UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

 

UNIVERSITETET I BERGEN

SENSORVEILEDNING SKOLEEKSAMEN

2. STUDIEÅR - JUS124 - VÅREN 2004

 

1.    Tilhøvet til kurslitteratur og undervisning

 

Oppgåve 1 gjeld sentrale spørsmål kring hevd og sameige. Desse emna er godt dekte i kjernelitteraturen, i undervisninga og i kursoppgåver. Oppgåve 2 gjeld eigarens rett til undergrunnen. Dette er omtala etter måten kort i boka (tre sider) og har meir preg av kontrollspørsmål. I vurderinga bør ein ta omsyn til at berre ein sjettedel av tida er tenkt brukt til denne oppgåva (opplyst i teksten).

 

2.    Teksttype

 

Dette er i forma ei tradisjonell praktisk oppgåve (”skriv ei utgreiing”). For ordens skuld skal det nemnast at ein i undervisninga og elles har lagt vekt på at det ikkje gjeld noko mønsteroppsett for slike oppgåvesvar. Men studentane skal likevel kunne skilje mellom ulike grunnlag og gje ei ryddig framstilling.

 

3.    Problemstillingar som bør takast opp

3.1.    Avtalegrunnlag, eventuelt passivitet

Petra meiner at Marte har godteke at Peder vart eineeigar av seterbua. Det må i så fall vera fordi Marte har kjent til at Peder kosta på bua, og – kanskje – at ho burde skjøne at han oppfatta seg som eineeigar. At Marte ikkje brukte setra sjølv, fører ikkje til at hennar rett fell bort. Utgangspunktet her må vera at ein sameigar ikkje mistar retten sin fordi ein annan sameigar nyttar sin rett ut over det som følgjer av sameigeparten. Heller ikkje det at Peder kostar på hytta, i samsvar med den utvida bruken han utøver, gjev i seg sjølv noko grunnlag for tap av eigedomsrett. I den grad ein kan seie at Marte skjønte at Peder meinte å vera eigar, hadde det nok vore mest lojalt å seie frå, men ein bør vera varsam med å lata dette føre til bortfall av eigedomsrett (det er ikkje alltid lett å ta opp slike spørsmål).

 

Det er ikkje grunn til å gå inn på reglane om hendelege eigedomshøve; påkostinga gjev ikkje eigedomsrett etter dei reglane.

3.2.    Hevd

Her er utgangspunktet at Petra ikkje kan hevde rett på grunnlag av den bruken ho har rett til å utøve som sameigar (hevdsl. § 5). Men går bruken ut over retten, kan hevd i prinsippet skje. Her er det eit par dommar som studentane kanskje hugsar frå kjernelitteraturen (men det bør ikkje vera noko krav), nemleg Rt. 1903.8 og Rt. 1917.848. I eit tilfelle som dette, der Marte ikkje hadde bruk for setra, kan det nok også lett blir spørsmål om tolt bruk som ikkje gjev grunnlag for hevd.

 

Ein kan spørje om kva hevdstida er her. Bruken viser seg ikkje av ei ”fast tilstelling” (hevdsl. § 8), men påkostingane på seterbua er nok synlege, og ein kan seie dei viser at bruken går ut over det sameigeparten gjev grunnlag for. Svaret er nok usikkert. Etter hovudregelen om tjue år, er kravet til hevdstid oppfylt. Her bør det vera rom for subsidiær drøfting.

 

Det må drøftast om Petra er i god tru. Spørsmålet blir om å ho burde han undersøkt meir, i og med at ho kjende til at det hadde vore ei sams seter. På den andre sida hadde ho ikkje særleg grunn til å tvile på det ho oppfatta som bestefarens oppfatning. Her bør det òg vera rom for fleire svar.

 

På eksamensdagen var fleire studentar opptekne av opplysninga om at Petra var berre ti år da ho tok over garden. Dei fekk til svar at dei skulle leggje opplysningane i oppgåva til grunn. Dette var ikkje meint som nokon finesse, og partane har ikkje påberopt noko i samanhengen. Men dersom nokon reiser spørsmålet om både bruken og den gode trua dei første åra etter at Petra tok over, er det berre eit pluss. På den andre sida kan det ikkje forlangast at det skal gjerast noko ut av dette. Vi har ikkje nærare opplysningar om kva opplysningar Petras føresette hadde.

3.3.    Rett til bortleige

Sameigelova gjev ikkje utan vidare svar på om ein sameigar kan leige bort sin utnyttingsrett (dette er omtala i Falkanger: Tingsrett (5. utg.) s. 134–136). Ein må ta utgangspunkt i sameigelova § 3. At utleiga blir til ulempe i høve til den bruken Petra har gjort av seterbua, er i og for seg ikkje avgjerande. Tek ein som utgangspunkt at seterbua tilhøyrer to gardar, blir ikkje den andre sameigarens bruk stor meir tyngjande ved at retten blir leigd bort. Det er ikkje det personlege tilhøvet mellom sameigarane som ligg til grunn for sameigeforholdet her. Helst bør ein vel godta utleige, men det er rom for fleire syn.

 

Ein kan spørje om retten til å leige bort er snevrare fordi sameigeretten ligg til ein fast eigedom, jf. sameigel. § 10 andre ledd for avhending. Her er det for det første eit spørsmål om den nemnde føresegna ville hindre avhending i eit tilfelle som dette (setra kan ikkje lenger nyttast til det opphavlege føremålet, og sal av hytter m.m. kan vera tenleg utnytting). For det andre blir det eit spørsmål om bortleige må sidestillast med avhending i slike samanhengar; det er slett ikkje sikkert.

3.4.    Innløysingsrett

Etter sameigel. § 12 skal reglane om forkjøpsrett (innløysing) gjelde tilsvarande der nokon leiger bort utnyttingsretten sin. Det synest ikkje vera grunnlag for å avvike frå den regelen. Føresegna i § 11 tredje ledd er ikkje aktuell; her er det ikkje tale om avhending (eller bortleige) saman med del av eigedommen som parten ligg til.

 

Ein skrivefeil i nest siste avsnitt (Marte i staden for Petra) vart retta i eksamenslokalet.

3.5.    Oppgåve 2

Her bør studentane kjenne til prinsippet frå rettspraksis om at eigarens rett går så langt som ein kan rekne med at kan utnytte eigedommen. Avgjerda i Rt. 1959.1198 (tunnelen på Askøy) er sentral. Rt. 1998.251 (grunnvatn på Sotra, skråboringsdommen) er også prinsipiell, men her har ein seinare fått reglar i vassressurslova. Den siste er ikkje omtala i kjernelitteraturen, men truleg i førelesingane. Ein kan ikkje vente noka omfattande framstilling eller detaljkunnskapar når det gjeld dette spørsmålet.

 

4.    Vurderinga

 

Ein bør leggje hovudvekta på forståing av dei grunnleggjande tenkjemåtane i tingsretten (eigedomsretten som står i ei særstilling, omsyn til endra tilhøva, omsyn til praktiske og tenlege løysingar, lange tidsperspektiv). Studentane bør kunne hovudreglane om hevd, men nokre av dei spørsmåla som oppgåva reiser, er kompliserte. Også hovudreglane om sameige bør vera kjende. Studentane bør vise at dei kjenner dei sentrale tingsrettslovene.

Dei som ikkje har kunnskapar om spørsmålet i oppgåve 2, vil ikkje ha mykje å skrive om. Stryk på denne oppgåva skal ikkje ha større vekt enn stryk på ein sjettedel av ei samla oppgåve.

Til toppen