UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124

 

 

UNIVERSITETET I BERGEN

SENSORVEILEDNING SKOLEEKSAMEN

2. STUDIEÅR - JUS124 - VÅREN 2006

 Spørsmål 1

Oppgåva er her å klarleggja kven som er eigar av det omstridde området etter vanlege reglar og den skylddelingsforretninga som ligg føre.

Det er ikkje omstridt at Hans er eigar av den delen av fyllinga som ligg på hans side av midtlina og innanfor marbakken. Det er heller ikkje tvist om det området han har fylt ut utanfor marbakken i sin eigen sektor. Tvisten gjeld den delen av det utfylte området som ligg mellom midtlina mellom eigedomane og vidareføringa av eigedomsgrensa på land, både innanfor og utanfor marbakken.

Det er heller ikkje omstridd at marbakken er yttergrensa for privat eigedomsrett til sjøgrunn i dette tilfellet. Det første spørsmålet er difor om eigedomsgrensa mellom dei to bruka i dette tilfellet fylgjer midtlina eller vidareføringa av eigedomsgrensa mellom dei to eigedomane.

Den allmenne regelen om grensa mellom eigedomar som grenser til kvarandre på same strandside, er at grensa fylgjer midtlina mellom eigedomane. Dette kan byggjast på ein analogi av vassdragslova av 1940 § 4, men slik at grensa går etter strandprofilen ved vanleg høg vasstand. Utgangspunktet for grensa er ikkje problematisert i dette tilfellet. Det er semje i teorien om at dette er det rådande prinsippet for grensedraginga, sjå Falkanger, Tingsrett s. 104, med tilvising til Rt. 1979 s. 1099 og RG 1969 s. 44 (H). Sistnemnte dom er parallell til problematikken i oppgåva. Påstand om at grensa på land held fram i same retninga utover i sjøen vart ikkje godteken.

Regelen om midtlina er fråvikeleg og spørsmålet i oppgåva er om skylddelingsforretninga, som her er uttrykk for avtalen om kor grensa går, kan seiast å fråvika midtlineregelen. Utgangspunktet vil nok vera at det krevst nokså klar heimel for å fråvika den allmenne regelen. Det som er sagt i dette tilfellet er at grensa held fram vidare utover i sjøen. Det er ikkje uttrykkeleg sagt at den går i same retning, noko som kunne ha vore naturleg dersom det var meininga. Det har truleg mest for seg at formuleringa berre tek sikte på å slå fast at sjøgrunnen er med i frådelinga. Det er då ikkje sagt noko om korleis grensa skal trekkjast i sjøen. Det er då truleg like sannsynleg at ein har meint at  grensa fylgjer den vanlege regelen for grenser i sjø, som at ein har meint at den skal halda fram i same retning. Det er også eit sentralt poeng at det her ikkje berre er spørsmål om kva som er den mest nærliggjande tolkinga av sjøve formuleringa. Det er også spørsmål om den er klar nok til at ein vil fråvika den ulovfesta regelen. Det avgjerande her er kor godt kandidatane argumenterer og at dei får fram tilhøvet mellom den allmenne regelen og formuleringa i skylddelinga. Det kan ikkje leggjast vekt på kva resultat dei kjem til.

Dersom ein kjem til at grensa fylgjer midtlina er det klart at den delen av fyllinga som ligg innanfor marbakken tilhøyrer bnr. 2.

Hans gjer gjeldande at han i det minste må ha eigedomsrett til den delen av fyllinga som ligg utanfor marbakken. Dette må byggja på at dette området er eigarlaust og at han har rett til å erverva området ved okkupasjon.

Det er sikker rett at ein strandeigar har rett til utfylling av sjøarealet utanfor grensa for privat eigedomsrett, så langt det kan skje utan å krenkja eigedomsrett eller strandrett for andre eigedomar. Den vanlege oppfatninga er også at han har ein fortrinnsrett til dette innanfor den sektoren som kjem fram ved å vidareføra midtlina mot tilgrensande eigedomar utanfor marbakken. Ein kan då sjå utfylling utanfor yttergrensa for granneeigedomen som eit inngrep i denne eigaren sin einerett til utfylling og dermed ei krenking av hans rett. Det er etter mitt syn klar støtte for eit slikt syn i rettspraksis, sjå Rt..xxxxxx

Det kan også argumenterast for at det gjeld ein okkupasjonsrett utanfor eigedomsgrensa. Rt 1985 s. 1088 (Rugsund-domen) kan vera eit argument for ein okkupasjonsrett. Den gjeld likevel eit oppdrettsanlegg langt frå land, og Høgsterett la til grunn at det ikkje skjedde noko inngrep i aktuelle utnyttingsmåtar for strandeigarane. Dette er ein annan situasjon enn utfylling frå eiga strand og inn i sektoren framfor granneeigedom.

Det må leggjast vekt på kor langt kandidatane ser problemstillinga og kor godt dei argumenterer for den løysinga dei har valt. Dette er sannsynlegvis eit spørsmål som kandidatane vil finna vanskeleg og det bør ikkje trekkjast mykje om dei ikkje får til dette. Det er på den andre sida eit spørsmål der kandidatane kan få vist gode kunnskapar og vurderingsevne.

Spørsmål 2

Føresetnaden for spørsmået er at grensa går ved midtlina og det er spørsmål om Hans Gravspreng kan ha erverva eigedomsrett eller bruksrett til området som då ville tilhøyra bnr. 2 ved hevd.

For eigedomshevd er vilkåret at hevdaren har brukt eigedomen som sin eigen i hevdstid, dvs. 20 år. Utfylling av området og deretter bruk av det utfylte området for eigne formål og med oppsetjing av plasthall for lager og verkstad på det omrstridde området, må nokså klart fylla vilkåra for å nytta området som sitt eige. I utgangspunktet må ein vel seia at bruken har tilstrekkeleg intensitet og omfang til å fylla kravet til eigedomshevd.

Det tvilsame spørsmålet i denne saka er om Hans Gravspreng har vore i god tru.

Hans grunnlag for å vera i god tru, er den tolkinga han gjer av skylddelingsforretninga. Det er klart nok at feiltolking av eit dokument kan gje grunnlag for å vera i god tru. Ein kan også vera i god tru på grunnlag av ei rettsvillfaring med omsyn til ein allmenn regel, men dette skal mykje til. Manglande kunnskap om midtlineregelen ville vanskeleg kunne gje grunnlag for god tru. Kunnskap om denne regelen ville truleg også føra til at det var grunn til tvil om skylddelingsforretninga kunne tolkast slik Hans har gjort. Det må krevjast at det er  gjort ei vurdering av tolkingsspørsmålet og tolkinga må vera forsvarleg sett på bakgrunn av den allmenne regelen.

Det må også leggjast ei viss vekt på at Hans ikkje har teke noko kontakt med den dåverande eigaren og heller ikkje har varsla om sine planar eller si oppfatning av grensespørsmålet. Manglande protest er ikkje i seg sjølv eit moment i god tru vurderinga. Det avgjerande er om dei opplysingane som låg føre om sjølve rettshøvet burde gje grunnlag for tvil og vidare undersøkjingar. Dersom ein legg til grunn at dette er relevant, må det i alle høve få verknad for utgangspunktet for hevdstida. I dette tilfellet kan det likevel argumenterast med at det ville ha vore naturleg å protestera når utfyllinga skjedde, eller kort tid etter, slik at det ikkje blir så stor endring av utgangspunktet.

Den mest nærliggjande løysinga er då at Hans ikkje var i god tru, men også her er det mogeleg å koma til eit anna resultat.

Det skal også drøftast om Hans har hevda bruksrett. Dette er eit spørsmål om bruken kvalifiserer for hevd av bruksrett etter 20 år, eller om 50 års regelen i hevdslova § 8 gjeld. Utfyllinga i seg sjølv må oppfattast som ei fast tilstelling når det gjeld retten til å disponera sjøgrunnen. I tillegg vil nok plasthallen fylla krava til fast tilstelling for bruken av utfyllinga, men dette vil neppe ver naudsynt for å hevda retten til utfylling. Det kan likevel tenkjast at nokon problematiserer at det å fylla ut i seg sjølv ikkje viser at Hans meinte at han også hadde rett til det utfylte området. Sjølv om dette kan verka noko søkt, bør ein honorera kandidater som tek opp dette på ein forstandig måte.

Det sentrale her er at kandidatane bør sjå at dersom hevdsvilkåra elles er oppfylt, vil eigedomshevd vera det mest aktuelle alternativet. Bruken må seiast å oppfylla den bruken ein eigar ville ha gjort, og då er det neppe grunnlag for å avgrensa retten til bruksrett, sjølv om ein for meir avgrensa bruksmåtar gjerne operer med ein viss presumsjon for bruksrett når bruksutøvinga like gjerne kunne ha vore basert på ein bruksrett som på eigedomsrett.

Ved vurderinga av oppgåva må det vel leggjast til grunn at spørsmål 1 er det vanskelegaste og kandidater som meistrar dette må honorerast, særleg dei som meistrar spørsmålet om retten til området utanfor marbakkegrensa. Det sistnemnte spørsmålet vil vera så vanskeleg at ein ikkje kan krevja full meistring av dette spørsmålet, sjølv for å få A.

Del II

Problematikken i oppgåva er i tilrådd litteratur særleg framstilt i Falkanger, Tingsrett s. 195-197. Spørsmålet i oppgåva går ikkje på kor langt rettshavaren må akseptera eigaren som brukar ved sida av seg, men kor langt han kan gje andre rett til tilsvarande bruk. Dette vil likevel byggja på at eigaren har rett til denne bruken ved sida av rettshavaren, men det krevst det ikkje at kandidatane nemner, slik oppgåva er formulert.

Eigaren sin vidare råderett over eigedomen etter at den særlege retten er stifta, vil avhenga av innhaldet i retten etter rettsgrunnlaget og dei allmenne reglane for eigaren sitt rådvelde, jf. servituttlova § 2. Det er rettsgrunnlaget som er det sentrale utgangspunktet for vurderinga av kva band retten legg på eigaren. Er det sagt at retten er eksklusiv, slik at grunneigaren ikkje kan gje tilsvarande rett til andre, er saka klar. Det same gjeld der det uttrykkeleg er sagt at han kan gje andre rett til dømes til å bruka ein veg eller til fiske i eit vatn.

Der det ikkje er sagt noko om retten er  eksklusiv eller ikkje, vil utgangspunktet vera at retten ikkje er eksklusiv, så langt eigaren vil kunne gje andre rett til tilsvarande bruk, utan å krenkja retten. Ein vegrett vil normalt vera eit døme på at rettshavaren må tola at andre brukar vegen ved sida av han, mot å delta i vedlikehaldskostnader og eventuelt anleggskostnader. Er det tale om bruk av avgrensa ressursar som beiterett, hogstrett, rett til å ta vatn frå ein brunn og liknande, vil spørsmålet vera kor langt grunneigaren kan gje rettar til andre, utan at dette vil gripa inn i den første rettshavaren sin rett. Her vil det også vera relevant å dra inn servituttlova § 2 som grense for kva grunneigaren har rett til overfor rettshavaren.

Kandidater som berre tek opp råderetten etter § 2 vil måtte trekkjast for dette, sjølv om ein nok kan få bestått på det. For å få A eller B på denne delen må ein få fram at rettsgrunnlaget er det sentrale.

Det kan vera at ein del kandidater vil ha vanskar med å få grep på oppgåva. Det må honorerast for dei som klarer å problematisera og bruka eksempel til å få fram poenga.

Til toppen