UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 1. studieår : JUS111

UNIVERSITETET I BERGEN
SKOLEEKSAMEN
1. STUDIEÅR - JUS111 - HØSTEN 2003

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk

Nynorsk

Del I

Lillevik kommune sin økonomi var dårleg. I eit forsøk på å spare pengar vart det difor bestemt at kommunen skulle gå over til å late private ta seg av drift og vedlikehald av kommunal eigedom. Som ein konsekvens av omlegginga vart mange av dei tilsette i kommunen si drifts- og vedlikehaldsavdeling sagt opp. Dette gjaldt også Peder Ås.

Kommunen bestemte seg også for å selje drifts- og vedlikehaldsavdelinga sin lastebil. Lastebilen vart annonsert for sal ”til høgstbydande” i ulike aviser. Det kom inn to bod.

Peder Ås som no stod utan arbeid, ønskte å skape sin eigen arbeidsplass. Sjølv om han var rørslehemma, hadde Peder køyrt den aktuelle lastebilen ein del i si tid som tilsett i kommunen. Lastebilen var nemleg spesialtilpassa for rørslehemma. Peder baud kr. 250 000 for bilen. Lars Holm la inn eit litt høgare bod på kr. 252 500. Hjå kommunen vart Peder Ås sitt bod kalt ”bod nr. 1” og Lars Holm sitt bod ”bod nr. 2”.

I kommunestyret vart det sterk diskusjon om kven som skulle få kjøpe lastebilen. Omsynet til kommunen sin økonomi tilsa å velje Lars Holm sitt bod som var 2500 kroner – eller 1% – høgare enn Peder Ås sitt. På den andre sida ville det fremme sysselsettinga i Lillevik best om Peder fekk kjøpe bilen då han var busett i kommunen i motsetnad til Lars Holm. I tillegg kom sosiale omsyn knytt til at lastebilen var spesialtilpassa for rørslehemma, slik at den passa særleg godt for Peder Ås. Under tilvising til at prisskilnaden var så liten, kom eit knappast mogeleg fleirtal i kommunestyret til at sosiale omsyn og omsynet til sysselsettinga burde vege tyngst. Følgjande avgjerd vart treft:

Lillevik kommune godtek bod nr. 1 om kjøp av lastebil.

Kommunestyret si avgjerd gjorde Lars Holm rasande, og han ønskte å klage. Men Lillevik kommune meinte at avgjerda ikkje var noko enkeltvedtak, og at det difor ikkje var klagerett. Kommunen peikte i denne samanheng på at Lars Holm ikkje hadde noko rettskrav på å få kjøpe bilen. Vidare meinte kommunen at avgjerda heller ikkje var å sjå på som utøving av offentleg myndigheit. I alle fall kunne avgjerda ikkje vere eit enkeltvedtak når ikkje Peder sitt namn var nemnt i avgjerda.

Spørsmål 1: Er kommunestyret si avgjerd om kven som skal få kjøpe lastebilen eit enkeltvedtak?


Lars Holm var også rørslehemma. På same måten som Peder Ås hadde han eit ønskje om å skape sin eigen arbeidsplass som lastebilsjåfør. Lars Holm hadde høyrt om Lillevik kommune sin spesialtilpassa lastebil, og han trudde at denne ville passe godt for seg.

Lars Holm aksepterte at Lillevik kommune ikkje hadde kjent til rørslehemminga hans ved avgjerda om kven som skulle få kjøpe. Men Holm meinte at det var ein sakshandsamingsfeil at han ikkje var blitt kontakta når det vart aktuelt å leggje vekt på andre kriterie enn pris.

Kommunen nekta for at det var gjort nokon sakshandsamingsfeil. Dersom saka ikkje gjaldt enkeltvedtak, meinte kommunen at det heller ikkje kunne stillast krav til saksførebuinga. Dette følgde av forvaltningslova § 3 første ledd, vart det hevda.

Men sjølv om valet av kven som skulle få kjøpe lastebilen var eit enkeltvedtak, kunne det ikkje vere kommunen si oppgåve å undersøkje om det førelåg sosiale omsyn i høve til Lars Holm også. Dette måtte det vere opp til Holm sjølv å opplyse om, meinte kommunen. Lars Holm var usamd og viste særleg til at lastebilen var annonsert for sal ”til høgstbydande”.

Spørsmål 2: Har kommunen opplyst saka godt nok før avgjerda vart treft?

Lars Holm hevda at eit av kommunestyremedlemmene, Andreas Tastad, hadde vore inhabil til å delta under kommunestyremøtet. Tastad var nemleg sambuar med Peder Ås si einaste dotter, Kari Ås. Forholdet mellom Andreas og Kari hadde vart i eitt år, og sambuarskapen i seks månader. Peder Ås og Andreas Tastad hadde begge interesse for bridge. Dei hadde kjent kvarandre før Andreas møtte Kari, og hadde i eit par år vore faste bridge-partnarar. Peder Ås omtalte no gjerne Andreas som ”svigersonen”.

