Nr 6 - 2001

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Røskar i den medisinske praksisen

Nytt lys på rutinane kring gynekologiske undersøkingar gjør at forskarar spør om vi verkeleg treng gynekologstolen. Kanskje vil den få same lagnaden som fødesengene.

Tekst: Hilde Bøyum   Foto: Odd Mehus

Makttilhøvet mellom lege og pasient er spesielt tydeleg i gynekologiske undersøkingar. Gynekologstolen understrekar dette makttilhøvet, ifølgje professor Kirsti Malterud.

For berre få år sidan var det vanleg praksis ved norske sjukehus at kvinnene låg på ryggen i ei fødeseng under fødselen. Men i løpet av dei siste åra har fleire peika på at dette slett ikkje er den beste stillinga korkje for mor eller barn.

– Denne praksisen vart nok halden i hevd av omsyn til legane, og ikkje av omsyn til dei fødande kvinnene. Det var legen sitt behov for kontroll over situasjonen som skapte denne praksisen. I dag blir kvinnene oppmoda til å føde slik dei kjenner for sjølve, seier sosiolog Lise Widding Isaksen.

Ho leiar eit tverrfagleg forskingsprosjekt om kjønn og makt i velferdstaten, og den medisinske praksisen er eit av områda forskarane har teke føre seg.

– Mykje tydar på at gynekologstolen heller ikkje er så nødvendig som vi trur, seier Isaksen, og viser til professor i medisin Kirsti Malterud som har studert rutinane kring gynekologiske undersøkingar.

Tek stolen for gitt

– Ei gynekologisk undersøking er ein kjønnsspesifikk prosedyre. Det er ikkje det same som å ta blodprøve. Det må legane ta omsyn til, seier Kirsti Malterud.

Avmektig, naken og forsvarslaus er typiske karakteristikkar kvinner gir av det å ligge i ein gynekologstol. Det har mellom anna kome fram i ei undersøking Malterud har gjort saman med Merete Larsen og Cathrine Oldeide. Og då er det sjølve liggestillinga i stolen kvinnene viser til.

– Du er så sårbar i den posisjonen. Det er sjølve posisjonen som er skremmande. Du kjenner deg så liten og naken, seier ein av informantane i undersøkinga. Malterud peikar på at maktforholdet mellom lege og pasient er spesielt tydeleg i gynekologiske undersøkingar, og trur sjølve gynekologstolen strekar under dette maktforholdet.

– Etter at eg oppdaga at britiske legar sjeldan brukar gynekologstol i underlivsundersøkingar, vart eg interessert i å finne ut kvifor vi alltid brukar den her hos oss, fortel Malterud.

– Når eg spurte folk i helsesektoren, fekk eg ofte til svar at det var av omsyn til legen, altså at gynekologstolen er ein reiskap for funksjonell arbeidsstilling. Det kan sikkert vere riktig, men ut frå eigne erfaringar er eg ikkje så sikker på om den er så viktig som mange legar trur. Gynekologstolen er ein del av den medisinske praksisen som me tek for gitt, seier Malterud.

For eldre kvinner, og kvinner med handikap, kan det å kome opp i stolen vere eit problem i seg sjølv. I undersøkinga kom det ikkje fram noko eintydig svar på kor viktig det var om legen var mann eller kvinne, kor mykje informasjon dei fekk osb. Men ein ting var kvinnene samde om: Dei grudde seg for gynekologstolen.

– Når kvinnelege pasientar så eintydig reagerer negativt på gynekologstolen, er det ein viktig grunn til å spørre om vi verkeleg treng han til vanlege undersøkingar. Eg trur ikkje det er så mange legar som stiller slike spørmål, seier Malterud. Ho meiner praktiske detaljar kan ha stor innverknad på samspelet mellom lege og pasient, og har gått nøye gjennom sine eigne rutinar når ho dagleg gjer gynekologiske undersøkingar som allmennpraktikar.

Fjernar spor etter svangerskap

Framveksten av kosmetisk kirurgi er eit anna felt innan medisinen som forskarane i prosjektet har vore opptekne av. Lise Widding Isaksen har saman med Anne Karen Bjelland gjort ei undersøking blant dei som nyttar seg av kosmetisk kirurgi.

– Kosmetisk kirurgi har kome ganske langt i Noreg. Dei fleste som oppsøkjer klinikkane er kvinner. Fleirtalet av dei er unge og velutdanna, og dei gjer det for å fjerne spor etter svangerskap, seier Isaksen.

Liknande undersøkingar i andre europeiske land viser det same.

– Dette er et eit sterkt signal om at morsrolla er blitt meir problematisk, og særleg morskroppen. Alt fokuset på kropp har påvirka oss til å jage etter ungjentekroppen. Morskroppen har blitt eit lavstatusteikn, på same måten som omsorgsarbeidet er det. Idealet er å ha ein kropp som struttar av styrke og vitalitet. Kanskje har kvinner blitt integrerte i arbeidslivet på premissane til mennene, seier Isaksen.

Kvinnene i undersøkinga hadde ei hushaldsinntekt som ligg godt over gjennomsnittet.

– Det ligg mykje pengar i denne bransjen, og samspelet mellom kommersielle krefter og medisinsk ekspertise vert stadig meir komplisert. Det kan og skape større sosial ulikskap, seier Isaksen. Kirurgien er eit område innan medisinen som vert oppfatta som maskulint.

– Medan det no er fleire kvinner enn menn som studerer medisin, er kirurgien framleis eit område som er svært dominert av menn, seier Isaksen.

– Brosjyrar for private klinikkar som tilbyr kosmetisk kirurgi spelar på førestillinga om kirurgen som kunstnar. På fleire brosjyrar er det kunstbilete av nakne kvinnekropper på forsida, seier Isaksen.

Ho minner om at dei fleste norske kvinnene ser ut til å trivast med den kroppen dei har, og at det er eit lite mindretal som brukar kosmetisk kirurgi.

– Det er likevel eit veldig sterkt signal når nokre kvinner ikkje kan leve med spor etter svangerskap. Dette er eit paradoks når vi samstundes veit at vi ligg på topp i Europa når det gjeld barnefødslar per kvinne, seier Isaksen.

Må vere flinke hos legen

Eit anna emne forskarane har teke opp er forholdet mellom legar og kvinnelege pasienter med ubestemte helseplager.

– Kvinnelege pasientar vert ofte møtt på ein annan måte enn mannlege når dei oppsøkjer lege. Vi er særleg opptekne av såkalla ubestemte helseplager, helsetilstandar hos kvinnelege pasientar som legen ikkje stiller diagnose på eller finn behandling for. Det er framleis vanleg å avfeie desse helseplagene som noko psykisk eller nervøst. Desse kvinnene opplever å ikkje bli tekne på alvor. Men hvis vi skal få ei betre helseteneste, må vi la pasientane kome til orde og la dei snakke om sine erfaringar, seier Isaksen.

Det er nettopp kva doktorgradsstudent i sosiologi Anne Werner har gjort i intervjua av kvinner med kroniske muskelsmerter. Ho har undersøkt kva strategiar dei bruker for å bli tekne på alvor av legen.

– Kvinnene eg intervjua hadde svært negative erfaringar med helsesektoren. Dei kjende seg både avvist, oversett og latterleggjort, seier Werner.

– Dei kjempar for å gjere smertene synlege og jobbar for å stå fram som truverdige, men ønskjer samstundes ikkje å framstå som svake. Dei må ofte kjempe hardt for å få grundige undersøkingar. Desse kvinnene har sjukdomar som har lav status både blant legar og pasientar, og det er lett å gje kvinnelege pasientar skuldkjensle for at dei er sjuke, seier Werner.

Ho er ei av bidragsytarane i boka Kvinners ubestemte helseplager som nettopp har kome ut. Boka utfordrar den etablerte medisinske kunnskapen ved å sette spørsmålsteikn med kor ubestemte desse helseplagene eigentleg er. Kirsti Malterud er redaktør for boka. Når forskingsprosjektet om kjønn og makt i velferdsstaten vert avslutta til neste år, skal heile arbeidet oppsummerast i ei bok.

 

 

FAKTA

Forskingsprosjektet Velferdsstatens kjønnsdimensjoner er ein del av Makt- og demokratiutgreiinga. Prosjektet tek føre seg makt- og kjønnsaspekt i den offentlege omsorga, sosialpolitikken, helsetenestene og abortpolitikken. Det vil og sjå på globalisering av omsorgstenester. Prosjektleiar er førstemanuensis Lise Widding Isaksen ved Sosiologisk institutt.

Epost: lise.isaksen@sos.uib.no

Les mer om maktforsking her:

Makten i møterommet

Det kryr av kvalifiserte kvinner

Maktforskningens Pippi Langstrømpe

Kartlegger destruktive ledere

En kamp om makt og sannhet

Når det offentlige bruker makt

Tvangsinnleggelse hjelper

 

 

 

Fra arkivet:

Fødsel i forandring

Pasienter gir kunnskap

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen