MEDBORGERNOTAT



Yngre vs. eldre før Stortingsvalet 2021



“Baby boomers” og “Generasjon X” mot “Millenials” og “Generasjon Z”





Ingrid Kvåle Faleide



DIGSSCORE




Universitetet i Bergen
Juni 2021



I dette medborgernotatet ser vi nærare på korleis skilnadane mellom yngre og eldre sine haldningar kjem til syne gjennom panelspørsmåla våre. Under “bakgrunn” blir det gjort greie for den valde generasjonsinndelinga med utgangspunkt i Norris og Inglehart (2019). Under “deskriptive data” ligg tidsseriegrafar for stemmegiving og -intensjon, klima- og innvandringsspørsmål, i tillegg til nokre økonomi-relaterte spørsmål. Desse går så langt tilbake i tid som vi har data. Under “regresjonsanalysar” ligg kontrollanalysar for å sjå om skilnadane vi ser mellom dei to “generasjonane” kan forklarast av andre faktorar.

Oppsummering

Yngre og eldre har ulike syn på mange politiske spørsmål. Yngre er meir liberale og ideologiske, men sidan yngre stemmer i mindre grad blir ikkje deira haldningar like godt reflekterte i politikken som dei eldre sine. Dette er særleg tydeleg i flyktning- og innvandringspolitikk og klima- og miljøspørsmål.

Vi begynner med å sjå på kva generasjonane faktisk stemte på ved stortingsvala i 2013 og 2017. Det blir deretter presentert tidsseriedata av stemmeintensjon blant desse gruppene. Under “Klimaspørsmål” er der tidsseriar av spørsmål om bekymring for klimaendringar, teknologioptimisme, utfasing av fossilbil, økonomisk vekst vs. miljøinteresser og oljeutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja. Eit spørsmål om kutt i kjøt- og meieriproduksjon er også med, men det har berre blitt stilt to gonger. Under “innvandringsspørsmål” ligg tidsseriar av spørsmål om det er ein fordel eller ei ulempe at innvandrarar kjem til Norge, og kor vidt det skal bli lettare eller vanskelegare å få opphaldsløyve. Til slutt er der to meir generelle tidsseriar knytt til økonomi. Desse viser korleis yngre og eldre oppfattar den økonomiske situasjonen i Norge og om dei synest regjeringa i større grad bør jobbe for å redusere inntektsskilnader.

Data lagt fram i dette notatet viser at generasjon er ein viktig forklaringsfaktor både for stemmegiving, klima-, innvandrings- og økonomiske spørsmål. Dei yngre stemmer i større grad på dei mindre partia, og dei eldre stemmer i større grad på dei store partia. Dei yngre er mykje meir bekymra for klimaendringar og positive til innvandring enn dei eldre. Vi ser også ei interessant utvikling i økonomispørsmål som følge av koronapandemien: Alle blir mindre fornøgde med Norge sin økonomi i mars 2020, denne oppfatninga snur igjen i juni 2020, men hausten 2020 held dei eldre fram med å bli meir fornøgde, medan dei yngre meiner situasjonen er dårlegare igjen. I 2015-2016 er det liten skilnad på generasjonane i spørsmål om utjamning av inntektsskilnader. Så er dei yngre mindre einige enn dei eldre i at regjeringa bør jobbe for å redusere inntektsskilnader frå 2017 til 2020 - då legg dei yngre seg på linje med dei eldre igjen - men begge på eit vesentleg høgare nivå enn i 2015.







Bakgrunn

Det er mange måtar å studere alders- og generasjonsskilnader på. Det er kanskje ikkje heilt korrekt å kalle dei som er fødde i 1980 for yngre lenger (dei er no 41 år gamle), og dei som er fødde i 1979 for eldre enno, men for å gjere det enkelt blir dei kalla det her. Dei fire generasjonane respondentane er delt i, er delvis henta frå Norris og Inglehart (2019, 35-37). Dei identifiserer fire generasjonskohortar for å forklare endring i sosiale verdiar. I dette notatet blir denne inndelinga brukt:

  • Fødd før 1964: Baby boomers - som vart vaksne under aukande velstand og ekspansjonen av velferdsstaten.
  • Fødd 1965-1979: Generasjon X - sosialiserte i ein epoke prega av motkultur, seksuell liberalisering og studentprotestar.
  • Fødd 1980-1996: Millenials - vart vaksne i ei tid der nyliberalisme og globalisering prega verda.
  • Fødd etter 1996: Generasjon Z - er ikkje med i Norris og Inglehart si bok, men er den mest vanlege nemninga på dei fødde etter Millenials-generasjonen (Dimock 2019). Det som ofte vert drege fram som det mest sentrale kjenneteiknet på denne generasjonen er at dei heile sitt liv har hatt utbreitt tilgang til internett.

