UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : oppgaver 1.studieår : JUS111

UNIVERSITETET I BERGEN

Sensorrettleiing heimeeksamen

1. studieår - JUS111 - 2004/2005

 

1. Innleiande merknader.

 

Spørsmåla i oppgåva er tema som er handsama på første delen av kurset i forvaltningsrett I, hausten 2004. Problemstillingane som blir reist har - i større eller mindre grad -  vore fokuserte på under kurset – dvs. i førelesingar og/eller i oppgåvesamanheng. Dei aktuelle tema har også ei bra dekning i lærebøkene.

Som kjernelitteratur er i kursplanen sett opp Bernt/Rasmussen (Frihagens forvaltningsrett). 

 

2. Faglege kommentarar

 

Sensorkommentarane er utarbeidd i lys av punkt 1.4. i Instruks om opppgåvegjeving og sensur for mastergraden. Her heiter det:

Sensorrettleiinga skal kort gjera greie for kva problemstillingar som det er rimeleg å vente at studentane tek opp. Vidare skal det gjerast greie for kva grunnlag kurset har gjeve for å svara på oppgåva. Så langt det er råd, bør det òg gjevast retningsliner for vurderinga. 

 

Ein bør unngå at sensorrettleiinga inneheld ei utførleg framstilling av dei rettsspørsmåla som oppgåva reiser eller kan reise, og på det viset skapar eit urealistisk inntrykk av kva som kan krevjast av studentane

Spørsmål 1:    Gjelder forvaltningsloven og offentlighetsloven for Lillevik VAR A/S?

 

Problemstillinga er om Lillevik VAR A/S er eit ”forvaltningsorgan” som eit ”organ for kommune”, jf. forvaltningslova § 1 andre punktum og offentleglova § 1 første ledd andre punktum. Lovteksten i dei to lovene er heilt lik. Utgangspunktet må vere at løysinga også må vere den same.

 

Førearbeida til offentleglova peikar mot at offentleg verksemd som er utskilt til eigne rettssubjekt i utgangspunktet fell utanfor lovene sine verkeområde. Både Sivilombodsmannen sin praksis og teorien har likevel modifisert dette utgangspunktet. Eitt sentralt moment i vurderinga er kva type verksemd det er snakk om å skilje ut; ivaretaking av tradisjonelle offentlege ansvarsoppgåver, eller forretningsdrift? Eit anna moment er kor sterk styring/kontroll kommunen har forsett om å føre, trass utskillinga.

 

Spørsmål 1  føreset noko kunnskap om og forståing for betydninga av ulike måtar å organisere offentleg verksemd på. Dette må reknast som vanskeleg for førsteårsstudentar. Det bør difor ikkje trekkjast mykje for svikt under spørsmål 1. Derimot vil det vere eit pluss for dei som greier å få fram noko fornuftig.

 

Spørsmål 2:    Er kommunestyrets avgjørelse om tvungen tilknytning til det nye offentlige vannverket et enkeltvedtak?

 

Innleiingsvis bør kandidatane kommentere om forvaltningslova gjeld for kommunestyret. Svaret er opplagt. Nokre ser kanskje at spørsmålet direkte er løyst i §15 først ledd i plan- og bygningslova. Men det bør ikkje gje dårlegare uttelling om ein løyser spørsmålet åleine på bakgrunn av forvaltningslova § 1.

 

Vidare må det forventast at kandidatane får vist at dei har oversikt over vilkåra for enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav a, jf. b. Systematikken i lova har vore terpa på under kurset.

 

Det er sjølvsagt ikkje slik at det er avgjerande om kommunestyret sjølv har brukt ordet vedtak. Avgjerande er om avgjerda er eit vedtak etter forvaltningslova sin definisjon.

 

Tre vilkår legg oppgåveteksten særskilt opp til skal handsamast:

 

* kravet om at avgjerda må gjelde ”rettigheter eller plikter”, jf. bokstav a.

Nokre vil sjå at ”plikter” er eit alternativt vilkår som i alle fall er oppfylt.

”Rettigheter” kan reint språkleg forståast som at det berre er rettskravtilfella som blir omfatta. Men dette er ei for snever forståing både ut frå teori, førearbeid og praksis frå Sivilombodsmannen. Også inngrep i den fordel det har vore å sleppe tilknytning til kommunalt vassverk kan falle inn under omgrepet.

 

* vilkåret ”utøving av offentlig myndighet”, jf. bokstav a.

Tradisjonelt er dette eit vilkår kandidatane har problem med å «få tak på». Hovudpoenget er at avgjerda må vere særprega for offentleg verksemd samanlikna med privat. At heimelen for avgjerda er formell lov og representerer eit inngrep mot borgarane, inneber at vi står overfor eit typisk døme på ”utøving av offentleg myndighet”. 

 

* vilkåret ”en eller flere bestemte personer”, jf. bokstav b.

Utfordringa for kandidatane blir her å sjå at lova ikkje krev at personnamn blir brukt i vedtaket. Så lenge andre nemningar blir brukt som rimeleg presist klargjer kven som er omfatta av vedtaket, er det tilstrekkeleg. I vår samanheng er poenget at det nok er lite vanskeleg å finne fram til dei som er tilknytt private vassverk.

 

Spørsmål 3:    Hadde Klaus Knegg rett til å få varsel med frist til å uttale seg?

 

Paragraf 16 er irrelevant. Det går fram av første ledd første punktum at rett til førehandsvarsel ikkje gjeld for den som ved søknad allereie har uttalt seg i saka.

 

Spørsmålet blir så om ein rett til varsel med frist til å uttale seg, kan utleiast av § 17 andre ledd.

 

Oppgåveteksten legg opp til at fleire av vilkåra skal drøftast. For det første om det kan seiast at kommunen har mottatt (jf. "mottar") opplysningane. Språkleg kan det nok vere litt unaturleg å seie dette, all den tid samtalen notatet baserer seg på berre er overhøyrt. Men kandidatane bør også vurdere om grunngjevinga for regelen - å sikre rettstryggleiken til partane ved å gje dei høve til å forsvare interessene sine - tilseier ei anna løysing.

 

Det er vidare eit vilkår at parten har rett til å gjere seg kjent med opplysningane etter forvaltningslova. Kommunen fokuserer på offentleglova § 5a som unntaksgrunn. Bestemminga gjeld opplysningar underlagt lovbestemt teieplikt. Teiepliktsreglane har ein vore innom på kurset i førelesingssamanheng, men ikkje grundig. Utfordringa for studentane blir å forstå lova sin systematikk; at § 5a fører oss over  forvaltningslova § 13 første ledd. Det er klart nok at i alle fall opplysninga om ein psykiatrisk diagnose vil vere underlagt teieplikt, jf. forvaltningslova § 13, 1) "noens personlige forhold".   Men teieplikta gjeld ikkje i høve til partane i saka, jf. § 13b nr. 1, så i høve til Knegg vil skranken vere uaktuell. (Nb! Handtering av denne problemstillinga krev god oversikt over stoffet; eit stort pluss for dei som viser oversikt her. )

 

Kandidatane bør sjå at det her oppstår eit spørsmål om dokumentet er internt, jf. forvaltningslova § 18 andre ledd. Klaus Knegg vil likevel ha  rett til innsyn i "faktiske opplysninger" etter 3. ledd. Både utsegna om kvifor han hadde klagd og den medisinske diagnosen vil klart nok vere faktiske opplysningar. Nokre vil kanskje  vurdere om innsyn kan nektast etter § 19. Oppgåveteksten legg neppe opp til det, men eit pluss til dei som får noko ut av det.

 

Endeleg legg oppgåveteksten opp til å drøfte om unntaksgrunnen i § 17 andre ledd bokstav c - "opplysningene ikke har avgjørende betydning for vedtaket" - kjem til bruk. Notatet sin tittel var; "Er dette relevant for saken?" - og uttrykkjer dermed ein viss tvil frå sakshandsamaren si side om opplysningane burde vektleggjast.  Kommunen opplyser at notatet ikkje vart tillagt nemneverdig vekt.  Men sjølv om vekta som blir tillagt er lita, kan det likevel vere av "avgjørende betydning" om saka elles framstår som tvilsam. Her gjev ikkje faktum tilstrekkeleg med opplysningar. Eit stort pluss for dei som greier å få noko ut av problemstillinga.

 

Spørsmål 4:    Var Bein Holmsen inhabil til å behandle Klaus Knegg sin søknad om dispensasjon?

 

Det aktuelle alternative vilkåret for inhabilitet er § 6 andre ledd. Ei sentral utfordring for kandidatane er å sjå den terskelen som ligg i lova sitt vilkår – ”andre særegne forhold … som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet”. Holmsen må ha ei spesiell interesse i saka for å vere inhabil. Reint politisk usemje kan ikkje føre til inhabilitet. Det må føreliggje meir sterke personlege antipatiar. Kandidatane må drøfte om det er grunnlag for å seie at det føreligg slike. Dei ulike forhold - både knytt til notatet og dei politiske konfliktene - må sjåast i samanheng.

 

Til toppen