UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 3. avdeling

Sensorveiledning teorioppgave nr. 1 

Sensorveiledning teorioppgave nr. 2

Sensorveiledning, endelig utgave
Tredje avdeling jus
Høstsemesteret 2003
Teoretisk oppgave nr. 1

Læringskrav og pensum

1. Innleiande merknader

Oppgåva har 2 alternativ som direkte er knytt opp til spørsmål om utlegg, men som reiser spørsmål der kandidatane kan trekke vekslar på øvrig kunnskap innafor gjeldsforfølgingsretten og den dynamiske tingsretten. Ingen av oppgåvene har ei form som kandidatane skulle vere ukjende med. Det vart gitt domsanalyse så seint som hausten 2001. Oppgåve B er formulert som ei vurderingsoppgåve, noko som ikkje har vore så vanleg å gje, men som vi også har døme på frå tidlegare. Undervisninga i den seinare tid har vore lagt opp slik at kandidatane skal vere i stand til å meistre desse oppgåveformene. Dei rettslege tema oppgåvene gjeld kan nok for mange kandidatar isolert framstå som snevre, og set krav til at kandidatane analyserer ut frå kunnskap og forståing dette fagemnet, og at dei er i stand til å resonnere ut frå omsyna som ligg bak reglane. Oppgåvene frå kandidatar som ikkje meistrar dette vil nok verte nokså korte, dersom dei ikkje i staden forsøker å kompensere med å skrive om omkringliggande emne. Dette kan i så fall ikkje gje utteljing.

Som vanleg viser den gjennomgåande sensuren at svært mange kandidatar, særleg dei som vel alternativ B, ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til kva oppgåva spør etter. Det er forbausande å sjå at så mange i denne delen kun gjer greie for gjeldande rett, utan å vurdere reglane.

2. Oppgåve A

Læringskrav:
I læringskrava i gjeldssøkingsretten går det fram at kandidatane skal ha grundig kjennskap til "dei materielle reglane om omfanget av dekningsretten for kreditorane og den nærare stillinga for dei ulike krava". Som presisering av dette er nemnt "hovudregelen om dekningsretten i dekningslova § 2-2" (som også gjeld ved utlegg, jfr § 2-1, 1. ledd) og "avgrensinga av dekningsretten i høve til tredjemann". I tingsrett II er det krav om grundig kjennskap til "reglane om kreditorekstinksjon av rettar i fast eigedom".

Litteratur:
Kandidatane vil kunne nytte store delar av framstillingane i gjeldssøkingsretten og tingsrett II til å resonnere omkring dette tema. Av litteratur som gjeld spørsmålet meir direkte kan eg nemne Andenæs: "Konkurs" pkt 19.2.4. Denne boka er skriven før orskurden i Rt 1999 s 247 kom. Lilleholt "Godtruerverv og kreditorvern" tek opp dette særleg i pkt 7.1.1. Orskurden vert omtala i petit. Orskurden er vidare kort omtala på s 220, også her i petit. Kandidatane har fått utdelt kopi av avgjerda på eksamen.

Om oppgåva
Oppgåveteksten siterer innleiingsvis ei setning frå avgjerda, der tinglysingslova § 20 er framheva. Overskrifta på oppgåva skal vere "Om Rt. 1999 s . 247" og det er peikt på to punkt som skal handsamast. Om kandidatane skil desse to punkta eller handsamar dei samla er likegyldig, så lenge det kjem klart fram kva som er kjæremålsutvalet sin argumentasjon og kva som ikkje er det. Dersom kandidatane kort tek opp andre spørsmål knytt til dommen, t.d. at dei drøftar avgjerda si rettskjeldemessige vekt, må det vere greitt.

I oppgåva (pkt 1) er det framheva at kandidatane skal gjere greie for kjæremålet si oppfatning av reglane. Tanken er vel at kandidatane skal sjå tvangsl §§ 7-13, 7-14 og tinglysingslova § 20 (eventuelt saman med tinglysingslova § 23 og dekningslova § 2-2) i samanheng og gjere greie for korleis kjæremålsutvalet resonnerte. Denne delen av oppgåva skal avdekke om kandidatane er i stand til å forstå argumentasjonen og resultatet i avgjerda, og om dei klarer å gjengje denne på ein pedagogisk og oversiktleg måte.

Lilleholt har (på s 175 og 220) skrive at avgjerda "må helst reknast som eit reint mistak". Thor Falkanger har i "Tingsrett" s 645 omtalt avgjerda som "nokså overraskende". Synspunkta vert ikkje utdjupa i særleg grad. Det kan ikkje vere viktig for vurderinga av oppgåvene at kandidatane kan gje greie for kven som har kritisert avgjerda, eller kvifor dei ulike forfattarane meiner den er uriktig. Det sentrale er at kandidatane er i stand til sjølv å kome med argument både for og mot løysinga, og at dette vert formidla på ein god måte.

Ved gjennomgangen av avgjerda er det sentralt at kandidatane får formidla at heller ikkje Per Erik Schiøtt (skuldnaren) hadde tinglyst sitt erverv. Dersom han hadde gjort det, skulle spørs- målet utan tvil vore løyst av tinglysingslova § 20, sjå Rt 1995 s 1122 og Rt 1997 s 1698, som er nemnde i orskurden. Kjæremålsutvalet sitt hovudpoeng synes å vere at i ein situasjon der skuldnaren ikkje har grunnboksheimel, er det dei reelle eigartilhøva som vil vere avgjerande. Kjæremålsutvalet meiner det er i høve til kreditorane til ein skuldnar som sit med heimel, at omsynet til notoritet og publisitet vert avgjerande på ein slik måte at ein kan ta utlegg der siste suksessor ikkje har tinglyst ervervet.

Når kandidatane skal gjere greie for kva omsyn som støttar opp om resultatet i avgjerda, er det viktig at desse synspunkta vert forklart nærare og utdjupa i høve til det som framgår av orskurden. Vidare bør kandidatane peike på andre omsyn som kan trekke i same retning. Det mest nærliggande er kanskje at dette ofte vil vere den reelt sett riktige og mest rimelege løysinga og at ein kan hevde at kreditoren elles får ein tilfeldig fordel. Ein kan gjerne hevde at det er eit urimeleg resultat når ein kreditor som kjenner til dei reelle eigartilhøva likevel kan ta utlegg i heimelshavaren sin eigedom (1997 s 1698 - situasjonen). Dersom kreditorar også skal kunne ta utlegg i ein situasjon der skuldnaren ikkje ein gong sjølv hadde heimel, kan ein hevde at resultatet vert endå meir urimeleg. Vidare kan det vere positivt å kome med nokre tankar om dei praktiske problema som hadde oppstått dersom Hagen skulle forsøke å tinglyse ervervet sitt, og om dette bør få verknad for resultatet.

Når kandidatane skal gjere greie for motargumenta har dei nokså lite drahjelp av den utleverte avgjerda. Den siterte delen av lagmannsrettsavgjerda viser i stor grad til reglane om rettsvern og kreditorekstinksjon, og til Rt 1995 s 1122 og Rt 1997 s 1698, utan å gå nærare inn på om skilnaden på dei to situasjonane kan ha noko å seie for resultatet. Her vert då kandidatane si forståing og deira analytiske evne avgjerande for kor bra resultatet vert.

Problemet med kjæremålsutvalet sitt resultat er at ein ved å sjå på om skuldnaren har heimel, bygger på eit legitimasjonsresonnement som eigentleg ikkje høyrer heime når det er tale om kreditorekstinksjon. Det er på det reine at alle måtte ha respektert kreditorane til Schiøtt sin rettsforgjengar (i dette tilfellet Oslo Kommue), men spørsmålet vert om det har relevans i forholdet mellom Schøtt sine kreditorar og Hagen (siste suksessor). Hovudføremålet med reglane er at ein skal redusere faren for kreditorsvik. Gjennom dette er det ynskjet om å ha notoritet og publisitet omkring disposisjonen mellom skuldnaren og rettsetterfølgjaren hans som grunngjev reglane om kreditorekstinksjon. Spørsmålet er om desse omsyna ikkje gjer seg like sterkt gjeldande sjølv om skuldnaren på si side ikkje har tinglyst sitt erverv.

Kandidatane kan vidare forsøke å trekke parallellar til ein konkurssituasjon og vurdere om eit konkursbu ville ha kunne kverrsett (beslaglagt) eigedomen i ein slik situasjon. Vidare er det positivt om dei klarer å gjere seg opp nokre tankar om kva konsekvensen av kjæremålsutvalet si avgjerd vert. Særleg viktig er det å vurdere om resultatet kan føre til ei større fare for kreditorsvik. Forstandige konsekvenstankar og tankar om samanheng i regelsettet må vere eit klart pluss. Det er også positivt om kandidatane får fram at strenge reglar om sikring av erverv også kan ha ein preventiv effekt, noko som i seg sjølv har ein verdi.

Vurdering
Dei kandidatane som resonnerer forstandig omkring dette må få utteljing for det, og kandidatane må kunne oppnå A sjølv om det er enkelte mindre svikt i resonnementa og/eller ikkje alle sider er tatt opp. Det er imidlertid viktig at kandidatane klarer å kome "under huda" på omgrepa, og at dei i framstillinga viser at det ligg forståing bak når omgrep som "legitimasjon", "fare for kreditorsvik", "samanheng i rettssystemet", "konsekvens", "notoritet" og "publisitet" vert nytta. Kandidatar som nyttar omgrepa på ein slik måte at det framstår som tomme og innlærte frasar, kan ikkje få særleg utteljing. Djupna og klarleiken i forståinga og måten å resonnere på vil vere avgjerande for kvar på karakterskalaen oppgåva vil ligge. Eg vil tru at også dei beste oppgåvene vil vere nokså korte. Strykkarakter bør ein kun gje der kandidatane ikkje forstår problemstillinga, der det er grove, bevisste misforståingar og/eller der det ikkje kjem fram anna av verdi enn det ein kan lese ut av den vedlagte avgjerda.

3. Oppgåve B

Læringskrav
I læringskrava i gjeldssøkingsretten går det fram at kandidatane skal ha grundig kjennskap til "dei materielle reglane om omfanget av dekningsretten for kreditorane" og "avgrensinga av dekningsretten i høve til tredjemann". I tillegg skal dei ha grundig kjennskap til "reglane om utleggspant". I tingsrett II er det krav om grundig kjennskap til "reglane om kreditorekstinksjon".

Litteratur
I den tilrådde litteraturen vil kandidatane kunne få flest innspel i Lilleholt sin artikkel "Legitimasjon, publisitet og notoritet", sjå særleg pkt. 2.2, 4.1 og 4.2. Vidare vil kandidatane kunne ha god nytte av det som står i "Godtruerverv og kreditorvern" pkt 6.2 og 7.1.1. I Andenæs vil t.d. pkt 19.1. vere relevant. Også Brækhus "Omsetning og kreditt 2" pkt 215 gjev innspel på dette. Etter mi meining finn vi den beste framstillinga av dette i Brækhus "Omsetning og kreditt 3 og 4" pkt 322.4, særleg 322.43. Denne siste er imidlertid kun oppført som støttelitteratur.

Om oppgåva
Oppgåva har nok for mange kandidatar framstått som nokså snever, og eg har sett fleire døme på kandidatar som har problem med å nytte den generelle kunnskapen/forståinga til å resonnere omkring dette, og i staden forsøker å kompensere med å utvide temaet for oppgåva. Dette kan ikkje gje utteljing.

Ein ryddig start på oppgåva kan vere å gjere greie for kva eit utleggspant er, samanlikna med eit avtalepant. Sjølv om oppgåva nyttar uttrykket "utleggstakar" er det ut frå resten av oppgåveteksten klart at utleggstrekk ikkje vil vere så aktuelt i høve til denne problemstillinga. Vidare kan det vere på sin plass å nemne at oppgåva er avgrensa til dei tilfella der kreditor har positiv kunnskap om eigartilhøva. Oppgåva nemner også to tidspunkt som vurderinga skal knyte seg til, når utleggspantet vert stifta og når rettsvernet vert etablert.

Sjølv om oppgåva er formulert som ei vurderingsoppgåva må det vere heilt greitt at kandidatane tek utgangspunkt i rettstilstanden slik han er i dag. Ein må då få fram at det ikkje er krav om at ein utleggstakar må vere i aktsom god tru. Det utelukker heller ikkje stifting av utleggspant at kreditoren har positiv kunnskap om at dei reelle eigarforholda er slik at utleggspantet vert tatt i eigedelar som høyrer til ein annan enn skuldaren. Spørsmålet er om den nye rettshavaren har fått rettsvern for sin disposisjon. Hovudpoenget med oppgåva vert å vurdere om dette er ein god regel, eller om det også må kunne trekkast inn legitimasjonssynspunkt i reglar om kreditorekstinksjon.

Når ein skal grunngje gjeldande rett på dette punktet er det vanleg å ta utgangspunktet i ein kollektiv gjeldsforfølgingssituasjon og peike på problema som knyter seg til at ein set opp god-tru-krav til kreditorane. Det er framheva at ein slik regel generelt vil auke faren for kreditorsvik og ulik handsaming av kreditorane. Dette vil også vere ein rettsteknisk vanskeleg og prosessøkonomisk uheldig regel, mellom anna fordi ein må gjennomføre mange god-tru-vurderingar, og at dette er vanskeleg bevisvurderingar for domstolane. Kandidatane kan gjerne drøfte om ein kan avgrense regelen til berre å gjelde der ein har positiv kunnskap og ikkje for tilfella der ein ikkje er tilstrekkeleg aktsom. Dei fleste vil truleg kome til at dette ikkje vil vere ei god løysing. Dersom nokre kreditorar ikkje har vore i god tru oppstår vidare vanskelege identifikasjonsproblem og problem med å rekne ut dividende m.m.

Dei sistnemnde argumenta slår ikkje til overfor ein utleggstakar, ettersom dette er ein enkeltforfølgande kreditor. Ein har imidlertid argumentert med at konsekvensen av ein motsett regel for enkeltforfølgande kreditorar ville føre til ei utholing av likskapsprinsippet. Vidare kan dette føre til at ein enkeltforfølgande kreditor i staden vil forsøke å oppnå dekning gjennom fellesforfølging, der kjennskapen hans ikkje diskvalifiserer han frå å få dekning. Det er hevda at dette vil vere uheldig. Det er fint om kandidatane vurderer om dette konsekvensargumentet held. Ein kan gjerne stille spørsmålet om det ikkje er like bra at skuldnaren t.d. vert slått konkurs dersom vilkåra for dette er oppfylte.

Vidare bør kandidatane få fram at dagens regel kan framstå som eit urimeleg resultat for den reelle eigaren. Dette vert igjen svekka av at denne eigaren kunne ha verna seg ved å etablere rettsvern, og interessene til denne såleis er mindre "verneverdige".

Vurdering
Oppgåva skil kandidatane veldig. Den gjev kandidatane høve til å vise forståing, kunnskap og resonneringsevne. Kandidatar som har helde seg til oppgåva sitt tema har ikkje fått tidspress, men har fått høve til å finpusse formuleringane, slik at poenga vert presist framstilte. Svært gode oppgåver er ofte korte. Dersom kandidatane får fram dei sentrale poenga på ein ryddig og god måte, og det av teksten framgår at dei forstår omgrepa ein nyttar for å forklare omsyna (sjå underpunktet om vurdering til oppgåve 1) skal kandidatane ha minst B. Dersom ein i tillegg klarer å nyansere og forsøker å utfordre resonnementa på forstandig måte i alle fall på enkelte punkt, kvalifiserer dette til A. Dei som ikkje får tak i problemstillinga og kun kjem med alminnelege tankar om utlegg og kreditorvern, t.d om kor viktig det er å unngå kreditorsvik og korleis ein best oppnår notoritet og publisitet, vil raskt kunne vere i faresona for ikkje å kunne passere. Imidlertid kan slike "utflukter" ikkje føre til strykkarakter i seg sjølv, dersom det også er sekvensar med relevante vurderingar.

Mange kandidatar tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til at dette er ei vurderingsoppgåve, og får såleis ikkje betalt for kunnskapen sin. Dersom oppgåva ikkje inneheld vurderingar i det heile, men kun er ein gjennomgang av gjeldande rett, kan kandidaten ikkje passere.


***


Sensorveiledning, endelig utgave
Tredje avdeling jus
Høstsemesteret 2003
Teoretisk oppgave nr. 2

Oppgåvetekst:
Bokmål:
Om betydningen av rettspraksis når en skal ta stilling til innholdet av gjeldende rett på formuesrettens område, med hovedvekten på innholdet av sterkt skjønnsmessige regler.

Nynorsk:
Om betydninga av rettspraksis når ein skal ta stilling til innhaldet av gjeldande rett innanfor formuesretten, med hovudvekt på innhaldet av sterkt skjønnsmessige reglar.

1. GENERELT – LÆRINGSKRAV OG LITTERATUR

Oppgåva er henta frå faget rettskjelde- og metodelære II (4 vt). Læringskrava i dette faget er i studiereglementet for JUS 97-3 Tredjeavdeling – 75 stp. formulert slik:

”Faget er todelt, med eit kurs i rettskjeldesøk utan eksamen, og ein rettskjelde- og metodelæredel med 4 vekttals eksamen. Rettskjelde- og metodelæredelen tek sikte på ei nærmare innlæring i juridisk metode, orientert mot praktisk rettsbruk innan privatrett. Faget skal supplera studiet i materiell rett i tredje avdeling ved å fokusera på rettskjelde og metodespørsmål bak og innanfor den materielle retten, med variasjonar på ulike område.

Det generelle læringskravet er: Grundig kjennskap til juridisk metode i privatretten.

Sentrale problemstillingar er:
- Presisering av rettsspørsmål i praksis på privatrettens område.
Regelsett og typetilfelle.
- Bruken av rettskjeldefaktorar og rettskjeldereglar for standpunkt til løysing av rettsspørsmålet.
- Lovtolking, preseptorisk og deklaratorisk lov.
- Danning av rettsgrunnlag på privatrettslege område utan lov og utan sedvane eller tidlegare rettspraksis.
- Sedvane og kutyme som rettsgrunnlag
- Kontrakt som rettsgrunnlag
- Ulike former for skjønn innan privatretten.
- Generalklasusular som rettsgrunnlag.
- Rettspraksis sin særstilling ved stadfesting, tolking eller danning av privatrettslege rettsgrunnlag.

Litteratur til faget Rettskjelde- og metodelære II (4 vt) er:

Hovudlitteratur:
Nygaard, Nils: Rettsgrunnlag og standpunkt, 1999.

