UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 4. avdeling

Nynorsk

UNIVERSITETET I BERGEN
CAND. JUR. EKSAMEN
FJERDE AVDELING VÅREN 1989
Praktisk oppgave - fredag 21. april 1989

I

Peder Ås hadde avtala med tre kameratar at dei skulle leige ei hytte på fjellet i vinterferien frå 18. - 26. februar 1988. Peder As skulle likevel reise åleine l bil til hytta, for han hadde eit arbeidsoppdrag fredag 17. februar i Grukkedal. Dette tok noko lengre tid enn Peder hadde tenkt seg, slik at han kom av garde frå Grukkedal først ca. kl. 19 om kvelden. Enda riksvegen var glatt og det var lett sludd. heldt Peder ein fart tett opp mot 80 km/t. Ca. kl. 20.30 1 ein sving møtte han ein lastebil og bremsa. og det førte til at han fekk sleng på bilen og køyrde ut av vegbanen og øydela eit gjerde rundt ein bustadeigedom. Lysa l huset var sløkte slik at Peder drog den slutninga at ingen var heime. Til det kom at Peder hadde hastverk. Han bestemte seg derfor for at han fekk ta seg ein tur innom til vedkomande eigar på nedtur frå fjellet sundag 26. februar og fortelje det heile. Peder var likevel vorten oppskaka av hendinga og han drakk to halvflasker lettøl medan han køyrde vidare. På grunn av dei dårlege vegtilhøva køyrde Peder svært roleg på den strekninga som stod att opp til høgfjellet. Han fann først fram til hytta natt til laurdag kl. 0200. Kameratane hans sat da og spela kort og drakk øl. Det vart også til at Peder tok seg eit par øl.

Hans Tastad hadde sett at Peder køyrde ned gjerdet til Lars Holm. Tastad fekk straks mistanke om promillekøyring og ringde til lensmannen i Grukkedal. Det lykkast lensmannen l løpet av kvelden å få klårlagt kven som var bileigar og kvar denne hadde tenkt seg. Kl. 04.30 om morgonen fann lensmannsbetjent Kleiva fram til hytta og Peder vart teken med til blodprøve.

Under etterforskinga av saka vart det klårlagt at statsadvokatane l Bergen og Hordaland i byrjinga av januar s.å. hadde utferda tiltalevedtak ved Bergen byrett mot Peder Ås. Saka galdt her eit forhold som Peder Ås under politiavhøyr 13. september 1987 hadde tilstått og sagt seg skuldig til straff for.

I tiltalevedtaket var det ført fram om grunnlaget for tiltalen:

"12. september 1987 ca. kl. 17.45 på Torvalmenningen l Bergen stakk han Kjell Arne Hansen med kniv i høgre lunge. venstre flanke og venstre lår, slik at denne vart innlagd på Haukeland sjukehus til 21. september s.å. og deretter frå 13. oktober og til 8. november s.å.. og slik at Hansen var arbeidsudyktig fram til 15. Januar 1988."

Bergen byrett hadde tidsett hovudforhandling l saka i tida frå 15. - 17. mars 1988. Lensmannen i Grukkedal - som også høyrde Inn under Bergen og Hordaland statsadvokatembete - tok kontakt med politifullmektigen på staden for å få teke med dei nye forholda under saka i Bergen byrett.

Peder Ås' forsvarar hadde inga innvending mot at det skjedde ei sameining av sakene, men var sterkt usamd med politifullmektigen l at det her låg føre tre brot på føresegner i vegtrafikklova. Han nekta for at nokon av føresegnene i vegtrafikklova i det heile kom til bruk.

Advokat Nilsen skreiv deretter til politimeisteren og bad om at han omgjorde politifullmektigens vedtak om å reise tiltale. Politimeisteren svara med ein gong at han såg seg avskoren frå dette. Advokat Nilsen var usamd, men for å vere på den sikre sida, skreiv han også klageskriv til statsadvokatane l Bergen og Hordaland og bad om at tiltalevedtaket vart trekt attende.

Da hovudforhandlinga tok til den 15. mars. sa Peder Ås seg ikkje skuldig etter tiltalen, heller ikkje med omsyn til episoden på Torvalmenningen 12. september 1987, med di han hevda at det galdt eit slagsmål der han var vorten slegen i hovudet med ei flaske av den fornærma like i førevegen. Dette måtte - vart det gjort gjeldande - verke straffriande.

Forsvararen for tiltalte hevda l tillegg at det så langt det galdt dette tiltalepunktet, ikkje skulle vore reist tiltale for byretten. Og slik saka no hadde utvikla seg, måtte byretten i alle tilfelle avvise saka.

Da hovudforhandlinga tok til 15. mars, hadde forsvareren ennå ikke mottene noka melding frå statsadvokaten om hans standpunkt til advokat Nilsens klage, og da protesterte forsvararen mot at saka vart fremja på desse punkta, og han kravde saka utsett, noko som den møtande aktor - politifullmektig Ask - motsette seg. Ask meinte at korkje politimeister eller statsadvokat kunne omgjere hans vedtak. Og i alle høve hadde ikkje tiltalte krav på å få saka utsett fordi det ikkje var svara på klagen.

I si provoppgåve for byretten hadde aktor oppgjeve at han ville leggje fram utskrift av ein tidlegare dom der Peder Ås var dømt. for knivbruk. Likeins varsla han provføring om eit tilsvarande forhold mot Peder som var lagt bort på grunn av provgrunnar ("på grunn av bevisets stilling"). Forsvararen hevda at det ikkje var adgang til noko av dette.

Drøft og ta standpunkt til dei straffeprosessuelle og dei strafferettslege spørsmåla som oppgåva reiser.

II

Straffesaka mot Peder Ås vart pådømd ved Bergen byretts dom frå 18.3.88. Peder Ås som vart domfelt på alle tiltalepunkta, vart dømd til 8 månaders fengsel. Etter domfellinga gjorde politifullmektig Olsen vedtak om inndraging av Peder Ås' førarkort for ein periode på 5 år. Peder Ås som var heilt avhengig av bilen i yrket sitt, oppmoda straks politifullmektigen om å omgjere vedtaket, noko politiet ikkje etterkom.

Peder Ås klaga til departementet. Det var på det reine at i saker av liknande karakter var vanleg praksis å inndra førarkortet for ein periode på opp mot 2 år. Men i departementet bestemte ein seg no for å skjerpe denne praksisen, og ein valde derfor å stadfeste vedtaket.

Peder Ås reiste dernest sak for Bergen byrett og påstod at inndragingsvedtaket måtte kjennast ugyldig. Han gjorde gjeldande at Inndraging ikkje skulle ha skjedd. Han viste til at han var yrkessjåfør og at han hadde køyrt lovleg og skadefritt l alle dei 8 åra han-hadde hatt sertifikat.. Styresmaktene kunne i alle høve ikkje inndra førarkortet for ein lengre periode enn 2 år. Elles førte han fram at det var i strid med fundamentale menneskerettar at politi og departement ila straff ved å avgjere inndraging av førarkort. Han heldt fram at det i realiteten låg føre ei urimeleg og ulovleg ilagd tilleggsstraff pga. slagsmålet 12.09.1987.

Drøft og ta standpunkt til dei spørsmåla som oppgåva reiser.