UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

 

UNIVERSITETET I BERGEN

SENSORRETTLEIING HEIMEEKSAMEN

2. STUDIEÅR - JUS124 - VÅREN 2004

 

Nynorsk:

1    Tilhøvet til kurslitteratur og undervisning

Oppgåva tek opp sentrale problemstillingar kring grannerett og servituttar og kjem noko inn på ”strandretten”. Alt dette er godt dekt i kjernelitteraturen for kurset, og tilsvarande spørsmål har vore oppe i kursoppgåver som er løyste før heimeeksamen (men kursoppgåva om grannerett blir ikkje gjennomgått før etter at heimeksamen er levert).

I og med at det gjeld ein heimeeksamen, kan ein vente at studentane har sett seg nærare inn i noko av den rettspraksisen som det er vist til i litteraturen.

2    Teksttype

Studentane blir bedne om å skrive ei utgreiing. Det gjeld ei advokatutgreiing, men reelt sett blir det ikkje stor skilnad i høve til tradisjonelle praktiske oppgåve. Føremålet med å sjå det som ei advokatutgreiing er å koma bort frå dei rigide mønstra for oppgåveoppsett som har florert, og som har fjerna dei praktiske oppgåvesvara frå det som eingong må ha vore den praktiske bakgrunnen. Studentane har prøvt ei tilsvarande form i kursoppgåve 1 i tingsrettskurset.

3    Problemstillingar som bør takast opp

3.1    Avtala forbod (negativ servitutt)

Marte viser til kjøpeavtalen der det står at eigedommen skal brukast til fritidsføremål. Har ho rett i at dette hindrar den planlagde bruken, gjeld det i realiteten ein negativ servitutt over eigedommen.

Dette blir eit spørsmål om avtaletolking. Ordlyden gjev ikkje mange haldepunkt. Ser ein på omstenda kring avtalen, kan ein peike på at Marte godt kunne sjå seg interessert i å ta inn ein slik servitutt i og med at bustaden hennar låg så nær. Det er i og for seg ikkje grunn til å tru at Peder ville ha hatt innvendingar mot ein slik servitutt, med det føremålet Peder opphavleg hadde med kjøpet. På den andre sida kan det seiast at Marte burde ha formulert eit forbod tydelegare, og det hadde også vore nærliggjande å tinglyse ein eventuell servitutt (men det er berre eit tolkingsmoment; ein servitutt er gyldig utan tinglysing). Det er like nærliggjande å sjå klausulen som ei opplysning om kva føremål partane meinte eigedommen kunne tene til.

3.2    Grannelova

Tilhøvet til grannelova krev mest omfattande drøfting. Her bør studentane fort finne fram til gl. § 2 og alternativet ”urimeleg” ulempe (om det oppstår fysiske skadar veit vi ikkje, men skiljet mellom ”skade” og ”ulempe” er ikkje viktig her). Ingenting tyder på at ulempene er ”uturvande”. I rimelegvurderinga spør ein om ulempene er ventelege etter tilhøva på staden, eventuelt om dei er verre enn det som plar følgje av vanlege bruks- eller driftsmåtar.

Her kjem det inn som eit moment at det var ein gammal industrieigedom, og ein må spørje kva vekt det har at drifta hadde vore nedlagd i fleire år. Da Peder kjøpte, var dette tydeleg eit roleg område.

Her er det rom for fleire løysingar. Ein kan seie at dei faktiske opplysningane alltid blir snauare i slike oppgåver enn dei vil vera i praksis, men studentane må nytte dei momenta dei har.

3.3    Strandretten

Ein har sett det slik at strandretten mellom anna omfattar retten til å bruke eigedommen til bading og friluftsliv, og spørsmålet blir om Marte på dette grunnlaget kan motsetje seg den planlagde bruken av bnr. 2.  At aktivitetane er til ulempe for bruken av Martes eigedom til slike føremål, er greitt nok. Det spørst likevel om dette gjev noko grunnlag til å motsetje seg planane uavhengig av det som følgjer av grannelova. Tilhøvet mellom strandretten og grannelova er drøfta i Rt. 1996.1457, som er omtala i kjernelitteraturen (og som kan ha vore oppe i storgruppemøte i tilknyting til kursoppgåve 1).

3.4    Peders rett til bruk av kaia

Marte meiner at Peder ikkje kan bruke kaia fordi han ikkje har rett til sjøgrunnen. Ein kan ta utgangspunkt i avtalen. Det var tydeleg at Peder skulle ha rett til å leggje til med den gamle seglskuta. Bruken av kaia må slik sett ha vore eit viktig poeng da han kjøpte eigedommen. Også elles måtte ein helst koma til at det er tillate å leggje til for lasting ved ei kai sjølv om eigaren ikkje har rett til sjøgrunnen. Men det kan vera rom for fleire syn her.

3.5    Vegretten

Marte meiner at Peder ikkje kan bruke vegen til lastebiltrafikk. Her bør studentane ta utgangspunkt i avtalen og elles fylle ut med servituttlova. Avtalen gjev ikkje haldepunkt ut over det som alt er nemnt om fritidsbruk. Utfylling etter servituttlova må nok stort sett skje etter same liner som vurderinga etter grannelova; slik sett viser oppgåva samanhengen mellom ”generalklausulane” i desse lovene. Det er eit poeng at Peder tek på seg nødvendig ekstra vedlikehald.

4    Vurderinga

Det skal takast omsyn til at studentane ikkje har arbeidt meir enn ein månads tid med tingsretten, og ein kan ikkje krevje djuptgåande innsyn i reglar og tenkjemåte på området. På den andre sida skal studentane kjenne hovudprinsippa for avtaletolking frå førsteavdeling, og dei har arbeidt med tilsvarande tingsrettslege problemstillingar i kurset. Etter kvart skal dei også ha noko trening i skrive om rettslege spørsmål. Ein bør leggje vekt på om studentane er i stand til å finne dei viktigaste rettslege grunnlaga og å drøfte dei forsvarleg. Ved ein heimeeksamen gjev ikkje store mengder med tilvisingar til litteratur og dommar i seg sjølv så mykje utteljing, men dersom studentane har funne fram til relevant materiale og bruker det godt, skal det sjølvsagt lønast.

Til toppen