Norris og Inglehart (2019, 36) har også med “the Interwar cohort” som er dei fødde mellom 1900-1945, i dette notatet er dei i same gruppe som Boomers og Generasjon X.

Det er ein sterk samanheng mellom generasjon og sosiale liberale verdiar i alle land i Vest-Europa viser data frå The European Social Survey (ESS) (runde 1-7 rapportert i Norris og Inglehart (2019, 121)). Over heile Europa er det også eit stort gap i valdeltaking mellom yngre og eldre. Nesten dobbelt så mange av dei eldste stemmer samanlikna med dei yngste (same datagrunnlag, rapportert i Norris og Inglehart (2019, 273-274)). I stortingsvala i 2013 og 2017 var valdeltakinga lågast i aldersgruppa 20-24 år (70,4-72.7 prosent), og høgast i gruppa 67-79 år (87,6-85,9 prosent). Blant 45-66-åringane er den også høg (82,8-83,6). Valdeltakinga er lågare blant dei i alderen 25-44 år (75,6-74,3) (SSB 2019). Aldersgruppa 25-44 er delte mellom dei to grupperingane brukt i dette notatet: I 2013-valet var 25-åringane fødde i 1988 og 44-åringane fødde i 1969, og i 2017-valet var 25-åringane fødde i 1992 og 44-åringane i 1973. Elles er 20-24 år “Millenials + Z”, og 67-79 år og 45-66 år er “Boomers + X”.

Data

Norsk medborgerpanel er ei internettbasert spørjeundersøking om nordmenn sine haldningar til ulike samfunnstema. Deltakarane representerer eit tverrsnitt av den norske befolkninga. Panelet blir drive av Kjernefasilitet for digital samfunnsvitskap (DIGSSCORE) ved Universitetet i Bergen (UiB). UiB og Bergen forskningsstiftelse bidreg til finansieringa av panelet. Første runde var i felt hausten 2013. Tidsseriegrafane i dette notatet er basert på runde 1-20. Regresjonsanalysane er berre basert på runde 20, som var i felt i februar 2021.

Avhengig variabel

Deltakarane i Norsk medborgerpanel er tilfeldig utvalt frå Folkeregisteret. Fødselsår-variabelen er teken rett der i frå, men respondentane blir også spurde om å stadfeste at dette stemmer i undersøkinga. Den tilgjengelege aldersvariabelen i Norsk medborgerpanel er delt i tiår (for at ein med tilgang til datamaterialet ikkje skal kunne identifisere ein respondent). Slik sett er det også ein praktisk grunn til inndelinga av “Boomers + Generasjon X” vs. “Millenials + Generasjon Z”, i tillegg til den teoretiske.

Kontrollvariablar

Dette er ei liste over alle kontrollvariablane som er nytta i dette notatet. I parentes står det kor mange respondentar som hamnar innanfor kvar verdi.

  • Kjønn: Består av mann (n = 5276) og kvinne (n = 5145).
  • Region: Inndelinga består av Oslo (n = 1664), Austlandet (n = 3769), Sørlandet (n = 505), Vestlandet (n = 2830), Trøndelag (n = 851) og Nord-Norge (n = 802).
  • Utdanning: Høgaste fullførte - består av inga utdanning (n = 487), vidaregåande skule (n = 3100) og høgskule/universitet (n = 6701).
  • Subjektivt område: Her har respondentane svart på følgande spørsmål: “Hvilken beskrivelse passer best på området du bor i?”, og svaralternativa har vore:
    • En storby (n = 2387)
    • En forstad eller utkanten av en storby (n = 1849)
    • En liten eller mellomstor by (n = 2545)
    • Et bygdesentrum (n = 1414)
    • Et spredtbygd strøk (n = 984)
  • Inntekt: “Hva er inntekten din for tiden? Brutto årsinntekt er:”
    • Mindre enn 150 000 (n = 411)
    • 150 001 - 300 000 (n = 1162)
    • 300 001 - 400 000 (n = 1574)
    • 400 001 - 500 000 (n = 1662)
    • 500 001 - 600 000 (n = 1777)
    • 600 001 - 700 000 (n = 1319)
    • 700 001 - 1 000 000 (n = 1493)
    • Mer enn 1 000 000 (n = 745)








Deskriptive data

Stemmegiving

Spørsmålsformulering:

Runde 1/10: Hvilket parti stemte du på ved stortingsvalget?
Runde 3/11 -> : Hvilket parti stemte du på ved [forrige stortingsvalg/stortingsvalget 2017]?

Stemmegivingsresultata viser at dei eldre i større grad stemmer på dei store partia og dei yngre i større grad stemmer på dei små partia. Særleg SV og Venstre har gjennom tidene skilt seg ut som parti med låg gjennomsnittsalder på veljarane sine (Berglund 2020, 81). Tendensen til at yngre i større grad stemmer på småparti blir forsterka frå 2013- til 2017-valet, både for V, SV, MDG og Raudt. Vi ser særleg at gapet veks frå 2013 til 2017 blant dei som stemte på Høgre og SV: Det er mange fleire eldre enn yngre som stemte på Høgre i 2017 (26 prosent blant dei eldre, 14 prosent blant dei yngre) og mange fleire yngre som stemte på SV (6 prosent blant dei eldre, 15 prosent blant dei yngre).

2013

Vi ser her korleis dei to veljargruppene stemte i 2013.

2017

Og dette er resultatet fordelt på generasjonar etter valet i 2017.

Stemmeintensjon

Spørsmålsformulering:

Hvilket parti ville du ha stemt på dersom det var stortingsvalg i morgen?
Arbeidarpartiet

Blant dei som har sagt at dei ville stemt på Arbeidarpartiet om det var stortingsval i morgon er det signifikant skilnad mellom dei yngre og eldre frå januar 2019 til februar 2021: Det er fleire i generasjonane “Boomers + X” enn “Millenials + Z” som ville stemt på Ap. Kontrollanalysane av 2021-data viser at generasjon er signifikant som forklaringsvariabel sjølv når andre demografiske variablar er med i modellen.







Høgre

Blant dei som har sagt at dei ville stemt på Høgre om det var stortingsval i morgon er det signifikant skilnad mellom dei yngre og eldre heilt sidan mars 2014, berre med unntak av oktober 2014. På same måte som for dei som vil stemme på Ap, er generasjon statistisk signifikant også i kontrollmodellen.







Framstegspartiet

Blant dei som har sagt at dei ville stemt på Framstegspartiet om det var stortingsval i morgon er det like mange yngre som eldre i oktober 2014. Sidan ligg dei eldre over dei yngre, og dette er signifikant sidan januar 2019. Generasjon er ikkje statistisk signifikant i kontrollmodellen.







Kristeleg Folkeparti

Blant dei som har sagt at dei ville stemt på Kristeleg Folkeparti om det var stortingsval i morgon er det ingen signifikant skilnad mellom dei yngre og eldre. Vi ser at Krf har ei veldig stabil oppslutning heilt frå mars 2014 til februar 2021.







Senterpartiet

Blant dei som sa dei ville stemt på Senterpartiet er det ingen signifikant skilnad fram til mars 2017, då gjer den eldre aldersgruppa eit byks på denne grafen. Dei yngre føl etterkvart etter, og konfidensintervalla overlappar hausten 2017 og våren 2018. Så gjer dei eldre eit nytt byks mellom januar 2019 og november 2019. Sidan januar 2019 er det signifikant fleire eldre som seier dei vil stemme på Sp. Generasjon er ikkje signifikant som forklaring i kontrollmodellen med andre demografiske variablar.







Venstre

Det er signifikant fleire yngre enn eldre som vil stemme på Venstre samanhengande frå mars 2015. Den eldre veljargruppa synk gradvis heilt frå våren 2014 (5,5 prosent) til vinter 2021 (1,9 prosent). Blant dei unge går det meir opp og ned. I kontrollmodellen er ikkje generasjon signifikant.







Sosialistisk Venstreparti

Signifikant fleire yngre enn eldre vil stemme på SV samanhengande frå mars 2015. Her er også den eldre veljargruppa svært stabil, med eit byks frå 3,5 prosent i mai 2017 til 7,4 prosent i november 2017. I same periode går dei yngre frå 8,2 til 15,8 prosent som ville stemme SV. Begge linjene har vore ganske stabile sidan. Dette mønsteret blir stadfesta av kontrollmodellen: Generasjon er ein viktig forklaringsvariabael for kven som vil stemme SV.







Miljøpartiet Dei Grøne

Av grafen som viser dei som vil stemme på Miljøpartiet Dei Grøne ser vi at konfidensintervalla så vidt er borte i kvarandre i oktober 2014, men sidan er det fleire yngre enn eldre som vil stemme MDG. Her er også den eldre veljarmassen veldig stabil - rett over 4 prosent sidan november 2019. På same måte som SV er det å vere ung ein viktig forklaringsvariabel for kven som vel å stemme på Miljøpartiet Dei Grøne.







Raudt

Blant Raudt sine potensielle veljarar er det ikkje signifikant skilnad på generasjonsgruppene fram til januar 2020. Vi ser ein jamn auke i begge grupper frå 2014 og fram til 2021. I frå november 2019 aukar gapet, og generasjon er statistisk signifikant i kontrollmodellen frå 2021: yngre stemmer meir på Raudt enn eldre.







