VNN-FU-
startside


hib
hiaa
hsf
hsh
himolde
hivolda
uib
uis

Ei kartleggjing av interessa for å ta heile eller deler av ei forskarutdanning vart gjort februar-mars 2002, gjennom eit spørjeskjema som vart sendt til alle dei tilsette ved høgskulane som pr. i dag ikkje har doktorgrad. Resultatet kan ein lese i denne tabellen.

VESTNORSK NETTVERK -

FORSKARUTDANNINGA

HiA, HiB, HiS, HSF, HSM, HSH, HVO, HIÅ, UiB

Bergen, 11. februar 2002

Til fagleg tilsette utan doktorgrad ved høgskulane i Vestnorsk Nettverk

TILBOD OM FORSKARUTDANNING/DOKTORGRADSUTDANNING

Høgskulane på Vestlandet, dvs frå Agder i sør til Molde i nord, utgjer saman med Universitetet i Bergen det såkalla "Vestnorsk Nettverk". Dette nettverket skal mellom anna fremje utdannings- og forskingspolitisk samarbeid mellom institusjonane, og herunder bidra til utvikling av fellestiltak, til dømes innan forskarutdanning. Nettverket har difor sett ned eit eige styre som har fått ansvar for å etablere eit opplegg for og gjennomføre utdanningstilbod på doktorgradsnivå.

Styret er no inne i ein planleggingsfase, og vil av den grunn og på denne måte ta kontakt med alle fagleg tilsette ved høgskulane som pr. i dag ikkje ein doktorgrad. Tanken er å undersøke kor mange som vil vere interesserte i eit utdanningstilbod som i første rekkje tek for seg skoleringsdelen av den etablerte forskarutdanninga ved universiteta.

Det faglege innhaldet i dette tilbodet vil i utgangspunktet tilpassast ei målgruppe som tek sikte på ein doktorgrad, og det er ein føresetnad at opplegga held ein nasjonal standard, slik at dei kan verte godkjende som del av forskarutdanniga også ved andre lærestader enn Universitetet i Bergen. Men tilbodet vil óg vere av interesse for andre, både dei som vil heve sin kompetanse for eigen del, og dei som på sikt ønskjer å komme opp på førstestillingsnivå.

Vedlagt vil du finne eit enkelt spørjeskjema som vil hjelpe oss i å kartleggje interessa for eit slikt utdanningstilbod. Dersom du ønskjer å vere med på heile eller delar av dette, ber vi deg fylle ut og krysse av på skjemaet, og returnere det til kontaktpersonen ved din høgskule innan den fristen som er gjeve i følgjeskrivet. Har du spørsmål til skjemaet, kan du vende deg til rådgjevar Lars Helge Nilsen ved Universitetet i Bergen, på e-post lars.nilsen@fa.uib.no . Vi gjer merksam på at skjemaet ikkje er bindande, ei eiga utlysing/påmelding vil kome seinare.

Venleg helsing

Gunnar Skirbekk

Styreleiar

(sign.)

Lars Helge Nilsen

Rådgjevar

(sign.)

Vedlegg: Spørjeskjema