UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 1.studieår : JUS111

Haustsemesteret 2003

Sensorkommentarar til avsluttande prøve i forvaltningsrett I (JUS111)

1. Innleiande merknader.
Spørsmåla i oppgåva er knytt til sentrale tema i faget forvaltningsrett I. Dette er tema som (stort sett) er grundig fokusert på under kurset – dvs. i førelesingar, ved oppgåveløysing, og som har ei bra dekning i lærebøkene.
Som kjernelitteratur er det i kursplanen sett opp tre alternative framstillingar: Bernt/Rasmussen (Frihagens forvaltningsrett), Eckhoff/Smith og Graver. Mitt inntrykk er at dei aller fleste, eg skulle tru opp mot 90 % , har lese Eckhoff/Smith. Dette heng saman med at Bernt/Rasmussen si bok først kom i handelen etter at kurset var i gang. Kursplanen er vedlagt.

2. Faglege kommentarar til den avsluttande prøva

Sensorkommentarane er utarbeidd i lys av punkt 1.4. i Instruks om opppgåvegjeving og sensur for mastergraden. Her heiter det:

Sensorrettleiinga skal kort gjera greie for kva problemstillingar som det er rimeleg å vente at studentane tek opp. Vidare skal det gjerast greie for kva grunnlag kurset har gjeve for å svara på oppgåva. Så langt det er råd, bør det òg gjevast retningsliner for vurderinga.

Ein bør unngå at sensorrettleiinga inneheld ei utførleg framstilling av dei rettsspørsmåla som oppgåva reiser eller kan reise, og på det viset skapar eit urealistisk inntrykk av kva som kan krevjast av studentane.

Om del I

Spørsmål 1: Er kommunestyret si avgjerd om kven som skal få kjøpe lastebilen eit enkeltvedtak?

Kandidatane bør starte med å vurdere om forvaltningslova kjem til bruk, jf. § 1. Det er ikkje tvilsamt.

Vidare må kandidatane vurdere og ta standpunkt til om vilkåra for enkeltvedtak i § 2 første ledd bokstav b jf. a er oppfylt.

Tre vilkår legg opgåveteksten særskilt opp til skal handsamast:
* kravet om at avgjerda må gjelde ”rettigheter eller plikter”, jf. bokstav a. ”Rettigher” kan reint språkleg forståast som at det berre er rettskravtilfella som blir omfatta. Men dette er ei for snever forståing både ut frå teori, førearbeid og praksis frå Sivilombodsmannen. All tildeling av fordelar blir omfatta, med ei avgrensing nedover mot det reint bagatellmessige.

* vilkåret ”utøving av offentlig myndighet”, jf. bokstav a.
Midtvegsprøva tyder på at dette er eit vilkår kandidatane har problem med å «få tak på». Hovudpoenget er at avgjerda må vere særprega for offentleg verksemd samanlikna med privat. Det å inngå avtale om kjøp/sal på marknadsmessige vilkår er ikkje enkeltvedtak. Men kandidatane må vurdere om det at det er teke sosiale omsyn og omsyn til sysselsettingssituasjonen gjer at avgjerda likevel får karakter av myndighetsutøving. Det sentrale er om kandidatane ser problemet.

* vilkåret ”en eller flere bestemte personer”, jf. bokstav b.
Utfordringa for kandidatane blir her å sjå at lova ikkje krev at personnamn blir brukt i vedtaket. Så lenge andre nemningar blir brukt som rimeleg presist klargjer kven som er omfatta av vedtaket, er det tilstrekkeleg. Det er ikkje tvil om at vilkåret er oppfylt.

Spørsmål 2: Har kommunen opplyst saka godt nok før avgjerda vart treft?

Eit krav om forsvarleg saksførebuing er nedfelt i § 17 første ledd. Men føresett at avgjerda ikkje er eit enkeltvedtak, kjem ikkje reglane i kapittel IV til bruk, herunder § 17 første ledd. Oppgåveteksten legg då opp til å drøfte om det likevel gjeld krav til saksførebuinga. Svaret på dette er utan tvil ja. Det er sikker rett at det på ulovfest grunnlag kan stillast krav om forsvarleg saksførebuing også i andre saker enn enkeltvedtaksaker.