Ville ikkje ha stemt







Klimaspørsmål

Bekymring for klimaendringer

Spørsmålsformulering:

    Hvor bekymret er du for klimaendringer?
    
  1. Ikke bekymret i det hele tatt
  2. Lite bekymret
  3. Noe bekymret
  4. Bekymret
  5. Svært bekymret

Svaralternativa er redusert til to kategoriar i grafen under: “Høg bekymring” og “Låg bekymring”. Alternativa “Svært bekymret” og “Bekymret” utgjer “Høg bekymring”, medan dei resterande alternativa “Noe bekymret”, “Lite bekymret” og “Ikke bekymret i det hele tatt” utgjer “Låg bekymring”.

I dette spørsmålet er det signifikant skilnad heilt frå november 2016 - dei yngre er mykje meir bekymra enn dei eldre (59 mot 37 prosent i februar 2021).

Grafen viser “Høg bekymring”.

Teknologioptimisme

Spørsmålsformulering:

Se på utsagnet nedenfor. I hvor stor grad er du enig eller uenig i det? 

Teknologiske nyvinninger kommer til å løse klimaproblemene. 

1. Svært enig
2. Enig
3. Noe enig
4. Verken enig eller uenig
5. Noe uenig
6. Uenig
7. Svært uenig

Dei yngre ligg jamt over dei eldre med unntak av november 2016. Signifikant skilnad på dei to siste punkta: november 2019 og februar 2021.

Grafen viser kor mange som har svart “Svært enig”, “Enig” og “Noe enig”.

Fossilbil

Spørsmålsformulering:

I Nasjonal transportplan 2018-29 står det et forslag om at alle nye persnbiler fra 2025 skal være elektriske eller bruke hydrogen.

Hvilket av utsagnene nedenfor kommer nærmest ditt syn:

1. I 2025 bør alle nye personbiler som selges gå på elektrisitet eller hydrogen
2. I 2025 bør det fremdeles være anledning til å kjøpe nye personbiler som går på diesel og bensin

Gjennomgåande stort gap mellom yngre og eldre som ser ut til å bli større ettersom dei eldre støttar framlegget mindre og mindre. I februar 2021 er skilnaden 28 prosentpoeng (50 prosent blant dei yngre og 22 prosent blant dei eldre).

Grafen viser dei som har svart alternativ 1, og dermed støttar framlegget.

Økonomisk vekst vs. miljøinteresser

Spørsmålsformulering:

Hvor enig eller uenig er du i følgende påstand:

Økonomisk vekst bør sikres gjennom utbygging av industrien, selv om det kommer i strid med 
miljøinteresser.

1. Svært enig
2. Enig
3. Noe enig
4. Verken enig eller uenig
5. Noe uenig
6. Uenig
7. Svært uenig

I spørsmålet om økonomisk vekst bør sikrast sjølv om det er i strid med miljøinteresser er det også tydeleg skinad mellom generasjonane - fleire eldre enn yngre er einige i at økonomisk vekst bør sikrast på trass av miljøinteresser.

Grafen viser kor mange som har svart “Svært enig”, “Enig” og “Noe enig”.

Oljeutvinning i LoVeSe

Spørsmålsformulering:

    Se på utsagnet nedenfor. I hvor stor grad er du enig eller uenig i det? 

Vi bør ikke tillate olje- og gassutvinning i området ved Lofoten, Vesterålen og Senja.

1. Svært enig
2. Enig
3. Noe enig
4. Verken enig eller uenig
5. Noe uenig
6. Uenig
7. Svært uenig

I dette spørsmålet ligg yngre jamt over dei eldre heile vegen, og er einige i at utvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje bør skje. Denne skilnaden er statistisk signifikant frå mars 2018 til februar 2021.

Grafen viser kor mange som har svart “Svært enig”, “Enig” og “Noe enig”.

Kutt i kjøt- og meieriprodukt

Spørsmålsformulering:

        Forskning tyder på at husdyrhold kan være negativt for miljøet. 
        Samtidig er kjøtt- og meieriprodukter en viktig kilde til mat.
        Hvor enig eller uenig er du i følgende påstand: 

    Norge bør halvere dagens kjøtt- og meieriproduksjon innen 2050.

1. Svært enig
2. Enig
3. Noe enig
4. Verken enig eller uenig
5. Noe uenig
6. Uenig
7. Svært uenig

Det er vesentleg skilnad på dei yngre og eldre i spørsmålet om å redusere kjøt- og meieriproduksjon. Dette spørsmålet vart ikkje stilt i siste runde (ferbuar 2021), så det er ikkje inkludert under fana med regresjonsanalysar, men det er rimeleg å anta at dette resultatet ville vore signifikant også i ein kontrollmodell.

Grafen viser kor mange som har svart “Svært enig”, “Enig” og “Noe enig”.

Innvandringsspørsmål

Fordel eller ulempe

Spørsmålsformulering:

Hvor stor fordel eller ulempe vil du si det er for Norge at innvandrere kommer for å bosette seg her? 

1. Svært stor fordel
2. Stor fordel
3. En viss fordel
4. Verken en fordel eller en ulempe
5. En viss ulempe 
6. Stor ulempe
7. Svært stor ulempe

I spørsmålet om det er ein fordel eller ei ulempe at innvandrarar busett seg i Norge er det stort sett ikkje signifikant skilnad mellom generasjonane, men her er ein tendens til at dei yngre meir gjennomgåande enn dei eldre meiner at det er ein fordel for Norge at innvandrarar kjem for å busette seg her. Det er statistisk signifikant skilnad i det siste datapunktet, februar 2021, også når ein kontrollerer for andre demografiske variablar.

Verdiane 1, 2 og 3 er slått saman og bir vist her.

Opphaldsløyve

Spørsmålsformulering:

Hva er din mening om flyktninger som kommer til Norge og søker asyl og deres adgang til å få opphold her? Sammenlignet med slik det er i dag, mener du det bør bli:

1. Mye lettere
2. Lettere
3. Noe lettere
4. Som i dag
5. Noe vanskeligere 
6. Vanskeligere
7. Mye vanskeligere

I spørsmålet om flyktningar lettare bør få asyl i Norge er det signifikant skilnad heilt frå mars 2018 til februar 2021. Dei yngre meiner det bør bli lettare å få opphaldsløyve. Dette er også signifikant når ein kontrollerer for demografi.

Verdiane 1, 2 og 3 er slått saman og blir vist her.

Økonomiske spørsmål

Den økonomiske situasjonen i Norge

Spørsmålsformulering:

Hvordan oppfatter du den økonomiske situasjonen i Norge i dag? 

 Synes du den er:

1. Svært god
2. God
3. Noe god
4. Verken god eller dårlig
5. Dårlig 
6. Svært dårlig

I spørsmålet om Norges økonomiske situasjon skjer det noko uvanleg. Dei yngre ligg jamt og statistisk signifikant under dei eldre frå oktober 2015 til januar 2020. Her er litt svingingar, men dei to aldergruppene føl stort sett kvarandre. I juni 2020 ligg dei to punkta nesten heilt likt. Det er ingen signifikant skilnad mellom gruppene tre månader etter at landet stengte ned. Så, i november 2020 er den eldre aldersgruppa mykje meir fornøgde med landet sin økonomiske situasjon enn dei yngre. Dette mønsteret held fram i februar 2021, og kontrollanalysen viser at det er signifikant skilnad på generasjonane i dette spørsmålet også når ein kontrollerer for andre bagrunnsvariablar.

Verdiane 1, 2 og 3 er slått saman og blir vist her.

Redusere inntektsskilnader

Spørsmålsformulering:

Hvor enig eller uenig er du i følgende forslag:
Regjeringen bør jobbe for å i større grad redusere inntektsforskjeller

1. Svært enig
2. Enig
3. Noe enig
4. Verken enig eller uenig
5. Noe uenig 
6. Uenig 
7. Svært uenig

Mellom oktober 2015 og november 2016 er det ingen skilnad på dei yngre og eldre i spørsmålet om regjeringa bør jobbe for å i større grad redusere inntektsskilnader. I mars 2017 gjer dei eldre eit byks og er signifikant meir einige i dette enn dei yngre. Denne signifikante skilnaden held seg fram til januar 2020, då gjer dei yngre eit byks frå 73 til 79 prosent som er einige. Dei ligg framleis likt med dei eldre i november 2020 og februar 2021.

Verdiane 1, 2 og 3 er slått saman og bir vist her.

Regresjonsanalysar

For å sjekke om skilnadane vi ser mellom generasjonane forsvinn når det blir kontrollert for andre mogelege forklaringsvariablar er det gjort lineære regresjonsanalysar. Dei avhengige variablane er ikkje slått saman slik som i dei deskriptive grafane. Det vil seie at dei fleste har verdiar frå 1-7, og dei er sortert i logisk rekkefølgje: 1 = “Svært uenig” og 7 = “Svært enig”. Om den avhengige variabelen berre har to verdiar, slik som for stemmeintensjon (ville stemt parti/ville ikkje stemt parti) er det brukt logistisk regresjon. For nøyaktig forklaring av variablane sjå “Kode” under denne fana. Data er frå den siste kjernerunden i Norsk medborgerpanel, januar/februar 2021.

