Kva
er Vestnorsk nettverk - forskarutdanninga?
Retningsliner for VNN-FU opptak til organisert forskarutdanning ved UiB
Studieplan og reglement PhD-kurs i vitskapsteori 2008
Historikk
- tidlegare kurs
Vestnorsk nettverk
- forskarutdanninga
VNN-FU
er eit samarbeid mellom universiteta og høgskulane på
Vestlandet med forskarutdanning retta mot vitskapleg tilsette
ved høgskulane som fokus.
Mål
- kompetanseheving og forskingssamarbeid mellom institusjonane
i VNN.
Kurs
i vitskapsteori
VNN-FU
tilbyr i 2009 kurs i vitskapsteori på 7,5, 10 og 15 studiepoeng.
Kurset er retta mot tilsette ved høgskulane i Vestnorsk nettverk som har doktorgrad som målsetting. Utlysing og prioritering skjer ved eigen høgskule.
Utlysningstekst og informasjons om kurs i vitenskapsteori og etikk 2010
PhD-utdanning
Høgskulane
prioriterer søkjarar ut frå eigne strategiplanar, og finansierer
kandidatene i form av lønn eller stipend. Første året går med
til å sette kandidaten i kontakt med relevant forskingsmiljø ved
UiB. Kandidaten skal inngå kontrakt med rettleiar og saman med
denne utarbeide prosjektbeskrivelse og sende søknad om opptak
ved aktuelt fakultet. Første året reknar ein 25 % arbeidsmengde,
etter opptak ved fakultet krever PhD-reglementet minimum 50 %
arbeidsmengde (minst 75 % vert tilrådd med full tid siste året).
Ein
søker å knyte kandidatane til gode forskingsmiljø ved UiB, med
medrettleiar ved fagmiljø ved eigen høgskule. Det institusjonelle
samarbeidet opnar også opp for at hovudrettleiar kan sitje ved
kandidaten sin egen høgskule. Ein forutset då at fagmiljøet held
høg kvalitet og at det vert oppretta kontakt med relevant fakultet
og fagmiljø ved UiB gjennom medrettleiar ved aktuelt fakultet.
I
2005 vart 26 kandidater tatt opp i VNN-FU PhD-utdanninga, for
2006 vart opptaket avgrensa til 4 kandidatar. For 2007 er det
teke opp 5 kandidatar.
Utlysing til PhD-utdanninga for 2008 finn du her: PhD-utdanning 2008