UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

 

UNIVERSITETET I BERGEN

Sensorrettleiing -  obligatorisk kursoppgåve

2. studieår - JUS124 - vår 2006

Spørsmål 1, gjeld spørsmålet om retten har gått over til dei arvingane etter Lars Holm. Dette avheng av om rettane er overførbare. Utgangspunktet er etter servituttlova § 9 at retten kan overførast. Spørsmålet her er om noko anna er avtalt, jf. § 1, 2. stykket. Alternativa er at retten kan vera personleg og overførbar eller ikkje overførbar, eller ein reell rett som ligg til bnr. 3 (resteigedomen). Oppgåva gjev ikkje så mykje tolkingsmoment, og ein kan ikkje krevja for mykje av studentane si evne til å argumentera her. Det er gjort greie for ein del rettspraksis i lova. Bergsagel-domen frå 1965/66 er sentral her (eg er på reise og har ikkje tilgang til lovdata). Studentar som kjenner rettspraksis og klarer å utnytta dette må krediterast.

 Det kan neppe leggjast særleg vekt på uttrykket seljaren. Det kan både vera meint ein personleg rett og at retten vert liggjande til resteigedomen. Det er tale om jakt- og fiskerettar og det går fram at Lars Holm var interessert i dette, noko som kunne takast til inntekt for at det kunne vera ein personleg rett, men det er på den andre sida tale om nokså omfattande rettar, som nok har økonomisk betydning og det kunne ha vore grunn til å regulera det særskilt, dersom det var tanken at rettane skulle gå over til bnr. 2 når Lars fall frå, eller om dei skulle vera uoverførbare i hans levetid. Heller ikkje dette er likevel avgjerande. Det er ikkje tale om rettar som er naudsynte for at resteigedomen skal kunne fungera som eigedom. Ein får her sjå kor godt studenten argumenterer. Det viktige er at dei ser det rettslege grunnlaget og viser forståing for tilhøvet mellom personlege og reelle rettar.

Ei problemstilling som truleg få ser, er spørsmålet om retten til laksefiske i sjøen fell under servituttlova. Det er tale om rettsutøving over område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett. Etter mitt syn må nok lova her tolkast slik at også ein slik rett ville vera omfatta. Det er tale om utøving av ein rett som elles ville liggja til den faste eigedomen etter lova, og då må det vera utøving av rett over framand fast eigedom. Ein student som problematiserer dette må krediterast, same kva resultat han kjem til.

Studentane skal få fram argumentasjonen og også ta stilling til kor sterkt Lars si sak står. Dei som klarer dette må krediterast, men ein kan kanskje ikkje venta så mykje her, sidan dette kanskje er noko studentane ikkje er så vane med.

Spørsmål 2, er det sentrale og mest omfattande spørsmålet i oppgåva. Her reiser det seg kanskje nokre disponeringsproblem.

Spørsmålet om vedtaket om utleige av huset er i samsvar med lova, er eit spørsmål om tilhøvet mellom sameigarane sin rett til individuell utnytting og retten til fleirtalsvedtak etter sameigelova § 4. Studentar som har kome til at sameigelova ikkje gjeld, må likevel drøfta dette subsidiært.

Utgangspunktet er etter sameigelova at kvar av sameigarane har rett til å nytta tingen til det den er etla, vanleg brukt til eller anna som er i samsvar med tida og tilhøva, § 3. Så lenge noko anna ikkje var fastsett, måtte vel Hanne ha rett til å nytta huset som fritidshus i helger og ferier, utan at dette utløyser krav på vederlag, så lenge ho ikkje går ut over sin part. Det går ikkje direkte fram av oppgåva om det er reist krav om leige for den tida som har gått, så det kan ikkje krevjast at studentane går inn på dette, men det vil vera naturleg å ta opp som eit utgangspunkt. Eit moment i denne saka er vel at Hanne truleg har besøkt foreldra i ferier og helger medan dei budde der, og at det kan vera naturleg at den bruken heldt fram.

Spørsmålet blir om Jon og Marie ved fleirtalsvedtak kan fastsetja noko anna. Dei ynskjer ikkje her å bruka huset og den einaste måten dei då kan få nytte av sin eigedomsrett til det, vil vera gjennom utleige av sine partar. I praksis vil det innebera at heile huset må leigast ut permanent. Hanne har ikkje bruk for huset på ein slik måte at ho vil kunne motsetja seg dette. Vedtak om utleige i staden for bruk, vil vera innafor rammene av det fleirtalet kan gjera vedtak om etter sameigelova § 4. Det er ikkje noko moment i denne vurderinga at Hanne har eiga tomt og vil kunne byggja der. Spørsmålet om utnyttinga av retten til huset må fastleggjast utan omsyn til dette.

Spørsmålet om bortleige av jakt- og fiskeretten er for så vidt ein parallell til det som gjeld bortleige av huset, men det kan vera nokre andre omsyn som gjer seg gjeldande og difor må drøftast.

Jon gjer for det fyrste gjeldande at sameigelova ikkje gjeld for jakt- og fiskeretten, fordi dette ikkje er felles eigedomsrett, men felles servituttar.

Spørsmålet tek sikte på å få fram om studentane ser skilnaden mellom det å ha felles eigedomsrett og det å ha andre rettar i fellesskap. Dette kan tenkjast å vera eit vanskeleg problem for ein del av studentane, men det har vore drøfta på forelesingane og det går fram av boka kva sameigelova gjeld for.

I dette tilfellet er føresetnaden at rettane har gått i arv. Det er to mogelege alternativ for dette, jf. spørsmål 1. Retten kan anten verta rekna som personleg, men likevel overførbar. Det mest naturlege dersom retten skal gå i arv, vil likevel vera at rettane vert rekna for å liggja til bnr. 3, og då må ein truleg leggja til grunn at desse rettane bli sett på som ein del av eigedomen, bnr. 3. I så fall gjeld sameigelova direkte også for rettar som ligg til eigedomen.

Om ein ser på rettane isolert frå den herskande eigedomen, gjeld ikkje sameigelova direkte. Etter forarbeida skal lova likevel gjelda analogisk for slike samrettshøve. Det er lagt til grunn at reglane i sameigelova gjeld som utgangspunkt, men slik at det må gjerast unnatak der lova ikkje høver. Her er det tale om omfattande rettar i utmark som har blitt liggjande i samrettshøve mellom sameigarane til eigedomen. Det kan nok reisast spørsmål om ein kan anvenda fleirtalsvedtaksregelen i sameigelova gjennom analogi. Etter mitt syn vil det vera grunnlag for dette, sjølv om ein ser på rettane isolert. Det er neppe grunn til at tilhøvet mellom dei som har slike rettar i fellesskap, skal stilla seg annleis enn sams eigedomsrett til utmark som i stor grad vil gjelda jakt og fiske, ved sida av beite og hogst. Studentar som ser samanhengen mellom lovene og drøftar forstandig må krediterast også her. Ein kan heller ikkje trekkja for mykje hos studentar som ikkje har grep på denne problematikken.

Dersom det er høve til fleirtalsvedtak, må ein også her kunne leggja til grunn at fleirtalet, som her vil vera Marie og Hanne, som utgangspunkt kan gjera vedtak om utleige. Rett nok vil det kunne hevdast at det her lettare vil vera høve til å leiga ut deler av jaktretten, slik at ein kunne la kvar sameigar disponera over sin del av jaktretten. Jon kunne då utnytta sin jakt- og fiskerett sjølv, og dei to andre kunne leiga ut sine deler av jakt- og fiskeretten, anten saman eller kvar for seg. Etter mitt syn kan Jon likevel neppe motsetja seg felles utleige. Grensene for fleirtalet sin kompetanse går fram av § 4, og Jon kan vanskeleg påberopa seg at fleirtalet her går ut over grensene for § 4.

Problemet her vil vera tilhøvet til sameigelova § 10, 2. stykket. Føresetnaden for drøftinga er at rettane ligg til eigedomen. Det kan her reisa seg til dels vanskelege spørsmål om tilhøvet mellom sjølve utmarkssameiga, som ligg til bnr. 1 og 2, og der bnr. 3 altså har jakt- og fiskeretten som låg til bnr. 3 før avhendinga av sameigeparten til bnr. 2, og den interne sameiga mellom eigarane av bnr. 3.

I høve til bnr. 1 og bnr. 2 har bnr. 3 ein servitutt, og det vil vera servituttlova § 9 andre stykket som regulerer spørsmålet om bnr. 3 kan avhenda eller leiga bort sin servitutt. Bnr. 1 og 2 ville også kunne påberopa seg servittuttlova § 10 ved ei avhending av servitutten. Dette er det likevel ikkje reist som tvist i oppgåva, og det kan ikkje krevjast at studentane går inn på dette.

Tilhøvet mellom dei to sameigene har likevel relevans for løysinga av spørsmålet om Jon kan påberopa seg sameigelova § 10 andre stykket. Spørsmålet her er om rettane i utmarka kan skiljast frå eigedomen og avhendast særskilt, eventuelt leigast bort. Regelen i sameigelova § 10 andre stykket tek sikte på tilhøvet der sameigehøvet består mellom fleire bruk, jf. Formuleringa "sameige mellom bruk". I dette tilfellet ligg rettane til eit bruk som er eigt i eit personleg sameige mellom dei tre syskena. Etter mitt syn vil regelen difor vera at Jon ikkje vil kunne påberopa seg sameigelova § 10 andre stykket i høve til systrene. Saka er altså at sjølv om rettane ligg til den faste eigedomen, står vi overfor ei personleg sameige. Sameigelova § 10 andre stykket gjeld såleis ikkje.

Dette er eit vanskeleg spørsmål som krev evne til lovtolking og analyse av rettshøvet. Det bør ikkje trekkjast for mykje for studentar som får vanskar fordi dei ikkje ser dette.

Dersom studentane gjev seg inn på å drøfta tilhøvet til sameigelova § 10 andre stykket, blir det spørsmål om sameigeparten likevel kan avhendast fordi den ikkje trengst eller er ulagleg til utnytting saman med eigedomen. Jakt- og fiskerettar har sjølvsagt verdi og vil auka verdien av eigedomen. Regelen i sameigelova § 10 andre stykket tek nok sikte på å motverka at sameigepartar blir skilt frå landbrukseigedomar. Her er det likevel tale om ein eigedom som etter det som framgår, ikkje lenger er i drift som landbrukseigedom. Den kan vel oppfattast som ei stor tomt, som ikkje gjev noko næringsgrunnlag. Mitt syn er difor at rettane må kunne skiljast frå eller eventuelt leigast ut, som det er tale om i dette tilfellet, og fleirtalet må altså kunne ta avgjerd om dette. Studentar som drøftar tilhøvet til sameigelova § 10 andre stykket på ein forsvarleg måte må også krediterast for dette. For studentar som ser at denne regelen ikkje gjeld, kan det ikkje stillast krav om subsidiær drøfting, men det er sjølvsagt ingen feil om dei drøftar dette subsidiært.

Spørsmål 3, tek sikte på at studentane skal drøfta nokre sentrale spørsmål i høve til grannelova § 2. Det er ikkje enkelt å gje oppgåver om tolegrensa etter § 2, fordi det er vanskeleg å få fram nok moment til at studentane kan ta standpunkt til om noko er urimeleg til ulempe. Spørsmålet om noko er uturvande til ulempe er noko enklare å gje oppgåve om.

Faktum i oppgåva ligg nokså nær opp til grisehusdomen og studentane kan sjølvsagt finna mange moment til drøftinga ved å sjå på denne domen. Det må likevel vurderast kor godt studentane drøftar i høve til denne oppgåva.

Studentane bør sjå at det her oppstår spørsmål om huset er uturvande til ulempe. Det går fram at det i og for seg er gode grunnar til å byggja grisehuset reint økonomisk eller driftsmessig. Spørsmålet er om plasseringa fører til at bygget er uturvande til ulempe. Det er klart at ei anna plassering ville ha ført til mindre ulempe for bnr. 3 og dei tomtene som er delt frå dette bruket. Det er anført ulike grunnar til denne plasseringa og dei verkar i og for seg relevante, men utgangspunktet her bør vel vera at Ås har plikt til å finna ei plassering som er minst mogeleg til ulempe for grannen. Kostnadane ved ei anna plassering er sjølvsagt eit moment i vurderinga, men det framgår ikkje at prosjektet vil bli ulønsamt gjennom dette. Det går ikkje fram kor stor totalinvesteringa er, men ein må anta at den er vesentleg høgare enn dei kr. 150.000 i meirkostnader. Meirkostnadane er såleis etter mitt syn neppe tilstrekkeleg til å seia at ulempa ikkje er uturvande. Ved vurderinga av kva tiltak som må krevjast for å avhjelpa ei ulempe, må det også takast omsyn til kor omfattande ulempa er.

Det kan ikkje vera så avgjerande kva konklusjon studentane kjem til her. Det avgjerande er kor godt dei får fram momenta og om dei argumenterer forsvarleg.

Spørsmålet om tiltaket er urimeleg avheng av kva som er venteleg og kva som er vanleg ulempe. Det er truleg venteleg at det kan koma eit grisehus av denne typen i eit landbruksstrøk. Det er plasseringa tett inn til grensa som i tilfelle gjer dette tiltaket urimeleg. Det er ikkje opplyst noko nærare om kva støy og luktproblem eit slikt grisehus fører med seg, men det skal vel ikkje så mykje fantasi til å tenkja seg at dette er nokså inngripande. Ulempa vil nok overstiga det som er vanleg ulempe av landbruksdrift. Sjølv om det er venteleg med grisehus av denne typen ut frå utviklinga, er det neppe venteleg å få det så tett inn til eigedomen. Venteleg-kriteriet er heller ikkje uttømande. Det kan tenkjast at ein ville kunne nytta føresegna i 4. ledd her, men det er neppe naudsynt for å koma til at tiltaket er i strid med lova. 

Det har ikkje noko å seia at dei offentlege løyva er innhenta og det vil vera ein feil om studentane skulle leggja særleg vekt på dette.

Oppgåva må vel reknast som relativt enkel, og det avgjerande for plasseringa er kor godt studentane argumenterer og om dei syner oversikt og forståing for føresegnene i § 2. Dette inneber også at det må trekkjast for studentar som eventuelt ikkje får til noko på denne oppgåva.

Til toppen