VNN-FU-
startside


hib
hiaa
hsf
hsh
himolde
hivolda
uib
uis

Rapport
Til Vestnorsk Nettverk
Frå Styret i Vestnorsk nettverk - Forskarutdanninga
Dato: 12.07. 2002

Bakgrunn


I møte 29. mai 2001 drøfta Vestnorsk Nettverk tanken om å opprette eit nærmare samarbeid om forskaropplæring. Det var to hovudgrunnar til at saka vart teken opp på dette møtet:

For det første er det ei naturleg utvikling av det nettverkssamarbeidet som vart innleidd mellom dei nye høgskulane på Vestlandet og Universitetet i Bergen på 90-talet, m.a. gjennom informasjons- og kontaktorganet Vestnorsk Nettverk og gjennom fjernundervisningsorganet ODEL . I og med at Vestnorsk Nettverk no er revitalisert og inkluderer verksemda i det tidlegare ODEL , vil samarbeid om forskarutdanning vere ein sentral aktivitet i det vidare arbeidet her. Eit viktig moment i avviklinga av ODEL var nettopp ei forventning om at Vestnorsk Nettverk skulle utvikla seg i retning av eit meir aktivitetsorientert nettverk for Vestlandsregionen.

For det andre vil to store nasjonale utfordringar krevje at institusjonane tek grep om eiga kompetanseutvikling: Intensjonane om å løfte norsk forsking opp på OECD-nivå og framveksten av den såkalla "kunnskapsallmenningen" på den eine sida, og den store Kvalitetssreforma som skal vere på plass frå hausten 2003 og som inneber ein betydeleg auke i den vitskaplege kapasiteten på den andre. Det er ei uttalt målsetjing at denne reforma skal styrke institusjonane på undervisningssida så vel som på forskningssida.

I denne samanhengen vert det særs viktig å fokusere på personar, faglege miljø, talent og kompetansebehov like mykje som dei økonomiske ressursane. Initiativet med ei eiga organisering av forskarutdanningsamarbeid mellom åtte høgskular og eitt universitet er ei konstruktiv løysing som kan gje nasjonal merksemd - her har ein høve til å nytte stordriftfordelar både med omsyn til organisering, faglege tilbod, pedagogiske løysingar og praktisk gjennomføring. Universitetet i Bergen vil på si side prioritere eit slikt samarbeid, men høgskulane har ein jobb å gjere med å kartleggje kompetansebehov både no og på sikt, og samstundes vere klare i sine eigne faglege prioriteringar. Å tenkje forskarutdanning når ein tenkjer forsking, er slik sett eit viktig signal til omverda.

Konkretisering av eit forskarutdanningssamarbeid


Til møtet i Sogndal vart det lagt fram eit notat som synte korleis ein tenkjer seg at tilbodet om forskarutdanning kan femne ulike målgrupper i høgskule-systemet - dei som vil arbeide mot ein doktorgrad og dei som vil oppgradere og styrke eigen kompetanse, og likeeins stipendiatar tilsette på program t.d. Eit hovudpoeng med framlegget er at ein bør søkje å utvikle fleksible pedagogiske opplegg og utnytte IKT-baserte læringsformer i høg grad.

I Sogndal vart det vidare gjort slik vedtak i saka:

"Det etableres et "akademistyre" med en representant fra hver institusjon og med styreleder fra Universitetet i Bergen. Styrets oppgave er bl.a. å institusjonalisere akademiet i sine institusjoner, godkjenne rammer for faglig opplegg og gjennomføring, samt budsjett med fordeling på institusjonene. Styret skal også holde oversikt over behov for undervisningstilbud, samt behov og kapasitet for veiledning ved de ulike institusjonene.

Universitetet i Bergen har ansvaret for å få etablert og sett akademistyret i arbeid."

Institusjonane vart i oktober 2001 bedne om å oppnemne representantar til eit slikt styre, og eit konstituerande møte vart halde i Bergen 7. januar i år. Professor Gunnar Skirbekk frå Universitetet i Bergen/Senter for vitskapsteori vart beden om å vere leiar i styret, der også prorektor Rune Nilsen har plass som observatør. Medlemane i styret finn ein elles i vedlegg 1.

Styret sitt arbeid våren 2002


For styret har utfordringa vore å konkretisere samarbeidet om forskarutdanning på best mogleg måte - i første omgang ved å føreta ei brei kartleggjing av kompetansebehovet, gjere ein kostnadsanalyse og verte samde om ei høveleg ansvar- og arbeidsfordeling - og det er dette arbeidet ein no er godt i gang med. Styret har elles vedteke å endre namnet på gruppa frå "Virtuelt forskarakademi" til "Vestnorsk nettverk - Forskarutdanninga", for å synleggjere i kva samanheng dette styret no er oppnemnt.

Den første utfordringa var å få ei reell kartleggjing av både kor mange tilsette ved høgskulane som er genuint interesserte i å ta ein doktorgrad eller delar av denne, og kva for rettleiings-kompetanse som finst ved dei same høgskulane. Dette vart gjort ved eit enkelt tabellverk som vart sendt dei einskilde høgskulane for utfylling, sjå vedlegg 5. Tabellverket vart så utdjupa gjennom brev til kvar enkelt av dei fagleg tilsette utan doktorgrad ved høgskulane, med eit enkelt spørjeskjema for å kartleggje ei uforpliktande interesse for å ta del i dei forskarutdanningskursa som nettverket no planlegg. Kartleggjinga syner at interessa er svært stor, sjå vedlegg 6.

Styret sitt arbeid framover


Den andre utfordringa for styret vert no å få i gang undervisning og rettleiing i det ein vil kalla modul 1, vitskapsteori, samstundes med at ein legg til rette for at arbeidet med modul 2, som gjeld metode, etikk, publisering m.m. Det er tenkt at organisering og gjennomføring av modul 1 vil gå i regi av Senter for vitskapsteori (SVT), medan modul 2 må vere eit samarbeid mellom SVT, fakulteta og dei samarbeidande høgskulane. Ein syner her til vedlegg 2 og 3 frå styreleiar, som gjer greie for pedagogiske opplegg og ressursbehov for dei to modulane, og til vedlegg 4, som gjer greie for korleis ein tenkjer seg den vidare framdrifta av dette prosjektet.
Styret meiner det er viktig å ha som mål å styrke både forskingsarbeidet og forskarrettleiinga ved høgskulane. Det vil seie at flest mogeleg av kandidatane, og dei lokale miljøa, vert knytte til etablerte og gode forskingsmiljø og forskingsnettverk. Institusjonane og serleg UiB vil då kunne opne opp og gjere det mogeleg for VNN-kandidatane å verte del av sterke og opne forskingsgrupper. Dette vil verte følgt opp hausten 2002, slik at ei oversikt over mogelege forskingsgrupper og nettverk kan vere ein reiskap for arbeidet. For fagleg rettleiing vil hovudrettleiar kunne vere frå alle institusjonane, men det er sers ønskjeleg å sikre i alle fall co-rettleiarskap ved kandidatanes eigen institusjon.
Styret tek sikte på ei utlysing ved høgskulane ultimo september med tilbod om opptak. Det er fleirtal i styret for ein modell som byggjer på kvoteopptak, men der høgskulane har eit særskilt ansvar med omsyn til kvalitetsvurdering av søkjarane. Endeleg opptak vert gjort av styret i november. Styret må òg snarast råd sikre at ein fagleg ansvarleg vert tilsett i god tid før vårsemesteret 2003 tek til, og vil tilrå at Universitetet i Bergen tek det praktiske ansvaret her.

Når det gjeld ressursvurdering, så har styret drøfta dette i fleire møte, og det er ein positiv vilje til å svare for kostnadene, t.d. ved ein fordelingsnøkkel i form av ei grunnløyving ut frå økonomien ved den einskilde institusjon og ei tilleggsløyving avpassa den relative bruken av opplegga.

Avsluttande merknader


Ved Universitetet i Bergen har saka vore drøfta av Kollegiets forskingsutval i eit møte 16. april, der òg prodekanane for forsking var med, og tilbakemeldinga her var svært positiv. Også ved høgskulane har dei ulike nivåa vore orienterte om det arbeidet styret har gjort.

Styret vil òg vise til evalueringa av norsk forskarutdanning, som vart lagt fram av Noregs forskingsråd i mars i år. Her vert det peika på at det er eit problem at det vert utdanna så få doktorgradskandidatar i Noreg. Etter styret si meining vil forskarutdanningssamarbeid mellom universitetet og høgskulane som no er skissert positivt bidra til å bøte på dette. Samstundes vil ein òg kunne dra nytte av den faglege rettleiingskapasiteten som finst ved høgskulane, og samstundes kunne knytte dette til aktive og større forskingsmiljø eller nettverk ved UiB i særleg grad og der det er mogeleg ved og mellom høgskulane. Det er også viktig at denne verksemda vert rapportert på og kreditert alle institusjonane i nettverket.

Enno viktigare i denne samanheng er St.meld. nr. 35 (2001-2002) Om rekruttering til undervisnings- og forskerstillinger i universitets- og høyskolesektoren , som vart godkjend i statsråd 31. mai i år, og som legg ein langsiktig plan for å styrke rekrutteringa til norsk forsking. Mellom anna forventar departementet at institusjonane vert meir dristige i bruken av eit breitt sett av verkemiddel for å halde på dei dyktigaste medarbeidarane. Meldinga talfestar også at høgskulane for perioden fram til 2015 har ein aldersavgang på 36,6% av dei faste vitskaplege/faglege stillingane, og at det difor er eit behov for vel 200 personar med doktorgrad ved høgskulane i Noreg som eit resultat av erstatninga ved aldersavgang og mobilitet. Samstundes legg departementet også vekt på at høgskulane utviklar fagkompetanse på doktorgrads- og professornivå i dei fagområda der praksisfeltet spelar ei vesentleg rolle.

Etter styret si meining stør meldinga godt opp om den konkretiseringa av forskarutdanning for høgskulane som ein her legg fram, og det er no viktig at institusjonane i Vestnorsk Nettverk følgjer opp dei intensjonane som kjem til uttrykk i Sogndal-vedtaket, og at ein stiller seg bak det opplegget for vidare framdrift som styret for VNN-FU her gjer framlegg om.