Nr 3 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Reddar liv med sinktilskot

Tilskot av sink kan behandle og førebyggje diaré. Det meiner UiB-forskarar som har gjort omfattande undersøkingar i Nepal og India. Forskingsprosjekta viser s gode resultat at WHO ønskjer innføre sink i rutinebehandlinga av diaré.

Tekst: Hilde Bøyum   Foto: Tor Strand
barn

Stipendiat Tor Strand ved Senter for internasjonal helse har nyleg vore to og eit halvt år i Nepal for å undersøkje om sinktilskot har nokon verknad på diaré. Dette prosjektet, og andre internasjonale studier om sink, har vist så gode resultat at sinktilskot kan bli ein vanleg måte å behandle diaré på over heile verda.

Alvorleg helseproblem

Sjølv om Strand enno ikkje er ferdig med doktoravhandlinga si, har forskinga fått stor internasjonal merksemd. Nyleg vart han innkalt av WHO til eit forskartreff i India der internasjonale sinkforskarar gjekk saman om å rå WHO til å bruke tilskot av sink i si rutinebehandling av diaré hjå barn i utviklingsland.

– Det som står igjen no, er detaljar om dosering – samt kva for land og aldersgrupper som skal inkluderast. Ei av oppgåvene for WHO er å tilrå verdas land korleis sjukdommar skal behandlast. Dei ønskjer no å få behandling med sink inn i sine tilråingar, seier Strand.

Sett bort frå spesielle typar diaré som dysenteri og kolera, finst det ingen medisin som forkortar sjukdomsperioden.

– For å unngå akutt uttørking har WHO i ei årrekkje tilrådd å gi såkalla oral rehydreringsvæske ved diaré. Dette hindrar at den sjuke tørkar ut. Det viser seg at 50 prosent av alle barn som døyr av diaré, døyr av langvarig svekking, underernæring og av andre infeksjonar dei dreg på seg fordi episoda blir langvarig, seier Strand.

Kvart år døyr det mellom to og fire millionar barn av diaré. Meir enn 95 prosent av desse bur i u-land. Eit av dei hardt ramma landa er Nepal. Forskingskoordinator Halvor Sommerfelt starta å forske på diaré i samarbeid med forskarar i India. Sidan kom også Nepal med i undersøkingane. Sommerfelt og Strand trur at barn i India og Nepal får i seg for lite sink, og har i samarbeid med indiske og nepalske forskarar funne at dette er ei viktig årsak til at sjukdommen kan bli langvarig.

– Barna kjem fort inn i ein vond sirkel. Dei fleste får i utgangspunktet i seg for lite sink, og misser i tillegg viktige næringsstoff som nettopp sink i avføringa når dei får diaré. På den måten vert dei berre sjukare og sjukare, seier Strand.

Styrkar immunforsvaret

– Ulikt til dømes meslingar og tuberkulose, som kjem frå éin bakterie eller eit virus, er diaré ein sjukdom som vert forårsaka av mange ulike mikroorganismar. Difor er det vanskeleg å finne ein vaksine mot diaré. Tilskot av sink går rett på personen si evne til å takle sjukdomen, seier Strand.

Sink finst naturleg i kjøtt, mjølkeprodukt og korn. Dette er matvarer som mange i utviklingsland et lite av.

– Sink er nødvendig for celledelinga, som er ein kontinuerleg prosess i mennesket. Celledelinga er mellom anna nødvendig for at immunsystemet skal fungera normalt, for at vi skal vekse og for at huden og slimhinnene skal kunne fungera som barriere mot infeksjonar. Ekstremt lite sink kan i seg sjølv gje diaré. Det kan óg gje forandringar i huda og minka vekst, seier Strand.

Klinikk
Frå klinikken i Bhaktapur ga Tor Strand pasientane i undersøkinga anten sink eller juksemedisin på kvite plastflasker.

– Viss immun-
systemet ikkje fungerer bra nok, greier ikkje kroppen å mobilisere dei kvite blodlekamane som lækjer sår. Det er lett å få bakteriar inn gjennom åpne sår og slimhinner. Når bakteriane kjem inn i ein person med sinkmangel, er ikkje immunsystemet sterkt nok til å ta knekken på dei.

Men behandling med sink verkar kanskje ikkje berre på folk som har lågt sinknivå.

– Sink kan styrkje immunsystemet. Forsøk frå USA viser at det også hjelper på folk som er forkjølte, seier Strand.

Grundig undersøking

1800 barn var med i undersøkinga i Nepal.

– For å få haldbare resultat, delte vi barna inn i fire grupper. Ei gruppe fekk placebo (juksemedisin), ei anna gruppe fekk sink og ei tredje gruppe fekk sink pluss vitamin A. Den fjerde gruppa fekk òg sink, men her ga mødrene sjølv barna sine sink. Dette var for å undersøkje om sink verka like bra når mødrene sjølve ga medisinen, som når trente feltarbeidarar ga han, seier Strand.

Dei kvite plastflaskane med sink/juksemedisin var stempla med eit nummer, og ingen i gruppa visste kva som var ekte sink. Det vart halde hemmeleg i ein datasentral i København.

For å gjere undersøkinga best mogleg, var det eit stort apparat i sving. Undersøkinga vart styrt frå universitetet i Katmandu.

– Vi hadde bortimot 40 ansatte i Nepal. Dette var mellom anna legar, andre helsearbeidarar og dataoperatørar. Ei gruppe gjekk heim til ungane kvar dag og putta medisinen i munnen på dei. Ei anna gruppe gjekk til heimane kvar femte dag for å undersøkje barna og spørre om sjukdom og diaré for kvar av dei fem siste dagane. I tillegg til desse gruppene hadde vi eit kontrollteam som på tilfeldig utvalde dagar sjekka at dei andre hadde gjort jobben sin riktig. Vi intervjua mødrene om forløpet av sjukdomen og på sjukehusa vart det teke blodprøver og gjort laboratorieanalysar, seier Strand.

– Kvar unge fekk ein kur som varte ei veke etter at diaréepisoda var over og vart følgd opp ein månad seinare. Vi undersøkte ungar i alderen seks månader til 35 månader. Resultata av undersøkinga peiker klårt i same retning: Sink gjer at ein vert fortare frisk frå diaré. Dette er bra – for om sjukdommen varer lenge, aukar det faren for å døy. Dei einaste biverknadene med å gje sink er at dei små ungane kan gulpe det opp. Men om vi deler opp dosane i mindre bitar, kan vi styre unna dette, seier Strand.

For billeg?

Han strekar under at sink er billeg og lett å bruke.

– Det er sjølvsagt bra at medisinen er billeg, men det kan paradoksalt nok hindre at han spreier seg. Legar i Nepal er like påverka av legemiddelindustrien som norske legar. Det er lite pengar å tene på sink, og ein har gjerne større tru på dyr medisin, hevdar Strand.

– I fjor gjorde ein medisinstudent i Bergen, Berit Sofie Hembre, ei undersøking om kva legar i Nepal gir til barn med diaré. Det viste seg at det var for mykje antibiotika i bruk, som sjeldan verkar mot diaré, og som kan auke motstanden mot antibiotika. Sink er difor eit kjærkome alternativ til legar. Vi har god dokumentasjon på at den verkar, sluttar Strand.

 

 

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen