UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS124
Oppgaven er tilgjengelig på bokmål og nynorsk
Hans Gravspreng drev entreprenørvitksomhet i Storfjord. I 1983 hadde han et større oppdrag med utsprenging av en krafttunnell. Dette gav store overskuddsmasser som han brukte til utfylling av sjøarealet utenfor eiendommen sin, gnr. 115 bnr. 9, som lå ved sjøen i Storfjord. Ved dette fikk han et tilleggsareal på 5 dekar som han brukte til oppstilling av maskiner og lagring av utstyr. I 1985 satte han også opp ein plasthall på 60 kvadratmeter på området, som han lagret utstyr i og brukte som verksted for vedlikehold og reparasjon av utstyr.
Naboeiendommen, gnr. 115 bnr. 2, som var et lite småbruk, tilhørte Lars Fåmæl. Han var i 1983 uførepensjonist og hadde dårlig helse. Han mottok ikke nabovarsel om utfyllingen og det var ingen kontakt mellom Hans og Lars om dette. I 1989 flyttet Lars på aldersheim og eiendommen hans vart liggende ubrukt. I 2005 døde Lars og eiendommen ble på skifte overtatt av brorsønnen hans, Peder Ås. Peder Ås som nå var 60 år hadde de siste 30 årene bodd i USA. Han hadde ikke vært i Storfjord siden 1980, men hadde vært mye på eiendommen i oppveksten. Han hadde blitt mangemillionær etter å ha drevet blant annet fiske utanfor vestkysten av USA, og ønsket nå å bosette seg på eiendommen. Han ville bygge nytt hus, brygge og nøst og drive småfiske i fjorden og ellers leve av kapitalinntekter.
Peder reagerte på utfyllingen som hadde skjedd og mente den gikk inn på hans eiendom og var til hinder for de planer han hadde. De to eiendommene grenset til hverandre innerst i en bukt med relativt svak krumming (se vedlagte skisse). Bnr. 9 var delt fra bnr. 2 i 1967. I skylddelingsforretningen fra 1967 stod det at grensen i nord fulgte grensen mot bnr. 3, som var naboeiendommen, gikk deretter i sørlig retning, og så stod det at grensen gikk fra kors i fjell i sørvestlig retning 40 meter til kors i fjell ved sjøen ”og fortsatte utover i sjøen så langt privat eiendomsrett går”. Gravspreng hadde fylt ut langs forlengingen av grensen i same retning som på land, slik at 1, 5 dekar av det utfylte arealet lå over på bnr. 2 si side av midtlinjen mellom de to eiendommene regnet fra den opprinnelige strandprofilen. Av dette låg 0,5 dekar innenfor marbakken og 1 dekar utenfor marbakken. Plasthallen låg på den delen av utfyllingen som lå på bnr. 2 si side av midtlinjen og delvis innenfor og delvis utenfor marbakken.
Peder mente at grensen mellom eiendommene gikk etter midtlinjen og sendte i januar 2006 et brev til Hans Gravspreng med krav om at han måtte fjerne den delen av utfyllingen som overskred midtlinjen. Alternativt tilbød han seg å overta området mot å betale det utfyllingen ville ha kostet i dag.
Hans avviste alt dette. Han mente at han hadde eiendomsrett til hele det utfylte området. Han avviste at det gjaldt noen regel om at grensen går etter midtlinjen og mente formuleringen i skylddelingsforretningen i alle fall måtte bety at grensen gikk videre utover sjøen i same retning som på land. Det var denne tolkningen han hadde lagt til grunn da han fylte ut området.
Peder Ås mente at formuleringen i skylddelingen ikke gav grunnlag for å fravike den vanlige regelen om at grensen mellom eiendommer på samme strandside skal trekkes etter midtlinjen. Den betydde ikke annet enn at sjøgrunnen også skulle følge med ved fradelingen av bnr. 9.
Hans gjorde gjeldende at han at han i alle fall måtte ha eiendomsrett til den delen av det utfylte området som lå utenfor marbakken, som var yttergrensen for privat eiendomsrett i dette tilfellet. Peder var enig i at yttergrensen gikk ved marbakken, men mente dette ikke kunne ha noe å si, fordi han hadde eneretten til utfylling utenfor sin eiendom, også utenfor eiendomsgrensen. Denne eneretten måtte gjelde fram til midtlinjen mellom eiendommene også utenfor yttergrensen for eiendomsretten.
Hans Gravspreng gjorde i tillegg gjeldende at han hadde hevdet eiendomsrett til hele området, selv om det skulle vise seg at han hadde tatt feil i spørsmålet om eiendomsgrensen. Han hadde i god tro brukt området siden høsten 1983 og det hadde ikke kommet protester mot utfyllingen eller bruken av området. Han mente at han ved utfyllingen og den etterfølgende bruken hadde disponert området som en eier. Subsidiært mente han at han måtte ha bruksrett til området.
Peder Ås meinte at Hans ikke kunne være i god tro og at han selv måtte bære risikoen for at han ikke kjente reglene om eiendomsgrenser i sjø eller hadde tolket skylddelingen feil. Lars Fåmæl hadde hatt svak helse og hadde ikke hatt kraft til å vareta sine interesser. Eiendommen hadde ligget uten tilsyn lenge. Han mente at Hans i alle fall ikke kunne ha hevdet eiendomsrett, fordi bruksutøvelsen ikke gikk lenger enn at den kunne ha vært bygget på en bruksrett. Vilkårene for bruksrettshevd mente han ikke var oppfylt.
Drøft og ta stilling til de følgende spørsmåla på grunnlag av det faktum som er presentert ovenfor:
1. Hvem er eier av den omstridde delen av det utfylte området om en ser bort fra eventuell hevd?
2. Har Hans Gravspreng hevdet eiendomsrett eller bruksrett til det omstridde området, under forutsetning av at området i utgangspunktet tilhørte bnr. 2?
II
Ved ein særlig råderett (servitutt) får rettighetshaveren rett til å råde over en eiendom som tilhører en annen. Drøft i hvilken grad denne retten er eksklusiv i den forstand at grunneieren ikke kan gi andre enn servitutthaveren rett til tilsvarende bruk av sin eiendom.
Kart over område
Hans Gravspreng dreiv entreprenørverksemd i Storfjord. I 1983 hadde han eit større oppdrag med utsprenging av ein krafttunnel. Dette gav store overskotsmassar som han brukte til utfylling av sjøarealet utanfor eigedomen sin, gnr. 115 bnr. 9, som låg ved sjøen i Storfjord. Ved dette fekk han eit tilleggsareal på 5 dekar som han nytta til oppstilling av maskiner og lagring av utstyr. I 1985 sette han også opp ein plasthall på 60 kvadratmeter på området, som han lagra utstyret i og nytta til verkstad for vedlikehald og reparasjon av utstyr.
Granneeigedomen, gnr. 115 bnr. 2, som var eit lite småbruk, tilhøyrde Lars Fåmæl. Han var i 1983 uførepensjonist og hadde dårleg helse. Han mottok ikkje grannevarsel om utfyllinga og det var ingen kontakt mellom Hans og Lars om dette. I 1989 flytta Lars på aldersheim og eigedomen hans vart liggjande unytta. I 2005 døydde Lars og eigedomen vart på skifte overteke av brorsonen hans, Peder Ås. Peder Ås som nå var 60 år hadde dei siste 30 åra budd i USA. Han hadde ikkje vore i Storfjord sidan 1980, men hadde vore mykje på eigedomen i oppveksten. Han hadde blitt mangemillionær etter å ha drive mellom anna fiske utanfor vestkysten av USA, og ynskte no å busetja seg på eigedomen. Han ville byggja nytt hus, brygge og naust og driva småfiske i fjorden og elles leva av kapitalinntekter.
Peder reagerte på utfyllinga som hadde skjedd og meinte den gjekk inn på hans eigedom og var til hinder for dei planane han hadde. Dei to eigedomane grensa til kvarandre inst i ei bukt med relativt svak krumming (sjå vedlagte skisse). Bnr. 9 var delt frå bnr. 2 i 1967. I skylddelingsforretninga frå 1967 stod det at grensa i nord fylgde grensa mot bnr. 3, som var granneeigedomen, gjekk deretter i sørleg retning, og så stod det at grensa gjekk frå kors i fjell i sørvestleg retning 40 meter til kors i fjell ved sjøen ”og held fram utover i sjøen så langt privat eigedomsrett går”. Gravspreng hadde fylt ut langs forlenginga av grensa i same retning som på land, slik at 1, 5 dekar av det utfylte arealet låg over på bnr. 2 si side av midtlina mellom dei to eigedomane rekna frå den opphavlege strandprofilen. Av dette låg 0,5 dekar innanfor marbakken og 1 dekar utanfor marbakken. Plasthallen låg på den delen av utfyllinga som låg på bnr. 2 si side av midtlina og delvis innanfor og delvis utanfor marbakken.
Peder meinte at grensa mellom eigedomane gjekk etter midtlina og sende i januar 2006 eit brev til Hans Gravspreng med krav om at han måtte fjerna den delen av utfyllinga som overskreid midtlina. Alternativt tilbaud han seg å overta området mot å betala det utfyllinga ville ha kosta i dag.
Hans avviste alt dette. Han meinte at han hadde eigedomsrett til heile det utfylte området. Han avviste at det gjaldt nokon regel om at grensa går etter midtlina og meinte formuleringa i skylddelingsforretninga i alle høve måtte tyda at grensa gjekk vidare utover sjøen i same retning som på land. Det var denne tolkinga han hadde lagt til grunn då han fylte ut området.
Peder Ås meinte at formuleringa i skylddelinga ikkje gav grunnlag for å fråvika den vanlege regelen om at grensa mellom eigedomar på same strandside skal dragast etter midtlina. Den tydde ikkje anna enn at sjøgrunnen også skulle fylgja med ved frådelinga av bnr. 9.
Hans gjorde gjeldande at han at han i alle høve måtte ha eigedomsrett til den delen av det utfylte området som låg utanfor marbakken, som var yttergrensa for privat eigedomsrett i dette tilfellet. Peder var samd i at yttergrensa gjekk ved marbakken, men meinte dette ikkje kunne ha noko å seia, fordi han hadde eineretten til utfylling utanfor sin eigedom, også utanfor eigedomsgrensa. Denne eineretten måtte gjelda fram til midtlina mellom eigedomane også utanfor yttergrensa for eigedomsretten.
Hans Gravspreng gjorde i tillegg gjeldande at han hadde hevda eigedomsrett til heile området, sjølv om det skulle visa seg at han hadde teke feil i spørsmålet om eigedomsgrensa. Han hadde i god tru brukt området sidan hausten 1983 og det hadde ikkje kome protestar mot utfyllinga eller bruken av området. Han meinte at han ved utfyllinga og den etterfylgjande bruken hadde disponert området som ein eigar. Subsidiært meinte han at han måtte ha bruksrett til området.
Peder Ås meinte at Hans ikke kunne vera i god tru og at han sjølv måtte bera risikoen for at han ikkje kjente reglane om eigedomsgrenser i sjø eller hadde tolka skylddelinga feil. Lars Fåmæl hadde hatt svak helse og hadde ikkje hatt kraft til å vareta sine interesser og eigdomen hadde lege utan tilsyn lenge. Han meinte at Hans i alle høve ikkje kunne ha hevda eigedomsrett, fordi bruksutøvinga ikkje gjekk lenger enn at den kunne ha vore bygt på ein bruksrett. Vilkåra for bruksrettshevd meinte han ikkje var oppfylte.
Drøft og ta stilling til fylgjande spørsmåla på grunnlag av det faktum som er presentert ovanfor:
1. Kven er eigar av den omstridde delen av det utfylte området om ein ser bort frå eventuell hevd?
2. Har Hans Gravspreng hevda eigedomsrett eller bruksrett til det omstridde området, under føresetnad av at området i utgangspunktet tilhøyrte bnr. 2?
II
Ved ein særleg råderett (servitutt) får rettshavaren rett til å råda over ein eigedom som tilhøyrer ein annan. Drøft i kva grad denne retten er eksklusiv i den forstand at grunneigaren ikkje kan gje andre enn servitutthavaren rett til tilsvarande bruk av sin eigedom.
Kart over område
Sist oppdatert 6.april 2006 av LISR Kommentarer til denne siden. |