Norske rom
 
:: Om norske rom
:: Forskning
:: Personer
:: For studenter
:: Kalender
:: Kontakt oss
 

 

 

 


Er du masterstudent? Vil du studere lokalsamfunn i Norge og kanskje få jobb som samfunnsutviklar etterpå?

Då er du velkommen inn i samarbeidet mellom Program for lokal utvikling i Hordaland og gruppa Norske Rom v/Institutt for sosialantropologi

Hordaland fylkeskommune v/Strategi- og næringsavdelinga er regional koordinator for, og partnar i, ei rekkje lokale så vel som regionale utviklingstiltak. I samband med satsinga på lokal utviklingskraft i Hordaland, har Strategi- og næringsavdelinga gjort ein intensjonsavtale om samarbeid med Universitetet i Bergen v/Institutt for Sosialantropologi — forskarnettverket Norske Rom (NR). Målet med samarbeidet er nettverksbygging, kompetanseutvikling og erfaringsutveksling ved å leggja til rette for komparative studier og forsking kring lokale og regionale utviklingsprosessar. Strategi- og næringsavdelinga kan tilby tilrettelegging for feltarbeid og kompetent oppfølging undervegs, og såleis bidra til ei god gjennomføring av masterstudiet. For ein masterstudent tyder dette tilgang til nøkkelpersonar, institusjonar og relevante arenaer,  erfaring i samarbeid med ulike arbeidsgrupper, og innsyn i deler av  yrkeslivet som kan vere verdifull for seinare jobbsøking. Det gjev også eit høve til å delta i prosessar som er viktige for mange, og potensielt vere med på å påverke samfunnsutviklinga.

 

Bakgrunn og målsetting for satsinga på lokal utvikling i Hordaland

Hordaland fylkeskommune inngår som partnar i ei rekkje lokalutviklingstiltak som er initierte frå statleg, regionalt og lokalt hald. Blant stønadsordningane kan nemnast staten si Småsamfunnssatsing, LA21 (berekraftig utvikling), regionale lokalsamfunnsmidlar og det nyleg etablerte prosjektet livOGlyst-Program for lokal utvikling i Hordaland. Tiltaka innan lokal utvikling skjer som oftast i nært samarbeid med FMLA (Fylkesmannen si landbruksavdeling) og Innovasjon Norge. Den overordna agendaen for satsinga på lokal utvikling i Hordaland er nedfelt i RUP (regionalt utviklingsprogram), der mellom anna Universitetet i Bergen er samarbeidspart.
Mange av lokalutviklingstiltaka har som målsetjing å snu ei rural utvikling som til dels er prega av fråflytting og nedlegging av arbeidsplassar. Utviklingstiltak i by og bygd skal skapa positivt inkluderande og levande lokalsamfunn for gamle og nye innbyggjarar og tilreisande. Samstundes vert det satsa på fornying, mellom anna gjennom å fremja entreprenørskap og næringsutvikling, og særskilt på område der det finst komparative føremonar for å lukkast med lokal produkt- og merkevareutvikling. Tradisjonelt dreier mange av næringsutviklingstiltaka seg til dømes om geoturisme, helseturisme, ”tilleggsproduksjon” innan landbruket (gardsmat, ”slow food”, økologiske varer), kulturopplevingar og lokalt design. I samband med satsinga er det trong for å få til fornying innan næringslivet samstundes som at ein freistar å påverke lokalsamfunn i positiv retning med tanke på å fremja inkluderande fellesskap, trivsel, lokal identitet og bulyst.

 

 

Intensjonsavtale om samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Strategi- og næringsavdelinga og Universitetet i Bergen, Institutt for sosialantropologi.

I samband med satsinga på lokal utviklingskraft i Hordaland, ønskjer Strategi- og næringsavdelinga å inngå intensjonsavtale om samarbeid med Universitetet i Bergen v/Institutt for Sosialantropologi — forskargruppa Norske Rom (NR). Føremålet er å etablera eit samarbeid der målet er nettverksbygging, kompetanseutvikling og erfaringsutveksling med dette og andre fagmiljø og å leggja til rette for komparative studium og forsking kring lokale og regionale utviklingsprosessar.

Strategi- og næringsavdelinga kan tilby Institutt for sosialantropologi ei god tilrettelegging før eventuelle feltstudium og kompetent oppfølging i samarbeid med veiar undervegs, noko som kan bidra positivt med tanke på gjennomføringa av masterstudier såvel som eventuell annan forsking. Det er ein føresetnad at Hordaland fylkeskommune inngår kontrakt med kvar einskilde forskar/student. Avtalen mellom Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Bergen v/Institutt for Sosialantropologi/Norske Rom er ein intensjonsavatale, og omfattar ingen særskilde plikter, men det finst eit uttrykt ønskje frå båe partar om å leggja til rette for samarbeid.
NR er forankra på Institutt for sosialantropologi, men er ei  tverrfagleg arbeidsgruppe som inkluderer ”nærliggjande” fag slik som geografi, etnografi. Strategi- og næringsavdelinga ønskjer å knytte gode kontaktar med ulike fagmiljø, der mellom anna antropologiske perspektiv på seinmoderne by- og bygdesamfunn vert ønskte velkomne. NR-gruppa med tilsette vert inviterte til eit samarbeid med siktemål komparative perspektiv på lokal utvikling i samband med gjennomføringa av aktuelle prosjekt i mellom anna fylkeskommunal regi.

