UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 3. avdeling

Sensorrettleiing teori 1 - Alternativ A
Sensorrettleiing teori 1 - Alternativ B
Sensorrettleiing teori 2

Sensorrettleiing teori 1,
Tredje avdeling våren 2001


Alternativ A:
Oppgåvetekst:
Tenk deg at du er tilsett i Lovavdelinga i Justisdepartementet. Du har fått i oppdrag å lage eit utkast til lovregulering av lausøyrekjøparens vern mot seljarens kreditorar. Utkastet skal byggje på gjeldande rettstilstand, men du står fritt til å kome med framlegg til presiseringar og mindre justeringar. Tilverknadskjøp skal haldast utanom. Lag lovutkast med merknader.
Læringskrav: Det blir kravt grundig kjennskap til dei grunnleggjande reglane om overføring av ting, mellom anna reglane om kreditorekstinksjon av rettar i lausøyreting.

I hovudlitteraturen er emnet dekt i Kåre Lilleholt: Godtruerverv og kreditorvern (tredje utgåve 1999) punkt 7.4 og Mads Andenæs: Konkurs (andre utgave 1999) punkt 19.5.

Kandidatane har ikkje fått særskild opplæring i skriving av lovtekst, men dei er sjølvsagt godt kjende med forma på lovtekstar og lovførearbeid. Oppgåvesvaret må ha eit lovutkast og merknader til lovutkastet, men innafor den ramma bør kandidatane stå fritt med omsyn til oppsettet.

Spørsmålet om lausøyrekjøparens vern mot seljarens kreditorar er etter måten grundig omtala i hovudlitteraturen. Kandidatane bør kjenne til at spørsmålet ikkje er lovregulert, og dei bør vise at dei kjenner den sparsame høgsterettspraksisen (Rt. 1910.231 "kudommen og Rt. 1912.263 "jarnskrapdommen"). Vidare bør dei vise at dei kjenner den interesselæra som er sett fram i juridisk teori. Dei særlege spørsmåla kring individualisering av genusytingar bør òg vera med.

I eit lovutkast kan ein vente å finne desse momenta:
· det bør gå fram at regelen gjeld i høve til utleggstakarar og konkursbu
· det bør gå fram at kjøparen iallfall har rettsvern når tingen er teken frå seljaren
· det bør gå fram om reglane skal vera ulike alt etter om kjøpesummen er betalt eller ikkje
· det bør gå fram om kjøparen skal ha vern utan overlevering dersom det er i kjøpars interesse at tingen framleis er hos seljaren
· det bør gå fram at individualisering er eit vilkår når det gjeld genusytingar
· helst bør det seiast noko om det avgjerande tidspunktet (sikringsakt for utlegg og opning av konkurs er mest nærliggjande)

I grunngjevinga av eit lovutkast av dette slaget kjem ein ikkje utanom å seie noko om gjeldande rett, men kandidatane bør stå nokså fritt med omsyn til kor mykje som skal seiast, og korleis framstillinga skal leggjast opp. Hovudsaka er at dei viser innsikt i rettsspørsmåla og får fram at dei skjønar kva det handlar om. Eit elegant lovutkast kan her fortelje like mykje som mange spalter med utgreiing. På den andre sida kan det ikkje vera noko krav at kandidatane på så kort tid kan laga eit gjennomarbeidd utkast, og da må den innsikta som kjem fram i forklåringane, gje utteljing.

Kandidatar som ikkje greier å vise at dei meistrar dei grunnleggjande spørsmåla kring lausøyrekjøparens rettsvern mot seljarens kreditorar, bør ikkje passere. Dei som viser solid kjennskap til dei sentrale problemstillingane og får det fram anten gjennom eit lovutkast eller gjennom merknadene, eventuelt ein kombinasjon, bør få laud. Det bør vera rikeleg høve til å få gode resultat for dei som viser at dei har arbeidt med spørsmåla og har tenkt sjølvstendig gjennom dei. Det står att å sjå om nokre rotar seg bort i meir lovtekniske vanskar og mistar verdifull tid på det. Vonleg vil sensorane likevel kunne oppdaga dei kvalitetane som måtte vera der.

Frå sensuren blir det meldt om tilfelle der kandidatar bruker mykje tid på tilfelle der seljaren er gått konkurs før salet. Det er inga god avgrensing, men er svaret elles forstandig, bør ikkje dette trekkje så mykje ned. Nokre kandidatar har ikkje med lovutkast i det heile. Dette må klårt trekkje ned, men er resten godt, bør ikkje mangelen vera øydeleggjande. Vi bør ta noko omsyn til at oppgåveforma er uvand.

Alternativ B:
Oppgåvetekst:
Gje eit oversyn over reglane om lausøyrekjøparens vern mot seljarens kreditorar og lausøyreseljarens vern mot kjøparens kreditorar. Gjer greie for korleis kjøpar og seljar kan sikre seg mot tap ved insolvens hos den andre parten.
Læringskrav: Det blir kravt grundig kjennskap til dei grunnleggjande reglane om overføring av ting, mellom anna reglane kreditorekstinksjon av rettar i lausøyreting. Det blir òg kravt grundig kjennskap til dei materielle reglane om omfanget av dekningsretten for kreditorane, mellom anna reglane om kontraktar og konkurs.

I hovudlitteraturen er emnet dekt i Kåre Lilleholt: Godtruerverv og kreditorvern (tredje utgåve 1999) punkt 7.4, 8.5 og 8.6 og i Mads Andenæs: Konkurs (andre utgave 1999) punkt 15.1, 16 og 19.5.

Her er det spurt etter eit oversyn over dei aktuelle reglane og deretter ei utgreiing om korleis kvar av partane kan sikre seg. Spørsmåla kring kjøparens vern er nemnde under A ovafor. Seljarens "vern" knyter seg til reglane om stansingsrett og hevingsrett. Detaljane om stansingsretten er ikkje omfatta av hovudlitteraturen; hevingsretten står det meir om. Kandidatane bør òg sjå samanhengen mellom hevingsrett, salspant og leasing.

I oversynet bør kandidatane få fram at kjøparen etter vanleg oppfatning ikkje utan vidare har vern for sin rett til kjøpte ting som ikkje er tekne frå seljaren når kreditorane tek beslag. Det bør gjerast greie for rettspraksis og den interesselæra som ein finn i litteraturen. Individualisering av genusytingar må nemnast, og i dette alternativ B bør også særspørsmåla kring tilverknadskontraktar nemnast.

Kandidatane bør deretter få fram at ein seljar som hovudregel mistar retten til å heve på grunn av betalingsmishald når tingen er overgjeven til kjøparen. Dette følgjer av dekningslova § 7-7 (sml. kjøpslova § 54 fjerde ledd). Kor mykje som skal seiast om den eigentlege stansingsretten (dekningslova § 7-2, jf. kjøpslova § 61), kan vera ei smakssak. Dei stødige vil sjå at stansingsretten ikkje får noko å seie i konkurssituasjonen; her blir det berre eit spørsmål om kvar tingen var på opningstidspunktet. Seljaren kan ta atterhald om utvida hevingsrett eller om salspant innafor ramma av pantelova kapittel 3.

Det må vera godt spelerom når det gjeld kva som skal takast med om måtar å sikre seg på. Først og fremst bør kandidatane peike på at kjøparen kan sikre seg ved å krevje yting mot yting, dvs. at tingen blir betalt ved levering. For tilverknadskontraktar er oppfatninga at ein bør godta avtaleklausular om at forskotsbetalande kjøpar får vern etter kvart som arbeidet blir utført (typisk skipsbygging). Kandidatane kan elles ta med at forskotsbetaling kan sikrast med garantiar, pant e.l.
Sikring av seljarens krav er det sagt litt meir om i hovudlitteraturen. Kandidatane skal ha god kjennskap til salspant og skal vita ein del om leasing. Samanhengen mellom kommisjon og forbodet mot salspant i varer for vidaresal er kjend, og dei spesielle tilfella i Rt. 1982.438 (salspant ikkje godteke sjølv om forhandlaren berre kunne selje mot samtidig oppgjer til leverandør) og Rt. 1997.1438 (leverandørlager inne i forhandlarens lagerlokale vart ikkje godteke) er omtala.

Dei som ikkje meistrar hovudreglane om kjøpars og seljars stilling i høve til den andre partens kreditorar, bør normalt ikkje passere. Dei som kjenner hovudreglane, men som ikkje greier å seie noko forstandig om korleis partane kan sikre seg, kan neppe få laud - dei viser at dei ikkje har fått med poenget med reglane. Det bør vera rom for gode karakterar for dei som viser sjølvstende og forståing, og det kjem nok i tilfelle best fram i utgreiinga om måtar å sikre seg på.
Nokre kjem venteleg til å fortapa seg i detaljar om reglane utan å seie stort om korleis partane kan sikre seg. Fullgode svar blir ikkje dette, men sensorane bør likevel honorere den kunnskapen og forståinga som kjem fram.
Bergen, 25. mai 2001

Kåre Lilleholt

Sensorrettleiing Tredje avdeling
Teori 2

I. Oppgåveteksten:
1. Passivitet som ulovfest rettsgrunnlag i privatretten
2. Tilhøvet mellom lovfest og ulovfest rett i privatretten.
Det skal svarast på begge oppgåvene.

