Nr 2 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Kva er det med mor og far?

Mange afrikanske born som mistar foreldra i aids veit ikkje kva som feiler foreldra før dei er døde. Sterke tabu rundt sjukdomen gjer at borna må takla sorga aleine.

Tekst: HIlde Kvalvåg

Hiv-positive Meserete Getachew (20) frå Etiopia med sonen Tirumaid Yibejal (3). Foto: Kay Berg.

There is no way you can tell a child that you are infected. (...) You can´t talk sex-affairs with the children. It is obvious here in our culture (in Uganda) those affairs I would call it even internal, those are internal affairs which should not be known even to neighbours. It is very confidential, you must be confident that you reveal that secret to very few people (hiv-smitta far og enke-mann med 8 barn i Uganda).

Heile 42 millionar born kan vere foreldrelause på grunn av aidsepidemien i år 2010. Dei aller fleste bur i Afrika sør for Sahara. Trass i det ufattelege talet på foreldrelause born er det forska svært lite på korleis borna har det. Den vesle forskinga som fins viser at borna ofte ikkje får vita at foreldra har aids før dei er døde, og at dei i stor grad ikkje får svar på alle spørsmål knytta til kva som skjer med foreldra.

Ny forsking utført i samarbeid mellom UiB og universitetet i Dar Es Salaam, Tanzania og Makerere-universitetet i Uganda, viser at openheit kan vera svært viktig for den mentale helsa til desse borna.

– Det eksisterer ein "Culture of Silence", og det vanlegaste er at desse borna ikkje blir snakka med om sjukdommen, slik mister foreldra høvet til å påverka framtida til borna, meiner Gro Lie ved Hemil-senteret i Bergen som har jobba med hiv/aids problematikk i 14 år. Ho meiner tabuet rundt sjukdommen gjer arbeidet med å legga til rette for desse borna mykje vanskelegare.

Korleis har dei det eigentleg?

Lie rettleiar seks studentar frå Noreg, Uganda og Tanzania som har gjort pilotundersøkingar for å finna ut kva behov desse borna har for mental støtte og omsorg. Lie har no fått midlar til eit NUFU-prosjekt som skal gå til 2005 der ho kan gå vidare med studiane av born har mista foreldra i aids.

– Mangelen på kvalitative studiar av levekåra til born som mister foreldra i aids, er skrikande. Med dette prosjektet søkjer vi å kartlegga lokale strategiar for for å møta utfordringane desse borna står ovanfor. Tidlegare har ein vore mest oppteken av at ungane ikkje skal falla ut av skulen, men i løpet av dei siste par åra har det blitt auka fokus på korleis ungane eigentleg har det, seier Gro Lie som er professor i ulandsrelatert helsefremjande arbeid.

"I feel free"

Ein av dei seks studentane Lie har rettleia er Rune Bjørgo, som tok embetseksamen i psykologi ved UiB i januar 2002. Han har intervjua mor og barn i "The Memory Project" i organisasjonen NACWOLA i Uganda. Der skriv aidssjuke mødre og borna deira saman ei minnebok. Slik lagar dei historia til barnet; med mellom anna bakgrunn, slekt og viktige verdiar.

– Minnebokprosjektet er også ein reiskap til å ta opp sensitive ting. Openheit gjer også at dei kan diskutera konsekvensane. For dette blir også ei førebuing til at ungane skal flytta til slektninger eller andre. I samtalene eg hadde med born og foreldre la mange vekt på vanskane med å vera opne, skamma og løyndomen. Både mødrer og born fortalde at dei var veldig triste og gjekk rundt og gret. Dei fortalde også at dei var veldig mykje åleine med bekymringane sine. For nesten alle hadde det vore ein lang prosess for å opna opp.


Denne guten er ein av dei som var med i minnebokprosjektet.
Foto: Rune Bjørgo (Biletet er brukt med løyve frå guten).

– Etter å ha opna seg for borna fortel mødrene at dei føler ein veldig lette, dei ventar seg skuldingar om svik, men opplever i staden at ungane verdset openheit, seier psykologen. Han legg til at alle, både born og vaksne, fortalde at dei følte seg svært frie etter å ha stått fram. I feel free, var det mange som sa, seier Bjørgo.

"The Memory Project" er det første der ein systematisk informerer ungane om kva som skal skje med dei. Opprinneleg oppstod minnebok-ideen i London, der afrikanarar med aids ville at borna deira skulle kjenna røtene sine.

I kontrast til erfaringane til Bjørgo sine informantar står data samla inn av Khalifa Mrumbi fra Tanzania. Han tar doktorgrad i psykologi ved UiB og har intervjua born som har mista foreldra av aids i Tanzania. I sine samtalar med borna fekk han bekrefta mangelen på openheit. Dei fortalde at han var den første som snakka med dei om sjukdommen. Mange sa "vi har ein rett til å vita kva foreldra våre døydde av, korleis vi kan beskytta oss, og kva som skal skje med oss". Desse borna har ifølgje Mrumbi meir angst, depresjon og sjølvmordstankar enn andre, og uttrykker skam og skuldkjensle fordi dei har mista foreldra i aids.

Vender seg mot religion

Eit gjennomgåande trekk er at mange av borna vender seg mot religion for å meistra sorga. Hellen Apila, som også er ein av studentane under rettleiing av Gro Lie, tek mastergrad på ei oppgåve om ein ugandisk organisasjon som gjev hjelp til hiv-positive og deira born. Jentene Apila har intervjua seier at dei ofte går til kyrkja for å søka trøyst, medan gutane les bøker og går på kino. Nokre av gutane diskuterer problema med vener og prøver å finna løysingar, medan jentene i større grad fortel at dei held problema for seg sjølve.

Ei følgje av å ha hiv-positive foreldre kan vera trakassering og utfrysing frå andre. Ein del barn som opplever mobbing på skulen rapporterer at dette har blitt betre etter at dei vart involvert i "The Memory Project", opplyser Gro Lie. I eiga forsking fokuserer ho no på tabuet rundt hiv/aids. Gro Lie meiner born i minnebokprosjektet har eit heilt anna livsmot enn born som ikkje blir snakka med.

Lie trur også at ei av årsakene til at Uganda har klart å redusera talet på hiv-smitta, er openheit. Openheita blir rekna for å vera større i Uganda enn i Tanzania, blant anna er det større politisk openheit. Stigmatiseringa er likevel svært stor. Derfor har det og vore vanskeleg å driva førebyggjande arbeid. Dette gjeld over heile linja.

– I Afrika sør for Sahara er det liten tradisjon for å snakka om seksualitet over generasjonar, særskilt gjeld dette mellom biologiske foreldre og deira barn, seier Gro Lie.

Kvart fjerde barn foreldrelaust

I enkelte område av Afrika, i delar av Botswana, Zimbabwe og Sør-Afrika, vil kvart fjerde barn mista foreldra i aids. Tradisjonelt har foreldrelause born i dette området blitt tekne vare på av storfamilien, men dette omsorgssystemet er i rask endring og delvis i oppløysing i store delar av Afrika. Årsakene til dette er mange; mellom anna urbanisering og arbeidsmigrasjon. Omfanget av aidsepidemien sprenger også rammene for kva storfamilien klarer å absorbera av foreldrelause ungar.

– Eit anna problem er at dei nye omsorgspersonane til desse foreldrelause borna sjølve står i fare for å bli støytt ut, seier Gro Lie.

– Dei foreldrelause borna i det sørlege Afrika er eit av dei største sosiale problema verda står overfor. Vi kan få ei høg-risiko-gruppe for utvikling av mentale problem og asosial åtferd. Allereie i dag er dette i ferd med å bli eit kjempeproblem. 12.1 millionar afrikanske ungar har mista foreldra sine og lever på storfamiliens nåde, ein del er utan omsorgspersonar og må klara seg sjølve. Også tryggingspolitisk er dette eit problem og det har vore diskutert i Tryggingsrådet i FN. Kva blir konsekvensane av at så mange born veks opp utan tilstrekkeleg omsorg og tryggleik? spør Gro Lie.

 

 

FAKTA

Levealderen i Afrika sør for Sahara har på 90-talet vorte redusert med 17 år og er no berre vel 40 år. I Kenya reknar ein med at 2,5 mill. av befolkninga på 29 mill. vil døy av aids i løpet av dei neste ti åra. For Etiopia er anslaget 4,7 mill. av 61 mill.

Gro Lie forskar mellom anna på tabuet kring hiv/aids. Khalifa Mrumbi tek doktorgrad i psykologi på barn som har mist foreldra i aids.
Foto: Hilde Kvalvåg

TEMA: Forsking på barn

Svangerskapets hemmeligheter

Nytt diabetesprosjekt blant nyfødte

Gutane hamnar oftare på gata

Trøst av babyer virker mot sin hensikt

Då mor var heime, men barna var ute...

Barnas folkeuniversitet

Innsyn: Familieritualar og ungdommers psykiske helse

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen