Hans Skjervheim vart 70 år i oktober 1996. Skjervheim tok magistergraden i filosofi i 1957, og vart sidan knytt til Universitetet i Oslo som stipendiat til han fekk ei lektorstilling ved Universitetet i Bergen i 1971. Seinare var han gjesteprofessor i Tromsø i eitt år og ved Universitetssentret i Roskilde like lenge (1974-75), før han fekk eit personleg professorat i Bergen i 1982. Han reiste mykje mellom München, Bonn, Paris, Oslo og Bergen, men var under store delar av karrieren bufast i Myrkdalen nord for Voss, der han var født og oppvaksen. I 1991 vart han ramma av hjerneslag, og har no tilhald på Voss Sjukeheim.

Skjervheim har ein rik forfattarskap bak seg, soerleg i form av kronikkar, essays og andre kortare tekstar. Det fyrste han fekk trykt var "Tyske inntrykk" i Bergens Arbeiderblad etter eit opphald i Tyskland våren 1948, men det var med essayet "Deltakar og tilskodar" (1957) han debuterte som filosof. Magisteravhandlinga Objectivism and the study of man vart utgjeven i 1959 (på norsk i 1974 med nytt etterord), deretter kom Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjon (1964), Det liberale dilemma og andre essays (1968), Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi (1973), Deltakar og tilskodar og andre essays (1976), og ei samling redigert av Nils Gilje og Harald Grimen: Filosofi og dømmekraft (1991). I samband med Skjervheim sin 70-årsdag i oktober 1996 vart ei samling med politiske tekstar gjeven ut: Teknikk, politikk og utopi, dessutan vert føredraga frå Skjervheim-seminaret, der sentrale norske filosofar var samla for å feire jubileet, gjevne ut i bokform dette året.


[Tilbake]