[Forrige] [Neste] [Innhold]

UiB-Magasinet 2/95

Knut Hamsun og Nazismen

Var Hamsun nazist? Strafferettsleg og politisk ideologisk er det mogleg å klargjere eit stykke på veg. Rettar spørsmålet seg mot Hamsuns diktekunst, melder det seg ei rad med vanskar.






Av ATLE KITTANG
professor i litteraturvitenskap, Universitetet i Bergen

Det er lett å forstå kvifor Knut Hamsun vart eit av dei mest brysame problema for det norske rettsvesenet i 1945. Saman med Ibsen var han Norges fremste tilskot til verdslitteraturen; korleis kunne nasjonens kulturelle ære bergast frå den skamma som ein dom for landssvik ville innebere? Utvegen vart ein judisiell observasjon som konkluderte med at oldingen under okkupasjonen leid av "varig svekka sjelsevner", og dermed ikkje burde gjerast rettsleg ansvarleg for handlingane sine etter straffelovens [[section]] 86. Derimot vart det med heimel i Landssvikanordninga av 15. desember 1944 reist erstatningssak mot Hamsun for medlemskapet hans i Nasjonal Samling. Saka enda med fellande dom etter anke til Høgsterett.

Sidan den tid har spørsmålet om Knut Hamsuns nazisme traumatisert det norske kultur- og samfunnslivet. Hamsun kom til å rokke ved ein særeigen norsk myte om Den Store Diktaren, som hadde utvikla seg på historisk grunn parallelt med bygginga av den moderne norske nasjonen. Wergeland og Bjørnson var med og skapte biletet av Diktaren som herold for norsk sjølvstende og norsk nasjonal eigenart; og ved Bjørnsons død gjekk Knut Hamsun meir eller mindre heilhjarta inn i nett denne rolla. At han så ettertrykkeleg svikta når det mest galdt, var kanskje med på å gi myten ein brest alle såkalla gode nordmenn måtte oppleve som eit åtak på sjølve samfunnets kulturelle identitet. I denne bresten kom det til syne eit langt meir urovekkande bilete av kunstnaren i konflikt med samfunnet, som det har vore vanskeleg å forholde seg til.

Det betyr sjølvsagt ikkje at diktarens knefall for nazismen er uvesentleg, 50 år etter frigjeringa. Utfordringa er å semjast om korleis problemet bør stillast. Var Hamsun nazist? Formulert så enkelt, har spørsmalet både ei strafferettsleg og ei politisk-ideologisk side som det er mogleg å klargjere eit stykke pa veg. Men rettar ein spørsmålet mot Hamsuns diktekunst, melder det seg ei rad med vanskar.


Det strafferettslege spørsmålet

Hamsun var korkje angivar, profitør eller frontkjempar. Han bidrog ikkje aktivt til den nazistiske undertrykkingspolitikken under okkupasjonen. Men fra aprildagane i 1940 og fram til mai 1945 (Hitler-nekrologen) offentleggjorde han omlag 15 opprop og artiklar i norske og tyske aviser og tidsskrift. Dessutan let han seg intervjue av den tyskkontrollerte norske radioen ved eitt høve, og let framføre ei helsing til den internasjonale pressekongressen i Wien i juni 1943, der han sjølv var til stades. Det er ikkje tvil om at innhaldet i dei fleste av artiklane støtta okkupasjonsmakta og Quislings parti. Sjølv om det eksisterte formildande omstende, er det rimeleg å tru at ei rettssak om landssvik på eit slikt grunnlag ville ha ført til fellande dom. Professor Johs. Andenæs skreiv i ein artikkel i Lov og rett i 1979: "Hadde han vært 20 eller 30 år yngre, ville saken ha vært klar: Forræderitiltale og årelang frihetsstraff. Noe annet ville ha vært umulig hvis det skulle være likhet for loven. Problemet lå i alderen."

Difor vart Hamsun dømd for sitt medlemskap i Nasjonal Samling, og ikkje for landssvik. Fleire juristar har stilt seg kritiske til det prinsippet om solidarisk erstatningsansvar for NS-medlemmer som er innhaldet i [[section]] 25 i Landssvikanordninga. I tillegg kjem at det var ein viss tvil knytt til dommen mot Hamsun. Diktaren hevda heile tida at han aldri sjølv hadde meldt seg inn i partiet eller betalt kontingent. Dommen i Grimstad herredsrett vart avsagt under dissens fra fagdommaren, men vart samrøystes stadfesta av Høgsterett 1 1/2 år seinare.

Den rettskraftige dommen gir svar på spørsmålet om Hamsun var nazist eller ei - i tydinga "medlem av NS". Men bade spørsmålet og svaret er reint formelt, og dreier seg om kva slags tekniske vilkår som må vere til stades for at ein person skal reknast som medlem av ein politisk organisasjon. Det brennbare strafferettslege spørsmålet, nemleg om Hamsun ved sine handlingar under okkupasjonen måtte reknast som nazist, har vi ikkje noko svar på. Det sytte den norske rettsmakta sjølv for, ved å dra tilbake tiltalen om landssvik.