II. Rettskjelde- og metodelære II. Læringskrav og litteratur:

Læringskrav:
Rettskjelde- og metodelæredelen tek sikte på ei nærmare innlæring i juridisk metode, orientert mot praktisk rettsbruk innan privatrett. Faget skal supplera studiet i materiell rett i tredje avdeling ved å fokusera på rettskjelde- og metodespørsmål bak og innanfor den materielle retten, med variasjonar på ulike område.
Det generelle læringskravet er: Grundig kjennskap til juridisk metode i privatretten.
Sentrale problemstillingar er:
· Presisering av rettsspørsmål i praksis på privatrettens område. Regelsett og typetilfelle.
· Bruken av rettskjeldefaktorar og rettskjeldereglar for standpunkt til løysing av rettsspørsmålet.
· Lovtolking, preseptorisk og deklaratorisk lov.
· Danning av rettsgrunnlag på privatrettslege område utan lov og utan sedvane eller tidlegare rettspraksis.
· Sedvane og kutyme som rettsgrunnlag.
· Kontrakt som rettsgrunnlag.
· Ulike former for skjønn innan privatretten.
· Generalklausular som rettsgrunnlag.
· Rettspraksis sin særstilling ved stadfesting, tolking eller danning av privatrettslege rettsgrunnlag.

Hovudlitteratur:
Nygaard, Nils: Rettsgrunnlag og standpunkt, 1999.

Støttelitteratur:
Krüger, Kai: Komparativ rettsmetode - observasjoner vedrørende prinsipper for rettsanvendelse i Europa nord og sør - illustrert ved tilfellet Norge og Italia, JV 1996 s. 281-312.
Sæbø, Rune: Generalklausulene i formuerettslovgivningen i et rettskildeperspektiv, JV 1996 s. 313-325.
Rasmussen, Ørnulf: Alminnelige rettsgrunnsetninger, JV 1995 s. 299-312.
Skoghøy, Jens Edvin A., Utviklingstrekk i Høyesteretts rettskildebruk, LoR 1996 s. 209-210.
Aarbakke, Magnus: Harmonisering av rettskilder, TfR 1966 s. 499-518.

III. Oppgåvedel 1
Temaet i oppgåvedel 1, Passivitet som ulovfest rettsgrunnlag i privatretten, er gjennomgått i læreboka Rettsgrunnlag og standpunkt på s. 223-227 og bl.a. s. 233-234. Dessutan vil passivitetsverknader vera behandla i lærebøket for ulike fagdisiplinar. Temaet vil også vera knytt til meir allmenne strukturar og problemstillingar i juridisk metodelære som er dekka i læreboka og litteraturen ovanfor. Passivitet er såleis eit av fleire typer ulovfeste rettsgrunnlag. Passivitet som ulovfest rettsgrunnlag er gjennomgått på førelesingane i dette faget, omlag på tilsvarande måte som i læreboka. Men det er mange måtar å behandla dette temaet på, slik at ein ved sensuren bør vera romsleg med kva for opplegg som kan gi eit godt oppgåvesvar.

Det skulle vera naturleg å ta ein relativt vid inngangsport, og nemna at passivitetsspørsmålet på mange område er lovregulert. Dette kan koma i samband med ei generell innleiande skisse, eller i samband med ei eventuell presisering av at oppgåva gjeld ulovfest rett. Ved ein eventuell presentasjon av lovregulerte tilfelle bør kandidaten nytta høvet til å peika på variasjonane i reglane, etter kva for legislative omsyn som gjer seg gjeldande på ulike område i privatretten. Til dømes kvifor reklamasjonsreglar har korte fristar i motsetning til hevdsreglar, og kvifor somme av reglane krev at rettsvinnaren/rettstaparen visste eller burde visst, medan andre passivitetsreglar verkar objektivt. Ei slik innleiande skisse kan også flettast inn i problemstillinga i oppgåva.

