UiB : Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Karakterpanel bachelor 2015
 
Informasjon om karakterundersøkelsen for bachelor i realfag


Bestillinger fra Universitets- og Høgskolerådet.
Matematisk institutt tilbyr følgjande studieprogram: Opptakskrav: Sjekk opptakskrava for dei ulike programma ved å klikke deg inn på linkane i lista over. NB: Merk at tidsramma for mastergradsprogramma er absolutt, og at det av den grunn er viktig at dei som startar har eit så godt grunnlag som mogeleg på plass.
Søknadsfristar: For opptak til vårt bachelorprogram er søknadsfristen 15. april, søk gjennom Samordna opptak.
For opptak til våre ulike masterprogram er det to søknadsfristar per år: 1. november for oppstart om vårsemesteret og 1. juni for oppstart om haustsemesteret. Søk gjennom Søknadsweb.
Merk: Søknadsweb'en opnar ikkje før omlag ein månad før søknadsfristen går ut. Du treng ikkje vere student ved UiB for å bruke søknadsweb'en til å søkje om opptak til våre mastergradsprogram (det einaste kriteriet er at du har eit norsk personnummer), men studentar som har tatt sin bachelorgrad (eller tilsvarande) ved ein annan utdanningsinstitusjon bør ta kontakt med instituttet i god tid for å få vurdert om utdanninga dekker opptakskrava våre.


Undervisningskompetanse i matematikk.
For å få undervisningskompetanse i eit fag for den vidaregåande skulen må du ha eit års fordjuping i dette faget (60 studiepoeng). I samband med at våre kurs er på 10 studiepoeng, tyder det at det trengs seks kurs for å nå dette målet. Matematisk institutt har følgjande føringar på samansetjinga av desse seks kursa.
Desse fire kursa skal vere med:
•    MAT111 – Grunnkurs i matematikk I (haustkurs)
•    MAT112 – Grunnkurs i matematikk II (vårkurs)
•    MAT121 – Lineær algebra (vårkurs)
•    STAT110 – Grunnkurs i statistikk (haustkurs)
Dei to siste kursa kan veljast fritt frå kurs med MAT- eller STAT-prefiks.
Det er også høve til å velje inn kurset MNF130 – Diskrete strukturar (vårkurs), og ein godkjenner også at ein i staden for MAT111 tek MAT101 - Brukarkurs i matematikk og i staden for STAT110 tek STAT101 - Elementær statistikk.

Studentar som går på Bachelorprogram i matematiske fag vil automatisk få dekka dette kravet gjennom spesialiseringa i bachelorgraden. Studentar på andre program må kontakte studierettleiaren for sitt program for å få lagt ein studieplan som sikrar at desse kursa kjem med i graden.

MERK: Dersom du tenkjer på å søkje deg til UiB berre for å skaffe deg undervisningskompetanse i matematikk for den vidaregåande skulen, så bør du søkje deg inn på Årsststudium, naturvitskaplege fag i staden for vårt bachelorprogram. I tilfelle nokon ønskjer å skaffe seg denne undervisningskompetansen i løpet av eit år, så har vi utarbeida eit forslag til studieplan for dette året. NB: Vår erfaring tilseier at ein student må ha eit god grunnlag frå 3MX (eller tilsvarande) for at dette skal vere ein god idé å prøve på.


Studierettleiing ved Matematisk institutt.
Du kjem i kontakt med studierettleiarane ved Matematisk institutt ved å bruke e-postadressa studieveileder@math.uib.no. Dersom dine spørsmål er av ein meir generell natur bør du sende dei til studieveileder@mnfa.uib.no. I tilfelle du ønskjer eit møte med ein  studierettleiar skal du bestille dette via Infosenteret for realfagsstudentane sin bestillingsprosedyre. Konsulentane der vil sørgje for at du kjem i kontakt med rette vedkommande.

 
For deg som kjem frå vidaregåande skole.
Informasjon om korleis du søkjer opptak til Universitetet i Bergen finn du her. Dagens krav for å bli tatt opp som student er generell studiekompetanse og: 2MX/2MY/3MZ og enten 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI eller kombinasjonen 2KJ+3BT eller kombinasjonen 2BI+3BT. Vi gjer merksam på at kursa som inngår i Matematisk institutt sitt bachelorprogram krev gode forkunnskapar frå 3MX.
Som ny student vil du i ditt første haustsemester ha tre fag. Examen philosophicum, eit av dei to matematikkemna MAT101/MAT111 og ein fagmodul som avheng av kva for eit studieprogram du er teken opp på. For Bachelorprogram i matematiske fag er det MAT111 som er det naturlege matematikkfaget å velje, og som tredjefag er det eitt av dei to kursa MNF140 - Matematikk og naturvitskap og INF100 - Grunnkurs i programmering I som er dei alternativa nye studentar har å velje mellom.
(MERK: Dersom du alt har tatt examen philosophicum, så er det veldig viktig at du kontaktar studierettleiarane ved fakultetet i god tid før semesterstart for informasjon om kva du bør velje inn i staden for.)

Sjå elles Studere ved UiB sin omtale av dei ulike studieprogramma for meir informasjon om dei ulike programma sine faglege krav. Normert skal du etter å ha studert i 3 år ha på plass krava for tildeling av ein bachelorgrad, og i tilfelle du ønskjer å gå vidare med ein mastergrad (normert til 2 år) må du då også ha fått på plass dei rette faglege føresetnadane for dette.
 
Studentar med tidlegare utdanning frå høgskole/universitet.
Alle med tidlegare utdanning frå høgskole- eller universitetsnivå må søke om innpassing på eige skjema. Innpassinga er ei fagleg vurdering av din tidlegare utdanning i forhold til emne ved UiB. Det er ingen særskild søknadsfrist.
Etter ferdigbehandling vil du få et brev der det står kva emne du (eventuelt) får fritak for og mot kva for emne det er overlapp (studiepoengsreduksjon).
I dei aller fleste tilfelle vil studiepoeng du har frå tidlegare utdanning bli godkjent. Dette vert kalla "tid for tid-prinsippet". Eventuelle reduksjonar av studiepoeng vil tre i kraft dersom du tek fag hjå oss som har fagleg overlapp med fag du alt har tatt.
NB!! Nokon utdanningar må vere fullført for å gi utteljing (til dømes NKI, BI, NHHK m.fl.).
Dersom du ikkje har søkt om innpassing på forhand, kan det vere at du får deg ei mindre hyggeleg overrasking når du søker om opptak til mastergrad eller ber om vitnemål. Det kan då vise seg at du ikkje oppfyller de formelle krav pga. overlapp mellom din tidlegare utdanning og dei emna du har tatt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Innpassinga kan vere med på å korte ned studietida di. Ved å søke om innpassing med ein gong vil du frå første stund vite kva du får fritak for. Du kan da legge opp ein fornuftig studieplan frå første stund.


Studentar frå andre fakultet.
For å kunne ta kurs ved Matematisk institutt må du ha ein studierett ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Som student ved eit anna fakultet ved Universitetet i Bergen, kan du søke om fakultetsovergang eller hospitantstatus. NB: Merk at du må kunne dokumentere at du har dekka opptakskravet som gjeld for opptak til studieprogramma ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet før du får tildelt ein hospitantstatus.
NB: Ønskjer du å ta emne ved Matematisk institutt parallelt med studiar på ditt eige fakultet, søker du berre om hospitantstatus, men ønskjer du å skifte til eit av våre program må du truleg søkje deg inn gjennom Samordna opptak. Send ein e-post til studieveileder@mnfa.uib.no i for spørsmål om hospitantstatus.


MAT101 eller MAT111.
Nye student ved eit realfagleg studieprogram har i sitt første semester eit matematikkemne. Ein del studieprogram er lagt opp med at studentane skal ta MAT111, medan andre har valfridom mellom MAT101: Brukarkurs i matematikk og MAT111: Grunnkurs i matematikk I
For dei som har valfridom er her litt informasjon om kursa: Begge emna utgjer 10 studiepoeng i ein grad , dvs at dei har lik arbeidsmengde. Dei overlappar med 5 studiepoeng, slik at dersom du tek begge emna så får du einast 15 studiepoeng.
MAT101 er ment å vere ei avsluttande eining og kan veljast for mange retningar i biologi, geologi og kjemi.
Dei fleste vidaregåande emne i matematikk bygger på MAT111, og alle som planlegg et studium i matematikk, informatikk, fysikk, meteorologi og oseanografi har derfor MAT111 i studieplanen. Elles vil du finne retningar innan alle realfag der tunge matematikkunnskapar er nødvendig.
Framstillinga av matematikken i MAT101 er på eit meir elementært nivå enn i MAT111. Stoffet i MAT101 blir i stor utstrekning gitt ved eksempel og bruk. I MAT111 vert det lagt større vekt på å bevise resultata.
Stoffvalet i dei to emna har mange fellestrekk, men utvalet er breiare (vidare) i MAT101 enn i MAT111. Til dømes vert det tatt med litt stoff om funksjonar av fleire variable i MAT101, men MAT111 går til gjengjeld djupare ned i stoffet som vert gjennomgått.
Begge emna repeterar stoff frå den vidaregåande skulen, men MAT111 har mindre repetisjon og held eit raskare tempo enn MAT101.

For vidare studiar i realfag er det MAT111 som held alle dører opne, slik at dei fleste med ein god 3MX bør velje MAT111.