Hamsun som ideolog

For ettertida er det likevel eit anna spørsmål som tel tyngre: Var Hamsuns protyske engasjement basert på ideologiske haldningar som vi i dag vil kalle "nazistiske"?

Forholdet mellom ideologi og politikk er komplisert. Ideologiar ønskjer alltid å framstå med vakre ansikt - ansikt som kan overtyde ved å forkynne kvar grensene går mellom godt og vondt, venn og fiende. Kanskje lar nazismen dei politiske realitetane skine klarare gjennom enn mange andre ideologiar. Brutaliteten, stigmatiseringa av visse rasar og folkegrupper, dyrkinga av krigen, kravet om hemn og nasjonal atterreising, var heilt fra Mein Kampf stygge trekk i nazismens ideologiske ansikt. Men like viktige var andre og meir positive trekk: fellesskapskjensla, sansen for naturen og dei naturgitte forholda i økonomi og moral, kritikken av kapitalismens framandgjerande sider, motstanden mot politisk og kulturelt forfall.

Hamsuns første opne støtte til Hitlers politikk stammar fra 1934. Både her og i det famøse åtaket på Carl von Ossietzky eitt år seinare, er han først og fremst opptatt av å forsvare Tyskland mot sigerherrane frå første verdskrigen. Han fører vidare eit standpunkt som han tok omkring 1910 og heldt fast ved resten av livet. I Hamsuns politiske mytologi er Tyskland den unge nasjonen med ungdomens legitime krav på utfalding og utvikling; England representerer den avfeldige alderdomen som med alle midlar freistar å halde ungdomen nede. Dette er ikkje berre forstokka idiosynkrasiar. Liknande tankar vart pa den tida delte av andre, utan at alle av den grunn vart nazistar.

Men i tillegg utvikla Knut Hamsun eit stadig meir kritisk syn på samfunnsutviklinga, som førte han over i posisjonar det er lett å identifisere som reaksjonære. Stikkord er: antikapitalisme, anti-industrialisme, anti-demokratisme, lengt tilbake til feudale relasjonar i politikk og moral, idealisering av naturen, bondeøkonomien og dei "naturlege" banda mellom menneska og omverda. Slike haldningar finn vi att som trekk i nazi-ideologiens positive ansikt. Det er rimeleg å tenkje seg at ei oppleving av "verdifellesskap" var med og forsterka Hamsuns sympatiar med det politiske eksperimentet som Hitler sette i gang i 1933.

Derimot er det vanskeleg å finne spor av det vi oppfattar som dei negative kjernane i nazi-ideologien: rasismen, antisemittismen og den meir allmenne brutaliteten i menneskesynet. Den amerikanske Hamsun-forskaren Allen Simpson gjekk i ein artikkel fra 1977 nøye gjennom både Hamsuns litterære verk og sentrale artiklar fra okkupasjonsåra. Han konkluderer med at Hamsun var anti-semitt. Men det er vanskeleg å vere usamd med Sten Sparre Nilson når han i eit tilsvar peikar på at Simpson les Hamsun utan nemneverdig sans for kontekstane: Dei slengmerknadene om jødar som Simpson finn i Hamsuns skrifter, er talemåtar som var vanlege i første delen av dette hundreåret, og Simpson overser "at både franskmenn, engelskmenn og japanere far sine pass påskrevet, og tyskerne blir utsatt for minst like hard medfart som jødene."

Hamsuns artiklar og opprop fra krigsåra er med eitt unntak frie for anti-jødiske innslag. Det eine unntaket er ein stor artikkel publisert pa tysk i februar 1942, der president Roosevelt blir omtala som "jøde i jødisk teneste". Det norske originalmanuskriptet til artikkelen er gått tapt; difor er det ikkje mogleg å fastslå om dei anti-semittiske formuleringane verkeleg stammar fra Hamsun sjølv, eller om dei er blitt kynisk tilføya under omsetjinga. Men sikkert er det at slike formuleringar ikkje er representative for det vi veit om Hamsuns forhold til jødar og jødespørsmålet.

At Hamsuns reaksjonære haldningar gjorde han blind for dei politiske realitetane i samtida, kan det ikkje vere tvil om. Dei bidrar også til å forklare den støtta han gav til Hitler og Quisling. Men vi har ikkje dermed grunnlag for å hevde at Hamsun var nazist i ideologisk forstand.


Dikting og fascisme hos Hamsun

Kva så med Hamsuns dikting? Er ikkje den på viktige punkt uttrykk for liknande reaksjonære haldningar?

Innanfor Hamsun-forskninga finst det ein sterk og viktig ideologikritisk tradisjon. Den starta med Leo Lowenthals store studie fra 1937, "Knut Hamsun. Zur Vorgeschichte der autoritaren Ideologie", og vart gjenoppliva i 1970-åra. Hovudtesen er at forfattarskapen fra Sult til Ringen sluttet er organisert omkring ein "seinliberalistisk" ideologi, som er eit uttrykk for småborgarskapets konfliktfulle oppleving av røyndomen sin og i sin kjerne lar seg beskrive som ein "underkastingsideologi". Sentralt står myten om Naturen som småborgarskapets draum om ein fristad langt borte frå konfliktane i den sosiale røyndomen.

