Nr 4 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Har skule i fjøra

I staden for å lese om livet i vatnet i skulebøkene, skal elevane ut og oppleve det sjølv. Dette er tanken bak eit internettbasert undervisningsprogram om vatn.

Tekst: Hilde Bøyum   Foto: Johs. Halland

Når elevane ved Sæbø skule i Møre og Romsdal skal lære om livet i sjøen, set dei seg ikkje ned ved pultane og høyrer på læraren. Då hentar dei først fram informasjon og oppgåver frå Vassprogrammet i Nettverk for miljølære på internett. Deretter tek dei gjerne turen ned til fjøra rett utanfor skulen og leitar fram algar og smådyr dei aldri har sett før. Etterpå må dei inn att til datamaskinene og registrere i www.miljolare.no vassprogrammet kva dei fann. Læraren er med dei som rettleiar.

– Elevane har kartlagt planter, smådyr og søppel i fjøra og i bekken som renn rett utanfor skulen vår, fortel Johs Halland.

Elevar
Elevar frå Sæbø skule i Møre og Romsdal.

Men dei brukar ikkje Vassprogrammet berre i naturfag-
undervisninga. I mattetimen har 9. klasse målt straumen i bekken, og i historie har dei teke utgangspunkt i gamle minnesmerke som ligg ved bekken.

– Ein viktig effekt av Vassprogrammet er at elevane er blitt mykje betre kjende med nærmiljøet sitt. Dei er også blitt flinkare til å bruke internett. Dei skriv sjølv registreringane sine rett inn på internettet og har lært å bruke digitalt kamera, seier Halland.

– Til no har vi brukt Vassprogrammet i 8. og 9. klasse og er svært nøgde med resultata. Eg trur elevane lærer meir gjennom desse aktivitetane enn i den tradisjonelle undervisinga. Dei er engasjerte og glade for å kome seg ut, seier han.

Lærer av elevane

Idéen bak Vassprogrammet er at elevane skal gjere oppdagingar i sitt eige nærmiljø. Dei kan velje mellom 66 ulike aktivitetar som er delt inn i fire tematiske bolkar. Dette er mangfaldet i naturen, arealbruk og planlegging, ressursar og forbruk og kulturminne og kulturlandskap.

Til no har om lag 800 skular teke Vassprogrammet i bruk. Historia bak det omfattande undervisningsopplegget byrja ved Zoologisk institutt på slutten av 80-talet.

– Som eit ledd i Brundtlandkommisjonen og satsinga på miljøfag i skulen fekk skuleelevar i oppdrag å måle vasskvaliteten i den næraste innsjøen sin. Ved Zoologisk institutt vart det utvikla ein database og eit undervisningsprogram om vatn. Saman med andre program vart dette seinare slått saman og vidareutvikla til det vassprogrammet vi har i dag, og det vart grunnlaget for Nettverk for miljølære, seier ferskvassøkolog Olaug Vetti Kvam.

Ho leiar UiB sin del av nettverket og har ansvar for databasen. Basen i Bergen får om lag to millionar kroner årleg til drifta frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet.

– Tanken er at nettverket skal vere ein møteplass mellom skule, forsking og forvaltning. Når elevane har utført ei oppgåve, legg dei resultata inn i databasen. På denne måten kan samfunnet få nytte av den kunnskapen elevane utviklar. Både andre elevar, forskarar og folk i forvaltninga har hatt god nytte av det elevane undersøker, seier Vetti Kvam.

Forskarar og forvaltarar har på si side bidratt med bakgrunnstoff og laga standard for metodar. Dei kvalitetssikrar metodane for at dataa skal vere fornuftige. På den måten har vassprogrammet blitt ein felles arena for sektorar som sjeldan møtest.

– Det viktigaste er likevel kva som skjer oppi hovudet til eleven. I den tradisjonelle måten å lære på dryp læreren litt av kunnskapen sin ned på eleven. Her er det elevane sjølve som skaffar seg kunnskap og bidreg til informasjon som fleire har nytte av, seier Vetti Kvam.

Kafeteria på internett

Nettverket er for alle skuleslag, heilt frå barneskulen og opp til høgskular og universitet. Aktivitetane er bygd opp slik at dei vert vanskelegare jo djupare ned i fagområdet ein går.

– Metodane er like på alle nivå, men innpakninga er ulik for dei ulike nivåa. Kor djupt inn i stoffet ein går, er avhengig av alder, fortel Vetti Kvam. Vassprogrammet kan brukast i mange skulefag, og er bygd opp etter kafeteriaprinsippet; ein kan plukke ut det ein vil, som til dømes: Korleis er arealbruken og planlegginga av vatnet der du bur? I ei slik oppgåve kan elevane lære seg å følgje saksgangen i kommunen i ei bestemt sak. Elevane får då lære om kven som bestemmer, og korleis saker vert avgjort – i tillegg til det dei lærer om den lokale vassressursen.Ei anna oppgåve kan vere å finne ut kor kloakken blir av, eller kvifor fisken har døydd ut i eit vatn som ser heilt reint ut. Det finst i alle fall mange moglegheiter til å auka kunnskapen om forvaltninga av lokale ressursar hos neste generasjon lokalpolitikarar.

 

 

Tema vann:

Vann gir liv i døden

Utbygging av våtmarkene gjev giftig vatn

Ettertraktet laksedoktor

Forskar på effekten av CO² i havet

 

Elevar ved Sæbø skule i Møre og Romsdal leitar fram smådyr i fjæra og i bekken i nærmiljøet sitt.

Tilbake i klasserommet vert prøvene registrerte.

 

www.miljolare.no

 

 

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen