UiB : Juridisk Fakultet :Studier : Eksamen

Sensorveiledning

UNIVERSITETET I BERGEN
CAND. JUR. EKSAMEN
FØRSTE AVDELING -HAUSTEN 1996
Praktisk oppgåve - onsdag 20. november kl. 09.00 - 16.00

Drøft og avgjer spørsmåla i det fylgjande:

DEL I

Peder Ås og Lars Holm var barndomsvener. Dei var båe fødde og oppvaksne i Lillevik. Peder Ås var eit skolelys, og hadde i tillegg stor arbeidsevne. Etter vidaregåande skule og militærteneste, byrja Peder å studere jus ved Universitetet i Oslo. Peder oppnådde i 1990, i ein alder av 25 år, juridisk embetseksamen med 2,23 i hovudkarakter. Han fekk straks jobb som advokatfullmektig i det velrenommerte advokatfirmaet Olsen & Co. Advokatfirmaet Olsen & Co dreiv i all hovudsak med internasjonal finansiering og gjeldsforhandlingar. Peder Ås arbeidde svært hardt, ofte 12-14 timar dagleg. I januar 1995, i ein alder av 30 år, blei Peder oppteken som partnar (medeigar) i advokatfirmaet. I 1995 oppnådde Peder, på same måten som dei andre partnerane (medeigarane) i advokatfirmaet, ei bruttoinntekt på kr. 5.400.000,-. Han betalte same året kr. 2.100.000,- i skatt. Partnerane i advokatfirmaet Olsen & Co hadde i alle år oppnådd inntekter av denne storleiken.

Lars Holm utdanna seg til røyrleggjar. Han fullførte yrkesskulen i 1984, og fekk straks jobb i Lillevik Røyrhandel AS, først som lærling, seinare som fagutdanna røyrleggjar. Lars Holm tente kr. 200.000,- pr. år som røyrleggjar i Lillevik Røyrhandel AS. Denne inntekta var alt for lita - sett ut frå Holm sitt forbruk. Han hadde difor i alle år arbeidd "svart" på kveldstid, i helgar og i feriar. Dei "svarte" inntektene (d.v.s. inntekter som ikkje blir gitt opp til skattlegging) utgjorde kr. 120.000,- pr. år.

Peder og Lars blei samde om å feriere saman på Geilo i påsken 1996. Peder Ås reiste med bil frå Oslo til Lillevik for å henta Lars Holm. Dei to lasta Holms bagasje inn i bilen, og drog deretter vidare mot Geilo. Like i nærleiken av Geilo skjedde ei alvorleg ulukke. I ein skarp sving frontkolliderte Peder med ein møtande lastebil. Lastebilen køyrde i feil køyrebane (d.v.s. i Peders køyrebane), og kollisjonen var ikkje til å kome utanom. Både Lars Holm og Peder Ås fekk svære skadar i ulukka. Lars Holm blei lamma frå halsen og ned. Peder Ås blei påført ein mindre hjerneskade, og miste dessutan synet på båe augo. Dei medisinsk sakkunnige kom til at både Peder og Lars var 100 prosent ervervsmessig uføre etter ulukka. Lastebilen var ansvarstrygda i Trygg Forsikring AS.

Som fylgje av Peders helsetilstand, vedtok dei andre partnerane i advokatfirmaet den 15. april 1996 at Peder måtte gå ut av advokatfirmaet med verknad frå same tidspunkt (noko dei hadde høve til i eit tilfelle som dette). Dette førte med seg at Peder ikkje lenger hadde krav på å få del i overskottet til advokatfirmaet (d.v.s. at han ikkje lenger fekk noko ordinær inntekt frå firmaet). Han fekk utbetalt kr. 4.000.000,kontant frå advokatfirmaet som fullt og endeleg oppgjerd. Denne summen var betaling for Peder sin del i advokatfirmaet sine driftsmidlar (fast eigedom, kontormaskinar, bibliotek o.s.v.).

Peder Ås sette fram krav mot Trygg Forsikring AS om full skadebot for tap i framtidig erverv.