Støttelitteratur:
Krüger, Kai: Komparativ rettsmetode – observasjoner vedrørende prinsipper for rettsanvendelse i Europa nord og sør – illustrert ved tilfellet Norge og Italia, JV 1996 s. 281-312.
Sæbø, Rune: Generalklausulene i formuerettslovgivningen i et rettskildeperspektiv, JV 1996 s. 313-325.
Rasmussen, Ørnulf: Alminnelige rettsgrunnsetninger, JV 1995 s. 299-312.
Skoghøy, Jens Edvin A., Utviklingstrekk i Høyesteretts rettskildebruk, LoR 1996 s. 209-210.
Aarbakke, Magnus: Harmonisering av rettskilder, TfR 1966 s. 499-518.

Litteratur til kurs i rettskildesøk:

Pål A. Bertnes og Halvor Kongshavn: Praktisk rettskildelære, Oslo 1997.
Pål A. Bertnes, Europa-informasjon, Oslo 1998 kapittel 7.


2. MOMENT TIL OPPGÅVESVAR

2.1 Avgrensing og presisering av oppgåva – moment til innleiing

Ordlyden i oppgåveteksten burde neppe skape spesielle tolkingsproblem i forhold til kva som bør vere sentrale emne. Emnet er høveleg greit dekka i både hovudlitteraturen, jf. Nygaard, Rettsgrunnlag og standpunkt (heretter Nygaard), særleg kapittel 14 side 343-365, samt noko på s. 144-145, s. 149-150 og s. 335-336, og i støttelitteraturen, særleg Sæbø, JV 1196 s. 313-325.

Oppgåva går ut på å gjere greie for kva rettspraksis har å seie når rettsbrukaren skal ta stilling til gjeldande rett, med to avgrensingar; for det første er oppgåva avgrensa til formuerettens område. For det andre skal drøftingane leggje hovudvekta på sterkt skjønnsmessige rettsreglar.

Den første avgrensinga – formuerettens område – bør normalt ikkje skape store vanskar. Kandidatane bør ikkje ha problem med å konsentrere framstillinga om emne som systematisk høyrer heime i til dømes tingsretten, kontraktsretten, panteretten, konkursretten eller skadebotretten, mens både den offentlege rett, og arve- og familierett etter vanleg oppfatning fell utanfor. Men det kan ikkje vere noko i vegen for å kome litt inn på formuerettslege spørsmål innan familieretten, jf. Rt 1990 s. 1094 og Nygaard s. 351.

Den andre avgrensinga – ”sterkt skjønnsmessige rettsreglar” – vil vel dei fleste assosiere med generalklausular og andre rettsreglar som opnar for eit vidt spelerom for skjønn. Ordet rettsregel i oppgåveteksten vil kanskje føre til at mange kandidatar vil fokusere mest på formelle, skrivne rettsreglar, og kanskje trekke ei grense mot ulovfest rett og allmenne rettsgrunnsetningar som drøfta av Nygaard s. 217 flg., som òg i stor grad vil ha sterke element av skjønn.

I første versjon vart det gitt uttrykk for at ei slik grensedraging vil kunne vere noko uheldig dersom avgrensinga fører til at ein ikkje går inn på slike problemstillingar som er drøfta i Sæbø, JV 1996 s. 325. Etter nærare vurderingar og tilbakemeldingar under sensuren må det leggast til grunn at ei slik avgrensing er fullt akseptabel, jf. pkt. 2.3.7, ut frå det syn at ein verken kan vente eller kreve at kandidatane drøftar andre rettskjeldespørsmål enn det som går på betydninga av rettspraksis på området for oppgåva.


2.2 Omgrepet generalklausul

Etter utgangspunkta i 2.1 vil det vere naturleg og rimeleg å vente at det innleiingsvis vert sagt noko meir om kva kandidaten legg i ”sterkt skjønnsmessige reglar”, og at det også vert trekt fram døme på slike rettsreglar på formuerettens område. Både generalklausular og andre sterkt skjønnsmessige reglar bør presenterast nærare, og setje desse i perspektiv mot anna, og meir presis, lovgjeving. Sjølv om kandidatane må noko inn på ”generalklausular”, må det vere i orden at det ikkje vert gått grundig inn på kva dette er, og grunnar til at vi har slike reglar.

Generalklausular kan definerast på ulike måtar; Sæbø, JV 1996 s. 313, presenterer slike reglar som ”mer eller mindre vidtrekkende bestemmelser som gir domstolene kompetanse til å foreta konkrete avgjørelser etter en sterkt skjønnsmessig vurdering”. Definisjonen er ikkje meint å skilje seg frå andre definisjonar; sjå Krüger; Norsk kontraktsrett s. 392: ”lovregler om generell eller mer spesiell kompetanse for domstolene til lemping og rimelighetsprøvning av kontraktsklausuler og vilkår …”, Hov, Avtaleslutning og ugyldighet 1998 s. 174 definerer generalklausul som ”… lovbestemmelser som inneholder et svært skjønnsmessig vurderingstema, f. eks. ”urimelig pris”, utilbørlig konkurranse” osv”.

