiv i ei utgåve 17. november 1944; Parolen er ein forholdsordre som fastslår kva holdning ein skal ha i ein bestemt kampsituasjon. Og la der ver inga tvil, det var ikkje rom for tolkingar.
Parolen, eller kampbodet om du vil, var det kommandoordet som ordna i rekkene og samla massen under ein armé, ein felles front. Bulletinen nemner mange dømer på kor parolane samla folket, t.d. parolane frå Hjemmefrontens leiing (H.L.), som sa at ein ikkje måtte medverke til nazifisering av skulen. Det var også klare restriksjonar til foreldra om å ikkje sende borna sine til Ungdomstjenesten.

I fylgje Bulletinen måtte parolen kome frå ei fast anerkjent leiing, og samanlikna dette med at ein hær må ha sin einingskommando. Parolane kunne altså ikkje kome frå vilkårlege grupper. Bulletinens parolar kom frå H.L. H.L. sitt arbeids vart drive av ei rekkje aktive grupper samansett av menn og kvinner med ulike arbeidsoppgåver, men med same mål; Gjenreisinga av Noregs fridom og sjølvstende. I tillegg kunne parolane kome frå Hjemmefrontens undergrupper dersom desse var i samråd med H.L. I situasjonar kor det oppsto behov for parolar, blei saka fyrst drøfta med representantar for dei som i størst grad vart innblanda og påverka. I tillegg var H.L. i stadig kontakt med folk over heile landet, noko som i praksis kunne bety at parolen hadde vore rådført med fleire hundre nordmenn før den kom ut.

Bulletinen forsikrar lesarane i utgåva frå 17. november 1944 at det ikkje er ein privatsak om ein ynskte å fylgje parolane eller ei. «H.L. er i dag det norske folks og den norske regjerings representant hvor det gjelder motstanden mot fienden herhjemme» og åtvarte vidare at den som trassa eller motarbeider parolane dermed stiller seg på fiendenes side og difor ville få sitt oppgjer.

Litteratur: Bulletinen og Norsk Krigsleksikon 1940-1945



German prison camp in Norway Bente Senneset Skilbrei
er masterstudent i medievitenskap ved Universitetet i Bergen.

 

 

MEDIA

Foto

Film

Lyd

Dokumenter

Databaser


Anmeldelser

Bøker


FORSKNING OG FORMIDLING

Nettutstillinger

Andre nettsteder

Litteraturlister

Oppgaver og Artikler

Arrangement


ARKIV

Nyhetsarkiv

Medieoppslag