Men merk at spørsmålet om ulovfeste sakshandsamingsreglar nok vil falle vanskeleg for dei aller fleste. Emnet er dårleg dekt i Eckhoff/Smith, og problemstillinga har berre i liten grad vore fokusert på under kurset (og då under førelesingane, ikkje i oppgåvesamanheng). Vi kan trygt seie at det er eit pluss for den som får noko ut av dette, men ikkje eit minus for den som ikkje gjer det.

Uansett om avgjerda er eit enkeltvedtak eller ikkje, må kandidatane ta opp spørsmålet om kor langt forvaltninga si opplysningsplikt rekk. Det må vurderast om forvaltninga har høve til å skyve ansvaret for saka si opplysning om sosiale forhold over på den private part. Omsynet til parten sin rettstryggleik og må vegast mot omsynet til forvaltninga sin effektivitet. I Rt. 1976 s. 614 aksepterte Høgsterett at forvaltninga let det vere søkjarane til ei offentleg stilling sitt eige ansvar å trekkje fram sosiale omsyn som kunne vere relevante. Dommen er nemnd hjå Eckhoff/Smith (petit), men det er ikkje noko minus om han ikkje blir trekt fram.

Spørsmål 3: Var Andreas Tastad inhabil til å delta under kommunestyret si handsaming av saka?

Oppgåveteksten legg opp til å kommentere om habilitetsreglane kjem til bruk også i andre saker enn enkeltvedtaksaker. Svaret er opplagt ja.

Kandidatane må også ta stilling til om habilitetsreglane gjeld for kommunestyremedlemmer. Løysinga ligg i § 10.

Av inhabilitetsgrunnane i første ledd, kan det i lys av oppgåveteksten, vere på sin plass å ta opp spørsmålet om sambuarskap er å rekne som ”svogerskap” etter bokstav b. Men i lys av lova sitt system er det mest naturleg å vurdere sambuarskap etter § 6 andre ledd.

Etter § 6 andre ledd blir ei sentral utfordring for kandidatane å sjå den terskelen som ligg i lova sitt vilkår – ”andre særegne forhold … som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet”. Tastad må ha ei spesiell interesse i saka for å vere inhabil.

Å vere fast bridge-partner med den som er part i saka er neppe åleine tilstrekkeleg til å bli inhabil. Kanskje heller ikkje å vere sambuar med dottera, isolert sett. Men i sum, stiller dette seg nok annleis.

Det kan neppe leggjast avgjerande vekt på Andreas stemte for Lars Holm og ikkje for Peder Ås. Habilitetsreglane er ”føre var”-reglar. Det er ikkje spørmål om korleis nokon reint faktisk vil røyste, og då neppe heller korleis nokon reint faktisk har røysta. Merk at denne problemstillinga er krevjande. Klart pluss for den som får noko ut av den.


Om del II


Spørsmål 1: Har nattklubben Det GladeVanvidd rett til innsyn i rapporten?

Spørsmålet kan både løysast etter forvaltningslova og offentleglova. Men det mest naturlege er forvaltningslova då Det Glade Vanvidd heilt klart er part og saka også gjeld enkeltvedtak.

Kandidatane bør starte med å avklare om forvaltningslova gjeld, jf. § 1, og om saka gjeld enkeltvedtak slik at reglane om dokumentinnsyn kjem til bruk, jf. § 3 første ledd. Ikkje noko av dette er tvilsamt.


Kommunen hevdar at rapporten kan unntakast som intern, jf. § 18 andre ledd. Utfordringa for kandidatane blir her å vurdere rapporten sin karakter – om føremålet med han er å vere til internt bruk står då sentralt. Vidare er utfordringa å sjå at § 18 andre ledd stiller krav til kven som må ha utarbeidd rapporten for at han skal kunne unntakast som intern.

Oppgåveteksten legg også opp til å drøfte om rapporten kan krevjast innsyn i etter § 18 tredje ledd – ”faktiske opplysninger” (eller ”bearbeidelse av faktum”). Rettstryggleiksomsyn tilseier at omgrepet må trekkjast vidt. Det er ikkje eit hinder for å vere faktisk opplysning at det er brukt skjønnsprega karakteristikkar. I same retning Bernt/Rasmussen s. 218. Det som då fell utanfor omgrepet er siste setninga i (det som er sitert frå) rapporten om kva tiltak som blir tilrådd.

Det Glade Vanvidd kan også krevje innsyn basert på § 18 fjerde ledd. Rapporten inneheld eit framlegg til vedtak og blir sendt direkte til kommunestyret.

Oppgåveteksten legg også opp til å vurdere om unntaksregelen i § 19 kjem til bruk.. Det aktuelle alternativet er andre ledd bokstav b. Utfordringa for kandidatane blir å sjå at det berre er bestemte ”opplysninger” som kan unntakast etter denne bestemminga, ikkje heile dokumentet. I vår sak er det namnet til ho som har tipsa kommunen (Marte Kirkerud) det kan vere spørsmål om å unnta. Vidare blir utfordringa for kandidatane å sjå at det ligg ein terskel i ”særlige grunner, men at parten uansett har rett til innsyn dersom dette er av ”vesentlig betydning” for han. Truleg vil mange kandidatar ha vanskar med å sjå at vi her står overfor to kumulative vilkår – lovteksten si oppbygging er ikkje heilt god.

Spørsmål 2: Hadde kommunen plikt til å grunngje vedtaket då det vart treft?

Det er naturleg at kandidatane tek utgangspunkt i hovudregelen i § 24 første ledd. Etter denne er det ei plikt for forvaltninga å gje grunngjeving ”samtidig” med at vedtaket blir treft.

Spørsmålet er så om nokre av unntaksreglane i andre og tredje ledd kjem til bruk. Det aktuelle alternativet er andre ledd første punktum. Men alternativet gjeld berre der forvaltninga ”innvilger en søknad og det ikke er grunn til å tro at noen part vil være misfornøyd med vedtaket”. Kommunen sin merknad er knytt til spørsmålet om Det Glade Vanvidd har grunn til å vere ”misfornøyd” – og er neppe haldbar. Den vakne kandidat vil også sjå at denne saka ikkje gjeld innvilging av ein søknad.

Spørsmål 3: Tilfredsstiller grunngjevinga forvaltningslova sine krav.

Krav til grunngjevinga sitt innhald er stilt i § 25.

Kandidatane bør vurdere (den aktuelle) grunngjevinga for vedtaket opp mot dei krav til kva som må med som er stilt i første ledd vedk. jus, i andre ledd vedk. faktum og i tredje ledd vedk. omsyn vektlagt under skjønnsutøvinga.

Det Glade Vanvidd må få rett i at også ei tilvising til kva lovbestemming kommunen meiner er broten må med, jf. første ledd.

Sidan det er gjeve kopi av rapporten til Det Glade Vanvidd, er nok kravet i andre ledd vedkomande faktum oppfylt.

Etter tredje ledd er utfordringa for kandidatane å sjå at ordet ”bør” er brukt. Men Rt. 2000 s. 1056 (Stoplestog) og 2000 s. 1066 (Skotta) er uttrykk for at ved inngripande vedtak må ”bør” lesast som ”skal”. Kor omfattande krav som blir stilt til grunngjevinga i inngrepstilfella vil elles variere. Kandidatar som trekkjer inn dommane på ein forstandig måte må få eit stort pluss for det. Dommane er nemnt på førelesingane. Men det er ikkje noko minus om dommane ikkje er nemnde.

Spørsmål 4: Har Lillevik fråhaldslag klagerett?

Oppgåveteksten legg berre opp til å drøfte det personelle kravet for å ha klagerett. Det er opplagt at Lillevik fråhaldslag ikkje er part. Spørsmålet er om det føreligg ”rettslig klageinteresse i saken”, jf. § 28 første ledd.

Utfordringa for studentane blir å ta utgangspunkt i dei presiseringar av «rettslig klageinteresse» som er gjort i rettspraksis og teori for ideelle organisasjonar sin klagerett/søksmålsrett. Dei to hovudelementa er (1) at organisasjonen sitt føremål må vere å ivareta den interessa som er truga gjennom forvaltningsvedtaket, og (2) at organisasjonen må vere representativ. Særleg vedk. representativitet: Laget ser ikkje ut til å ha brei lokal oppslutnad. Men særleg tilknytninga til ein større landsdekkjande organisasjon kan peike mot klagerett.