Dei fleste vil sikkert bruke avtl. § 36 som døme, men kandidatane bør ikkje ha problem med å vise breiddekunnskap ved å finne fram til andre gode alternativ som dekkjer andre delar av formueretten, til dømes grannel. § 2 (urimelegalternativet), deknl. § 5-9, pristl. § 2, odelsl. § 21 for å nemne nokre. Frå avtaleretten kan òg nemnast avtl. § 33, og NL 5-1-2.


2.3 Betydningen av rettspraksis.

2.3.1 Generelt

Oppgåva spør etter betydningen av rettspraksis – dette må naturleg oppfattast som eit krav om å få fram kva som er særmerkt for rettspraksis når ein skal ta standpunkt til gjeldande rett med basis i sterkt skjønnsmessige reglar, samanlikna med tilsvarande betydning av rettspraksis når regelgrunnlaget er meir presist. Sjølv om ordlyden burde vere klar nok, kan det vel hende at vi får svar som på meir generelt vis drøftar rettspraksis som rettskjeldefaktor. Det har etter tilbakemeldingar frå gjennomgåande sensorar vist seg å vere tilfelle for mange. Det vil i tilfelle måtte reknast som ein alvorleg svikt. Det må likevel kunne aksepterast at kandidatane brukar noko plass på rettspraksis som rettskjeldefaktor generelt, men det må vere eit krav at rettspraksis som rettskjeldefaktor i formueretten vert behandla.


2.3.2 Omsyn for og mot generalklausular og andre sterkt skjønnsmessige rettsreglar

I analyser og drøftingar av kva rettspraksis har å seie når ein skal ta stilling til innhaldet av gjeldande rett, kan det vere ein høveleg innfallsvinkel å starte med å seie noko om kva for ulike omsyn som gjer seg gjeldande for og mot generalklausular. Slike ulike motståande omsyn vil kandidaten kunne gjere bruk av seinare i oppgåva. Her bør ein særleg få fram at generalklausulane fyller eit behov for fleksibilitet i rettsbruken, av fleire grunnar. Dels fordi det vil vere umogeleg og upraktisk med ei altfor sterk grad av detaljregulering som elles måtte til for å fange opp alle situasjonar, og dels fordi generalklausular gir større rom for rettsutvikling enn andre reglar, sjølv om utvidande eller innskrenkande tolking i nokon grad vil kunne ivareta dette behovet. Eit poeng her er at generalklausular kan hindre at domstolssensur vert gjort meir i det skjulte, gjennom ulovfesta praksis. Også rettstekniske omsyn kan nemnast, særleg at ein utan slike klausular lettare vil kunne opne for motsetnadsslutningar som ikkje har vore tilsikta.

Ulempene er særleg at slike rettsreglar ikkje inneheld positivt definerte rettar, men berre vernar mot det ”negative”. Dei uskarpe konturane ved rettsregelen kan vere ei ulempe både for den som skal vernast og den som vert ramma av klausulen. Rettsuvissa som slike sterkt skjønnsmessige rettsreglar fører med seg, vil både kunne verke prosesskapande, og vil også kunne auke risikoen for forskjellsbehandling.


2.3.3 Noko om funksjonsdelinga mellom lovgjevar og domstolar – ”overføring av kompetanse” til domstolane

Eit særtrekk ved rettsbruk basert på sterkt skjønnsmessige rettsreglar, i motsetnad til meir firskårne reglar, er at generalklausular langt på veg representerer ei form for delegasjon av lovgjevingsmakt; prinsipielt får domstolane ein dobbel kompetanse – både med omsyn til å definere inngrepsterskelen på meir generelt grunnlag, og dels ved den konkrete avgjerda av om inngrepsterskelen er overskriden i det einskilde tilfellet. Det vil vere naturleg å rekne med at dette særdraget vil setje spor etter seg i rettspraksis, samanlikna med andre tilfelle.

For å bøte noko på rettsuvissa som ofte følgjer med generalklasular, kan lovgjevar legge premissar for rettsbruken, med nærare presieringar anten i sjølve lovteksten, til dømes deknl. § 5-9, eller gjennom merknader i forarbeida, til dømes som for avtl. § 36.


2.3.4 Omsynet til fleksible og utviklingsdyktige rettsnormer reduserer prejudikatverknaden av dommar

Det må ventast at kandidatane ser at omsynet til fleksible og utviklingsdyktige rettsnormer vil kunne medføre at ein ofte står overfor svært konkrete avgjerder, som normalt ikkje kan tilleggjast nokon prejudikatverknad.

