UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : oppgaver 1.studieår : JUS111

Det juridiske fakultet

Sensorkommentarar - obligatorisk kursoppgåve

1. studieår - JUS111 - 2005/2006

 

1. Innleiande merknader

 

Spørsmåla i oppgåva er relatert til tema som er handsama på første delen av kurset i forvaltningsrett I, hausten 2005. Problemstillingane som blir reist har - i større eller mindre grad – vore fokusert på under kurset – dvs. i førelesingar og/eller i oppgåvesamanheng. Dei aktuelle tema har også ei bra dekning i lærebøkene.

Som kjernelitteratur er i kursplanen sett opp Bernt/Rasmussen, Frihagens forvaltningsrett, Bergen 2003.

 

2. Faglege kommentarar

 

Sensorkommentarane er utarbeidd i lys av punkt 1.4. i Instruks om opppgåvegjeving og sensur for mastergraden. Her heiter det:

Sensorrettleiinga skal kort gjera greie for kva problemstillingar som det er rimeleg å vente at studentane tek opp. Vidare skal det gjerast greie for kva grunnlag kurset har gjeve for å svara på oppgåva. Så langt det er råd, bør det òg gjevast retningsliner for vurderinga.

Ein bør unngå at sensorrettleiinga inneheld ei utførleg framstilling av dei rettsspørsmåla som oppgåva reiser eller kan reise, og på det viset skapar eit urealistisk inntrykk av kva som kan krevjast av studentane.

Spørsmål 1:    Hadde menigheten Allahs venner rett til forhåndsvarsel med frist for å uttale seg?

 

1.1. Kandidatane må først avklare om forvaltningslova kjem til bruk. Dette er i og for seg slått fast direkte i § 15 første ledd i plan- og bygningslova. Men dei fleste kjem truleg til å resonnere på bakgrunn av forvaltningslova § 1. Begge vegane skal reknast som like gode.

 

1.2. Det er naturleg at studentane tidleg tek opp spørsmålet om saka gjeld enkeltvedtak. Paragraf 16 om førehandsvarsel står i kapittel IV som berre gjeld i enkeltvedtaksaker, jf. § 3 første ledd.

 

Særskilt har kommunen gjort gjeldande at vilkåret ”private personer” i § 2 første ledd bokstav a ikkje er oppfylt. Det er klart at kommunen ikkje er ein privat person. Men utfordringa for studentane er å finne unntaksregelen i § 2 siste ledd:

”Et forvaltningsorgan likestilles med privat rettssubjekt ved anvendelse av første ledd dersom organet har samme interesse eller stilling i saken som private parter kan ha.”

 

Også dei øvrige vilkår for enkeltvedtak reiser kommunen tvil om er oppfylt. Dette innbyr til ein gjennomgang av lova sine vilkår. Kurset skal ha gjeve godt grunnlag for dette. Det har vorte fokusert på fellesvilkåra (for enkeltvedtak og forskrift) i § 2 første ledd bokstav a og tilleggsvilkåret (for enkeltvedtak) i bokstav b. Det er ikkje tvilsamt at vilkåra er oppfylt. Det sentrale er korleis studentane argumenterer.

 

1.3. Oppgåveteksten legg opp til å drøfte om Allahs venner er ”part”, jf. § 16 første ledd jf. § 2 første ledd bokstav e. Det aktuelle alternativet i partsdefinisjonen er ”saken ellers direkte gjelder”.

 

Fokus i oppgåveteksten er på dei faktiske verknader vedtaket har/kan ha for Allahs venner. Eit pluss for dei som problematiserer om faktiske verknader naturleg kan seiast å falle innunder uttrykket ”direkte gjelder”. Kjerneområdet vil i alle fall vere der vedtaket har rettslege verknader. Førearbeida opnar for faktiske verknader; men ”direkte” peikar nok i retning av at det skal ein del til.

 

Kva konklusjon studentane kjem til i partsspørsmålet er mindre viktig. Men dei som svarar negativt, må naturlegvis gå vidare subsidiært om dei skal få med seg alt det oppgåveteksten legg opp å drøfte.

 

1.4. Utsegna om at det uansett var unødvendig ressursbruk å sende varsel på grunn av dårlege språkkunnskapar i menigheten, må så drøftast.

 

Det mest nærliggjande er vel å drøfte spørsmålet opp mot § 16 tredje ledd bokstav c; ”… varsel av andre grunner må anses åpenbart unødvendig”.  Studentane bør få fram at ”åpenbart unødvendig” allereie ut frå sin ordlyd er eit  strengt vilkår.

 

Les vi det som står i bokstav c i samanheng (første del av setninga er formulert slik; ”vedkommende part allerede på annen måte har fått kjennskap til at vedtak skal treffes og har hatt rimelig foranledning og tid til å uttale seg …”) får vi ein klar indikasjon på at det ikkje er den typen problematikk som er omhandla i oppgåveteksten som er påtenkt å falle inn under unntaksgrunnen, men heller det at varsel ut frå rettstryggleiksmessige vurderingar er ”åpenbart unødvendig”.  

 

Spørsmål 2:    Forutsatt at menigheten Allahs venner hadde rett til forhåndsvarsel: Har kommunen plikt til å iverksette tiltak for å sette menigheten i stand til å forstå et varsel?

 

Spørsmålet gjeld rekkevidda av forvaltninga si rettleiingsplikt, jf. forvaltningslova § 11. Studentane har ikkje hatt kursoppgåver som knyter seg til § 11. Men bestemminga har vorte omtalt (relativt kortfatta) på ei førelesing. Vi må forvente at studentane greier å finne fram til § 11, sjølv om det i oppgåveteksten ikkje er noko uttrykkeleg tilvising til denne paragrafen eller til forvaltninga si rettleiingsplikt.

 

Føresetnaden for spørsmål 2 er at vi reknar Allahs venner som part. Eit naturleg utgangspunkt kan då vere § 11 andre ledd:

 ”Forvaltningsorganer som behandler saker med en eller flere private parter, skal av eget tiltak vurdere partenes behov for veiledning. Etter forespørsel fra en part og ellers når sakens art eller partens forhold gir grunn til det, skal forvaltningsorganet gi veiledning om:

  1. gjeldende lover og forskrifter og vanlig praksis på vedkommende sakområde, og

  2. regler for saksbehandlingen, særlig om parters rettigheter og plikter etter forvaltningsloven. Om mulig bør forvaltningsorganet også peke på omstendigheter som i det konkrete tilfellet særlig kan få betydning for resultatet.”

Men korkje bokstav a eller b treff vel heilt godt på det som er problemstillinga i vår sak; språkproblem.  

 

Eit stort pluss for dei som då knyter opp mot bestemminga sitt føremål uttrykt i første ledd andre punktum:

Formålet med veiledningen skal være å gi parter og andre interesserte adgang til å vareta sitt tarv i bestemte saker på best mulig måte.”

 

Men i tredje punktum heiter det:

Omfanget av veiledningen må likevel tilpasses det enkelte forvaltningsorgans situasjon og kapasitet til å påta seg slik virksomhet.”

 

Dette siste kan kanskje oppfattast som at forvaltninga står fritt til å nedprioritere rettleiingsoppgåver. Men ut frå føremålsvurderingar – som gjerne kan knytast opp mot rettstryggleiksomgrepet –må det klart nok gå ei grense her. Der det er fare for alvorlege misforståingar treff vi rettleiingsplikta si harde kjerne. Det er nok tilfelle i vår sak.

 

Både oppgåveteksten og spørsmålsformuleringa er open når det gjeld kva tiltak det eventuelt skulle vere tale om å iverksetje. Her må vi difor forvente ulike innfallsvinklar frå studentane si side. Og på dette punkt vil kommunen ha eit betydeleg skjønn, jf. første ledd tredje punktum (sitert ovanfor).

 

Men det sentrale i spørsmål 2 er om kommunen har plikt til å treffe tiltak, ikkje kva tiltak.

 

Spørsmål 3:    Var Peder Ås inhabil?

 

Inhabilitetsregelen rammar kun fysiske personar. Alle tilsette i kommunen er dermed ikkje inhabile sjølv om kommunen er part i saka. § 6 første ledd bokstav a kjem altså ikkje til bruk.

 

Spørsmålet er naturleg å løyse etter § 6 andre ledd; ”andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet”.

 

Studentane bør markere den terskelen som ligg i ”særegne forhold”; det skal ein del til for å bli inhabil.

 

Det konkrete saksforholdet er henta frå det praktiske liv. Fokuset er nok for studentane litt uvanleg.

 

I dei fleste tilfelle der spørsmålet om inhabilitet kjem opp, er fokus retta mot tenestemannen (eller hans eller hennar næraste) sine private interesser i saka. Slik også i dei kursoppgåvene studentane har jobba med. Momentlista oppstilt i lovteksten sjølv – ”blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tape eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til” – reflekterer dette.

 

Utsegna om at Peder er inhabil fordi barnebarnet står i barnehagekø har fokus mot denne tradisjonelle problemstillinga. Dette bør alle kunne seie noko om.

 

Men den andre utsegna om kvifor Peder Ås er inhabil refererer seg til dei reint organisasjonsmessige fohold i kommunen. Dette reknar eg som vanskeleg stoff for studentane å trenge gjennom. Momentlista i andre ledd første punktum er ikkje til hjelp her.

 

Peder Ås er næraste overordna og ansvarleg for avgjerdene i dei to seksjonane.  Det kan openbert oppstå ei interessekonflikt mellom rollene som leiar for seksjon I (Saksbehandling og kontroll) og Seksjon II (Kommunens eigne byggjeprosjekt). Ønskjet om å få gjennomført kommunen sine eigne byggjeprosjekt kan skape risiko for at ein handsamar kommunen snillare i ein saksbehandlings- og kontrollfase enn private. Problemstillinga  kjem kanskje særleg klart til uttrykk i denne oppgåva der realiseringa av barnehageprosjektet var ei viktig sak politisk. Andre organisasjonsformer der dei to seksjonane ikkje har felles overordna på eit så lågt nivå – men heller sorterer under ulike avdelingsleiarar - framstår umiddelbart som meir betryggande. Men berre dei aller flinkaste trur eg vil få noko særleg ut av dette.

 

Konklusjonen er underordna argumentasjonen, som så ofte elles.

 


 

Forvaltningsrett I er det første reine jus-kurset for studentane. Å få ståkarakter på den obligatoriske kursoppgåva er eit vilkår for å få gå opp til avsluttande prøve/eksamen i januar 2006.

 

Grensa mot stryk (F) skal trekkjast liberalt. Berre studentar som ein allereie no – vel midtvegs i kurset – kan seie openbert ikkje vil ha noko å gjere på eksamen i slutten av januar skal strykast. Vi kan trygt seie det slik at all tvil skal kome studentane til gode.

 

Eg finn grunn til å understreke at hovudføremålet med den obligatoriske kursoppgåva er det pedagogiske; at studentane skal få tilbakemeldingar frå ein kvalifisert sensor på kvar dei står. I dette ligg at sensorane skal skrive kommentarar som er informative for studentane. Stikkordmessige kommentarar av den typen som sensorar  gjerne skriv seg imellom, men som ikkje gjev særleg meining for andre, er ikkje akseptabelt.

 

Studentane skal få ei tilbakemelding på kva nivå oppgåvesvaret blir vurdert å liggje på. Skalaen er ”øvre”, ”midtre” eller ”nedre” skikt.

 

1. Innleiande merknader.

 

Spørsmåla i oppgåva er tema som er handsama på første delen av kurset i forvaltningsrett I, hausten 2004. Problemstillingane som blir reist har - i større eller mindre grad -  vore fokuserte på under kurset – dvs. i førelesingar og/eller i oppgåvesamanheng. Dei aktuelle tema har også ei bra dekning i lærebøkene.

Som kjernelitteratur er i kursplanen sett opp Bernt/Rasmussen (Frihagens forvaltningsrett). 

 

2. Faglege kommentarar

 

Sensorkommentarane er utarbeidd i lys av punkt 1.4. i Instruks om opppgåvegjeving og sensur for mastergraden. Her heiter det:

Sensorrettleiinga skal kort gjera greie for kva problemstillingar som det er rimeleg å vente at studentane tek opp. Vidare skal det gjerast greie for kva grunnlag kurset har gjeve for å svara på oppgåva. Så langt det er råd, bør det òg gjevast retningsliner for vurderinga. 

 

Ein bør unngå at sensorrettleiinga inneheld ei utførleg framstilling av dei rettsspørsmåla som oppgåva reiser eller kan reise, og på det viset skapar eit urealistisk inntrykk av kva som kan krevjast av studentane

Spørsmål 1:    Gjelder forvaltningsloven og offentlighetsloven for Lillevik VAR A/S?

 

Problemstillinga er om Lillevik VAR A/S er eit ”forvaltningsorgan” som eit ”organ for kommune”, jf. forvaltningslova § 1 andre punktum og offentleglova § 1 første ledd andre punktum. Lovteksten i dei to lovene er heilt lik. Utgangspunktet må vere at løysinga også må vere den same.

 

Førearbeida til offentleglova peikar mot at offentleg verksemd som er utskilt til eigne rettssubjekt i utgangspunktet fell utanfor lovene sine verkeområde. Både Sivilombodsmannen sin praksis og teorien har likevel modifisert dette utgangspunktet. Eitt sentralt moment i vurderinga er kva type verksemd det er snakk om å skilje ut; ivaretaking av tradisjonelle offentlege ansvarsoppgåver, eller forretningsdrift? Eit anna moment er kor sterk styring/kontroll kommunen har forsett om å føre, trass utskillinga.

 

Spørsmål 1  føreset noko kunnskap om og forståing for betydninga av ulike måtar å organisere offentleg verksemd på. Dette må reknast som vanskeleg for førsteårsstudentar. Det bør difor ikkje trekkjast mykje for svikt under spørsmål 1. Derimot vil det vere eit pluss for dei som greier å få fram noko fornuftig.

 

Spørsmål 2:    Er kommunestyrets avgjørelse om tvungen tilknytning til det nye offentlige vannverket et enkeltvedtak?

 

Innleiingsvis bør kandidatane kommentere om forvaltningslova gjeld for kommunestyret. Svaret er opplagt. Nokre ser kanskje at spørsmålet direkte er løyst i §15 først ledd i plan- og bygningslova. Men det bør ikkje gje dårlegare uttelling om ein løyser spørsmålet åleine på bakgrunn av forvaltningslova § 1.

 

Vidare må det forventast at kandidatane får vist at dei har oversikt over vilkåra for enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav a, jf. b. Systematikken i lova har vore terpa på under kurset.

 

Det er sjølvsagt ikkje slik at det er avgjerande om kommunestyret sjølv har brukt ordet vedtak. Avgjerande er om avgjerda er eit vedtak etter forvaltningslova sin definisjon.

 

Tre vilkår legg oppgåveteksten særskilt opp til skal handsamast:

 

* kravet om at avgjerda må gjelde ”rettigheter eller plikter”, jf. bokstav a.

Nokre vil sjå at ”plikter” er eit alternativt vilkår som i alle fall er oppfylt.

”Rettigheter” kan reint språkleg forståast som at det berre er rettskravtilfella som blir omfatta. Men dette er ei for snever forståing både ut frå teori, førearbeid og praksis frå Sivilombodsmannen. Også inngrep i den fordel det har vore å sleppe tilknytning til kommunalt vassverk kan falle inn under omgrepet.

 

* vilkåret ”utøving av offentlig myndighet”, jf. bokstav a.

Tradisjonelt er dette eit vilkår kandidatane har problem med å «få tak på». Hovudpoenget er at avgjerda må vere særprega for offentleg verksemd samanlikna med privat. At heimelen for avgjerda er formell lov og representerer eit inngrep mot borgarane, inneber at vi står overfor eit typisk døme på ”utøving av offentleg myndighet”. 

 

* vilkåret ”en eller flere bestemte personer”, jf. bokstav b.

Utfordringa for kandidatane blir her å sjå at lova ikkje krev at personnamn blir brukt i vedtaket. Så lenge andre nemningar blir brukt som rimeleg presist klargjer kven som er omfatta av vedtaket, er det tilstrekkeleg. I vår samanheng er poenget at det nok er lite vanskeleg å finne fram til dei som er tilknytt private vassverk.

 

Spørsmål 3:    Hadde Klaus Knegg rett til å få varsel med frist til å uttale seg?

 

Paragraf 16 er irrelevant. Det går fram av første ledd første punktum at rett til førehandsvarsel ikkje gjeld for den som ved søknad allereie har uttalt seg i saka.

 

Spørsmålet blir så om ein rett til varsel med frist til å uttale seg, kan utleiast av § 17 andre ledd.

 

Oppgåveteksten legg opp til at fleire av vilkåra skal drøftast. For det første om det kan seiast at kommunen har mottatt (jf. "mottar") opplysningane. Språkleg kan det nok vere litt unaturleg å seie dette, all den tid samtalen notatet baserer seg på berre er overhøyrt. Men kandidatane bør også vurdere om grunngjevinga for regelen - å sikre rettstryggleiken til partane ved å gje dei høve til å forsvare interessene sine - tilseier ei anna løysing.

 

Det er vidare eit vilkår at parten har rett til å gjere seg kjent med opplysningane etter forvaltningslova. Kommunen fokuserer på offentleglova § 5a som unntaksgrunn. Bestemminga gjeld opplysningar underlagt lovbestemt teieplikt. Teiepliktsreglane har ein vore innom på kurset i førelesingssamanheng, men ikkje grundig. Utfordringa for studentane blir å forstå lova sin systematikk; at § 5a fører oss over  forvaltningslova § 13 første ledd. Det er klart nok at i alle fall opplysninga om ein psykiatrisk diagnose vil vere underlagt teieplikt, jf. forvaltningslova § 13, 1) "noens personlige forhold".   Men teieplikta gjeld ikkje i høve til partane i saka, jf. § 13b nr. 1, så i høve til Knegg vil skranken vere uaktuell. (Nb! Handtering av denne problemstillinga krev god oversikt over stoffet; eit stort pluss for dei som viser oversikt her. )

 

Kandidatane bør sjå at det her oppstår eit spørsmål om dokumentet er internt, jf. forvaltningslova § 18 andre ledd. Klaus Knegg vil likevel ha  rett til innsyn i "faktiske opplysninger" etter 3. ledd. Både utsegna om kvifor han hadde klagd og den medisinske diagnosen vil klart nok vere faktiske opplysningar. Nokre vil kanskje  vurdere om innsyn kan nektast etter § 19. Oppgåveteksten legg neppe opp til det, men eit pluss til dei som får noko ut av det.

 

Endeleg legg oppgåveteksten opp til å drøfte om unntaksgrunnen i § 17 andre ledd bokstav c - "opplysningene ikke har avgjørende betydning for vedtaket" - kjem til bruk. Notatet sin tittel var; "Er dette relevant for saken?" - og uttrykkjer dermed ein viss tvil frå sakshandsamaren si side om opplysningane burde vektleggjast.  Kommunen opplyser at notatet ikkje vart tillagt nemneverdig vekt.  Men sjølv om vekta som blir tillagt er lita, kan det likevel vere av "avgjørende betydning" om saka elles framstår som tvilsam. Her gjev ikkje faktum tilstrekkeleg med opplysningar. Eit stort pluss for dei som greier å få noko ut av problemstillinga.

 

Spørsmål 4:    Var Bein Holmsen inhabil til å behandle Klaus Knegg sin søknad om dispensasjon?

 

Det aktuelle alternative vilkåret for inhabilitet er § 6 andre ledd. Ei sentral utfordring for kandidatane er å sjå den terskelen som ligg i lova sitt vilkår – ”andre særegne forhold … som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet”. Holmsen må ha ei spesiell interesse i saka for å vere inhabil. Reint politisk usemje kan ikkje føre til inhabilitet. Det må føreliggje meir sterke personlege antipatiar. Kandidatane må drøfte om det er grunnlag for å seie at det føreligg slike. Dei ulike forhold - både knytt til notatet og dei politiske konfliktene - må sjåast i samanheng.

 

+