UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : oppgaver 1.studieår : JUS111

Det juridiske fakultet

Sensorrettleiing skuleeksamen

1. studieår - JUS111 - 2005/2006

 

Sensorkommentarane er utarbeidd i lys av punkt 1.4. i Instruks om opppgåvegjeving og sensur for mastergraden. Her heiter det:

 

Sensorrettleiinga skal kort gjera greie for kva problemstillingar som det er rimeleg å vente at studentane tek opp. Vidare skal det gjerast greie for kva grunnlag kurset har gjeve for å svara på oppgåva. Så langt det er råd, bør det òg gjevast retningsliner for vurderinga.

 

Ein bør unngå at sensorrettleiinga inneheld ei utførleg framstilling av dei rettsspørsmåla som oppgåva reiser eller kan reise, og på det viset skapar eit urealistisk inntrykk av kva som kan krevjast av studentane.

 

---------

 

Spørsmål 1: Har Kåre Tastad rett til innsyn i uttalelsen fra psykiater Oluf Bang?

 

Kandidatane må først avklare om forvaltningslova kjem til bruk. Dette er i og for seg slått fast direkte i § 15 første ledd i plan- og bygningslova. Men dei fleste kjem truleg til å resonnere på bakgrunn av forvaltningslova § 1. Begge vegane skal reknast som like gode.

 

Faktum legg opp til å drøfte spørsmålet om reglane om dokumentinnsyn i kapittel IV også gjeld før vedtak er treft. Svaret er opplagt. Men det er fleire vegar som kan føre fram. Ein del vil sikkert gå på § 18 første ledd tredje punktum – ”[R]etten til innsyn gjelder også etter at det er truffet vedtak i saken” – og tolke denne antitetisk. Det mest elegante er vel likevel å fokusere på § 3 første ledd. Uttrykksmåten ”som gjelder” (enkeltvedtak) viser at vedtaket ikkje treng vere treft for at reglane i kapittel IV-VI skal kome til bruk.

Kandidatane har ikkje løyst oppgåver knytt til nett denne problemstillinga under kurset. Ho er likevel heilt sentral for forståinga av faget. Ei parallell problemstilling knytt til partsomgrepet har studentane vore borte i på eit storgruppemøte.

 

Kandidatane må så ta stilling til om tildeling av byggjeløyve er eit enkeltvedtak etter § 2 første ledd bokstav b jf. a. Vi må akseptere at dette blir gjort heller kortfatta. Partsutsegnene i faktum har ikkje særleg brodd mot denne problemstillinga.

 

Faktum legg opp til ei drøfting av partsomgrepet, jf. § 2 første ledd bokstav e. Det aktuelle alternativet er ”ellers direkte gjelder”. Eit pluss for dei som ser at det i denne saka er spørsmål om faktiske konsekvensar av vedtaket, og som markerer at det må ein del til av faktiske konsekvensar for å få partsstilling. Kandidatane bør vere vel førebudde på partsdrøftingar. Også i den obligatorisk heimeoppgåva var dette tema.

 

Partsutsegna om at ein ikkje kan krevje innsyn i dokument utarbeidd av tredjepersonar, bør vere lett ”å plukke ned” som openbert uhaldbar.

 

Tilvisinga til § 18 andre ledd bokstav b utfordrar kandidatane på kor grundig dei kan lese lovteksten. Vel er nok ein psykiater ein ”særlig sakkyndig”. Men i denne saka er det klart nok ikkje noko internt dokument vi står overfor sidan det er ektepart Ås som sjølv har lagt det ved søknaden. Venteleg vil ein del trø feil her. All den tid det som eventuelt blir sagt om bokstav b og eventuelt tredje ledd (rett til innsyn i faktisk opplysningar i interne dokument) er fornuftig, bør vi likevel ikkje vere særleg strenge her. Det får heller vere eit markert pluss for dei som greier å halde tunga beint i munnen!

 

For partsutsegna om teieplikt blir utfordringa å finne fram til § 13b nr. 1 om at teieplikta ikkje gjeld i høve til partar. Men her må det seiast at det har vore lite fokus på teiepliktsreglane under kurset.

 

Når det gjeld § 19, er det andre ledd bokstav a som er det naturlege utgangspunkt. Utfordringa for kandidatane er å sjå at Tastad har rett til innsyn – sjølv om psykiaterfråsegna  inneheld opplysningar om ”annen persons helseforhold” – dersom det er av ”vesentlig betydning”. Faktum gjev dei flinkare kandidatane her høve til å vise oversikt og forståing gjennom ei drøfing av det konkrete saksforhold.

 

Spørsmål 2: Hadde kommunen plikt til å gjennomføre befaring?

 

Spørsmålet er naturleg å løyse etter § 17 første ledd som eit spørsmål om grensene for forvaltninga si utgreiingsplikt.

Det er ikkje så mykje faktum knytt til dette spørsmålet. Og det ligg vel under Tastad si partsutsegn ei antydning om at kommunen generelt sett bør ha ei plikt til å reise på synfaring i byggjesaker.  Ei litt generell vinkling av drøftinga må difor aksepterast. Vi må vente at mange vil drøfte spørsmålet langs aksen rettstryggleik ctr. effektivtet.

Eg reknar med dette er eit spørsmål som vil kunne skilje ein del  mellom kandidatane.

 

 Spørsmål 3: Var Jan Johansen inhabil til å behandle byggesaken?

 

Spørsmålet er mest naturleg å vurdere etter § 6 andre ledd. Her blir det ei sentral utfordring for kandidatane å sjå den terskelen som ligg i lova sitt vilkår – ”andre særegne forhold … som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet”. Tastad må ha ei spesiell interesse i saka for å vere inhabil. Utfordringa er vidare å greie å bruke faktum i oppgåva, slik at det blir ei drøfting ut av det.

 

Vurderingar etter § 6 andre ledd har vore så sterkt fokusert under kurset, at dei fleste bør kunne få noko ut av dette. 

 

 Spørsmål 4: Var det en feil av kommunen å underrette Kåre Tastad per e-post?

 

Det er lagt opp til å drøfte § 27 første ledd femte punktum:

”Den skriftlige underretningen kan gis ved bruk av elektronisk kommunikasjon når mottakeren uttrykkelig har godtatt dette og har oppgitt den elektroniske adressen som  skal benyttes for slikt formål.”

 

Spørsmålet blir om Tastad ”uttrykkelig” har godtatt det.

 

Det må nemnast at reglane om underretning i svært liten grad har vore fokusert under kurset. Det som likevel etter mitt syn forsvarar å trekkje inn § 27 til eksamen er at studentane har arbeidd med den heilt parallelle regelen vedk. førehandsvarsling i § 16 andre ledd tredje setning.

 

 Spørsmål 5: Har Brattskaret velforening klagerett?

 

Dette blir eit spørsmål om velforeininga har ”rettslig klageinteresse” i saka etter § 28 første ledd.

 

I rettspraksis knytt til tvistemålslova § 54 er det utvikla visse krav for organisasjonar sin søksmålskompetanse. Desse er i utgangspunktet også  lagt til grunn for vurderinga av kven som har rettsleg klageinteresse. Under kurset har det særleg vore fokusert på kravet om at saka må gjelde inngrep i interesser som organisasjonen har som føremål å ivareta, samt kravet om representativitet.

 

Kandidatane si utfordring i høve til det konkrete faktum er i første rekkje å sjå at det ligg eit problem her knytt til føremålskravet. Det er jo ei byggjesak kommunen behandlar.

 

Eg trur nok denne problemstillinga kan framstå som vanskeleg for mange. Vi får også ta omsyn til at ein del kan kome i tidsnaud mot slutten av oppgåva.

 

--------

 

Om karakterfastsettinga:

 

Det er viktig å hugse på at kurset i forvaltningsrett I er det først reine jus-kurset studentane møter på masterstudiet i rettsvitskap. Kursperioden er om lag 10 veker. Kandidatane skal opp til eksamen om lag 10 månader tidlegare enn til første avdeling etter den gamle studieordninga. Kandidatane har berre i mindre grad hatt metodeundervisning parallelt med eller i forkant av forvaltningsrettkurset.

 

På denne bakgrunn er det openbert at dei krav vi kan stille til kandidatane må være klart lågare enn til eksamen på 1. avdeling etter gammal studieordning. Særleg gjeld dette evnen til metodisk handtering av stoffet. Det er særskilt viktig at vi ikkje stiller urealistiske krav for å oppnå dei to beste karakterane A og B.

 

For å stå må vi krevje at kandidaten stort sett greier å finne fram til dei  sentrale rettslege grunnlaga. Fragment av kunnskap om tolkinga av ein del av vilkåra i lova må også visast i løpet av oppgåvesvaret. Lista for å stå skal leggjast lågt.

 

Ved sensuren i fjor opplevde vi ei sterk opphoping  av kandidatar på C-nivået (41 %, nomalfordelingsintervallet er 24-36%). I år bør sensorane allereie frå starten av vere seg medvitne om trongen for å skilje mellom kandidatane i midtskiktet. Sjølv om vi ikkje ved den einskilde sensur slavisk skal late oss styre av normalfordelingskurven, er det her snakk om å så store kull – ved denne sensuren rundt 460 kandidatar – at det er vanskeleg å forsvare særleg avvik.

 

Til toppen