Den rettskjeldemessige vekta av rettspraksis vedr. sterkt skjønnsmessige reglar i formueretten varierer imidlertid mykje alt etter om rettspraksis gjeld sjølve skjønnet, eller andre sider ved rettsregelen. Ein høgsterettsdom som uttalar noko om tolkinga av ”svak/alvorlig svekket” i deknl. § 5-9 må reknast å ha same ”gjennomsnittlege” prejudikatverdi som andre dommar om lovtolking. Eit døme er Rt 1998 s. 989, om at det ikkje er eit vilkår for tilbakesøking på grunnlag av condictio indebiti at betalar har vore i mistak om betalingsplikta. Men sjølv om dommen gjeld sjølve skjønnet, kan det også vere grunn til å sondre mellom på den eine sida domsfråsegner om sjølve den konkrete vurdering, inngrepsterskel, relevante omsyn og moment, og på den andre sida den relative vekt av ulike moment. At betalingsmottakaren burde visst at han ikkje hadde krav på mottatte pengar, vil generelt vere eit tungtvegande omsyn i favør av tilbakesøking basert på condictio indebiti.

Rettspraksis som gir uttrykk for meir generelle synpunkt på tolkinga, som fråsegner om kva for moment som generelt har relevans, og kva relativ vekt momenta har, vil såleis kunne få stor betydning for fastlegging av inngrepsterskelen. Ta til dømes avgjerda i Rt 1984 s. 248, der Høgsterett presiserer god forretningsskikk-standarden ved å ta avstand frå oppfatninga om at det skulle gjelde ei generell plikt for tredjemann til å varsle eksisterande forhandlar om tilbod frå hovedmannen om overtaking av forhandlarposisjonen. Høgsterett si fråsegn om at ein slik regel ville innebere ei for sterk avgrensing av konkurransen, var eit bidrag til generell regeldannelse innanfor den aktuelle generalklausulen (god forretningsskikk-standarden).

Eit anna døme er Rt 1990 s. 814, om unntak frå den vanlege åsetesrekkjefølgja, jf odelsl. § 52 femte ledd, jf. § 21, som inneheld generelle merknader som understrekar karakteren av desse rettsreglane som snevre unntaksreglar, og at ”det skal meget til før de kommer til anvendelse”.

Så langt rettspraksis inneheld slike merknader på det generelle plan, tilseier likskapsomsyn og omsynet til rettsvissa at tidlegare rettspraksis vert rekna som bindande i tråd med vanlege oppfatningar om prejudikatverdi.

Sjølv om den einskilde rettsavgjerda normalt ikkje får noko betydning som prejudikat, vil likevel rettspraksis over tid kunne få stor betydning for den nærare fastlegging av inngrepsterskelen; etter ei tid vil rettspraksis i nokon grad kunne utkrystallisere eit mønster, eller at det i alle høve ut frå eit større tal saker vil vere mogeleg å trekke ut visse generelle moment som argumentasjonspoeng.

2.3.5 Sondring mellom skjønnsmessige vilkårsreglar og omfangsreglar

Ei sondring kan gjerast mellom sterkt skjønnsmessige vilkårsreglar, og sterkt skjønnsmessig omfangsreglar, sjå nærare om dette i Nygaard, side 335-340, og s. 354-361, der det bør seiast noko om forholdet mellom fastlegging av inngrepsterskelen, og standpunkt til konsekvensane av at terskelen er nådd i det konkrete tilfelle.

Det kan her være naturleg å peike på domstolane si særlege oppgåve som konkret tvisteløysingsorgan, med utmåling av erstatning, lemping, heilt eller delvis tilsidesetjing av avtaler m.m.


2.3.6 God skikk-reglar

Ein ”kategori” generalklausular som det bør seiast noko om, er dei såkalla god skikk-reglande. Rettspraksis kan til dømes over vere av stor betydning for fastlegging av norm-nivået for god skikk reglar. Gode døme her er generelle merknader om strengheten i normene under god- skikk-reglar, der kandidatane vil kunne finne gode døme innanfor profesjonsansvaret; til dømes Rt 2000 s. 679, Rt 1996 s. 407, Rt 1995 s. 1350 og Rt 1988 s. 7.


2.3.7 Forholdet mellom generalklausuler og anna lovfesta og ulovfesta rett.

Dette problemfeltet, som er drøfta av Sæbø s. 323-325, inneheld ei rad problemstillingar; som nemnt i punkt 2.1 kan det ikkje stillast krav om at kandidatane må drøfte slike tilgrensande rettskjeldespørsmål. På den andre sida; om det er kandidatar som drøftar slike problemstillingar, bør det alt etter omstenda kunne gje pluss.


3. VURDERINGSNORMER OG INNTRYKKFRÅ SENSUREN

3.1 Generelt

Generelt er det grunn til å understreke at rettskjeldeoppgåver ofte er krevjande, både med omsyn til å abstrahere, og med omsyn til det å trekke linjer mellom abstraksjonar og materiell juss, ved bruk av døme. Dette må det takast omsyn til i vurderinga av kva krav som kan stillast på dei ulike karakternivåa. I tillegg må det i denne vurderinga takast omsyn til at rettskjeldekunnskap står i nær samanheng med modning – ein kan derfor ikkje stille same krav på 3. som på 4. avdeling. Synspunkta om vurderingsnorm som vart uttrykt i 1. utkastet til rettleiing, var i lys av dette noko for strenge.