Dette er formelen brukt for lineær regresjon:

lm(*avhengig variabel med meir enn to verdiar* ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + 
urban_rural + inntekt)

Referansekategoriane er ikkje tekne med i grafane, desse er:

  • Generasjon: Boomers + X
  • Kjønn: Mann
  • Region: Oslo
  • Utdanning: Inga utdanning/grunnskule
  • Bustad: Ein storby
  • Inntekt: < 150 000

Stemmeintensjon

For å teste forklaringskrafta til generasjon for stemmeintensjon er det laga ein variabel for kvart parti med verdien 0 om respondenten ikkje ville stemt på partiet og 1 om den ville stemt på det aktuelle partiet.

Formelen brukt for logistisk regresjon er:

glm(*vil stemme på parti: 0 og 1* ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + 
urban_rural + inntekt, family = binomial)

Forma på koeffisienten indikerer signifikansnivå:

  • Tom sirkel = ikkje signifikant
  • Fylt sirkel = signifikant på 10-prosentnivå
  • Trekant = signifikant på 5-prosentnivå
  • Kvadrat = signifikant på 1-prosentnivå

Sidan vi såg av dei deskriptive data at yngre stemmer meir på Venstre, SV, MDG og Raudt blir desse partia kontrollerte først. Resultata viser at generasjon er ein viktig variabel for å forklare stemmeintensjon for SV, MDG og Raudt. Sjølv om det blir kontrollert for alle dei andre demografiske variablane er dette signifikant på 1-prosentnivå. Generasjon er ikkje statistisk signifikant for Venstre, her er kjønn, utdanning og type område du bur i viktigare forklaringar for stemmeintensjon enn generasjon.

Vi ser så på dei partia som det ut i frå dei deskriptive data er flest eldre som stemmer på: Ap, Høgre og Frp. Resultata viser at generasjon er signifikant på 1-prosentnivå for intensjon om å stemme på Ap og Høgre, men ikkje Frp. Kjønn og utdanning er viktigast for å forklare kven som vil stemme på Frp.

Til slutt dei to partia der det ikkje var like stor skilnad mellom generasjonane: Sp og Krf. Generasjon er som forventa ikkje ei viktig forklaring for å ville stemme på desse to partia. Vi ser heller at region og bustad (urbant/ruralt) har betre forklaringskraft enn generasjon.

Klimaspørsmål

Av grafane med resultat frå lineær regresjon nedanfor ser vi at forklaringskrafta til generasjon held seg signifikant i alle klimaspørsmåla: Feilmarginstreken kryssar aldri 0.

Bekymring for klimaendringar

Teknologioptimisme

Fossilbil

Økonomisk vekst vs. miljøinteresser

Oljeutvinning i LoVeSe

Innvandringsspørsmål

Av grafane med resultat frå lineær regresjon nedanfor ser vi at forklaringskrafta til generasjon held seg signifikant i begge innvandringsspørsmåla: Feilmarginstreken kryssar ikkje 0 i nokon av modellane.

Fordel eller ulempe

Opphaldsløyve

Økonomiske spørsmål

Av grafane med resultat frå lineær regresjon nedanfor ser vi at forklaringskrafta til generasjon held seg signifikant i spørsmålet om Norges økonomiske situasjon, men ikkje i spørsmålet om å redusere inntektsskilnader, her kryssar feilmarginstreken 0.

Den økonomiske situasjonen i Norge

Redusere inntektsskilnader

Kode

d <- read_sav("Norsk medborgerpanel - runde 20 - v-101-O.sav")

d1 <- data.frame(d$responseid, d$r20Weight2, d$r20P1, d$r20P2, d$r20P5_1, d$r20bk25, d$r20P4_1, d$r20pk8, d$r20bk35, d$r20pk204, d$r20pk60, d$r20pk10, d$r20pkdv5, d$r20pkmeme9, d$r20pkkm4, d$r20kmtech, d$r20pk_vekst, d$r20pkkm2, d$r20pkkm42)

names(d1) <- c("id", "vekt", "kjønn", "region", "fødselsår", "inntekt", "utdanning", "venstre_høgre", "urban_rural", "stemme", "storstat", "oksit", "innvandrere", "flyktninger", "lofot", "tech", "klim.vekst", "klim.bekymret", "fossilbil")

# Fjerne verdiar vi ikkje vil ha med 
d1[d1 == 97] <- NA # Ikke svart 
d1[d1 == 98] <- NA # Ikke spurt
d1$stemme[d1$stemme == 10] <- NA # Ville ikke stemt
d1$stemme[d1$stemme == 11] <- NA # Ville stemt blankt
d1$stemme[d1$stemme == 12] <- NA # Har ikke stemmerett
d1$stemme[d1$stemme == 13] <- NA # Annet: 

# Hent labels frå kodebok
d1$kjønn <- as_label(d1$kjønn)
d1$region <- as_label(d1$region)
d1$inntekt <- as_label(d1$inntekt)
d1$utdanning <- as_label(d1$utdanning)
d1$urban_rural <- as_label(d1$urban_rural)
d1$stemme <- as_label(d1$stemme)

# Sjekke retning: venstre = 0, høgre = 10 
as_label(d1$venstre_høgre) 

# Ordne generasjonsvariabel 
d1$fødselsår <- as_label(d1$fødselsår)
d1$generasjon <- case_when(d1$fødselsår == "1939 eller tidligere" | 
                             d1$fødselsår == "1940-1949" | 
                             d1$fødselsår == "1950-1959" | 
                             d1$fødselsår == "1960-1969" | 
                             d1$fødselsår == "1970-1979" ~ "Boomers + X", 
                           d1$fødselsår == "1980-1989" | 
                             d1$fødselsår ==  "1990 eller senere" ~ "Millenials + Z")
d1$generasjon <- as.factor(d1$generasjon)

# snu skala slik at det blir logisk å tolke regresjonsmodellane 
d1$storstat <- as_label(d1$storstat)
d1$storstat <- case_when(d1$storstat == "Svært enig" ~ 7,
                         d1$storstat == "Enig" ~ 6,
                         d1$storstat == "Noe enig" ~ 5,
                         d1$storstat == "Verken enig eller uenig" ~ 4,
                         d1$storstat == "Noe uenig" ~ 3,
                         d1$storstat == "Uenig" ~ 2,
                         d1$storstat == "Svært uenig" ~ 1)

d1$oksit <- as_label(d1$oksit)
d1$oksit <- case_when(d1$oksit == "Svært god" ~ 7,
                         d1$oksit == "God" ~ 6,
                         d1$oksit == "Noe god" ~ 5,
                         d1$oksit == "Verken god eller dårlig" ~ 4,
                         d1$oksit == "Noe dårlig" ~ 3,
                         d1$oksit == "Dårlig" ~ 2,
                         d1$oksit == "Svært dårlig" ~ 1)

d1$innvandrere <- as_label(d1$innvandrere)
d1$innvandrere <- case_when(d1$innvandrere == "Svært stor fordel" ~ 7,
                         d1$innvandrere == "Stor fordel" ~ 6,
                         d1$innvandrere == "En viss fordel" ~ 5,
                         d1$innvandrere == "Verken en fordel eller ulempe" ~ 4,
                         d1$innvandrere == "En viss ulempe" ~ 3,
                         d1$innvandrere == "Stor ulempe" ~ 2,
                         d1$innvandrere == "Svært stor ulempe" ~ 1)

d1$flyktninger <- as_label(d1$flyktninger)
d1$flyktninger <- case_when(d1$flyktninger == "Mye lettere" ~ 7,
                         d1$flyktninger == "Lettere" ~ 6,
                         d1$flyktninger == "Noe lettere" ~ 5,
                         d1$flyktninger == "Som i dag" ~ 4,
                         d1$flyktninger == "Noe vanskeligere" ~ 3,
                         d1$flyktninger == "Vanskeligere" ~ 2,
                         d1$flyktninger == "Mye vanskeligere" ~ 1)

d1$lofot <- as_label(d1$lofot)
d1$lofot <- case_when(d1$lofot == "Svært enig" ~ 7,
                         d1$lofot == "Enig" ~ 6,
                         d1$lofot == "Noe enig" ~ 5,
                         d1$lofot == "Verken enig eller uenig" ~ 4,
                         d1$lofot == "Noe uenig" ~ 3,
                         d1$lofot == "Uenig" ~ 2,
                         d1$lofot == "Svært uenig" ~ 1)

d1$tech <- as_label(d1$tech)
d1$tech <- case_when(d1$tech == "Svært enig" ~ 7,
                         d1$tech == "Enig" ~ 6,
                         d1$tech == "Noe enig" ~ 5,
                         d1$tech == "Verken enig eller uenig" ~ 4,
                         d1$tech == "Noe uenig" ~ 3,
                         d1$tech == "Uenig" ~ 2,
                         d1$tech == "Svært uenig" ~ 1)

d1$klim.vekst <- as_label(d1$klim.vekst)
d1$klim.vekst <- case_when(d1$klim.vekst == "Svært enig" ~ 7,
                         d1$klim.vekst == "Enig" ~ 6,
                         d1$klim.vekst == "Noe enig" ~ 5,
                         d1$klim.vekst == "Verken enig eller uenig" ~ 4,
                         d1$klim.vekst == "Noe uenig" ~ 3,
                         d1$klim.vekst == "Uenig" ~ 2,
                         d1$klim.vekst == "Svært uenig" ~ 1)

