Oppgåve A: |
Du er advokatfullmektig, og prinsipalen din er oppnemnd som bustyrar
i eit konkursbu. Du skal skrive ei kommentert hugseliste over
dei viktigaste oppgåvene for bustyraren dei næraste
vekene. Dei opplysningane du har om konkursbuet, er inntil vidare desse:
Det gjeld eit aksjeselskap – Tøffelhelten AS –
som har produsert tøflar av selskinn.
Eineaksjonær, einestyre og dagleg leiar er Peder Ås.
Verksemda hadde ved konkursopninga fire tilsette, utanom dagleg
leiar. Den eine tilsette er dotter av Peder Ås.
Verksemda dreiv frå leigde lokale i Storevik. Leigekontrakten
gjeld i fire år framover.
Dei viktigaste leverandørane var ein skinngrossist og
eit par grossistar som leverte tøy, tråd, lim m.m.
Dei viktigaste kundane var to norske kjeder av skobutikkar.
Konkurs vart opna etter krav frå skattefuten på grunn
av manglande avgiftsbetaling. Storevik sparebank har pant i leigerett
med driftstilhøyrsle, i varelager og i samla uteståande
krav. Andre kreditorar har du ikkje oversikt over enno.
Inntil vidare er det ikkje oppnemnt kreditorutval eller revisor.
|