3.2 Inntrykket frå gjennomgåande sensur

Inntrykket som gjennomgåande sensorar har kommunisert etter gjennomgang av ein god del av oppgåvesvara, er at det er relativt få kandidater som treff godt på kva oppgåva eigentleg spør etter, nemleg betydninga for rettsbruken. (Oppgåva kan oppfattast å innehalde to hovudspørsmål; for det første korleis rettspraksis gjer seg gjeldande som rettskjelde, og 2) korleis rettspraksis spelar ei rolle som skapar av metodeprinsippa – men begge deler gjeld betydningen av rettspraksis for rettsanvendelsen).

Inntrykket hjå gjennomgående sensorar er at kandidatane anten 1) skriv mykje generelt om rettspraksis som rettskjelde, eller 2) skriv om materiell juss og rettspraksis knytt til skjønnsmessige reglar. Det er peika på at for mange kandidatar kjem svara på oppgåva mest indirekte gjennom omtale av dommar.

3.3 Vurderingsnormer

Det må vere eit krav at kandidatane får med noko om skjønnsmessige reglar, men det kan neppe krevjast mykje for at heilskapen skal passere, med mindre det øvrige er svakt eller svært svakt. For å få betre enn dei svakaste karakterane, må det vere eit krav at ein har halde seg til at hovudvekta skal leggast på skjønnsmessige reglar, og at det som vert skrive om dette held eit passande nivå i forhold til den aktuelle karakter.

Eit felles krav til prestasjonar som skal få A og B, er at det vert vist styrke i stoff både frå rettskjeldelæra, og frå materiell formuerett, og at kunnskapen vert brukt på ein måte som medfører at det blir svart på oppgåva nokså direkte.

For å få beste karakter, A, må oppgåvesvaret ha eit solid materielt innhald som viser kunnskap både i breidda og i djupna, og som kandidaten har vist god evne til å gjere seg nytte av på svært sjølvstendig vis. Vidare må det for å få beste karakter vere eit krav at det vert lagt hovudvekt på betydningen av rettspraksis i relasjon til sterkt skjønnsmessige rettsreglar. Det må i tillegg vere eit krav at strukturen må vere god. Vanskegraden i oppgåva tilseier at det bør vere oppnåeleg å få A om betydningen av rettspraksis er analysert på ein overtydande måte.

Skillet mellom A og B burde ikkje skape store vanskar. For å gi karakteren A, må oppgåvesvaret vere ein ”[f]remragende prestasjon som klart utmerker seg”, og som ”[v]iser stor grad av selvstendighet”, mens det for B er krav om at det må være ein ”[m]eget god prestasjon som ligger over gjennomsnittet”, og som [v]iser evne til selvstendighet”, jf. utfyllende retningslinjer for karakterfastsettelse i juridiske fag av 24. april 2003.

Det er nok vanskelegare å trekke skillet mellom C, D og E:

Generelt for oppgåvesvar som må plasserast i dette skiktet er – som nemnt frå gjennomgåande sensorar – at dte stort sett blir mykje svevande stoff av større eller mindre relevans.

Kravet til karakteren C er etter utfyllande retningslinjer ein ”[g]jennomsnittlig prestasjon som er tilfredsstillende på de fleste områder”. For å oppfylle dette kravet i denne oppgåva bør det stillast krav til at både rettspraksis som rettskjeldefaktor, og ein del av dei viktigaste generalklausulane på formuerettens område, er gjennomgått nokså bra, utan at det vert gjort store feil.

Skriv ein derimot berre om rettskjeldelære, og berre i avgrensa grad om generalklausular, må det helst bli karakteren D (”Prestasjon under gjennomsnittet, med en del vesentlige mangler”). Oppgåvesvar som stort sett berre har stoff frå den materielle formuerett, eller som ikkje har noko om eller døme på sterkt skjønnsmessige reglar, hamnar i kategorien E, og under visse omstende F (ikkje –bestått).

Når det gjeld oppgåvesvar som må setjast til ”Ikkje bestått”, dvs ”Prestasjon som ikke tilfredsstiller minimumskravene”, må det for å få ståkarakter stillast krav om at kandidatane skriv noko grunnleggande om sterkt skjønnsmessige rettsreglar, og plasserer desse i forhold til andre rettsreglar som har eit meir klart definert innhald. I tillegg bør det vere eit krav at kandidaten får fram noko om kva som særmerker rettspraksis som løyser tvistar på slikt sterkt skjønnsmessig rettsgrunnlag.