Tastad nekta for å ha vore inhabil. Han meinte for det første at habilitetsreglane ikkje kom til bruk dersom saka ikkje gjaldt enkeltvedtak. Sjølv om reglane skulle gjelde, måtte han i alle fall reknast som habil når han reint faktisk hadde røysta for å selje til Lars Holm og ikkje til Peder Ås.

Spørsmål 3: Var Andreas Tastad inhabil til å delta under kommunestyret si handsaming av saka?


Del II

Lillevik kommune hadde fått tips om uforsvarleg skjenking av alkohol, jf. § 4-7 i alkohollova (lov av 2. juni 1989 nr. 27), ved nattklubben Det Glade Vanvidd. Difor vart det bestemt å gjennomføre ein kontroll.

Kontrollen vart utført av tilsette ved kommunen sitt kontor for kultur- og skjenkesaker. Rapporten som vart utarbeidd i etterkant av kontrollen vart sendt direkte til kommunestyret med framlegg til tiltak. I rapporten stod det mellom anna:

Nattklubben Det Glade Vanvidd kan best karakteriserast som eit galehus. Skjenkinga skjer utan kontroll, med fyll og spetakkel som resultat. Marte Kirkerud sitt tips om uforsvarlege forhold var såleis korrekt. Kontor for kultur- og skjenkesaker tilrår inndraging av skjenkeløyvet i 6 – seks – månader.

Fleirtalet i kommunestyret meinte ei inndragingstid på 6 månader var vel drastisk. Følgjande vedtak vart treft:

Nattklubben Det Glade Vanvidd sitt skjenkeløyve blir inndrege i 1 – ein – månad.

Nattklubben bad no om innsyn i rapporten. Dette nekta kommunen å gje. For det første meinte kommunen at rapporten var eit internt dokument. Ein annan grunn for å nekte innsyn var omsynet til ho som hadde tipsa kommunen om uforsvarlege forhold.

Nattklubben meinte på si side at det ikkje var grunnlag for å nekte innsyn. Mellom anna vart det hevda at rapporten berre inneheldt faktiske opplysningar. Den som hadde tipsa kommunen hadde dessutan ingenting å frykte, vart det lova.

Spørsmål 1: Har nattklubben Det Glade Vanvidd rett til innsyn i rapporten?

Til slutt valde kommunen å oversende ein kopi av rapporten til Det Glade Vanvidd.

Nattklubben Det Glade Vanvidd meinte det var ein feil at inndragingsvedtaket ikkje vart grunngjeve då det vart treft. Men kommunen hevda at det ikkje gjaldt noko plikt til å grunngje på dette tidspunkt. Dette fordi nattklubben hadde kome heldig ut samanlikna med ei inndraging av løyvet i 6 månader som kontor for kultur- og skjenkesaker hadde tilrådd.

Spørsmål 2: Hadde kommunen plikt til å grunngje vedtaket då det vart treft?

Til slutt valde kommunen å gje ei grunngjeving for vedtaket. Ho var formulert slik:

Grunngjeving:
Heimelen for vedtaket er alkohollova (lov av 2. juni 1989 nr. 27) § 1-8 første ledd jf. andre ledd. Det blir elles vist til skildringa av dei faktiske forhold i rapporten frå kommunen sitt kontor for kultur- og skjenkesaker.

Nattklubben Det Glade Vanvidd meinte at denne grunngjevinga ikkje tilfredsstilte forvaltningslova sine krav. Det burde for det første ha vore opplyst kva lovbestemming kommunen meinte at nattklubben hadde brote. Kommunen kunne på si side ikkje skjøne kva ei tilvising til alkohollova § 4-7 skulle vere godt for.

Nattklubben meinte vidare at ei tilvising til rapporten om dei faktiske forhold, ikkje var godt nok.

Det var også ein feil at dei omsyn som hadde vorte vektlagt ved avgjerda ikkje var nemnt, jf. forvaltningslova § 25 tredje ledd. Kommunen svarte at lovteksten ikkje stilte opp noko plikt til å nemne desse omsyna.

Spørsmål 3: Tilfredsstiller grunngjevinga forvaltningslova sine krav?

Styret i Lillevik fråhaldslag var sterkt misnøgd med det som vart oppfatta som ein mild reaksjon frå kommunen si side. Laget hadde eit radikalt program med ein visjon om å forby all alkoholbruk i Lillevik. Medlemstalet låg stabilt på om lag 10 av 4000 innbyggjarar i kommunen. Samtlege medlemmer var over seksti år. Lillevik fråhaldslag var stadig aktuelt med avisinnlegg og andre markeringar mot alkoholbruk. Laget var tilslutta Det Norske Totalavholdsselskap – ein landsdekkjande organisasjon med om lag 3500 medlemmer og 133 lokallag.

No ønskte Lillevik fråhaldslag å klage over kommunen sin milde reaksjon overfor nattklubben Det Glade Vanvidd. Men kommunen meinte at laget ikkje hadde klagerett.

Spørsmål 4: Har Lillevik fråhaldslag klagerett?

Alle spørsmåla både under del I og del II skal svarast på.

Til toppen