Denne tolkinga har gitt oss eit viktig bidrag til ei meir samanhengande forståing av sider ved forfattarskapen. Den har sannsynleggjort at det faktisk finst eit ideologisk mønster som går gjennom heile verket, og som på vesentlege punkt svarer til dei "meiningane" Hamsun som artikkelforfattar og polemikar forkynner, særleg i tida etter 1910. Men er forholdet mellom ideologi og diktekunst så enkelt hos Hamsun?

La oss sjå litt pa to romanar fra mellomkrigstida, Konerne ved vandposten (1920) og Landstrykere (1927) - bøker mange har tolka som samfunnskritiske verk med klart reaksjonært siktemål. Slike element finst, men i forbløffande liten grad som enkel og grei forkynning. Som regel er den reaksjonære bodskapen lagt i munnen på bipersonar, og karakteristisk for dei fleste av dei er at dei på ein eller annan måte blir offer for romanens ironi. I Konerne ved vandposten er postmeisteren ein slik biperson; han målber fleire av polemikaren og moralisten Hamsuns kjepphestar. Men postmeisteren er ein isolert og livsfjern fantast. Fra å vere romanens moralske samvit og eit talerør for samfunnskritikken, går han over til å bli eit ironisk symbol på ein djupareliggande dissonans i verket: konflikten mellom illusjon og røyndom, lære og liv. Hovudperson i romanen er den kastrerte matrosen Oliver Andersen. Dette monstrum av eit menneske blir oftast tolka som eit grotesk symbol på all abnormitet og degenerasjon i den "nye tid" Hamsun vender seg så kritisk mot. Symbolikken har nok sikkert vore i Hamsuns tanke. Men Oliver Andersen høyrer heime i ein annan samanheng også, nemleg blant dei mange outsiderfigurane i Hamsuns forfattarskap. Og den intrikate sympatien som pregar Hamsuns forhold til outsiderane sine (Sult-helten, Nagel, Glahn, osv), kjem også til syne i måten han utformar kastratfiguren på. Oliver er ikkje berre "niding", men også "lykkemann"; og primært er han eit symbol på den paradoksale rolla fantasien spelar i menneskelivet. Nettopp fordi han er kastrert - tom, uthola - må han byggje seg sitt eige fantasitilvære, og det er det som opprettheld livskrafta i han. Det måtte ein annan stor diktar til for å sjå det som ingen andre var i stand til å sjå da romanen kom ut: Alt i 1922 understrekar nemleg Thomas Mann at Konerne ved vandposten djupast sett handlar om kunst, "om kunsten som kraft til livsopphald, om livet som kunst, kunst som naudhjelp."

Landstrykere er bygt over liknande spenningar. Den ideologiske forkynninga i romanen rakar rotløysa og vagabonderiet som dei to landstrykarane Edevart og August representerer. Som motbilete stiller boka opp den bufaste bondens stabile og trygge liv. Men romanens dynamikk er knytt til det rotlause livet som den ideologiske forkynninga gjer åtak mot. Det som fascinerer både forteljaren og lesaren, er Augusts fabuleringar, landstrykarlivets eventyrlege fridom, og Edevarts erfaringar av korleis spenninga mellom illusjon og desillusjon dannar eit grunnvilkår i menneskets eksistens.

Slike eksempel seier noko viktig om forholdet mellom ideologi og dikting hos Hamsun. I bøkene hans er ideologiske normer og mønster til stades som ein nødvendig dimensjon - nødvendig for at tekstens ironi skal kunne operere. Dei ideologiske og moralske standpunkta som blir kommuniserte, blir på same tid underminerte. Hamsuns ironisk-rørlege skrift utfører dermed ein kritikk av sine eigne ideologiar. Dei situasjonane og figurane som ein umiddelbart tolkar "negativt" (f.eks. Oliver og August), viser seg ved nærare lesing å bere i seg "positive" element, først og fremst fordi dei tematiserer den grunnleggande fascinasjonen i Hamsuns univers - fantasien som kompensasjon og livskraft. I dette perspektivet må vi også forstå forholdet mellom ideologi og dikting.

Det finst inga enkel forklaring på Knut Hamsuns pronazistiske engasjement. Truleg må vi rekne med ei samanfiltring av personlege idiosynkrasiar, reine tilfelle, psykologiske særheter og alderdomens mangel på åndeleg fleksibilitet. Det som gjer diktinga hans genial, er på den andre sida korkje idyllane eller den fundamentale pessimismen som opptrer side om side i bøkene hans, men den distanserande rørsla som høyrer ironien, refleksjonen og underfundigheten til. Den er i seg sjølv ei motkraft mot all ureflektert tilslutnad - også til totalitære ideologiar.



© Atle Kittang, Universitetet i Bergen

[Forrige] [Neste] [Innhold]