UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

 

UNIVERSITETET I BERGEN

Sensorrettleiing -  obligatorisk heimeoppgåve

2. studieår - JUS124 - Hausten 2007

 

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk

 

Utbygging av småkraftverk i Heimstadelva

Lærarrettleiing

 

 

A         Om faget og læringskrava

Studentane har før denne oppgåva arbeidd med tingsrett i tre veker. Dei har skrive tre mindre oppgåver og hatt eitt storgruppemøte. I kursoppgåve 2 møtte dei sameigelova, og skulle drøfta forholdet mellom fleirtalet og mindretalet i sameiga når fleirtalet ønskjer å gå i gang med ei meir tidhøveleg utnytting av sameigetingen (sjå særleg sameigelova § 4). I kursoppgåve 3 galdt det utparsellering av ein utmarksteig til hyttetomter, og spørsmålet om vegretten til utmarksteigen kunne følgja med, og bruken utvidast (særleg servituttlova §§ 9 og 2).

 Studentane fekk utdelt denne obligatoriske kursoppgåva måndag morgon, og oppgåva vart levert inn fredag morgon.

 

Læringskrava lyd slik:

 «Etter å ha gjennomført kurset skal studenten:

 

Kunna gjennomføra praktiske og teoretiske drøftingar i høve til:
• reglane som gjeld avgrensing og identifisering av ting og grenser for fast eigedom mot andre eigedommar og mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett. (T.d. sjøområde, eigarlaust midtstykke i innsjøar og undergrunnen.)
• reglane som gjeld innhaldet i eigedomsretten til ting. På same vis skal studentane kunna drøfta innhaldet i serlege råderettar (servituttar) til fast eigedom og tilhøve mellom sameigarar til fast eigedom og lausøyre, samt tilhøvet mellom personar med ulike rettar til ting.
• reglane som gjeld grenser for eigarrådvelde i høve til granneeigedom og ansvar for skade som vert valda ved verksemd, handling eller tilstand på ein eigedom.
• reglane som gjeld stifting av rettar til ting ved hevd eller alder tids bruk.
• reglane som gjeld allemannsrett til fast eigedom.
• miljørettslege prinsipp samt reglane vedrørande jordvern og naturvern.

 

Kunna gjera greie for og analysera tilhøvet til offentleg rettslege reglar som påverkar eigedomsretten, særleg reglane om konsesjon og forureiningslova
 

Kunna nytta hevdvunnen juridisk metode for å analysera tingsrettslege problemstillingar, og gjennom slike drøftingar syna fullgod materiell kompetanse.»

 

Den delen av pensum som er relevant for oppgåva er Falkanger og Falkanger: Tingsrett (6. utgåve, 2007), sjå særleg kap. III, IV og VII.

 

 

B         Om tilbakemeldingar

Oppgåva for sensorane ved den obligatoriske kursoppgåva er ikkje i første rekkje å sensurera, men å gje tilbakemeldingar som kan hjelpa studenten vidare i læringsprosessen. Me bør føresetja – og oppmoda til – at studenten arbeider vidare med oppgåva og problemstillingane. Tilbakemeldingane må vera ein kveik til å gjera dette, og leggja til rettes for at det kan koma noko godt ut av ei ny gjennomarbeiding. Læringa er berre halvvegs når studenten har levert inn denne kursoppgåva, og me må ikkje handsama studenten ut frå den føresetnaden at læringa er (mangelfull og) fullført. Dette er særleg viktig fordi ein del studentar meiner oppgåva var for vanskeleg. Svaret til dette er at oppgåva som prøve kanskje var vanskeleg, men at ho som læring ikkje var vanskeleg.

 

Ein god måte å gje tilbakemeldingar på, er å fortløpande stilla spørsmål til teksten. T.d. «kva meiner du her?», «kva seier lova?», «kan ordlyden også tolkast på andre måtar?», «er spørsmålet handsama i litteraturen?», «er dette eit godt argument?», «kva seier dom X om dette spørsmålet?», «kan du grunngje dette nærare?», «kvar har du dette frå?», «kva er utgangspunktet?» e.l. Me bør tvinga studentane til å ta stilling til sin eigen tekst og sine eigne argument/sin eigen metodebruk. Det bør vera eit viktig siktemål for kommenteringa. Anten i dei fortløpande kommentarane eller til sist bør studenten få markert kva konkret han særleg kan (eller må) gripa fat i ved ein ny gjennomgang av oppgåva, anten metodisk eller materielt.

 

Me må gje god utteljing til dei studentane som ser dei riktige problemstilingane og klarar å forma eit akseptabelt rettsleg utgangspunkt, jamvel om den nærare drøftinga synest å verta kort eller gå litt på tverke. Evna til å stilla juridiske spørsmål må premierast, og er – iallfall på dette stadiet i kurset – den viktigaste. Me må oppmoda studentane til å analysera faktum, dvs. å splitta opp og halda seg til ei og ei problemstilling.

 

Ordgrensa på oppgåva er 3 000 ord – og absolutt. Mange studentar leverer truleg svar heilt opp mot ordgrensa. Sensorar må difor vera svært tilbakehaldne med å seia at noko er for kort eller knapt handsama. Studentane må gjera tøffe val for å kunna halda ordgrensa. Dette har også studentane sjølve gjeve uttrykk for, noko som må respekterast. Er derimot noko handsama i for mange ordelag, kan dette med fordel påpeikast.

 

Til sist vert sensorane bedne om å gje eit ymt om ein karakter. Dette ymtet skal vera relatert til den læringssituasjonen studenten er i – ikkje til kva studenten ville ha fått på ein tilsvarande prestasjon på eksamen. Sensorane bør ikkje vera for strenge med karaktergjevinga her. Me bør også ta høgde for at dette er ei krevjande oppgåve for studentane. Dette må spegla seg i kvar strykgrensa skal vera.

 

 

C         Kort om denne rettleiinga

Denne rettleiinga er ikkje skriven som ei grundig utgreiing om rettsspørsmåla i saka. Føremålet er å visa kva problemstillingar me må krevja at studenten ser, og gje tilvising på moment me kan forventa vert drøfte. Dei materielle løysingane kan vera tvilsame på nokre av spørsmåla. I rettleiinga er noko stoff sett med petit. Dette er ikkje problemstillingar eller moment som me kan forventa at studentane skal handsama. Det er heller ikkje rom for slikt innafor ordgrensa. Eg vonar likevel at studentar som les rettleiinga, kan finna lærdom i dette.

 

 

D         Kvernretten på sørsida av elva

1. Har Einar og Tonje eigedomsrett til kvernhustomta?

Studentane må i spørsmålsstillinga/drøftinga visa at dei ser skilnaden mellom eigedomsrett og bruksrett, og at dei forstår spørsmålet.

 

Dei må få fram at det avgjerande rettsgrunnlaget å tolka, er utskiftinga. Utgangspunktet ved utskiftinga var at eigedomane vart fordelte og splitta opp. Spørsmålet er om bnr. 1 og 2 fekk utlagt ein negativt avgrensa rett til total utnytting av det grunnstykket der den gamle kverna stod.

 

Teksten nøyer seg med å tala om «det gamle Kvernbrug», og avgrensar seg klart til ein bestemt utnyttingsrett. Det er nok mindre treffande å seia at dette er eit uttrykk for eigedomsrett ut frå det synet at «alle» eigarfunksjonane var inkluderte i uttrykket. For det første kan ein tenkja seg utnytting til andre føremål, t.d. sagbruk, og dette er ikkje nemnt. For det andre var det mest truleg behovet for kvern som motiverte utskiftinga på dette punktet, ikkje behovet for eit grunnstykke ved elva, noko begge dei andre bruka alt hadde. For det tredje er ikkje retten til «Kvernbrug» avgrensa til ein rett til eit bestemt eigedomsstykke; det gjeld ein rett også til å ta vatn frå fossen. (Oppgåveteksten er likevel ikkje heilt klar her, idet oppgåva talar om «kvernhustomt».)

 

Nordtveit: Rettar til nausttomt (1982) s. 27 ff. handsamar eit nokolunde parallelt spørsmål i relasjon til nausttomter, og meiner at utgangspunkt helst bør vera at ein rett til nausttomt er ein bruksrett. – Me har elles ikkje noko utskiftingskart å halda oss til, noko som kanskje kunne gjeve ein viss peikepinn.

 

Ei konkret drøfting av eit liknande spørsmål, er gjort i LG-2000-188 (dom frå Gulating lagmannsrett 18. desember 2000). Der galdt det «Strandstykker» utlagde ved utskifting i 1889, der den bruken som skulle vera aktuell på strandstykka var lista opp. Denne opplistinga, saman med andre moment, gav grunnlag for å seia at brukarane ikkje hadde fått nokon eigedomsrett.

 

Eg vil tru at dei fleste kjem til at dette er ein bruksrett. Studentane må få utteljing om dei viser klart at dei forstår kva ein bruksrett er, og (eventuelt) klarar å knyta dette til definisjonen i servituttlova § 1.

 

2. Har retten falle vekk?

Dette spørsmålet er handsama kort i Falkanger og Falkanger s. 221 f.

 

(a) Her kan det i prinsippet tenkjast frihevd, sjå hevdslova § 10 og nærare i Falkanger og Falkanger s. 319 ff. Studentane som klart får fram kva frihevd er for noko, må premierast. Dei studentane som reiser denne problemstillinga, bør raskt falla ned på at Firmann ikkje kan vera i god tru. Han kjenner murane som står der, og bør vera kjend med innhaldet i bnr. 4 sitt heimelsgrunnlag (sml. Falkanger og Falkanger s. 304).

 

Eit anna spørsmål er det om bnr. 1 og 2 har late retten «liggja unytta». Ein måte å argumentera på at er murane – som slett ikkje er Firmann sine – er ei viss «utnytting» av bnr. 4 sin grunn. Problemet med ein slik argumentasjon er at innhaldet i retten, ein rett til «Kvernbrug», derimot har lege unytta. Ein kan då i prinsippet spørja seg om retten er delvis frihevda.

 

(b) Falkanger og Falkanger s. 222 nemner passivitet som ein bortfallsgrunn. Men dei presiserer at «rein» passivitet, dvs. ikkje-bruk, ikkje kan vera tilstrekkeleg, sjå l.c. note 111. Dei viser til Rt. 1956.271, som galdt rett til å ta vatn frå ei elv og til å ha ståande ei sag, der retten sa:

 

«Selv om bruken av slike gårdssager muligens ikke lenger er praktisk aktuell, er jeg enig med de underordnede retter i at bruksretten ikke kan ansees for å være falt bort. Fra b.nr. 2 har ikke vært drevet noen bruk i strid med b.nr. 1's rett, og det har ikke vært noen grunn for eierne av b.nr. 1 til å gå aktivt frem for å sikre sin rett. Den omstendighet at stenkarene etter sagen fremdeles sto der, må også ha vært til hinder for den fornødne gode tro hos b.nr. 2's eiere.»

 

(c) Ein kan meir allment spørja om retten fell vekk fordi føremålet retten i si tid hadde, ikkje lengre er aktuelt.

 

Studentane som ser denne problemstillinga bør få fram at bortfall av føremålet for ein rett, ikkje er nokon sjølvstendig bortfallsgrunn når ikkje stiftingsgrunnlaget seier dette. Me har ikkje noko rettsgrunnlag som kan heimla bortfall. Om nokon ser at ein slik regel så å seia undergrev den føresetnaden servituttlova §§ 2, 5 og 6 byggjer på, er dette veldig bra.

 

Det vil vera fullgodt om studentane handsamar den første problemstillinga her.

 

3. Vil utleige av retten vera jamgodt med avhending av retten?

(a) Her kan studentane finna servituttlova § 9, og sjå at det etter dei deklaratoriske reglane ikkje i utgangspunktet er noko forbod mot avhending av servituttar. Vilkåret er at den tenande eigedomen ikkje vert påført ei auke i tyngsla utover rammene av stiftingsgrunnlaget (eventuelt supplert med servituttlova § 2). Dei bør då også sjå at dette er annleis med dei reelle servituttane etter § 9 andre avsnitt, og få fram at det i vår sak gjeld ein reell servitutt. (Dette har vore tema på ei kursoppgåve som nemnt.)

 

Studentane kan då argumentera for at retten til kvern i dag er «uturvande» til utnytting saman med eigedomen. Det er semje om at vassfallsrettar kan avhendast etter § 9 andre avsnitt (sjå Falkanger og Falkanger s. 219). I vår sak femner retten til «Kvernbrug» både om retten til å leia vatn frå elva, og til å ha ei kvern ståande. – Konklusjonen kan vera at sia ein kan avhenda retten, så må ein kunna det mindre, nemleg å leiga han vekk til eit aksjeselskap.

 

(b) Ein annan måte er å halda seg til faktum og spørja om retten vert avhendt. Det reelle forholdet er at retten vert leigd vekk til eit aksjeselskap. Ei slik ordning synest fornuftig. Særleg i saka kan ein hefta seg ved at eigaren av bnr. 1 og 2 også sit på 50 % av aksjane i selskapet, jamvel om dette kanskje ikkje treng vera naudsynt for at ein ikkje skal koma til at det er ei avhending. I denne drøftinga kan ein tenkja seg å trekkja inn prinsippet i servituttlova § 2, og seia at det ikkje fører til auka tyngsle om retten vert avhendt til aksjeselskapet. – Konklusjonen kan vera at retten ikkje er avhendt.

 

Begge desse måtane å sjå spørsmålet på, må vera fullgode.

 

 

4. Gjev rett til «Kvernbrug» ein rett til å setja opp kraftstasjon?

(a) Noko av oppgåva her er å analysera den faktiske situasjonen. Forsøk på slik analyse må premierast. Retten til «Kvernbrug» er ein rett til å ta ei viss mengd vatn frå elva, leia dette over grunnen til bnr. 4, gjennom ei kvern og ut att. Ved analysen hjelper det å skilja mellom uttaket av vatnet frå vassdraget, og retten til å leia vatn/ha eit kvernhus ståande: Det som «tyngjer» bnr. 4 (grunneigedomen) er retten til å ha kvernhuset ståande, og til å leia ei viss mengd vatn over eigedomen. Uttaket av vatn frå fossen tyngjer derimot sameigarane i fossen.

 

(b) Situasjonen i saka er ikkje at Einar og Tonje vil bruka kvernretten til å starta opp med eigen kraftproduksjon. Kanskje vil nokre av studentane likevel (om enn ikkje med vilje) sjå det slik, og det bør dei ikkje trekkjast mykje for dersom det kjem fornuftig juss ut av denne føresetnaden.

 

Studentane bør då sjå at det er to rettsforhold som spelar saman i denne vurderinga. For det første kvernretten; for det andre eigedomsretten til vassdraget, der Einar og Tonje alt eig 50 %. (Eg legg til grunn at bruka eig like stor part.) Ein kan då seia at problemet med utviding av retten til kvernbruk ikkje kjem heilt på spissen. Grunnen er at det ikkje er den retten til å utnytta vatn som ligg til kvernretten som Einar og Tonje vil utvida, dei vil i staden utnytta sine eigne fallrettar, men «kanalisera dei» gjennom kvernretten.

 

I dette perspektivet vert det spørsmål om (1) kor mykje av fallrettane Einar og Tonje vil bruka, og (2) om retten til å leia vatn over bnr. 4 sin eigedom og gjennom eit kvernhus eigentleg vert særleg utvida ved at det skjer til kraftføremål.

 

Ved det siste spørsmålet må ein kunna trekkja inn servituttlova § 2. Jamvel om stiftingsgrunnlaget «Kvernbrug» yter ein viss motstand, må det vega tungt at det er ein tidhøveleg måte å bruka kvernretten på slik Einar og Tonje ønskjer, at det ikkje skjer ei kvalitativ endring i retten, og at det kvantitativt ikkje er tale om ei stor utviding; det vil vel mest truleg vera tale om å føra røyrgata inn i kraftstasjonen. At dette skal vera til «urimeleg … skade eller ulempe» for bnr. 4, kan synast vanskeleg å akseptera.

 

Me kan også tenkja oss at retten til «Kvernbrug» låg til nokon som ikkje hadde del i fallrettane. Då kjem kanskje forholdet klarast fram; det er åleine kvernretten som skal heimla kraftproduksjon. Om nokon studentar ser det slik, og under ein slik føresetnad brukar servituttlova § 2 på ein fornuftig og varsam måte, kan dei få utteljing for det.

 

Under denne synsmåten er det eit spørsmål om det ikkje medfører ei auke i tyngsla for den tenande eigedomen, at uttaket av vatn vert auka kraftig. Dette vil avskjera bnr. 4 som medeigar i vatnet – og likeeins dei andre tre sameigarane – til den same bruken. Her er Rt. 1956.271 ein god illustrasjon, der han som hadde rett til sagbruk (etter avtale frå 1850) ville starta elektrisitetsverk. Førstvoterande sa:

 

«[Jeg] kan … ikke finne at den ting at den tidligere bruksmåte ikke lenger er praktisk, kan gi rett til en helt annen bruk, som dertil, så vidt skjønnes, vil være kontinuerlig og hindre eller vanskeliggjøre annen utnyttelse av vassdraget. At b.nr. 2 ikke for tiden utnytter sin gjenværende rett i vassdraget, kan ikke gi b.nr.1 adgang til å foreta en slik utvidelse i forhold til den begrensede rett som er ervervet.»

 

Nokre studentar vil kanskje hefta seg ved dommane nemnde i Falkanger og Falkanger s. 202 f, sjå særleg Rt. 1966.752. I den saka vart reguleringsretten avstått til eit møllebruk, og seinare avløyst av ein shoddyfabrikk som brukte vatnet til produksjon av elektrisk kraft. Dette aksepterte Høgsterett. Viss studentane brukar denne dommen, vil det vera ein god prøve korleis dei held han opp mot faktum i vår sak, og om dei klarar å problematisera forholdet til (dei andre) eigarane i Heimstad-vassdraget.

 

(c) Situasjonen er at Einar og Tonje meiner at dei – trass bnr. 4 sin protest – kan tilby kvernretten til aksjeselskapet, og på den måten gje aksjeselskapet rett til å setja opp ein kraftstasjon der den gamle kverna stod. Dette har mindre med uttak av vatn å gjera, sia det ikkje er den delen av kvernretten dei vil «utnytta» eller «tilby» aksjeselskapet. Retten til å ta ut vatn («fallretten») får aksjeselskapet frå sameigarane. Studentane som får fram dette, er der dei skal vera.

 

Når dette er etablert, vert problemstillinga som den rett over. Kan ein, når ein tolkar servitutten i lys av – eller ved hjelp av – servituttlova § 2, seia at det er «urimeleg … til skade eller ulempe» for bnr. 4 at det går ei røyrgate inn i eit mindre bygg, og ut att på den andre sida? Studentar som brukar servituttlova § 2 på ein god måte ved å visa vilje til å analysera og tolka ordlyden, og som ser samanhengen mellom stiftingsgrunnlaget og § 2, må få god utteljing.  

 

 

5. Skal Einar og Tonje ha rett til grunnleiga for kraftstasjonen?

Me kan ikkje forventa noko særleg på dette spørsmålet. Men prøven ligg i å sjå forholdet mellom grunneigaren og bruksrettshavarane. Føresetnaden er at kraftstasjonen skal stå på den staden der kvernretten (kvernhustomta) er.

 

Firmann ønskjer ikkje kraftstasjonen der, og dersom det skal koma ein kraftstasjon der, må det vera fordi Einar og Tonje leiger ut retten. Leiger dei ut funksjonelt utover sin rett, vil det vera uløyves.

 

Spørsmålet er likevel aktuelt der Firmann bestemmer seg for å setja opp kraftstasjonen: Der dette ligg funksjonelt innafor retten til Einar og Tonje, vil Firmann som grunneigar stengja for deira utnytting. Leiga må då tilkoma dei. –  Dersom oppføring av kraftstasjonen funksjonelt ligg utafor retten til Einar og Tonje, vil Firmann ikkje formelt stengja for deira utnytting av retten (så lenge dei lèt området liggja unytta). Men der Einar og Tonje på ny vil utnytta sin rett – og dette er stengt p.g.a. at kraftstasjonen er ført opp – må dei kunna krevja vederlag av Firmann på dette seinare tidspunktet. Eit slikt vederlag treng likevel ikkje vera jamgodt med den leiga som Firmann har frå kraftstasjonen.

  

D         Tømmeropplagsretten

1. Innleiing

Det sentrale i denne oppgåva er å handtera åtskild dei to ulike rettsforholda: (1) forholdet internt rettshavarane mellom, og (2) forholdet mellom rettshavarane og eigaren av den tenande eigedomen. Studentane må visa at dei ser dette.

 

 

2. Rettsgrunnlag for flytting av retten?

Oppgåva er her å definera rettsforholdet mellom Einar, Trevor og Firmann. Studentane må her bruka rettsgrunnlaget og sjå at dei tre bruka har ein særleg råderett (servituttlova § 1), som bruka deler/har saman – ein «fellesservitutt». Spørsmålet er kva reglar som gjeld mellom deltakarane i eit slikt samrettshøve. Studentane må visa at dei forstår dette, og deretter stilla spørsmålet om sameigelova, med vilkåret «eig noko», kan regulera forholdet mellom partane.

 

I kurslitteraturen er spørsmålet nemnt av Falkanger og Falkanger s. 116 (ved note 5). Forarbeida til servituttlova seier også at dei allmenne prinsippa for ei sameige, skal gjelda mellom innehavarane av ein fellesservitutt (Rådsegn 5 s. 35). Studentane vil truleg koma til at sameigelova kan brukast «tilsvarande eller analogisk». Om den vidare bruken av sameigelova kan synast noko «direkte», bør ein ikkje trekkja for dette. Om studentane maktar å vurdera om sameigelova sine einskildreglar høver heilt på rettsforholdet, vil dette vera sterkt.

 

I prinsippet kan me nok tenkja oss at det er tre bruksrettar som består ved sida av einannan, dvs. at tre einsarta servituttar har vorte skipa. Kva som vil vera forholdet mellom rettshavarane i ein slik situasjon, kan vera noko uvisst. Brækhus og Hærem: Norsk tingsrett (1964) s. 198 meiner at ein her «må anvende sameierettslige regler i det innbyrdes forhold mellom servitutthaverne». Men ein kan seia at det er noko anna å flytta ein fellesservitutt mot mindretalet sin vilje, enn å flytta tre individuelle servituttar fordi to servitutthavarar vil det. 

 

3. Kan retten flyttast?

Studentane har som nemnt arbeidd med sameigelova i kurset. Det vil vera bra om dei ser at utskiftinga ikkje løyser spørsmålet om flyttinga. At servitutten sitt gamle innhald lenge har vore heilt uaktuelt, viser at sameigelova bør kunna koma supplerande inn.

 

Vidare må studentane sjå at det gjeld eit mogeleg fleirtalsvedtak (§ 4). Dei må finna den positive avgrensinga «etla eller skikka til», og den negative avgrensinga «noko anna» i andre avsnitt. Studentane sin vilje eller evne til å tolka ordlyden og forhalda seg metodisk til vilkåra, vil her vera viktig.

 

Det kan vera vanskeleg å få til noka klar drøfting, sia det kan vera uvandt å måtta arbeida med ein «rett» i motsetning til ein ting. Studentane bør likevel sjå at det ikkje berre gjeld ein endra bruk av retten, men også bruk på ein ny stad. Etter mitt syn vil det vera forsvarleg å leggja vekt på at retten i stiftingsgrunnlaget er stadbunden, og at det er vanskeleg å akseptera omplassering både innafor vilkåret «skikka til» og vilkåret «noko anna». På den andre sida bør ein også sjå at retten har mist innhaldet sia løypinga opphøyrde. Det er ikkje lett å akseptera at eit mindretal skal stengja for fleirtalet ved å visa til ein bruk som ligg langt frå stiftingsgrunnlaget.

 

Viss nokon klarar å handtera det konkrete forholdet at Einar alt har ein rett oppe ved elva («C»), og at Firmann er grunneigar ved fossen, vil dette vera sterkt. Ei slik samla fordeling av ressursane i eit område som ei utskifting er, bør ein etter mitt syn vera varsam med å skipla ved å lata nokre samrettshavarar få for stor fleirtalsmakt i samrettshøvet.

 

Ein kan hefta seg ved skadebot-/vederlagsregelen i § 4 fjerde avsnitt, og spørja om Einar har «rett til» si utnytting. Her kan det koma opp spørsmål om vilkåret «rett til i sameiga» kan vera oppfylt, sett hen til at tømmeropplagsretten overfor den tenande eigedomen no vert brukt på ein annan og kanskje meir tyngjande måte enn tidlegare. Helst må ein nok sjå dette som eit forhold samrettshavarane imellom. I denne relasjonen er det klart at den noverande bruken av retten synest trygt innafor dei vide grensene i sameigelova § 3 første avsnitt. Eg forventar inga handsaming av § 4 fjerde avsnitt i oppgåvene. Ein kort kommentar om at § 4 fjerde avsnitt løyser Einar si motsegn om at han ikkje kan bruka opplagsplassen meir, vil vera tilstrekkeleg.

 

 

4. Forholdet til den tenande eigedomen

Oppgåva gjev her tilvising til dei to aktuelle lovstadene, servituttlova §§ 5 og 6. Sjå nærare Falkanger og Falkanger s. 210 ff. Me må forventa at studentane finn dei avgjerande vilkåra i desse paragrafane, og presenterer dei på ein presis måte. Det er godt om nokre nemner forholdet mellom desse paragrafane og § 2. Det er viktig at studentane dessutan undervegs i handsaminga viser at dei har forstått skilnaden på §§ 5 og 6.

 

Eg trur at drøftinga av § 5 ikkje er det vanskelegaste punktet i oppgåva. Me må leggja vekt på at studentane er flinke og ryddige metodisk, og me må kunna leggja ei viss vekt på at argumenta som dei presenterer i teksten sin, synest gjennomtenkte og forstandige. Evna til å halda seg sjølvstendig til partane sine anførslar, kan vera ein god eigenskap her.

 

Det som kanskje kan valda noko tvil for studentane, er innhaldet i kravet om at «ingen avgjerande grunn» må vera imot (§ 5 første avsnitt). Departementet meinte at det ikkje er tilstrekkeleg å spørja om den nye skipnaden er like god for tolarsida. Ein måtte også krevja at omskiping var om å gjera for rettshavarsida; at det fanst ein «rimeleg grunn» for ønsket om omskiping. Formuleringa som vart vald av Stortingskomiteen kan ein seia er forma som ein presumsjon; det er saksøkte som eventuelt må prova at ei endring likevel ikkje er grunngjeven på saksøksjarsida. (Jf. Aa. Falkanger i Norsk kommentert lovsamling note 16 og Innst. O. XII 1967/68 s. 8 første spalte.) – Det ein kan spørja om, er kor vidt det er ein «avgjerande grunn» at det berre er to av tre på saksøkjarsida som ønskjer endringa.

 

Etter mitt syn bør ein helst koma til at retten her vert av «eit anna slag enn før» (§ 5 tredje avsnitt). Når Trevor og Firmann fikserer retten til «ei rasjonell utnytting av elva», er dette på den eine sida rett, men på den andre sida noko vilkårleg. Retten til «rasjonell utnytting» hadde i dette tilfellet fått eit nærare definert innhald (ein rett til tømmeropplag), i motsetnad til t.d. ein rett til kvern, sag, vatning eller fiske. Bruken av abstraksjonen «rasjonell utnytting» overser at det for den tenande eigedomen er ein klarare avgrensa rett. At det her må koma ein aksessorisk tilkomstrett og rett til å leggja kablar gjennom grunnen, burde støtta dette. Studentar som er analytiske, og ser at flyttinga ikkje inneber at Trevor og Firmann krev ein rett til å ta ut vatn frå fossen (noko som ville vore ei endå større endring), gjer det godt.

 

Kva gjeld § 5 første avsnitt sitt krav om at skipnaden må vera «minst like god», trur eg ikkje det er grunnlag for å seia det i denne saka. Summen av vegen, kablane og støyen vert ikkje kompensert av at om lag 100 m2 areal vert frigjort. At Tonje vil få inntekter er ikkje eit sterkt argument; desse verdiane ligg i hennar posisjon som sameigar i vassdraget, og dei kan ho få utnytta på annan måte (gjennom kvernretten – eller til å få forhandla fram ei alternativ plassering). Verdien i hennar forhandlingsposisjon vil jo tvert om forsvinna med denne omlegginga. Det må også vera fullt mogeleg å akseptera argumentet om at ho heller vil ha lyden av fossen. Det synest som ein jamn synsmåte.

 

I forhold til § 6 må studentane sjå at retten ikkje treng vera av same slaget, og dei bør sjå at det ligg ein viss skranke i ordet «omskiping» (sjå nærare Falkanger og Falkanger s. 212). Det er fint om dei kort knyter merknader til om det i denne saka skjer ei omskiping.

 

Dei bør deretter gå laus på interessevurderinga i § 6 første avsnitt. Denne er omtala av Falkanger og Falkanger s. 213, der det også vert vist til «ekspropriasjonsrettslige grunnsetninger». Om studentane klarar å meistra den strukturen som lova her legg opp til, treng ikkje vera heilt avgjerande. Det viktigaste er at dei klarar å få fram at det skal skje ei brei interessevurdering av forholdet mellom partane, og at interesseovervekta til fordel for saksøkjaren også må vera understøtta av meir allmenne omsyn. Det er vidare viktig at studentane klarar å trekkja inn heilskapen i situasjonen: denne omskipinga er ikkje avgjerande for heile kraftverksutbygginga. Det er ikkje allmenne omsyn som støttar den eine eller andre plasseringa her, kan ein seia. – Oppgåva spør om vilkåra for omskiping er oppfylte. Det er ikkje naudsynt å gå inn på regelen om mellomlag i § 6 andre avsnitt.

 

Læreboka er noko knapp om servituttlova § 6. Eg vil i samband med dette visa til den instruktive gjennomgangen av § 6 som er gjort av Gulating lagmannsrett i LG-2004-16853 (dom 30. januar 2006). Saka galdt omskiping frå ein rett til å ha sjøbod/naust og til ein rett til å ha hytte. Her er det mellom anna kommentert forholdet mellom servitutthavaren sine interesser og meir allmenne omsyn.

 

E         Motsegna frå Sjur Heimstad

Studentane har ikkje løyst oppgåver i grannerett i kurset, noko me må ta som utgangspunkt her. Det viktigaste vert at dei handterer strukturen i grannelova § 2 på ein ryddig måte, og får fram at det gjeld ein rettsleg standard («tolegrensa») granneeigedomar imellom, og at avsnitta deretter er retningsliner i vurderinga. Det er fint om dei kommenterer at og kvifor grannelova kjem til bruk, men ikkje naudsynt.

 

Studentane bør sjå sondringa mellom skade og ulempe, og peika på at det i denne saka gjeld «ulempe», både ved noko støy (kraftstasjonen og moglegens køyringa) og at utsikta vert forringa (sjå nærare Falkanger og Falkanger s. 341). Når ein skal fastleggja ulempene, bør det også koma fram at lyden frå fossen kjem til å verta redusert.

 

Noko av oppgåva er på ny å vera analytisk. Her kan studentane med fordel hefta seg ved at Sjur Heimstad protesterer mot (1) utbygginga og (2) plasseringa av kraftstasjonen på nordsida av elva.

 

Dei argumenta han gjer gjeldande mot utbygginga er at han (1) får endra utsikta til Gråvassfossen (urimeleg-kriteriet) og (2) at inngrepet er «uturvande» fordi det ikkje vil vera lønsamt før om ei tid. Eg trur det er veldig vanskeleg å nå gjennom med desse argumenta. Studentane bør sjå dette.

 

Kva gjeld utsikt, kan ein kanskje jamføra med dommar om kraftleidningar. I dommane i Rt. 1965.389 og Rt. 1972.377 er det «lagt til grunn at det nesten alle stader i Noreg vil vera ventande med ei kraftline, og at dette er ei fylgje av den allmenne utviklinga som ein generelt må finna seg i», seier Nordtveit: Norsk kommentert lovsamling note 8. I dag må me kunna seia at ei utbygging av småkraftverk også er venteleg.

 

Argumentet om økonomi er nemnt av Høgsterett i Rt. 1965.933, sjå Falkanger og Falkanger s. 368. I det heile er naturøydelegginga neppe eit argument i ei grannerettsleg vurdering i større grad enn ho fører til ein negativ innverknad på granneeigedomen.

 

Argumenta mot å plassera kraftstasjonen på nordsida er bilkøyringa/støyen. Støyargumentet synest å vera det mest tungtvegande. Her må studentane finna retningslina i grannelova § 2 tredje avsnitt, og dei bør kunna visa at denne er forstått. Dei bør vurdera om det er «venteleg» med ei slik utbygging på Heimstad, og om dette er verre enn kva som følgjer av «vanlege bruks- eller driftsmåtar på slike stader». Det er godt om dei ser hovudregelen/utgangspunktet: Er ulempa venteleg eller sedvanleg er det «normalt ikke tale om noen urimelighet» (Falkanger og Falkanger s. 348).

 

Det er bra om studentane får fram at Sjur Heimstad sine (eldre) førestellingar om Heimstad ikkje er avgjerande, jamvel om han kanskje har budd der lenge. Sjå om tidsprioritet og samfunnsutvikling, Falkanger og Falkanger s. 365 ff. Utbygging av småkraftverk må reknast som venteleg i dag. Jamvel om driftsforma er noko nyare, vart det i det heile også tidlegare drive mindre slike kraftverk i elvane. I tillegg vart elvane utnytta på andre måtar, til sager og kverner. – At Sjur Heimstad er gammal og «støysvak», bør studentane sjå at har mindre vekt.

 

Til slutt er det fint om nokon reiser spørsmålet om plasseringa likevel er «uturvande», jamvel om ho ikkje er urimeleg. Om dei då brukar retningslina i § 2 andre avsnitt, vil det vera godt. Men formuleringa der er «synderlig vag» (Falkanger og Falkanger s. 344). Dersom det er indifferent for sameigarane kva side kraftstasjonen skal liggja på, og motsegna kjem opp i god tid på førehand, har Heimstad etter mitt syn eit brukbart argument på si side.

 Til toppen