VNN-FU-
startside


hib
hiaa
hsf
hsh
himolde
hivolda
uib
uis

KVA ER VESTNORSK NETTVERK?

Vestnorsk Nettverk er eit forum for informasjons- og erfaringsutveksling mellom universiteta og høgskulane på Vestlandet. Nettverket skal mellom anna fremje utdannings- og forskingspolitisk samarbeid mellom medlemsinstitusjonane. Vestnorsk Nettverk har difor vedteke å opprette eit eige styre for samarbeid om forskarutdanning - Vestnorsk Nettverk - Forskarutdanninga.

Styret starta opp arbeidet sitt i januar 2002, og lyste i september same år ut eit tilbod om eit kurs i vitskapsteori. Kurset vert arrangert årleg, og rettar seg mot vitskapleg tilsette ved høgskulane i nettverket.

Universitetet i Bergen v/Senter for vitskapsteori har det praktiske og faglege ansvaret for kursa. Kurset i vitskapsteori er eit sjølvstendig kompetansehevande kurs, men vil kunne gå inn i opplæringsdelen for PhD-graden. Kurset gjort skalerbart, og deltakarane kan frå 2006 velge mellom alternativ på 15, 10 eller 7,5 studiepoeng.

I tillegg tilbyr VNN-FU eit målretta opplegg for vitskapleg tilsette ved høgskulane i nettverket som ønskjer å ta ei PhD-grad. Prioritering til opptak skjer ved høgskulane. Professor Bente Wold koordinerer innslusing av kandidatar mot aktuelle forskingsmiljø ved UiB og arrangerer årlege samlingar for deltakarane. Opplegget fører fram til søknad om opptak på fakultetsspesifikke PhD-program.