UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

UiB/Det juridiske fakultet

Sensorveiledning skoleeksamen

2. studieår - JUS124 - høst 2008

 

A. Om læringskrava

Av læringskrava i Jus 124 Tingsrett følgjer det at studenten etter gjennomført kurs skal kunna gjennomføra praktiske og teoretiske drøftingar i høve til:

Pensum i faget er utvalde kapittel frå Falkanger & Falkanger: Tingsrett (6. utgåve, 2007). Oppgåva her femner om store delar av det gjevne pensum, med unnatak av reglane om eigedomsretten i grannehøve (Tingsrett kap. VII). I det vidare går eg kort inn på dei materielle problemstillingane i oppgåva, og søkjer å gje nokre føringar for arbeidet med å sensurera oppgåvene.

 

B. Nærare om oppgåva del I

Første anførsel: Er Lyngnes sameigar i Rudsvatnet?

Det følgjer av vassressurslova § 13 at vassdrag i Noreg som utgangspunkt er underlagde privat eigedomsrett. Jf. også Tingsrett s. 99 og s. 106. I oppgåva er i tillegg uttrykkeleg oppgjeve at Rudsvatnet før 1947 låg i sameige mellom dei tre bruksnummera. Spørsmålet vert då om Lyngnes ved frådelinga i 1947 vart sameigar i Rudsvatnet, eller om eigedomen stansar ved vasskanten.

På dette punktet må studentane gripa fat i skylddelinga frå 1947 og tolka den. Dei må problematisera ordlyden (og underforstått: intensjonsdjupna i teksten). Ordlyden kan nok tolkast i begge retningar. Dersom delinga meiner å ta stilling til sameigespørsmålet, så kan uttrykksmåten «avgrenses av» tala imot ein sameigerett. Dersom delinga ikkje omtalar spørsmålet om sameigarrett til vatnet, vert spørsmålet meir ståande ope. Den siste tolkinga byggjer på at ein les skylddelinga som om «eiendommens utstrekning på land avgrenses av…».

Syver og Otto kjem med ein påstand om at det er lite truleg at ein leirstad skulle få ein sameigarrett i 1947. Sjølv om påstanden ikkje er uttrykkeleg motsagt av NTS, så bør den problematiserast. Eg synest ikkje det verkar så unaturleg med ein sameigarrett her; leirskulen kunne nok ha ei viss interesse i å bruka vatnet til aktivitetar og til fiske. Særleg sterkt vil det vera om nokon klarar å knyta an leirskulen sin bruk av vatnet som eit argument. Det er opplyst at dei i alle år brukte vatnet til å ha robåtar/kano. Dette er ein utøvd praksis som kan kasta lys over rettsgrunnlaget og tala for at dei er sameigarar. På den andre sida er ferdselsretten i vassdrag fri (jf. vassressl. § 16), noko som kan svekkja argumentet igjen. Berre dei betre studentane vil truleg sjå desse to siste poenga.

Når ein står opprådd for konkret tolkingsmateriale, må ein trekkja inn eventuelle supplerande tolkingsreglar/presumsjonar. På dette punktet bør studentane kjenna den tolkingsregelen som er utvikla i rettspraksis, og som seier at ein må ha klare haldepunkt for å vika frå den normalordninga ved grensetrekkinga mot sjø. Her var saka i Rt. 1979.1099 framme i ei arbeidsgruppesamling. Skal ein bruka den same tolkingsregelen ift. vassdrag? Det materielle svaret på dette spørsmålet er positivt, jf. t.d. Rt. 1971.596 og Rt. 2000.1325. Dette følgde tidlegare uttrykkeleg av vassdragslova § 7 nr. 2, jf. Tingsrett s. 107 note 76. Ein kan ikkje forventa dette siste poenget kjend. Ein må rekna med at studentane sin inngang til spørsmålet er via den tolkingsregelen/‑presumsjonen dei har lært om ift. sjø.

Eg vil halda løysinga på spørsmålet open. Ein kan løysa det ved hjelp av provbøra. Den utvikla tolkingsregelen legg provbøra på den som vil argumentera for ei løysing som fråvik den ordinære. Denne provbøra kviler på Syver og Otto, og er godt mogeleg ikkje oppfylt her. Om den kunne ha vore oppfylt med meir utfyllande opplysningar om delinga i 1947, er ei anna sak. Det vil opplagt kunna vera ei oppgåve å få fram opplysningar frå bnr. 9 si side.

Ein kan likevel meina at den aktuelle presumsjonen ikkje har den same styrken i eit tilfelle som dette. Her gjeld det eit allereie etablert sameige. Spørsmålet vert altså om eigedomen Lyngnes (som etter ordlyden i delingsforretninga truleg stoggar ved vasskanten), også fekk ein medfølgjande ideell eigedomsrett i vatnet. Ein kan då hefta seg ved at ordlyden er heilt taus om dette. Allment har kanskje eigedomar i bnr. 9 sin posisjon gjennomgåande større interesse i å hindra fleire eigarar i sameiga enn i å framleis vera eigar av ein fysisk avgrensa del framfor annan manns strand. Om ein då i det heile kan operera med nokon presumsjon, synest tvilsamt. I staden kan det vera meir riktig å gå konkret til verks og spørja om det var naturleg at ein sameigerett følgde med ved den konkrete fråskiljinga. Det vert ei utfylling av delingsforretninga (og den underliggjande avtalen) frå 1947. Eit døme på ei slik konkret tilnærming er dommen i Rt. 1961.708.

 

Andre anførsel: Strid bruken med sameigelova § 3?

Det er vist til sameigelova § 3 i oppgåva. Studentar som trekkjer inn sameigelova § 4 vil gjera ein grov feil. Studentane må sjå at problemstillinga er dei einskilde sameigarane sin rett til bruk innafor sine råderettsdelar. Legg me til grunn at dei tre bruka har om lag like stor skyld, vil Syver og Otto eiga om lag 2/3 av innsjøen. Her er den vedlagde skissa ikkje heilt klar; den kan synast å visa at bnr. 9 er noko større. Om eigedomen samla sett er større, veit me likevel ikkje noko om. Klart er det i alle høve at bnr. 7 og 8 har ein nokså monaleg eigardel i sjøen, og at Lyngnes sin eigardel er ein god del mindre.

Oppgåva for studentane vert å problematisera sameigelova § 3. Faktum er ikkje så omfattande. Dette stiller særlege krav til studentane om å i det minste presentera ryddig og tilstrekkeleg grundig den jussen som skal brukast. Me bør honorera presise og klare framstillingar av dei einskilde punkta i lovteksten. Eg ønskjer ikkje at studentar som problematiserer for mykje eller skriv for «teoretisk» skal verta trekte i særleg grad. Her må me vera romslege.

Studentane har i kurset arbeidd med ei teoretisk oppgåve om sameigelova § 3, der dei vart spurde om følgjande: «To personar (A og B) eig ein ting saman med like store partar på kvar. Kva for faktisk råderett kan A utøva over sameigetingen, og kvar går grensene for råderetten overfor B?» Me bør difor kunna forventa ein viss grad av presisjon om dette temaet.

Studentane må visa at dei forstår kva ei sameige er for noko, dvs. at det er ei rettsform der alle rettshavarane deler ei like stor interesse i ein ting, og at den einaste avgrensinga i denne interessa er omsynet til medeigarane. Den interessa dei har i tingen er den største rettsordninga anerkjenner til tinga: eigedomsretten. Den positive sida av dette er formulert i sameigelova § 3.1, medan avgrensingane går fram av sameigelova § 3.2.

Når ein først skal gå inn i § 3.1, vil somme truleg gjera eit nummer av kva for eit av dei tre vilkåra i lova som NTS’ tiltak i vår sak fell innunder. Er sameiga «etla til dette», eller er ho «vanleg brukt» slik, eller må ein falla tilbake på «anna som høver med tida og tilhøva»? Ei slik tilnærming byggjer på at det har noko for seg å trekkja ei grense mellom kategoriane. Tingsrett s. 133 f synest å føresetja dette. Det vert skissert «visse tolkingsproblemer», og forsøkt ei sondring mellom m.a. subjektiv og objektiv tolking av lova sitt uttrykk «etla til».

Ei anna tilnærming er å seia at § 3.1 er meint å innehalda alle moglege, naturlege utnyttingsmåtar for sameigetingen, og at lova her ikkje set noko større stengje for den eine si utnytting enn eigedomsretten allment gjer. Lova sin struktur med bindeorda «eller»/«og» støttar denne tolkinga, det same gjer sitatet frå Rådsegn 4 s. 17 innteke i Tingsrett s. 134. Den reelle og moglege avgrensinga av den einskilde sin råderett må då søkjast i stiftingsgrunnlaget.

I vår sak vert oppgåva å få fram kva for tolking studenten gjer av sameigelova § 3.1. Ein må så knyta dette an mot faktum og bruka m.a. den tidlegare bruken som argument. Det synest i det lyset ikkje særleg tvilsamt at Lyngnes gjer bruk av Rudsvatnet på ein måte som ikkje kjem i strid med sameigelova § 3.1. Me har ikkje opplysningar om eit stiftingsgrunnlag som stengjer for NTS’ bruk.

Ein må så gå over i § 3.2. Her finn ein for det første forbodet mot å utnytta tingen i større grad enn kva som svarar til parten, for det andre regelen om godt naboskap i sameigeforhold. Korleis studentane vil gripa an dette, er eg noko usikker på. Kanskje dei vil hefta seg mest ved regelen om godt naboskap. Viss det er tilfelle, bør ein likevel forventa at dei ser og skisserer innhaldet i regelen om partshøvetalet. Det er ikkje klare opplysningar i faktum på dette punktet, og ein bør difor ikkje forventa/krevja for mykje. Til dels er ikkje spørsmålet utrykkeleg problematisert av partane. Til dels er det, som også Sivillovbokutvalet var inne på i forarbeida til lova, «sers vanskelege skjønsspørsmål» (Rådsegn 4 s. 23).

Om partshøvetalet kan me notera at Syver og Otto truleg har ein større part enn Lyngnes (jf. over). Dei har altså større rettar til bruk av Rudsvatnet enn Lyngnes. Spørsmålet er om Lyngnes går utover sin part med si utnytting. Poenget å få fram i denne samanhengen er at det kan vera vanskeleg å måla dei einskilde sin bruk mot kvarandre. I Tingsrett s. 135 vert det hevda at ein her må måla bruksmåtane mot kvarandre gjennom å «vurdere og fastsette verdien av de ulike utnyttelsesmåter». Ein kunne her tenkja seg å måla verdien av dei utnyttingsmåtane som partane utøver i denne saka. Då vart det ei samanlikning av den økonomiske verdien for campingsplassen (utleige av fiske og båtar/scooterar) med den økonomiske verdien av vatnet for NTS (sportsaktivitetane). Og her er det klart at NTS’ bruk reduserer den økonomiske verdien av Syver og Ottos bruk med 75 %. Til dette kan ein meina at overskriding av partshøvetalet vanskeleg kan målast ved å samanlikna dei to konkrete bruksutnyttingane i vår sak mot kvarandre. Spørsmålet må vera om Lyngnes i forhold til dei moglege bruksmåtane i Rudsvatnet samla sett går ut over partshøvetalet ved å bruka det til roing/padling slik som skissert. Jf. her Rådsegn 4 s. 23 om «den totale utnyttinga som tingen gjev høve til». I eit slikt bilete synest det vanskeleg å konkludera med at bruken til padling/kajakk med ein utlagt bane, skjer «i større mon» enn kva som svarar til Lyngnes sin part. Mot dette kan ein visa til at den sameigaren som tek til med ei bruksutnytting, vanskeleg kan få «monopol» på denne utnyttingsmåten ved å visa dei andre partane til at dei kan gjera noko anna som svarar til verdien av deira part (slik Nygard: Ting og rettar, 1974 s. 266). Konklusjonen på dette punktet er heilt open.

Så gjeld det kravet om at bruken innafor partshøvetalet ikkje må vera «uturvande eller urimeleg … til meins for nokon medeigar». Om det nærare innhaldet i sameigelova § 3.2, er det klart at lova her har ein regel som slektar på grannelova § 2 (jf. Tingsrett s. 135). Etter mitt syn er det forsvarleg å bruka i argumentasjonen ein struktur som dreg på det materielle innhaldet i grannelova § 2, jf. også Rådsegn 4 s. 17 og s. 23. Men på den andre sida er det mindre skjønsamt å byggja direkte på grannelova § 2. På dette punktet gjev faktum nokre opplysningar som kan vera startpunkt for ei drøfting.

Om nokre er analytiske og byrjar med å omtala uttrykket «uturvande», kan dei få honnør for det. Lova råkar her den sjikanøse og klart føremålssvake bruken. I vår sak er det likevel klart at ein ikkje råkar med ein slik karakteristikk. Ein kunne vel rett nok tenkja seg at banen vart kravd fjerna på det tidspunktet den ikkje var i bruk. Men noko slikt ville vel kravd ein del kostnader i motsett lei.

Det gjeld så om bruken er «urimeleg … til meins» frå Lyngnes si side. Ein kan gjerne formulera det som eit spørsmål om tolegrense sameigarar imellom (slik Nordtveit i NKL), og trekkja inn kva som er vanleg og ventande i sameigeforholdet mellom partane. Avgjerande må vera om studentane klarar å formulera eit fornuftig startpunkt og få fram at det er ei heilskapleg vurdering som må gjerast, med omsyn teke til begge sider i sameigeforholdet. Ein må klara å tilpassa seg kvarandre på ein fornuftig måte innafor den ramma som sameiga gjev. Studentane må klara å bruka dei momenta som faktum gjev på dette punktet.

Her er det klart at Lyngnes alltid har gjort bruk av vatnet; tidlegare gjennom kanoar/robåtar for borna på leirskulen. Det går ein nokså samanhengjande raud tråd frå den tidlegare bruken og over til NTS’ bruk. Syver og Otto måtte klart ha funne seg i at leirskulen heldt fram med sin bruk. På den andre sida har bruken vorte noko meir intensiv gjennom den utlagde banen. Banen hindrar fisket, gjev mindre opne område å køyra vasscooter på og ligg der permanent i heile sesongen. Likevel er det ikkje slik at det er umogeleg å køyra vasscooter eller fiska på vatnet, det handlar berre om at ein må halda noko lågare fart/ta noko meir omsyn, og dessutan at ein brukar andre delar av vatnet til å fiska på. Konkret må det også vera akseptabelt å leggja vekt på at den vedlagde skissa viser at det finst areal elles på Rudsvatnet der ein kan både fiska og køyra scooter. I tillegg kjem argumentet om at det ikkje er NTS-aktivitet på vatnet anna enn tre dagar i veka i halve året. Men så sterkt er kanskje ikkje dette argumentet; ein må rekna med at det er innafor denne delen av sesongen at også campingplassen har flest gjester og tener pengar. Ein bør også kunna trekkja inn leigeinntektene. Desse går nokså kraftig ned, noko som kan tala for at NTS påfører Syver/Otto urimelege ulemper. På den andre sida kan ein meina at desse leigeinntektene er bygde dels på at vasscooterane skal kunna køyra fritt omkring utan å ta omsyn. Og då er det Syver og Ottos eige problem at denne er ein aktivitet som er såpass «sårbar» overfor anna aktivitet på vatnet. Samla sett synest eg det verkar vanskeleg å koma til at NTS’ drift her er urimeleg til meins for Syver/Otto, men eg trur at andre kan sjå det annleis, og at ein slik synsmåte også må vera god.

Eg trur det ligg ei utfordring for studentane i å handsama dette spørsmålet. Grunngjevinga er at oppgåveteksten kanskje ikkje klart inviterer til å drøfta partshøvetalet. Ein del av dei argumenta som kunne vore førde i ei slik drøfting, vil studentane difor trekkja inn i drøftinga av «urimeleg …til meins». Dei som drøftar begge vilkåra må få god utteljing. Ein bør truleg ikkje trekkja særleg for dei typisk berre drøftar regelen om godt naboskap. På den andre sida er det ikkje fullgodt å ikkje seia noko allment om partshøvetalet som ein avgrensande faktor på sameigarane sin utnyttingsrett.

 

Tredje anførsel: Ein allemannsrett til kiting?

Studentane har arbeidd ein del med allemannsrettar i kurset. Dei var innom allemannsrettane på den obligatoriske kursoppgåva, og vart der møtte med spørsmålet om forholdet mellom allemannsretten og eigedomsretten. Saka då galdt mogleg kommersiell utnytting av ein allemannsrett til å lata eigne bier beita på annan manns grunn. Det har i kurset vorte formidla at dette er eit forhold mellom to ulike interesser i den faste eigedomen. Desse interessene eksisterer parallelt (jf. Rt. 2004.1985), har kvart sitt sjølvstendige historiske grunnlag, og står i eit visst spenningsforhold til kvarandre. Studentane har også hatt ei prosedyreoppgåve om allemannsrettar, der det dels galdt høve til å bruka ferdselsretten etter friluftslova for reine tilkomstføremål, dels eit idrettslag sitt høve til å «kanalisera» ålmenta si ferdsle gjennom å leggja ut ei turbok. I tillegg kjenner dei frå den same storgruppa m.a. Rt. 1953.1166, Rt. 1985.247 og Rt. 2004.1985.

Studentane må difor som eit utgangspunkt sjå at denne oppgåva gjeld forholdet mellom eigedomsretten og allemannsretten. Her er dei hjelpte av partane sine anførslar. Det vil vera mindre skjønsamt å drøfta først om kitinga er i strid med eigedomsretten, deretter om den er ein allemannsrett.

Ein kan i alle høve ta som utgangspunkt i at eigedomsretten er den største interessa rettsordninga anerkjenner til tinga. Innafor dei grensene som rettsordninga set, har eigaren den totale og eksklusive råderetten. Allemannsrettane representerer nokre av desse grensene; me kan sjå dei som eigedomsretten si «arrondering».

Studentane må deretter gjera ei fornuftig tolking av vassressurslova § 16 bokstav c. Denne lovstaden er ikkje kjent for dei frå før. Dei må tolka ordlyden «ferdsel uten bruk av motor», og vurdera om kiting er «ferdsel». Svaret på dette spørsmålet burde ikkje valda særleg tvil. Likevel er det ukjent lovtekst for studentane i ei lov dei ikkje har arbeidd med. Dei kan nok tenkjast å bli noko ordrike og kanskje usikre på dette punktet. Når det er sagt: Tingsrett s. 411 handsamar spørsmålet. Der er det i tillegg opplyst at ferdselen etter vassdragslova ikkje treng tena «noe “nyttig” formål; også ferdsel i rekreasjonsøyemed er tillatt». Dette siste bør ein kunna tenkja seg til utfrå ein analogi frå friluftslova også, jf. friluftslova § 1 som uttrykkeleg anerkjenner rekreasjon.

Spørsmålet om ein kan bruka allemannsretten etter vassressurslova § 16 bokstav c til slik meir omfattande og organisert kiting, er likevel noko som krev ei nærare drøfting. Her kan ein jo for det første problematisera partane sine anførslar. Syver og Otto seier at det her gjeld ei «planmessig, organisert og til dels kommersiell utnytting i større omfang enn kva ein allemannsrett kan opna for». Her kan ein notera at fire mindre samlingar med kiting, der føremålet er å læra opp instruktørar, i seg sjølv ikkje er nokon omfattande bruk av denne allemannsretten. Syver og Ottos karakteristikk synest difor noko kvass.

Det gjeld i alle høve omfanget av ferdselsretten. Ein kan her meina at grensa vert trekt åleine innafor vassressurslova § 16.2, som seier at bruken må skje så omsynsfullt at det ikkje valdar «ulemper av betydning» for grunneigaren. I vår sak er det ikkje vist til slike konkrete ulemper for grunneigarane, t.d. for deira isfiske, anna ferdsel e.l. Studentar som ser dette som oppgåva si problemstilling og ikkje finn noka krenking av eigedomsretten på dette grunnlaget, har løyst oppgåva på ein akseptabel måte.

Det vanskelegare spørsmålet ligg likevel på ein tilgrensande kant. Kor langt kan ålmenta bruka sine allemannsrettar til å nyttiggjera seg andres eigedom i samband med meir organiserte og omfattande aktivitetar av denne typen?

I Tingsrett s. 418 er spørsmålet skissert. Det er ikkje eit lett spørsmål å løysa metodisk; me kan ikkje forventa eller krevja ein logisk og følgjeriktig oppbygd argumentasjon om dette. Om studentane får fram ein del av dei motståande omsyna og knyter det til eventuelle rettskjelder, vil det vera godt. Ein må her vera noko på vakt mot dei som glir heilt over i lausare synsmåtar, og som ikkje klarar å framstilla poenga på ein rettsleg måte.  

Ser ein konkret på ålmenta sin ferdselsrett i vassdrag, er det klart at denne endeleg opnar for ein meir organisert ferdsel som i tillegg kan ha økonomisk verdi. Dette er reflektert i Rt. 1953.1166 (oreigningsvern for skuletransport over Lågen). Vassdrag er ein viktig og gammal ferdselsveg; omsyna er ikkje dei same som i utmark og etter friluftslova.

Eit anna argument kan hentast frå friluftslova § 10. Føresetnadsvis har ein rett til å halda idrettsstemne som ikkje valdar nemneverdig skade eller ulempe. Lova gjeld i utmark og dessutan på frosen innmark. Studentane kjenner friluftslova § 10 frå ei prosedyreoppgåve dei arbeidde med i kurset. Om stemnet har eit visst kommersielt preg (påmeldingsavgift), har ikkje noko å seia. Eit slikt stemne bør likeeins kunna haldast på islagt vatn – t.d. skeisestemne. Og då er vegen kort over til instruksjon i kiting.

Dessutan kan ein del truleg ha notert seg eit noko sterkare vern for allemannsrettane dei siste tiåra. Her er Rt. 2004.1985 og Rt. 2007.102 klare vitnemål ein kan bruka. Friare argumentasjon bygt på at det er positivt å få lært opp instruktørar i ein slik ny sport, kan også aksepterast. Poenget då er at ei dynamisk forståing av forholdet mellom allemannsrett og eigedomsrett bør opna for bruk i dette omfanget.

Somme vil gjerne kjenna diskusjonen om kor vidt ein kan driva med organisert hesteridning i naboen si utmark, jf. nærare Falkanger i Lov og Rett 1999 s. 178 ff. Her kan det nok vera argument å henta, men ein må samstundes vera merksam på at dei faktiske forholda (og legislative omsyna) på langt nær er identiske.

Eit anna argument kan det gjerne vera at kiting i seg sjølv kan koma i strid med viktige andre miljøinteresser. Ein melder om at kiting som vert drive på fjellet uroar m.a. reinsdyr om vinteren. Ein uvilkårleg positiv aktivitet er det difor ikkje. Men slike argument gjer seg ikkje gjeldande i vår sak. 

 

C. Nærare om oppgåva del II

Denne oppgåva inviterer til å gje eit oversyn over endringar/utvikling i rettsforholdet mellom servitutthavar (S) og den tenande eigedomen (E). Det følgjer føresetnadsvis av siste setning i oppgåva at me forventar både positive og negative servituttar handsama.

Her må ein for det første få klart fram kva ein servitutt er for noko, og kva for rettsforhold den etablerer mellom S og E. Ein kan gjerne nemna døme på ulike typar servituttar. Når oppgåva spør om endring og/eller utvikling, kan ein lura på om dette inkluderer også bortfall. Etter mitt syn er det naturleg å inkludera også bortfall av ein servitutt som ei endring i rettsforholdet. Så opplagt er dette likevel ikkje, og sensuren vil visa kor liberale ein bør vera overfor dei som ikkje inkluderer reglar om bortfall. I oversynet bør i alle høve ein del av dei følgjande reglane nemnast:

1. Servituttlova § 2 må stå sentralt. Den inneheld ein supplerande tolkingsregel for servituttar. Den kan, alt etter omstenda, føra til ei viss dynamisk tolking av det konkrete rettsgrunnlaget for servitutten. Korleis ein skal fastleggja den notidige ramma for ein servitutt, vil for det første måtta byggja på ei vurdering av kva for ein realitet det er i rettsgrunnlaget si ramme og kor fast denne ramma er. Denne ramma kan vera så klar og fast at det ikkje er rom for noka dynamisk tolking. Men som Tingsrett s. 194 peikar på, har ein i rettspraksis funne «rike muligheter» for å erklæra at tolkingsregel i servituttlova § 2 ikkje er ekskludert. Saka i RG 2001.924, som studentane kjenner, går endåtil så langt som til å seia at servituttlova § 2 gjeld så lenge stiftingsgrunnlaget ikkje klart kastar paragrafen på dør.

Når ein så vurderer kor langt ein kan bruka servituttlova til ei dynamisk tolking av servitutten, vil ein måtta trekkja inn føremålet med retten og kva som er i samsvar med tida og tilhøva, jf. servituttlova § 2.2. Partane skal ha rett til den råderetten som er rimeleg (jf. Tingsrett s. 193), og både rettshavaren og grunneigaren skal ha frie hender til å gjer seg nytte av dei tekniske og andre framstega som tida og tilhøva fører med seg (jf. Rådsegn 5 s. 46 referert i Tingsrett s. 193). Om studentane klarar å nemna eigne døme eller døme frå rettspraksis på dette punktet, så vil dette kunna gje eit klart pluss. Vegrettane vil vel vera det typiske dømet. Studentane har arbeidd med innhaldet i ein eldre naustrett i ei storgruppeoppgåve. Dette vil nok også vera eit døme som går igjen hos mange, og som også er eit godt døme. Om studentane får fram at S og E – om enn dei har interesser av vidt ulik storleik – prinsipielt sett kan seiast å vera likestilte i norsk rett, vil det vera fornuftig og sterkt. Dei bør også visa at dei ser at lova stiller opp ei tolegrense mellom rettshavarane, der begge partar i rettsforholdet må ta omsyn til kvarandre; den eine kan ikkje hengja igjen i ein gammal bruk dersom det valdar ulempe for den andre.

I denne delen av oppgåva må det gjevast utteljing for dei studentane som klarar å sjå forholdet mellom stiftingsgrunnlaget for servitutten og lova sine reglar. Å gå direkte til § 2 utan å seia noko om (ymsande) stiftingsgrunnlag som startpunkt og mogleg ramme for servitutten, vil ikkje vera fullgodt.

2. Studentane har arbeidd med servituttlova §§ 5 og 6 i ei prosedyreoppgåve. Der var det spørsmål om å byggja hytte i medhald av ein eldre servitutt som gav ein rett til naust. Eg har omtala paragrafane som ein «endringsprosedyre» for servituttar. Studentane vil kjenna saka i LG-2004-16853 om servituttlova § 6. Dei bør visa at dei forstår lova sitt system, særleg med avgrensinga til «anna slag» i § 5.3 og dessutan interessevurderinga etter oreigningsrettslege grunnsetningar i § 6.

3. Ei endring i rettsforholdet kan også skje – typisk for vegrettar –  gjennom utparsellering av den herskande eigedomen. Studentane har arbeidd med dette i ei kursoppgåve, og er kjende m.a. med Rt. 1973.229, jf. Tingsrett s. 205 ff. Det er ikkje sikkert dette poenget vert nemnt, og det er heller ikkje strengt naudsynt å nemna det.

4. Ein kan trekkja reglar om avkall etter vanlege avtalerettslege reglar. Eit avkall kan skje ved uttrykkeleg avtale eller konkludent passivitet. Studentane har arbeidd med ei kursoppgåve der ein fekk spørsmål om delvis avkall på ein vegrett, ved at den i femti år berre hadde vorte brukt som gangveg, og ein hadde teke veg annan stads frå.

5. Ein kan trekkja inn reglar om bortfall på grunn av at føresetnaden for servitutten fell vekk. Konkret har studentane arbeidd med spørsmål om ein vegrett fell vekk dersom det kjem offentleg veg, jf. Tingsrett s. 207 f. Eit anna døme kan vera ein rett til å skjæra is eller ein rett til å ta møllesteinar. Der ein ikkje kan rekna med at slik aktivitet nokon gong igjen vil verta utøvd, må ein rekna servitutten for bortfallen (jf. Brækhus & Hærem: Norsk tingsrett, 1964 s. 263).

6. Ein kan trekkja inn reglar om passivitet. Som den store hovudregelen er ikkje-bruk av servituttar ikkje ein bortfallsgrunn, jf. Rt. 1956.251 som studentane har arbeidd med. Sjå også Tingsrett s. 222.

7. Ein kan tenkja seg ei endring i rettsforholdet gjennom hevdsreglane. Her vil regelen om mothevd i hevdslova § 9 og frihevd i hevdslova § 10 vera aktuelle å nemna.

8. Ift. dei negative servituttane er det naturleg å gå inn på dommane i Rt. 1995.904 (Gjensidige), Rt. 2002.145 (Bortelid) og Rt. 2008.362 (Ivar Aasen). Studentane har arbeidd med desse tre dommane i ei oppgåve i kurset. Her bør ein kort få fram at ein negativ servitutt som utgangspunkt ikkje fell vekk som følgje av ein reguleringsplan. Ein bortfallsgrunn er det likevel at servitutten har gått tom for innhald; den fell vekk i «utviklingens medfør». I dommen om Gjensidigebygget var dette tilfellet. Området hadde utvikla seg uavhengig servitutten; den hadde ikkje vorte sanksjonert tidlegare. Å komma med servitutten no, var difor ikkje aktuelt. Saka i Rt. 2008.362 viser til denne bortfallsgrunnen, men fleirtalet fann at anken ikkje omfatta dette spørsmålet.

 

D. Nokre samla synspunkt

Føremålet var å laga ei oppgåve som skulle vera fair overfor studentane. Det tyder ikkje at det er ei enkel oppgåve å løysa. Både den praktiske og den teoretiske oppgåva stiller ganske store krav. Samstundes vonar eg at alle studentane har høve – innafor den einskilde deloppgåva – til å få presentera sitt kunnskapsnivå. Oppgåva har tilknyting til emne som har vore handsama i kurset, samstundes som ho ikkje opnar for ein rein parafrase av spørsmål som er handsama i kurset.

Undervegs i sensuren må me vurdera korleis vektinga 60/40 mellom del I og del II har falle ut mellom studentane. Dersom det viser seg gjennomgåande at del I har teke meir tid enn kva som ligg i det normerte, må me ikkje stilla for strenge krav ift. del II. Sjølv meiner eg likevel at det bør vera mogleg å løysa begge oppgåvene nokolunde innafor den gjevne vektinga/ramma. Det vil ikkje vera riktig av studentane å gjennomgåande prioritera ned del II til fordel for meir omfattande svar på del I.

Kva gjeld strykgrensa har eg førebels ingen sterke synspunkt på denne. Dersom heile del II ikkje er svart på, vil ein fort komma i faresona. Dersom ein berre har skrive om servituttlova § 2 i del II, vil det vera svakt. Då må ein skriva godt og grundig for å klara å løfta svaret noko. Mangel på omtale av § 2 vil vera svært svakt. Store feil vil det føreliggja hos kandidatar som blandar inn sameigelova § 4, eller som i det heile ikkje synest å ha noka forståing av forholdet mellom eigedomsrett og allemannsrett.

Til toppen