UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

UNIVERSITETET I BERGEN

Obligatorisk heimeoppgåve

2. studieår - JUS124 - hausten 2007

 

Utbygging av småkraftverk i Heimstadelva

 

Bakgrunn

Dei seinare åra har interessa for utbygging av småkraftverk auka kraftig. Ei slik utbygging av mindre fossar og elvar krev ofte samarbeid mellom fleire grunneigarar og rettshavarar. Bak kvart småkraftverk som vert bygd i Noreg, står det gjennomsnittleg tre grunneigarar. Inntektspotensialet er i gjennomsnitt meir enn 500 000 kroner årleg per eigar.[1] Om du vil, kan du lesa meir om utbygging av småkraftverk på nokre av nettsidene nedafor, men dette er ikkje naudsynt for å kunna svara på oppgåva:

 

www.nve.no/modules/module_111/news_item_view.asp?iNewsId=29910&iCategoryId=1484

(Noregs vassdrags- og energidirektorat)

www.bondelaget.no/tema/dbafile37727.html

(Noregs Bondelag sine avtalemalar)

www.kraftverk.net/index.php

(Småkraftforeininga, ein interesseorganisasjon)

www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=1323&amid=1148132

(Fylkesmannen i Hordaland, link til ein folder)

 

 

Oppgåve

 

1. Heimstadelva renn frå Gråvatnet, utfor Gråvassfossen og gjennom den vesle bygda Heimstad og ut i fjorden. Mellom Gråvatnet og fjorden ligg bnr. 1 og 2 på nordsida av elva, medan bnr. 3 og 4 ligg på sørsida. På skissa på neste side ser du eigedomsforholda teikna inn.

 

Innmarka på dei fire bruka vart utskift i 1885. Korkje Gråvatnet eller elva vart utskift, og eigarane er difor sameigarar i vassdraget. Dei fire sameigarane er samde om at dei ønskjer å byggja ut eit småkraftverk i elva, og har god tru på at konsesjon vil verta gjeve. Det er planlagt ei røyrgate frå Gråvatnet, langs fossen og elva nedetter, så langt det er fall, der det skal byggjast ein kraftstasjon. Ein avtale med den lokale netteigaren sikrar at dei skal få føra all krafta ut i høgspentnettet.

 

Det skal skipast eit aksjeselskap der eigarane av dei fire bruka skal eiga 25 % kvar. Aksjeselskapet skal leiga fallrettane av dei fire bruka, og stå for sjølve utbygginga, både av inntakspunkt, røyrgate og kraftstasjon. Selskapet skal dessutan betala leige til den som er grunneigar eller rettshavar der kraftstasjonen skal liggja. Seinare skal selskapet stå for drifta av anlegget.

 

Kraftstasjonen kjem til å verta eit mindre bygg på om lag 55 m2. Eigarane har vorte usamde om kor kraftstasjonen skal liggja og i den samanheng om utnytting av eldre rettar til kvernhustomt og opplagsplass. Denne usemja gjer at planlegginga er i ferd med å stogga opp.

 

 

2. Einar og Tonje ønskjer å gje aksjeselskapet rett til å setja opp kraftstasjonen på ei kvernhustomt på sørsida av elva innanfor Firmann sin eigedom, bnr. 4 (kvernhustomta er avmerka som «C» på kartet). Ved utskiftinga i 1885 fekk bnr. 1 og 2 ein rett til å ha kvern (mølle) på denne tomta. I utskiftinga heiter det:

 

«Til Bnr. 1 og 2 ligger det gamle Kvernbrug ved Elvens søndre Bredde.»

 

Kvernretten har ikkje vore i bruk på om lag 90 år, og berre nokre mosegrodde murar viser kvar den gamle kverna stod.  Dei meiner dei har eigedomsrett til tomta. Sjølv om dette skulle reknast som ein bruksrett, må den kunne nyttast som grunnlag for å plassera ein kraftstasjon, som også inneber utnytting av vasskrafta. Dei meiner at dei uansett skal ha grunnleiga for kraftstasjonen, sidan det er dei som har retten til dette området.

 

Firmann meiner at denne gamle retten var avgrensa til kvernhustomt og ikkje gjev rett til oppføring av ein kraftstasjon. Dette vil gå langt utanfor det innhaldet retten har etter utskiftinga. Industriell produksjon av kraft til marknaden er noko langt meir enn ein rett til å mala korn til hushaldet, meiner han. Firmann meiner dessutan at ei slik utleige av retten til aksjeselskapet vil vera jamgodt med å avhenda retten, noko han som eigar av bnr. 4 meiner å kunna setja seg imot. Han gjer også gjeldande at retten må ha falle bort etter å ha lege unytta i så lang tid, og når formålet retten i si tid hadde, ikkje lenger er aktuelt.

 

 

3. Bnr. 1, 3 og 4 har ein rett til å leggja opp tømmer og kubb på bnr. 2 sin grunn, nede ved elva (på skissa avmerkt «A»). Retten vart tidlegare brukt i samband med løyping (fløyting) av skogsvirke i elva, frå skogområda rundt Gråvatnet. No har eigedomane for lengst fått skogsveg inn til området, og det har ikkje vore løypt på om lag 60 år. Opplagsplassen er om lag 170 m2 og er i dag gruslagd. Retten er i utskiftinga skildra slik:

 «De tre Brug haver Ret til at under Løpningen bruge den ved Elven afmerkede Plads til Oplag for Skovsvirke.»

 

Trevor og Firmann ønskjer at denne retten skal flyttast lengre opp i elva, til staden avmerkt «B». Dei meiner at denne retten då kan leigast ut til aksjeselskapet. Dette protesterer Einar mot. Han meiner at Trevor og Firmann ikkje kan visa til noko rettsgrunnlag for å krevja å flytta retten dei har saman, mot hans vilje.

 

Han peikar dessutan på at innhaldet i retten i tilfelle vil endra seg totalt. Einar ønskjer å bruka opplagsplassen framleis, og har dei seinare åra hatt båten sin vinterlagra der, saman med ein del siloballar. Ei flytting vil gjera det uråd for han å nytta opplagsplassen til desse formåla. Trevor og Firmann viser til at Einar sin bruk ligg utanfor det opplagsplassen var tenkt til. Dessutan meiner dei at Einar som er i mindretal ikkje kan motsetja seg deira ynskje om ei flytting av retten.

 

Trevor og Firmann peikar på at elva – og dermed retten – i dag best kan utnyttast ved å byggja småkraftverk, og at dette då må vera i samsvar med kva dei kallar «den eigentlege meininga» i retten.

 

I høve til Tonje som grunneigar gjer dei gjeldande at retten må kunne krevjast flytta etter servituttlova § 5.

 

Tonje meiner dette går utafor rammene av servituttlova § 5. Føresegna opnar etter hennar syn ikkje for omgjering av ein tømmeropplagsrett til ein rett til å ha ståande ein kraftstasjon, som er ein utnytting av eit heilt anna slag. Dessutan vil ei nyordning føra til ulemper for Tonje. Frå kraftstasjonen vil det koma ein god del støy, og denne vil ho høyra frå huset sitt, som ligg i underkant av 200 meter frå elva (sjå skissa, der huset er markert). Til kraftstasjonen må det også byggjast veg, og denne vil, ut frå topografien i området, måtte gå gjennom tunet til bnr. 2 (sjå vegtraséen teikna inn på skissa). Vidare må det leggjast kraftleidningar i jorda over bnr. 2 sin grunn fram til høgspentlina som går langs vegen gjennom Heimstad.

 

Trevor og Firmann meiner for det første at retten ikkje vil endra seg; det gjeld i dag som i 1885 ei rasjonell utnytting av elva. For det andre vil inntektene frå kraftstasjonen koma Tonje og bnr. 2 til gode. Og kraftutbygginga vil fjerna støyen frå Gråvassfossen, noko som også vil koma Tonje til gode, slik huset hennar er plassert. Noko køyring gjennom tunet bør ho kunna finna seg i, meiner dei òg. Leidningane gjennom grunnen vert dessutan fullt kompenserte av at Tonje no kan innlema opplagsplassen i eigedomen sin, og dermed få eit større areal enn det som går med til kraftstasjonen.

 

Tonje svarar med å seia at ein ikkje kan samanlikna den naturlege susen frå Gråvassfossen med duren frå ein kraftstasjon.

 

I alle høve meiner Trevor og Firmann at servituttlova § 6 kan vera ein heimel for å få retten flytta og endra. Tonje er ikkje samd i dette. Ho peikar særleg på at det er høve til å plassera stasjonen på motsett side av elva, der partane er samde om at det ikkje vil oppstå dei same ulempene med støy og tilkomst.

 

 

4. Motsegn har også kome frå den 76 år gamle onkelen til Tonje, Sjur Heimstad. Han bur på bnr. 7, det gamle kårhuset på bnr. 2, som står på ei tomt som har vorte skilt frå eigedomen. Sjur Heimstad vil ikkje akseptera noka utbygging av Heimstadelva, og langt mindre oppføring av ein kraftstasjon 150 meter frå eigedomen sin. Han viser i samband med dette til grannelova § 2:

 

Heimstad har alltid vore ein fredeleg stad, seier Sjur. Han vil ikkje ha eit slikt industrielt anlegg i nærleiken av seg, som vil laga støy og føra til auka trafikk gjennom tunet. Han er gammal, og ønskjer ro. Han meiner dessutan at den flotte Gråvassfossen – som han har god utsikt til – vil verta heilt øydelagd, og planane om ei skjemmande røyrgate reagerer han veldig på. Sjur meiner også at anlegget, som på grunn av store investeringskostnader ikkje vil gje overskott dei første 20 åra, er ei heilt unødvendig naturøydelegging. I alle høve meiner han at det er unødvendig å leggja kraftstasjonen på nordsida av elva. Anlegget kan utan vanskar plasserast på den andre sida av elva, som vil vera om lag 250 meter vekke frå huset hans.

 --------------

 Grunneigarane ønskjer hjelp til å få utgreidd og avgjort dei rettsspørsmåla som er reist i saka. Dei vil innretta seg etter svara i ei slik utgreiing, idet dei ikkje vil velta heile utbygginga på grunn av spørsmålet om plassering av kraftstasjonen. Dei er innstilte på å forhandla vidare om plasseringa med utgangspunkt i dei svara du kjem til om utnytting av dei gamle rettane som grunnlag for plassering av kraftstasjonen. Grunneigarane ønskjer også ei vurdering av motsegna frå Sjur Heimstad. Du vert beden om å skriva ei slik utgreiing. Utgreiinga skal ikkje vera meir enn 3 000 ord. – Lukka til!

 


[1] Opplysningane er frå artikkelen «Næringsutvikling: Seminar om småkraft» på Landbruksdepartementet si nettside (www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2007/April-07/Grunneierseminar-om-smakraft-.html?id=462217).

 

Til toppen