Temaet er ulovfest passivitetsverknad. På eine sida er det på det reine at passivitet kan fungera som ulovfest rettsgrunnlag. På andre sida er det vanskeleg å finna vilkåra for ulovfeste passivitetsverknader. I rettsteorien er det gjort fleire forsøk på dette, jfr. særleg Arnholm, som nærmast gav opp å formulera generelle vilkår. Derimot kan det vera naturleg å arbeida med typetilfelle, der passivitet kan fungera som primært rettsgrunnlag eller som bidrag saman med andre legislative faktorar for danning av eit rettsgrunnlag. Uttrykket "rettsgrunnlag" i oppgåveteksten vil omfatta begge. Ei behandling av typetilfelle må knytast til dei omsyn som elles gjer seg gjeldande på det aktuelle livsområdet. For så vidt tilsvarande som når passivitetsverknaden er lovregulert. På denne måten kan passivitetsverknad byggja på ein felles rettstanke eller rettsgrunnsetning i alle typetilfella, samtidig som den kan få ulik vekt og utslag etter dei nærmare tilhøve og legislative omsyn elles på området.

Etter dette er det naturleg at kandidaten knyter hovuddrøftingane til typetilfelle. Og det vil ofte bety å knyta det til domsmateriale. Men det vil vera naturleg at kandidaten samtidig fylgjer hovudtrådane i stoffet, særleg tidsfaktoren og spørsmålet om kunnskap. Sjøbu-dommen i Rt. 1893 s. 481 galdt bortfall av bruksatterhald som seljaren tok ved avhending av ein parsell. Kjøparen gjorde snart fysiske tiltak som forringa innhaldet i atterhaldet, men seljaren reagerte ikkje før det var gått 10 år og då var det for seint. Her innebar situasjonen ei klår oppfordring til seljaren om å reagera. Og det skulle han gjort innan rimeleg tid. Rt. 1983 s. 850 gjeld forelding av arv etter den gamle arvelova som var utan foreldingsreglar. Her gjekk det 39 år før arvekravet vart gjort gjeldande, men då var det for seint. Her står tidsfaktoren og omsynet til rimeleg resultat sentralt. Custos-dommen i Rt. 1992 s. 295 gjeld bortfall av avtale som vedkomande neglisjerte fordi han meinte han ikkje var bunden av den. Dette sa han til motparten, og når denne først reagerte etter eit år, meinte fleirtalet (3-2) at avtalen ikkje kunne gjerast gjeldande; mindretalet meinte avtalen var ugyldig. Sigdal-dommen i Rt. 1992 s. 352 gjeld eigedomsretten til hyttetomter som låg utanfor seljarens grunn. Etter ca. 19 år vart feilen oppdaga, og påstått rette grunneigar gjorde krav gjeldande mot kjøparane men tapte 3-2. Fleirtalet meinte at tap av eigedomsrett ved passivitet etter tilhøva ikkje treng vera avhengig av at vedkomande kan klandrast for at han ikkje greip inn tidlegare. Det er usemje i litteraturen om korleis denne dommen skal tolkast. Det vil vera positivt om kandidaten skisserer denne usemja. - Dei dommane som her er nemnde er gjennomgått i læreboka, og det finst også andre dommar som er relevante for oppgåva.

IV. Oppgåvedel 2
Temaet i oppgåvedel 2, Tilhøvet mellom lovfest og ulovfest rett i privatretten, er gjennomgått meir prinsipielt i læreboka Rettsgrunnlag og standpunkt på s. 41 flg. og s. 48 flg, s. 197-203 og bl.a. s. 204 og andre stader. Dessutan vil også dette temaet vera drøft ut frå ymse materielle synsvinklar i lærebøker for ulike fagdisiplinar.

T
ilhøvet mellom lovfest og ulovfest rett gjer seg gjeldande på ulike plan og i ulike relasjonar. Kandidaten bør ikkje ta eit for snevert utgangspunkt. Kontraktfest rett kan haldast utanfor. Men det må vera greit nok at kandidaten legg sine drøftingar til eit visst fagområde, dersom dette ikkje fører til ubalanse i dei meir prinsipielle problemstillingane som oppgåva legg opp til. Kandidaten bør peika på den prinsipielle skilnaden i autoriserings- og legitimeringsgrunnlaget for lovfest og ulovfest rett. For lovfest rett ligg det i sjølve uttrykket at her byggjer ein på autorisert lovtekst, og at lovtolking vil vera sentralt ved rettsbruken. For ulovfest rett ligg det i uttrykket at det aktuelle typetilfellet ikkje er lovregulert, og at rettsgrunnlaget her vil måtte byggja på andre legitimerings- eller autoriseringsgrunnlag. Det kan ikkje krevjast at kandidaten går særleg langt inn i desse meir generelle problemstillingane. Drøftingane vidare bør straks knytast til situasjonen i privatretten. I privatretten vil rettsreglane i hovudsak ha konfliktløysing og førebygging av konflikt som siktemål. Siktemålet er ikkje så mykje statleg regulering med lovgjeving som reguleringsreiskap. Dette gjer at privatretten er mindre avhengig av lovgjeving enn offentleg rett er. Private tvister kan ofte løysast på rettsgrunnlag danna utan lovgjeving. Likevel har det i nyare tid vore ei nokså omfattande lovgjeving innan privatretten. Dels i form av kodifisering av etablert rett, dels har denne lovgjevinga eit visst reguleringsføremål, å verna svak part i eit forhold, og dels kan den ha konflikthindrande siktemål. Å overlata utviklinga til ulovfest regeldanning vil kunne vera for uoversiktleg og for uvisst på vedkomade område.

Når det gjeld sjølve rettsbruken, kan tilhøvet mellom lovfest og ulovfest rett stundom vera flytande. På ulovfest område vil rettsbrukaren nytta alle rettskjeldefaktorar som er relevante for løysing av det aktuelle rettsspørsmålet. Også lov eller lovtekst som ikkje regulerer vårt spørsmål kan gi bidrag eller støtte til løysing. Dette kan for det første skje i form av analogi. Analogi til lov blir her primær rettsheimel. I rettskjeldelæra blir analogisk bruk av lov dels plassert innan lovfest rett og dels under ulovfest rett. Realiteten er at eit ikkje lovregulert spørsmål finn si løysing ved analogi til lov. Ei viss form for analogi er også det å generalisera lova som utgangspunkt for danning av allmenne retningsliner eller prinsipp utanfor lovområdet. Kjøpslova 1907 vart dels brukt på denne måten. Ulovfest regeldanning kan også skje ved å samanlikna reglar som gjeld for ulike kontraktstypar med sikte på å påvisa fellestrekk som uttrykk for retningsliner til løysing av usikre ulovfeste spørsmål. Nokre av våre allmenne kontraktsrettslege prinsipp kan vera døme på dette. Ein dels tilsvarande variant er å sjå lovregulering på beslekta område som utslag av ein rettstanke, prinsipp eller rettsgrunnsetning som gjeld også utanfor lova, jfr. bl.a. personverndommen i Rt. 1952 s 1217 og regressdom i Rt. 1968 s. 48. Tilhøvet mellom lovfest og ulovfest rett er aktuelt også ved antitetisk tolking. At lova på eit tilgrensa område må tolkast uttømande, kan samtidig bety at den blir tolka antitetisk på "vårt" område, og det kan igjen bety at lova dermed stengjer for ulovfest regeldanning her. Tilhøvet mellom ulovfest og lovfest rett kan også omfatta "god skikk"-reglane. Når lova stiller god skikk krav, vil det i prinsippet bety at lova viser til etablert skikk på området. Denne skikken inneheld ulovfeste normer, og desse normene er det så som kan supplera lova. Dessutan kan eit ulovfest regelfragment gå inn som fragment i ein lovregel, som i Rt. 1995 s. 209 om organansvar.

V. Vurderingar
Oppgåva må vel reknast som vanskeleg. Den kan disponerast på fleire måtar. To heilt ulike oppgåvesvar kan vera like gode. Sensuren kan såleis bli krevjande. Ei hovudvekt bør leggjast på om kandidaten har fruktbare og presise problemstillingar i høve til det oppgåva spør om, og viser evne til å setja ulike deler av stoffet inn i sin rette samanheng. Som utgangspunkt er dei to oppgåvedelene likeverdige, men heile prestasjonen bør vurderast under eitt ut frå det samla rettskjeldemessige innhaldet. Stoffmessig kan dei dels gli over i kvarandre.

Bergen 9. mai 2001.

Tilføying 23. mai 2001: Ved slike oppgåver kan somme kandidatar ha visse vanskar med å skilja mellom materiell rett og rettskjelde- og metodespørsmål. Og det er ein flytande overgang og dels eit fellesskap mellom desse to tema, jfr. læreboka bl.a. s. 25. For slike oppgåver som denne vil det vera naturleg å bruka materiellrettsleg stoff som illustrasjonar av metode for reising av rettsspørsmål, framskaffing av rettsgrunnlag og argument, og for oppbygging av grunngjeving for løysing av dei aktuelle rettsspørsmål.

Terminologien er dels annleis i læreboka enn i andre rettskjeldeframstillingar. Andre framstillingar brukar gjerne terminologien relevans, slutning og vekt, men dette er dels kritisert i læreboka s. 34 flg. Sentralt i læreboka er terminologien primær rettsheimel (for løysing), bidrag (til løysing), og støtte til ei løysing som byggjer på anna grunnlag, jfr. særleg kap. 4,II-III s. 79-89. I sensuren bør ein ikkje vera for kategorisk eller streng når det gjeld terminologien.