Utvikling av prosedyrar og særavtalar kring konkrete samarbeidsprosjekt

Gjennom møteaktivitet har partane inngått ein munnleg avtale om å arbeida fram ein intensjonsavtale. I løpet av prøveperioden 2008-2009 legg ein opp til at konkrete prosjekt materialisera seg. Desse kan ha som utgangspunkt lokalsamfunnsprosjekt som Hordaland fylkeskommune tar del i, er partnar i eller er ansvarleg for. Det skal vera opning for ei rekkje tematikkar, så lenge desse fell innanfor råma for sosiokulturelle perspektiv på Noreg/det norske, og med særskilt blikk på prosessar som har å gjera med ”tilknyting og forflytting”. Vona er å få til nye perspektiv på seinmoderne bygdesamfunn og utviklingsprosessar i Hordaland i kryssingsfeltet mellom det lokale, regionale og (inter)nasjonale, og slik dette viser seg lokalt i levd liv og i omstillingsprosessar . Forskinga skal vera fri og skal ikkje konkurrera med institusjonar som driv med oppdragsforsking på kommersiell basis. Samstundes skal satsinga gå føre seg innan råmer som er relevante for alle partar. Relevant må her forståast i vid tyding, og det skal vera diskusjonar kring dette i kvart einskilde tilfelle.

Forutan den generelle intensjonsavtalen som det her vert lagt opp til, vil Hordaland fylkeskommune inngå avtale med vertsinstitusjonane og dei aktuelle forskarane/masterstudentane. (Sjå vedlagt kontrakt).
Hordaland fylkeskommune ønskjer dessutan at retningslinjene for samarbeid i kvar einskild sak må handsamast og klarerast med Hordaland fylkeskommune og andre impliserte partarpartar. Eit eksempel er at dersom det vert aktuelt å kopla forsking til prosjektet livOGlyst, må dette vera basert i Styringsgruppevedtak, og må vera arbeidd fram i samråd med lokale og regionale utviklingsaktørar.

Prøveperioden (2008-2009) skal nyttast til å etablera prosedyrer for gjennomføring av samarbeidet, gjere nyttige erfaringar når det gjeld korleis å få samarbeidet til å fungera godt, både institusjonelt og praktisk. I prøveperioden vil særskilt 1. aman. Mary Bente Bringslid (UiB) og prosjektleiar Marit Brendbekken HFK samarbeide om eit opplegg for gjennomføringa av prøveprosjektet, der ein sikrar ulike perspektiv på, og føresetnadar for, eit vellukka opplegg. Etter ei evaluering etter prøveprosjektperioden, vil ei vidareføring av samarbeidet bli vurdert.
Førebels er det utarbeida eit utkast til moment til særavtale med punkt til juridisk og anna avklaring og spesifisering mellom Hordaland fylkeskommune og kvar einskilde forskar/student og Hordaland fylkeskommune sin samarbeidspart. I kvart einskild høve vert det utforma avtale mellom lokale utviklingsaktørar, aktuelle regionale samarbeidspartar og den aktuelle studenten/forskaren om premiss for korleis forskinga/studiet skal gå føre seg. Det er ønskjeleg om samarbeidspartane lokalt og regionalt får høve til å spela inn kva som er av særskilt interesse for dei sjølve å få veta meir om i samband med dei lokale utviklingstiltaka.

 

 

Universitetet i Bergen,                                                                                           Hordaland fylkeskommune
Institutt for sosialantropologi                                                                                Strategi- og næringsavdelinga

 

 

Her kan ein til dømes tenkja seg relevansen av studier slik som: 1.  Migrasjonsprosessar, 2. Møte mellom migrantar og etniske nordmenn lokalt, 3. Geoturisme, helseturisme og anna turisme, og kva dette har å seie for forståinga og opplevinga av det lokale hjå dei som er innbyggjarar, 4. Konsum og autentisme i opplevingsindustrien, 5. Ulike studiar av mat som gåve og vare, og kva (gards)mat og annan mat har for meining blant ulike grupper av konsumentar, 6. Lokal identitet og tilknyting til stad under pågåande omstillingsprosessar, 7. Merkevarebygging — eksotifisering og fetisjering av det lokale? 8. Det urbane ”blikket” på det lokale og relasjonen by og land i samband med sentraliserings- og globaliseringsprosessar, 9. Problematikk kring mobilisering av sivilt samfunn i grisgrendte strøk, 10. Studier av ”det gode liv” og kva som fører til val av livsstil og bustad i seinmoderne samfunn, og 11. Komparative perspektiv på menneskje som fell utanfor arbeidslivet og deira oppleving av seg sjølv og lokalsamfunnet i rurale og urbane strøk.   

 

 

 

 

Ny bok:
Bygdeutviklingas Paradoks.
Bringslid 2012 (red.)

"Norsk fortid: Kontinuiteter og konstruksjoner", 7-8 nov. 2011
Les mer

Nettverskonferanse 2-3 nov. 2009
Les mer

Kontrakt mellom Hordaland Fylkeskommune, vertsinstitusjon og student.

 




org.uib.no/norskerom Updated 23 August, 2012