Nr 2 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Utviklar nye måleinstrument

Tre nye måleinstrument, som mellom anna skal brukast i Nordsjøen, er under utvikling av Hammer A/S. Det første er no klart for sal.

Tekst: Hilde K. Bang  Foto: Magnus Vabø

Nyskapningen Hammer A/S, som held til på Fysisk institutt, vidareutviklar forskingsresultat til industri i form av ulike måleinstrument og måleteknologi.

– Vi forhandlar med ein utanlandsk interessent om å selja rettane til eit måleinstrument som viser nøyaktig nivå av olje, vatn og gass i separatorar, slik at ein betre kan skilja dei ulike komponentane. Vi har også store forventningar til ein optisk polarisasjonsmålar, eit instrument som kan måla små mengder av olje i vatn og kan nyttast til å måla utslepp frå oljeplattformer. Vi vonar at instrumentet også skal kunna nyttast i matindustri, til dømes for å måla reinheit i matolje, fortel forskar Eirik Åbro som er tilsett i Hammer A/S. Åbro har doktorgrad frå Fysisk institutt i industriell instrumentering.

Symbiose

Utan universitetet kunne ikkje Hammer A/S eksistert.

– Teknologien vi utviklar er basert på forskingsresultat. Idéane blir utvikla i Hammer A/S saman med næringslivet eller med forskarar ved Fysisk institutt. Utan tilknytinga til instituttet og miljøet rundt ville det ikkje ha vore mogleg, seier Åbro.

I Noreg har ein lita røynsle med næringsverksemd på universiteta. Dette ville fysikkprofessor Erling Hammer gjera noko med. Saman med ForInnova AS starta han for vel eitt år sidan eit aksjeselskap, leigde lokale på Fysisk Institutt, gjorde avtale om deling av lab, og om at Hammer A/S skulle bidra med rettleiing av doktor- og hovudfagsstudentar. Hammer arbeider ikkje sjølv i firmaet, men er tilsett på Fysisk institutt. Den vesle verksemda lever no i tett symbiose med instituttet og har 2,5 årsverk. I tillegg har fleire doktorgrads- og hovudfagsstudentar oppgåver knytta til prosjekt i firmaet.

Snyltar ikkje

– For Fysisk institutt gjev nærleiken til eit firma nærare kontakt med problema som rører seg i næringslivet. For Hammer A/S er dette ein føremon fordi ein får nær kontakt med den faglege utviklinga. Kan hende finst det somme som meiner vi snyltar på Fysisk institutt og kompetansen deira, det vil eg tilbakevisa på det sterkaste. Aktiviteten vår vil gje meir eksterne midlar til instituttet, vi driv med rettleiing og vi finansierer delvis to doktorgradsstudentar, ein frå Kina og ein frå Romania, som elles ikkje hadde hatt høve til å ta utdanninga si her, seier Erling Hammer.

 

 

Les mer om forskning relatert
til oljeindustrien:

Skattekister på havets bunn

Tette bånd til industrien

Tidsfrist på 20 år

Bakteriar ryddar etter menneska

Skal sikre fremtiden

Åbro
Prosjektleiar Eirik Åbro viser den optiske polarisasjonsmålaren, som kan måla små oljemengder i vatn.

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen