Nr 3 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Kjernefysikk – brennaktuelt
eller heilt ute?

Unge russiske forskartalent har verken løn eller status i utsikt og vegrar seg for å satsa på ein akademisk karriere. Ved store fysikklaboratorium manglar det meste, jamvel straum.
– Dersom viktig kjernefysisk kompetanse går tapt i atommakta Russland, er tryggleiken i fare også i Noreg, åtvarar professor Jan S. Vaagen i kjernefysikkgruppa ved Fysisk institutt.

Tekst: Kristin Hjertaker

Saman med fleire av kollegaene sine er han sterkt engasjert i aust-vest-samarbeid. Nyleg var han til stades på eit møte i Bulgaria i regi av kjernefysikkdivisjonen i Det europeiske fysikkselskapet (EPS).

– Noko av det viktigaste no er å få til meir likeverdig samarbeid med fleire besøk frå vest til aust. Berre gjennom at me frå Vesten er til stades der, vil dei unge i aust tru på vårt snakk om prioriteringar. Å oppretthalda eit høgt kjernefysisk kunnskapsnivå i aust handlar ikkje minst om tryggleik, også vår tryggleik, understrekar Vaagen.

Modell

– Atomalderen ligg ikkje bak oss – me er såvidt inne i den. Me verken kan eller vil setja korken i flaska, men må sjå dei utfordringane og moglegheitene den kjernefysiske kunnskapen gjev oss, ikkje minst når det gjeld vår energiframtid.

Kjernefysikkgruppa i Bergen har mange studentar både nasjonale og internasjonale, og koordinerer ei rekkje nordiske og europeiske forskingsprogram. Mellom anna det russisk-nordisk-britiske teorisamarbeidet for studier av grensene for kjernestoffet sin eksistens (RNBT). Dette teorisamarbeidet er det største i Europa på feltet og harsentrale russiske kompetansesentra som Dubna som samarbeidspartnarar.

For kontroversielt

Kjernefysikkgruppa sitt arbeidsområde er å studera grunnleggjande materie under ekstreme tilhøve, for mellom anna å forstå det tidlege universet, korleis stjernene er blitt til og korleis dei brenn. Dette fagfeltet står sentralt i dagens kjernefysikk med milliardinvesteringar både i Europa, USA og Japan.

– Sjølv om også Universitetet i Oslo er integrert i samarbeidet, og sjølv om me internasjonalt blir lagt merke til, har me ingen sentral posisjon i den nasjonale merksemda, konstaterer Vaagen.

Er kjernefysikk heilt ute?

– Namnet kjernefysikk er nok for kontroversielt i Noreg. Somme vil også hevda at vår tid er over, seier Vaagen, som sjølvsagt er sterkt usamd i eit slikt syn.

Trass i små ressursar og usentral geografisk plassering kan Noreg hevda seg internasjonalt – særleg i samspel med andre liknande fagmiljø som også kan levera kunnskap til tungvektarane på kontinentet.

Hansaånd

– EU sitt nye rammeprogram ønskjer å fremja Europa som eitt vitskapsområde. Dette er for lengst ein realitet i fysikken, ikkje minst i kjernefysikken. Felleslaboratoriet CERN i Geneve er eit prominent døme på europeisk samspel, seier Vaagen.

Dette er også døme på framveksten av Big Science og endra arbeidsdeling – med kontinentale storlaboratorier og ein geografisk omgivnad av medspelarar og brukarar. Europakartet over verksemda i kjernefysikk har mange likskapstrekk med Hansaens sentralaktørar i ein periferi av «faktoriar» og «kontor», som Bergen var.

– Våre bidrag er som før arbeidskraft og læresveinar, medan leveransane våre i dag heller er kunnskapskapital enn tørrfisk, seier Vaagen.

Like over påske vart North-West Europe Nuclear Physics Conference arrangert i Bergen med 125 deltakarar. Konferansen er komen i stand gjennom eit samarbeid mellom dei fysiske selskapa i Belgia, Nederland, Storbritannia og Norden. På konferansen i Bergen var også deltakarar frå Baltikum og Nordvest-Russland med.

– Altså ein moderne variant av periferien i det gamle hansaveldet. Formålet er nettopp å finna styrken til omgivnaden i samspelet med dei store kontinentale landa, og å vera ein arena for å bringa fram framtidige vitskaplege leiarar i Europa, seier Vaagen.

Med næringslivet på heimebane

Det internasjonale kontaktnettet er ein kapital som også har knytta kjernefysikkgruppa til Hordaland fylkeskommune sitt arbeid med internasjonalisering. Medlemer frå gruppa har i fleire år fungert som rådgjevarar for fylkeskommunen på dette området.

– Me ser ingen konfliktar i å spela både på utebane og heimebane, seier Vaagen. Han ser heller ingen konflikt mellom å vera grunnforskarar i den humboldtske tradisjonen og også interessera seg for teknologi og bruk av teoriane.

Når til dømes den nye superdatamaskina venteleg kjem på plass ved UiB neste år, reknar Vaagen med at ein del av kapasiteten kan nyttast av næringslivet i regionen. Han ser dette som svært viktig for framtida.

– Den lokale støtta er vesentleg for at Hansabyen også i dag skal vera verdig representert på den internasjonale arenaen på det feltet som UiB sin første rektor, Bjørn Trumpy, gjorde til sitt eige, sluttar Vaagen.

 

 

Ordforklaringar:

Kvark: Byggjestein for kjernepartiklar (nukleonar).

Gluon: «Limstoff» mellom byggjesteinane.

Halokjerne: Eksotisk atomkjerne med eit kompakt sentralobjekt omgjeve av ein halo (slør) av nukleonar med ekstremt låg tettleik og enorm utstrekning.

Forstår frustrasjonen

Forskingsrådet støttar norsk partikkel- og kjernefysikk, vesentleg gjennom prosjekt til-
knytta Noreg sitt med-
lemsskap i det inter-
nasjonale laboratoriet CERN i Sveits.
   
– Forutan medlems-kontingenten på 80 millionar kroner, som vert betalt av KUF, gjev me i gjennomsnitt over 10 millionar kroner årleg til denne forskinga, opplyser spesial-
rådgjevar Synnøve Irgens-Jensen i Forskingsrådet.
   
I regi av Forsknings-
rådet vart all norsk fysikk evaluert i 1999/2000. Resultata frå denne evalueringa vert no diskuterte av ein nasjonal komité.
   
– Komitéen skal trekkja konklusjonar om kva for konsekvensar tilrådingane i evalueringa bør ha for løyvingsnivå og tildeling av ressursar innan dei ulike fysikkdisiplinane i framtida. Løyvingane til norsk forsking er låge og betydeleg lågare enn i andre land, f. eks. i Norden. Det er såleis forståeleg at fagmiljøa ikkje er nøgde med dei midlane dei får til forskinga si, seier Irgens-Jensen.

I fjor sende CERN, det europeiske senteret for kjerneforsking, ut pressemeldinga: «Ny materietilstand skapt ved CERN». CERNs generaldirektør Maiani omtalte oppdaginga på følgjande måte:
   
«Samanstillinga av data frå dei sju eksperimenta i CERNs tungione program har gjeve eit klart bilde av ein ny materietilstand. Resultatet stadfestar spådomar til den rådande teorien for dei fundamentale kreftene mellom kvarkar. Det er også eit viktig steg framover i forståinga av universet si tidlege utviklingshistorie.
    Me har no prov for ein ny materietilstand der kvarkar og gluonar ikkje er sperra inne. Det ligg føre eit fullstendig nytt område som må utforskast inngåande for dei fysiske eigenskapane til kvark-gluon materien. Utfordringa går til den relativistiske tungione kollideren RHIC i USA, og seinare tilbake til CERNs store hadron-kollider LHC når den står ferdig om nokre år.»
   
Kjernefysikkgruppa i Bergen er med både på RHIC og CERN.


Jan S. Vaagen
Jan S. Vaagen er professor ved Fysisk institutt, UiB, og æresprofessor ved uni-
versitetet i St. Petersburg.

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen