UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

UNIVERSITETET I BERGEN

Obligatorisk heimeoppgåve

2. studieår - JUS124 - hausten 2006

 

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk

Eigarane av sju gardsbruk i Trangvik vart i 1976 samde om å kjøpa ein eigedom inne på Trangsviksåsen, som var til sals. Formålet var å skaffa ekstra beiteland og skogsareal som kunne utnyttast saman med gardsbruka deira. Eigedomen var registrert som gnr. 16 bnr. 23 i Trangvik kommune, låg 5 km frå Trangvik, og var på 1400 dekar.

Eigedomen vart ved kjøpet overført til dei sju eigarane av gardsbruka, med ein sjuandepart på kvar. Det var ikkje inngått nokon formell sameigeavtale mellom kjøparane.  I åra etter kjøpet nytta sameigarane området som beite og nokre av dei tok også frå tid til anna ut noko tømmer frå skogen, når dei hadde bruk for materialer til vedlikehald av gardsbygningar e.l.

I 2005 var om lag 400 dekar av eigedomen dekka av gran- og furuskog, medan resten var beiteland. Berre fire av gardsbruka var framleis i drift. Alle bruka hadde skifta eigar minst ein gong. Ved alle eigarskifta som hadde funne stad, var også sameigeparten i gnr. 16 bnr. 23 overført til den nye eigaren. Eit av bruka, gnr. 17 bnr. 3 var eigt av John Olsen. Han hadde arva den etter ein farbror i 2000. Han budde i næraste by om lag 4 mil unna. I åra sidan han overtok hadde han utparsellert ein stor del av eigedomen til tomter. Han nytta våningshuset som  fritidseigedom. Drifta på eigedomen hadde blitt nedlagt alt i 1996. Drifta hadde også blitt nedlagt på to av dei andre bruka i perioden 1996 - 2002. Fire av sameigarane Peder Ås, Hans Tastad, Marte Kyrkjebø og Lars Holm dreiv framleis sine bruk som gardsbruk. Dei hadde nyleg overteke sine bruk og hadde investert i nye driftsbygningar m.m. for å satsa offensivt på gardsdrift.

John Olsen tok i 2005 opp spørsmålet om fordelinga av utnyttinga av eigedomen på Trangviksåsen. Han hadde ikkje sidan han tok over eigdomen i år 2000, utnytta sameigeeigedomen på nokon måte. Eigarane av dei to andre bruka som var nedlagt hadde heller ikkje utnytta sameigeeigedomen. Dei aktive gardbukarane hadde heile tida hatt dyr på beite der. John meinte at dei sameigarane som ikkje utnytta beiteressursen, måtte kunne krevja vederlag for at dei andre utnytta deira del i sameiga. Peder, Hans, Marte og Lars protesterte mot dette. Dei vedgjekk at dei hadde utnytta alle beiteressursane i sameiga, men meinte at så lenge dei andre ikkje utnytta sin del, måtte dei som var aktive gardbrukarar kunne utnytta dette utan å måtte betala vederlag. Det kunne i alle høve ikkje krevjast vederlag for bruk i tida før kravet vart sett fram. Dei meinte at dersom John og dei andre eigarane av dei nedlagte bruka var misnøgde med fordelinga, kunne dei ta ut tømmer for å få ut sin del av verdiane i sameiga. John gjorde på vegne av dei tre som ikkje dreiv landbruk, gjeldande at dei hadde krav på sin andel av alle utnyttingsmåtar, og at dei ikkje hadde plikt til å ta ut meir enn sin andel av skogen for å vega opp for at dei andre brukte meir enn deira del av beiteressursen. Uttak av større mengder skog ville krevja investeringar i skogsveg. Skogsdrifta ville då ikkje gje noko overskot.

John sette også fram krav om at sameigarane måtte få høve til å byggja ei hytte kvar på sameigeeigedomen. Han fekk støtte av dei andre som ikkje dreiv gardsbruk, men Peder, Hans, Marte og Lars motsette seg også dette. Dei meinte at dette låg klart utanfor formålet med sameiga og at det ville innebera at sameigarane fekk høve til eksklusiv bruk av tomter i sameiga, på ein måte det ikkje var høve til. Dei var også redde for at dette ville verka forstyrrande for dyr som gjekk på beite. John gjorde gjeldande at ei slik utnytting var i samsvar med utviklinga og at det ikkje ville vera noko vesentleg problem for beitebruken om kvar sameigar fekk ei hyttetomt i dette området.

På grunn av usemja som hadde oppstått i sameiga, sette John Olsen fram krav om å få sameiga oppløyst etter sameigelova § 15.

Dei andre sameigaren meinte at det ikkje var høve til å krevja oppløysing av eigedomen, då sameigepartane måtte reknast for å liggja til dei bruka som hadde kjøpt eigedomen. Det stod rett noko ikkje noko om dette i kontrakten, og sameigepartane var tinglyst på dei personane som var eigarar av dei aktuelle gardsbruka på det tidspunktet dei kjøpte, men det måtte vera klart at det var ein føresetnad at eigedomen skulle liggja i sameige mellom gardsbruka og fylgja desse. Den var kjøpt som tilleggsareal til gardsbruka og ein hadde ved seinare eigarskifte til nokon av gardsbruka, alltid overført sameigeparten i eigedomen til den same personen som hadde overteke gardsbruket. 

John Olsen meinte at dette var ei personleg sameige mellom dei som hadde part i sameiga. Det var ikkje tale om ei tradisjonell jordsameige, men ein eigedom som gardbrukarane hadde kjøpt. Rett nok hadde utnyttinga av sameigeeigedomen hatt samanheng med gardsdrifta, men dette innebar ikkje at ein hadde bunde seg til å la sameigepartane fylgja gardsbruka. Det måtte også takast omsyn til at det hadde skjedd ei utvikling der mange av bruka var lagde ned og ikkje lenger hadde bruk for tilleggseigedomen i landbrukssamanheng.

----------------------------------

Drøft og ta stilling til dei krav og påstandar som er reist i oppgåva.

Til toppen