Nr 2 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Store skilnader i omsorg for psykisk utviklingshemma

I bufellesskap for psykisk utviklingshemma utviklar det seg heilt ulike kulturar for omsorg. Det viser ein sosiologisk studie som pågår ved Universitetet i Bergen.

Tekst: Hilde Kvalvaag   Foto: Silje Gripsrud

Forskar Karen Christensen studerer maktkulturar i bufellesskap for psykisk utviklingshemma.
E-post: karen.christensen@sos.uib.no

Nyleg gjekk skandalealarmen i Sverige. Ein son avdekka at mora vart slått av pleiarane i ein omsorgsbustad. Sjølv om dette er eit ekstremt tilfelle, set det søkelyset på at omsorgsbustaden er ei eiga lita verd der graden av kontroll ikkje er like sterk som i større institusjonar.

Forskarduoen Karen Christensen og Even Nilssen ved UiB held på med ein studie av bufellesskap for psykisk utviklingshemma på Vestlandet. Eit tydeleg trekk i datamaterialet er at små einingar med få bebuarar gjer at det fort utviklar seg ulike maktkulturar. Der set dei som har makta dagsorden for kva type omsorg som blir dominerande.

Kvart hus sin filosofi

– Gjennom analysen er vi i ferd med å komme fram til, og reindyrka, nokre idealtypiske kulturar i bufellesskap. Her blir makt og kjønn sentralt. Desse kulturane blir konstruerte gjennom eit samspel mellom ei lang rekke faktorar. Ein av desse faktorane handlar om ein slags filosofi i huset, som kan vera meir eller mindre uttalt, seier Karen Christensen.

Nokre har til dømes som mål at kvar einskild av bebuarane skal vera så aktive som mogleg. Her blir Marit tatt med på museum, eller Per på kino. Ein gjer livet til ein kvardag der det heile tida er aktivitet. Og desse ulike aktivitetane tek utgongspunkt i kven den enkelte bebuar er- og kva dei klarer. I andre bukollektiv, der til dømes bebuarane er sterkt svekka, kan rein pleie og stell vera det dominerande.

Husmorkultur

Kva kultur som faktisk blir dominerande innanfor eit bufellesskap er avhengig av kva for faktor som blir den avgjerande. Det kan til dømes dreia seg om typen eller graden av funksjonshemming hos bebuarane. Dei to forskarane har funne at i bufellesskap med multihandikappa er det ein tendens til at det kan utvikla seg ein husmorkultur. Det er fordi kommunikasjonen med bebuarane blir så avgrensa at dei tilsette i staden konsentrerer arbeidet om andre ting.

– I slike bufellesskap blir normer og verdiar som ligg i husmorkulturen dominante. Arbeidet handlar mykje om pleie og stell, laga mat, mating, vasking av klær, og om å gjera det hyggeleg rundt bebuarane. Den kompetansen som gjev makt i slike bufellesskap, er dermed det som blir sett som tradisjonelt kvinnelege verdiar.

– Menn unngår desse bufellesskapa. Dei konkurrerer ikkje om makta når det handlar om husmorkulturelle verdier, seier Karen Christensen. I andre bufellesskap vil den faglige overtydinga og praksis vera avgjerande for kva kultur som utviklar seg.

– Bruk av tvang er no lovregulert, men det er ulike retningar for kva som er god og hensiktsmessig behandling av psykisk utviklingshemma. Fins det ei klar faglig overbevisning i ei bestemt retning, kan dette bli avgjerande for at ein fagleg kultur blir dominerande. Oppfatninga ein har kan vera styrt av den fagutdanninga ein har, men når først ein faglig kultur er etablert, kan dei sterkaste representantane også finnast blant tilsette utan faglig teoretisk bakgrunn.

Eit viktig aspekt ved omsorg for psykisk utviklingshemma er at den ikkje er så kvinnedominert som mykje anna offentleg omsorg, til dømes eldreomsorga. Vi fann at menn hadde større ønske om makt i bufellesskap med ein fagleg kultur. Men studien tydeleggjer også at kjønn ikkje i seg sjølv gjev makt, men i samspel med andre ting.

–"Eg går på Ole i dag, så tar du Rita!"

Uansett kva som gjev makt i eit bufellesskap, og uansett om makta blir brukt eller ikkje, er relasjonen mellom den tilsette og den psykisk utviklingshemma altid ein maktrelasjon. Også språket uttrykker makt;

Eg går på Ole i dag, så tar du Rita, er heilt vanlege måtar å uttrykka seg på innanfor denne typen omsorg. Men makt er ikkje bare negativ. Det fins heilt tydeleg positiv makt. Det vil seia når den tilsette brukar makta til å finna fram til kva som er bra for den enkelte psykisk utviklingshemma.

– For å forstå makt i bufellesskap er det også viktig å trekkja det institusjonelle nivået inn - her er det mange viktige ideologiske, rettslege og organisatoriske føringar, seier Christensen.

– Det har vore eit uttalt mål med denne buforma å få integrert dei psykisk utviklingshemma i samfunnet. Men går ein inn i desse bufellesskapa, er det som å komme inn i ei heilt anna verd, seier UiB-sosiologen

 

 

Tema:
Forskning og forsoning

Fiender og brobyggere

Lang veg heim

Valde bosnia etter studietur

En ødelagt oppvekst – en fredelig fremtid?

 

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen