UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : oppgaver 1.studieår : JUS111

UNIVERSITETET I BERGEN

Sensorrettleiing skuleeksamen

1. studieår - JUS111 - 2004/2005

 

Sensorkommentarane er utarbeidd i lys av punkt 1.4. i Instruks om opppgåvegjeving og sensur for mastergraden. Her heiter det:

Sensorrettleiinga skal kort gjera greie for kva problemstillingar som det er rimeleg å vente at studentane tek opp. Vidare skal det gjerast greie for kva grunnlag kurset har gjeve for å svara på oppgåva. Så langt det er råd, bør det òg gjevast retningsliner for vurderinga.

 

Ein bør unngå at sensorrettleiinga inneheld ei utførleg framstilling av dei rettsspørsmåla som oppgåva reiser eller kan reise, og på det viset skapar eit urealistisk inntrykk av kva som kan krevjast av studentane.

Undervegs har eg kommentert kor godt problemstillingane som blir reist har vorte dekt i undervisninga, samt vist til kjernelitteraturen (Bernt/Rasmussen, Frihagens forvaltningsrett).

 

Spørsmål 1:    Har Universitetet i Storevik rett til å klage over avgjørelsen om å kreve dokumentasjon?

 

Kandidatane må først avklare om forvaltningslova kjem til bruk. Dette er i og for seg slått fast direkte i § 15 første ledd i plan- og bygningslova. Men dei fleste kjem truleg til å resonnere på bakgrunn av forvaltningslova § 1. Begge vegane skal reknast som like gode.

 

Faktum legg opp til ei drøfting av om enkeltvedtak-vilkåret i § 28 første ledd er oppfylt, jf. § 2 første ledd bokstav b jf. a. Nokre vil kanskje drøfte om eit universitet er ”private personer” – særleg fordi dei i ei av kursoppgåvene har drøfta om forvaltningslova gjeld for universiteta.   Eit stort pluss for dei som får noko ut av dette.   Elles er hovudpoenget § 2 siste ledd om at forvaltningsorgan ”likestilles med private rettssubjekt … dersom organet har samme interesse eller stilling i saken som private parter kan ha”.  Merk at Bernt/Rasmussen omtalar 4. ledd i tilknytning til partsomgrepet (s. 149). Men på førelesingane har det vore omtalt knytt til vedtaksdefinisjonen, jf. også Eckhoff/Smith (som ein del kandidatar les) s. 229-230.

 

Kva gjeld vikåret ”bestemmende for rettigheter eller plikter” blir studentane utfordra på å sjå at dette er ei sakshandsamingsavgjerd (”prosessleiande” avgjerd) og ikkje ei realitetsavgjerd av saka. Det kan vel argumenterast for at ordlyden også dekkjer denne typen avgjerder. Men reelle omsyn, særleg omsynet til effektiv ressbruk i forvaltninga, peikar mot ei anna løysing. Det gjer også førearbeida. Bernt/Rasmussen omtaler spørsmålet på s. 136.

 

På kurset har det vorte mykje fokusert på vilkåra for enkeltvedtak. Men det må takast omsyn til at vinklinga i denne oppgåva er ei anna enn den studentane er mest vane med.

 

Faktum legg ikkje opp til at dei øvrige vilkåra for klagerett skal drøftast – eventuelt subsidiært. Men nokre vil kanskje kome inn på spørsmålet om ”rettslig klageinterersse”. Fordi universitetet har private interesser i saka, er det ikkje tvil om at dette vilkåret er oppfylt.

 

Spørsmål 2:    Hvem har ansvaret for å framskaffe dokumentasjonen?

 

At reglane for enkeltvedtak også gjeld før eit vedtak er treft, er heilt klart. Det følgjer av lova sitt system og kan nok også forankrast i ordlyden i § 3 første ledd. Ei parallell problemstilling knytt til partsomgrepet har studentane vore borte i under storgruppene.

 

Når det gjeld vurderinga etter § 17 første ledd, er dette eit spørsmål om grensene for forvaltninga si utgreiingsplikt. Å velte ansvaret for saka si opplysning delvis over på partane, er særleg aktuelt i saker der parten har stor interesse i saka si opplysning. Det er tilfelle her.  Men er det rimeleg å skyve utgiftene for utgreiinga av saka over på den private part? Som vanleg er det korleis det blir argumentert, ikkje konklusjonen som er det sentrale. Under kurset har det vorte fokusert på interessekonflikten mellom rettstryggleik og effektivitet – og vi må vente at ein del argumenterer langs denne aksen også her.

 

Eg reknar med dette er eit spørsmål som vil skilje klart mellom kandidatane. Bernt/Rasmussen omtalar problematikken på s. 202.

 

Spørsmål 3:    Har Lars Holm rett til innsyn i rapporten fra Rådgivende Geologer A/S?

 

Spørsmål om dokumentinnsyn skal kandidatane vere godt ”drilla i” under kurset.

 

Slik anførslane er bygt opp, er det naturleg å ta utgangspunkt i forvaltningslova sine dokumentinnsynsreglar. Her blir først spørsmålet om Holm er ”part”. Utfordringa for kandidatane blir å vise at dei greier å handtere ei drøfting etter ”ellers direkte gjelder”-alternativet i § 2 første ledd bokstav e. Å ha rett til nabovarsel er ikkje det samme som å ha partsstilling i saka. Eit sentralt spørsmål er om Holm er tilstrekkeleg sterkt faktisk berørt til å få partsstilling i saka. Svaret er ikkje opplagt. Eit stort pluss for dei som problematiserer om vi kan vektleggje klart subjektive forhold i vurderinga; som at Holm blir lett opphissa og likar seg best åleine..

 

For dei kandidatar som kjem til at Holm ikkje er part, går vegen vidare gjennom offentleglova. Men desse kandidatane må på eit vis – eventuelt gjennom subsidiære drøftingar – få dekt inn anførslar som elles naturleg er knytt til forvaltningslova.

 

I fortsettinga følgjer eg forvaltningslov-sporet.

 

Dokument-anførselen skal vere ”grei skuring”. Dette er ein  kontroll med at kandidatane kjenner innhaldet i dokumentdefinisjonen, jf. § 2 første ledd bokstav f.

 

Det avgjerande spørsmål for anførselen om interne dokument, er om vi står overfor eit dokument ”for den interne saksforberedelse”, jf. andre ledd andre punktum.. I utgangspunktet er føremålet sentralt for denne vurderinga. Men sjølv om det er kommunen sine behov  som har ført til at rapporten blir innhenta, er det universitetet som formelt har stått for innhentinga. Då blir det ganske så  unaturleg å  kalle rapporten eit internt dokument, sjølv om eit føremålssynspunkt kanskje skulle tilseie det. Mange kandidatar vil sikkert oversjå dette og gå rett på spørsmålet om ”særlig rådgiver eller sakkyndig” i bokstav. (Og dette er jo naturleg å ta opp subsidiært).

 

Under anførselen om kva som er ”faktiske opplysninger”,  er utfordringa om også vurderingar fell inn under.

 

Vi får tru forholdsvis mange vil klare å kople utilrådeleg-anførselen opp mot § 19 første ledd bokstav c. Eit pluss for dei som greier å bruke faktum godt slik at hjarteproblema blir sett i samanheng med parentesen i rapporten som indikerer rasfare på Holm sin eigedom.  Vidare eit stort pluss for dei som får fram at det i så fall berre er denne parentesen Holm kan nektast innsyn i.

 

Spørsmål 4:    Hefter det feil ved begrunnelsen for vedtaket?  

 

Det er klart at forvaltningslova gjeld, og også at saka gjeld eit enkeltvedtak slik at reglane i forvaltningslova kapittel V kjem til bruk.

 

Krav til grunngjevinga sitt formelle innhald er stilt i § 25. Kandidatane skal kjenne til bestemminga, og har vore noko borte i henne gjennom kursoppgåvene.

 

 Den første anførselen går på jusen. Spørsmålet er om det er ”nødvendig for å sette parten i stand til å forstå vedtaket”, å gjengje reglane – jf. 1. ledd. Her kan det vere eit moment at vi står overfor ein relativt ressurssterk privat part – eit universitet.

 

Anførselen vedk. kopi av søknaden er knytt til det faktiske grunnlaget for vedtaket, jf. andre ledd. Etter andre setning er det tilstrekkeleg med ei tilvising til søknaden i grunngjevinga.  Men ordlyden i siste setning er temmeleg klar på at det då skal vedleggast kopi. Ein del vil sikkert spørje om det er grunnlag for å fråvike ordlyden basert på effektivitetsvurderingar. Eit pluss for dei som problematiserer at dette i så fall vil innebere ei innskrenkande tolking til skade for parten. 

 

I anførselen knytt til tredje ledd er utfordringa for kandidatane å sjå at det står ”bør” i lovteksten. I undervisninga har det vore fokusert på høgsterettsdommar (Rt. 2000 s. 1056 og s. 1066) som tyder på at ”bør” skal lesast som om det stod ”skal”, i alle fall i visse typar av inngrepssaker.  Eit pluss for dei som trekkjer inn rettspraksis. Eit stort pluss for dei som greier å problematisere praksis i høve til det føreliggjande saksforhold; at det formelt ikkje er tale om eit inngrep (nekting av dispensasjon). Men reelt har jo ei slik nekting viktige likskapstrekk med eit inngrep; mellom anna fordi hyttetomta ikkje kan utnyttast.

 

Bernt/Rasmussen skriv om § 25 på s. 232-234.

 

Spørsmål 5:    Var Kari Ås inhabil til å forberede dispensasjonssaken?

 

Det er heilt klart at Kari er ein ”offentlig tjenestemann”, jf. § 2 første ledd bokstav d jf. § 6 første ledd. Det er vidare tilstrekkeleg for at inhabilitetsreglane skal gjelde at ho førebur saka utan sjølv å treffe avgjerd.

 

Spørsmålet er mest naturleg å vurdere etter § 6 andre ledd. Her blir det ei sentral utfordring for kandidatane å sjå den terskelen som ligg i lova sitt vilkår – ”andre særegne forhold … som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet”. Kari Ås  må ha ei spesiell interesse i saka for å vere inhabil. Utfordringa er vidare å greie å bruke faktum i oppgåva, slik at det blir ei  drøfting ut av det.

 

Vurderingar etter § 6 andre ledd har vore så sterkt fokusert under kurset, at dei fleste bør kunne få noko ut av dette.  Men (som vanleg) må det nok påreknast at ein del kandidatar kan ha litt dårleg tid på det siste spørsmålet.

 

Bernt/Rasmussen omtalar problematikken som er aktuell i denne saka på s. 178-179.

 

--------

Om karakterfastsettinga:

 

Det er viktig å hugse på at kurset i forvaltningsrett I er det først reine jus-kurset studentane møter på masterstudiet i rettsvitskap. Kursperioden er om lag 10 veker. Kandidatane skal opp til eksamen om lag 10 månader tidlegare enn til første avdeling etter den gamle studieordninga. Kandidatane har berre i mindre grad hatt metodeundervisning parallelt med eller i forkant av forvaltningsrettkurset.

 

På denne bakgrunn er det openbert at dei krav vi kan stille til kandidatane må være klart lågar enn til eksamen på 1. avdeling etter gammal studieordning. Særleg gjeld dette evnen til metodisk handtering av stoffet. Det er særskilt viktig at vi ikkje stiller urealistiske krav for å oppnå dei to beste karakterane A og B.

 

For å stå må vi krevje at kandidaten stort sett greier å finne fram til dei  sentrale rettslege grunnlaga. Fragment av kunnskap om tolkinga av einskilde vilkår i lova må også visast i løpet av oppgåvesvaret. Lista for å stå skal leggjast lågt. Den som stryk på avsluttande prøve, kan likevel «reddast» av heimeeksamenen.

 

Til toppen