Nr 2 - 2002

Les om:
Natur
Helse
Språk / Kultur
Samfunn
Kommentar/
politikk

Universitetet i Bergen sine hovedsatsings- områder er
marin forskning og utviklings-
forskning

Redaksjon

 

 

Sjenerte økonomar – kranglevorne lingvistar

Medisinarane er "nøkterne", økonomane er "sjenerte" medan lingvistane polemiserar og argumenterer. Finst det ein kulturell identitet i akademisk prosa?

Tekst: Hilde Kvalvåg   Foto: Odd Mehus

Vi vil bidra til at forsking om sakprosa får eit meir solid teoretisk og lingvistisk fundament, seier forskarane Kjersti Breivega og Kjersti Fløttum.

Franskprofessor Kjersti Fløttum leiar det NFR-finanserte prosjektet "Kulturell identitet i akademisk prosa: nasjonal eller disiplinavhengig" (KIAP) som skal gå frå 2002-2004. Prosjektet har deltakarar frå både NHH og HIT-senteret (humanistisk informasjonsteknologi) i tillegg til Romansk institutt.

"Så langt jeg kan forstå, er denne analysen neppe holdbar". Kunne dette dømet vore henta frå kva som helst vitskapleg artikkel?

– Neppe, seier Kjersti Fløttum, – ut frå dei foreløpige resultata våre ville det vera overraskande om dette dømet stamma frå ein medisinsk artikkel. For det første er forfattaren veldig klart til stades, i tillegg er det eksplisitt henvising til og kommentar av analysen til ein annan forskar, seier Fløttum som har henta dømet frå ein norsk lingvistisk artikkel.

Forskargruppa vil undersøkja om det fins noko som kan kallast kulturell identitet i akademisk prosa. For å finna svar på dette brukar dei analyser som set individa "bak" forskinga og deira meiningar og haldningar i fokus. Dei undersøkjer lingvistisk korleis og i kva grad forfattaren kjem til uttrykk i teksten, korleis og i kva grad andre forskarar får høve til å manifestera seg i tekstane og korleis artikkelforfattaren "sel" forskinga si.

På sikt vil denne forskinga avdekkje om det fins ein norsk (eller engelsk, eller fransk) akademisk identitet. Eller om identitet i større grad er knytt til disiplin.

Pilotstudie

– Vi ser etter språklege verkemiddel som kan knyttast til argumentasjon og som kan synleggjera kulturell likskap og ulikskap mellom ulike språk og fag. Vi ser på engelsk, fransk og norsk forskingsformidling innanfor dei tre disiplinane medisin, sosialøkonomi og lingvistikk.

– Etter å ha gjennomført ein pilotstudie meiner vi å ha grunnlag for å kunna seia at det er størst likskap mellom vitskaplege artiklar frå same fagområde eller disiplin (i motsetnad til artiklar på same språk), seier Kjersti Fløttum.

Forskargruppa skal no undersøkja 500 vitskaplege artiklar frå medisin, økonomi og lingvistikk, gjennom så vel kvantitative som kvalitative analysar. Artiklane blir samla i eit elektronisk korpus med hjelp av fagfolk ved HIT-senteret. Det språktekno-logiske perspektivet skal også førsteamanuensis Trine Dahl, NHH, arbeida særskilt med.

Ekskluderande medisinarar?

Pilotstudien pågjekk eit halvt år og tok for seg 18 tekstar frå medisin, økonomi og lingvistikk, seks frå kvart språk. Funna peikar mot tre hypotesar: Den eine er hypotesen om dei 'nøytrale´, lite uttrykksfulle medisinarane, og som ikkje gjev plass for stemmene til andre forskarar. Her er eitt døme frå eit fransk medisinsk tidsskrift:

"Des études révèlent que la prévalence de l'asthme se situe entre 3¹ et 7² dans la population adulte et dépasse 10 % chez les enfants³."
(Studier avdekker at prevalensen av astma ligg mellom og prosent hos vaksne og overstig 10 prosent hos barn³.)

– Dette illustrerer det vi har funne både i engelske, norske og franske medisinske tidsskrift. Nemleg at studiane ein nemner blir vist til kun gjennom fotnotetall, at dei ikkje blir dregne med i ein 'diskusjon', seier Kjersti Fløttum.

Vidare gjev pilotstudien grunnlag for hypotesen om dei be-skjedne økonomane. Dei unngår å framheva seg sjølve gjen-n-om eigne oppfatninger knytta til bruk av førstepersonspronomen:

"Jeg vil starte med å se på pris- og produksjonsutviklingen på et frikonkurransemarked."

– Bruken av førstepersonspronomen er her knytt til ein metakommentar (om korleis forskaren disponerer innholdet i teksten), ikkje til eiga mening om eit eller anna høve.

Den tredje hypotesen som har vakse fram etter pilotstudien er den om dei argumenterande lingvistane. Dette på grunnlag av at dei gjerne trekker stemma til andre forskarar inn i teksten. Av og til er dette for å tilbakevisa deira resultat eller synspunkt;

"In this paper I argue that we should abandon a speech act theory approach […]."

D for diskusjon

Kor kan ein så leita etter årsakene til faglege skilnader i uttrykksmåte? Korleis blir det slik at du er kva du skriv?

– Medisinarar skriv standardisert. Artiklane er bygd opp etter IMRAD-strukturen (Introduction, Method, Results and Discussion). I slike artiklar skal ein til dømes ikkje diskutera før ein kjem til D, seier Kjersti Fløttum.

Å referera til andre kun med fotnotetal er særeige for medisinarane. Dei slepp nesten aldri til andre forskarar i eigen tekst. I dei medisinske artiklane er det heller ikkje mykje bruk av førstepersonspronomen.

Fløttum tolkar dette som eit ønske om at teksten skal framstå som "rein" og "nøytral", og i tråd med ei tradisjonell oppfatning om korleis vitskapsformidling skal vera, nemleg nøktern, ikkje-subjektiv.

Spissformulerte humanistar

Den tidlegare forskinga til Kjersti Breivega gjev vidare ein peikepinn på at kulturfaga i større grad enn medisin er spissformulerte og polemiske. Dei framtrer med mykje argumentasjon, og ein fører ein dialog ved sitering.

– Den kulturfaglege artikkelen er ikkje standardisert på same måte som dei medisinske, men likevel eksisterer det også tekst-normer her. Den kulturfaglege artikkelen er prega av jamn argu-mentasjon, men større fridom til å velja stil. I visse disiplinar, som til dømes historie blir den personlege stilen framelska, og er i mange høve eit kriterium for god historieframstilling, seier Kjersti Breivega. Ho har vore med på pilotprosjektet og skal no jobba full tid som post.doc i KIAP-prosjektet.

– Resultata frå pilotprosjektet peikar i retning av at dei øko-nomiske artiklane plasserer seg mellom desse to "ekstremane". I den grad økonomane brukte personleg pronomen var det reint teknisk; Vi skal her presentere. Vårt første inntrykk var at på den eine sida nærmar dei seg naturvitskaplege artiklar i struktur, men samstundes inneheld dei argumentasjon.

Den foreløpige konklusjonen etter pilotundersøkinga er at likskapen mellom artiklane til ein fransk medisinar og til ein norsk medisinar er større enn mellom artiklane til ein norsk medisinar og ein norsk lingvist, seier Fløttum.

I forskingsprosjektet blir kulturell identitet definert i for-hold til bruk av språklege verkemiddel, og kun det. Poenget er at prosjektet skal vera lingvistisk. Tidlegare forsking på området har i stor grad vore gjennomført innafor pedagogiske, tematiske eller litteraturvitskaplege perspektiv, påpeikar Kjersti Fløttum.

Artiklane som blir analyserte blir henta frå anerkjende tidsskrift som British Medical Journal, Journal of International Economics, Tidsskrift for den Norske Lægeforening og Langue Française.

Nærmar seg journalistikken

Amerikanske forskarar meiner at vitskaplege tekstar nærmar seg journalistikken. Kjenner de att dette i det stoffet de har jobba med?

– Vi har ikkje nok resultat til at vi kan seia så mykje konkret om det, men eitt døme på dette er kanskje at medisinske artiklar no ofte blir skrivne med ingress. Det som også er nytt er at det er ein større tendens til allereie innleingsvis å nemna dei viktigaste resultata, seier Breivega.

– Vi ser at forskarane "sel" si eiga forsking gjennom å fram-heva eigne data, metodar og resultat som gode, originale, for-målstenlege og så vidare, seier Fløttum. Forskargruppa vil i analysen identifisera kva ord som er mest vanlege for å "selja" forskinga si.

Trass i kommersialiseringspresset på akademia har KIAP-forskarane likevel så langt ikkje funne at tonen i fagartiklar er meir aggressiv enn før. Engelske og franske forskarar i tidlegare tider kunne vera ganske så krasse i tonen.

– I den spede starten til naturvitskapane var artiklane ekspressive og hadde eit anekdotisk preg. I byrjinga hadde artiklane form av brev, og at brevsjangeren er eit viktig førelegg for den vitskaplege artikkelen kan ein sjå til dømes i tidsskriftet Nature, der artiklane framleis heiter letters.

– I dag er dei naturvitskaplege artiklane svært stringente og det er ikkje mykje som minner om personleg form. Slik sett har det skjedd ei utvikling i løpet av dei 3-400 åra denne sjangeren har eksistert, seier Kjersti Breivega. I doktorgradsarbeidet sitt har ho mellom anna fokusert på den medisinske artikkelen.

– Kva rolle spelar globalisering for sameining av fagidentitet over landegrensene?

– Det er vanskeleg å svara på. Medisin har til dømes vore standardisert lenge. Truleg kan dette knyttast til globaliserings-tendensar på slutten av det førre hundreåret. I dag finn vi i alle høve same ordforråd, same lengde og same oppbygnad i den medisinske artikkelen.

Frå inn- og utland er det kome fleire førespurnader om å knyta seg til prosjektet. Og prosjektgruppa vil i 2003 arrangera eit seminar med tittelen;" En forskers hensikt med å skrive en vitenskapelig artikkel – å informere, å overbevise, å selge ?"

 

 

Meir om KIAP-prosjektet på www.hit.uib.no/kiap

E-post:
kjersti.flottum
@roman.uib.no

 

Copyright © 2001-2002 Universitetet i Bergen  Ansvarlig redaktør: Morten Steffensen Kontaktredakjsonen