# klim.bekymret er logisk: 1 = Ikke bekymret i det hele tatt, 5 = Svært bekymret
d1$klim.bekymret <- as.numeric(d1$klim.bekymret)

d1$fossilbil <- as_label(d1$fossilbil)
d1$fossilbil <- case_when(d1$fossilbil == 
    "I 2025 bør alle nye personbiler som selges gå på elektrisitet eller hydrogen." ~ 2,
                          d1$fossilbil == 
    "I 2025 bør det fremdeles være anledning til å kjøpe nye personbiler som går på diesel og bensin." ~ 1)

#### Stemmeintensjon 
d1$stemme_Krf <- ifelse(d1$stemme == "Kristelig Folkeparti", 1, 0)
d1$stemme_H <- ifelse(d1$stemme == "Høyre", 1, 0)
d1$stemme_Frp <- ifelse(d1$stemme == "Fremskrittspartiet", 1, 0)
d1$stemme_V <- ifelse(d1$stemme == "Venstre", 1, 0)
d1$stemme_SV <- ifelse(d1$stemme == "Sosialistisk Venstreparti", 1, 0)
d1$stemme_Sp <- ifelse(d1$stemme == "Senterpartiet", 1, 0)
d1$stemme_MDG <- ifelse(d1$stemme == "Miljøpartiet De Grønne", 1, 0)
d1$stemme_Ap <- ifelse(d1$stemme == "Arbeiderpartiet", 1, 0)
d1$stemme_R <- ifelse(d1$stemme == "Rødt", 1, 0)


Krf_stemme <- glm(stemme_Krf ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
H_stemme <- glm(stemme_H ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
Frp_stemme <- glm(stemme_Frp ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
V_stemme <- glm(stemme_V ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
SV_stemme <- glm(stemme_SV ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
Sp_stemme <- glm(stemme_Sp ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
MDG_stemme <- glm(stemme_MDG ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
Ap_stemme <- glm(stemme_Ap ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)
R_stemme <- glm(stemme_R ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1, family = binomial)

p1 <- plot_models(R_stemme, MDG_stemme, SV_stemme, V_stemme, grid = TRUE, p.shape = TRUE, vline.color = "gray", show.legend = FALSE)
p1 + set_theme(
  base = theme_blank(),
  axis.angle.x = 45
)


p2 <- plot_models(Frp_stemme, H_stemme, Ap_stemme, grid = TRUE, p.shape = TRUE, vline.color = "gray", show.legend = FALSE)
p2 + set_theme(
  base = theme_blank(),
  axis.angle.x = 45
)


p3 <- plot_models(Sp_stemme, Krf_stemme, grid = TRUE, p.shape = TRUE, vline.color = "gray", show.legend = FALSE)
p3 + set_theme(
  base = theme_blank(),
  axis.angle.x = 45
)


#### Klimaspørsmål 
##### Bekymring for klimaendringar 
bekymreg <- lm(klim.bekymret ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(bekymreg)

##### Teknologioptimisme 
techreg <- lm(tech ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(techreg)

##### Fossilbil 
bilreg <- lm(fossilbil ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(bilreg)

##### Økonomisk vekst vs. miljøinteresser 
vekstreg <- lm(klim.vekst ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(vekstreg)

##### Oljeutvinning i LoVeSe
lofotreg <- lm(lofot ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(lofotreg)

#### Innvandringsspørsmål 
##### Fordel eller ulempe
innvreg <- lm(innvandrere ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(innvreg)

##### Opphaldsløyve 
flyktreg <- lm(flyktninger ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(flyktreg)

#### Økonomiske spørsmål
##### Den økonomiske situasjonen i Norge
oksitreg <- lm(oksit ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(oksitreg)

##### Redusere inntektsskilnader
storstatreg <- lm(storstat ~ generasjon + kjønn + region + utdanning + urban_rural + inntekt, data = d1)
plot_summs(storstatreg)







Referansar

Berglund, Frode. 2020. “Hvordan har partienes velgere endret seg over tid?” i Valg og politikk siden 1945: Velgere, institusjoner og kritiske hendelser i norsk politisk historie, redigert av Johannes Bergh, Atle H. Haugsgjerd og Rune Karlsen. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Dimock, Michael. 2019. Defining generations: Where Millennials end and Generation Z begins, Pew Research Center.

SSB, 2019. Valgdeltakelse. Oppdatert: 6. november 2019.

Norris, Pippa, and Ronald Inglehart. 2019. Cultural Backlash: Trump, Brexit, and Authoritarian Populism. Cambridge University Press.