Selskapet vedgjekk at dei i prinsippet var ansvarleg i høve til Peder. Selskapet vedgjekk også at Peder utan skaden ville oppnådd ei årsinntekt på kr. 3.300.000,etter skatt. Partane var også samde om at Peder ville få omlag kr. 200.000,i uførepensjon frå folketrygda, og at det årlege nettotapet ville bli på kr. 3.100.000,-. Vidare vedgjekk trygdeselskapet at tapet var pårekneleg, og at det heller ikkje var grunnlag for lemping av ansvaret.

Selskapet hevda likevel at Ås ikkje kunne krevja å få dekka heile det økonomiske tapet han var påført. Selskapet viste til at Peder var 31 år på skadetidspunktet, og at tapet etter neddiskontering ville bli på omlag kr. 50.000.000,- (fram til fylte 67 år). Dersom ein estimerte skatteulempa til ca 20 prosent av denne summen, ville det samla tapet bli omkring kr. 60.000.000,-.Selskapet hevda at det etter gjeldande rett ikkje var grunnlag for å krevja ein sum av slik storleik. Peders enorme inntekt før skaden hadde, slik selskapet såg det, ikkje skadebotrettsleg vern fullt ut. Det måtte vere ei oppgåve for Peder Ås sjølv å sikra inntekta si ved trygding eller på annan måte. Heile tapet kunne ikkje veltast over på den som hadde skadebotansvar. Selskapet viste til synspunkta om borgarleg jamnmål og ein objektiv eigenrisiko for den skadelidne. Selskapet viste også til at det i yrkesskadeforsikringa er sett "eit tak" på 10 gonger grunnsummen i folketrygda. Inntekter over dette nivået blir ikkje dekka etter den ordninga. Jamvel om desse reglane ikkje kunne nyttast direkte i tvisten med Peder, ga dei i alle fall eit signal om korleis lovgjevaren såg på problemet, meinte selskapet. Selskapet peika også på at føremålet med skadebotretten m.a. er å sikra økonomisk tryggleik for den som blir skadd. Dette føremålet kan ein oppnå også med ei noko lågare utbetaling. På denne bakgrunn ga selskapet tilbod til Peder Ås om kr. 10.000.000,- som fullt og endeleg oppgjer for tap i framtidig erverv. Peder avviste det som selskapet held fram, og hevda at dei vanlege reglane om utmåling av tap måtte leggjast til grunn.

Dersom Peder Ås hadde krav på full skadebot for tap i framtidig erverv, hevda selskapet subsidiært at det måtte gjerast frådrag for den summen på kr. 4.000.000,som Peder Ås hadde fått utbetalt frå advokatfirmaet. Peder Ås avviste dette. Han viste til at denne summen var betaling for hans del i advokatfirmaet sine driftsmidlar.

Spørsmål nr. 1: Har Peder Ås krav på full skadebot for tap i framtidig erverv?(Det skal leggjast til grunn at det økonomiske tapet er på kr. 60.000.000,-. Avgrensing i årsakssamanheng skal ikkje drøftast).
Spørsmål nr. 2: Dersom Peder har krav på full skadebot for tap i framtidig erverv: Skal det gjerast frådrag for den summen Peder har fått utbetalt frå advokatfirmaet ?

Det kom og til tvist mellom Lars Holm og Trygg Forsikring AS. Holm kravde skadebot for tap i framtida av "svart" inntekt på kr. 120.000,- pr. år. Forsikringsselskapet vedgjekk at Holm ville lidd eit årleg tap i framtida av "svart" inntekt på kr. 120.000,-, men hevda at han ikkje kunne krevje skadebot for slikt tap. Selskapet viste til at inntekta var halden unna skattlegging. Slike ulovlege interesser hadde etter selskapet sitt syn ikkje skadebotrettsleg vern. Holm avviste det som selskapet heldt fram. Han viste til at inntektene var komne fram ved lovleg arbeid. At han hadde noko uoppgjort med skattestyresmaktene var ei anna sak. Men dette vedkom ikkje selskapet si plikt til å yta skadebot.

Subsidiært hevda Trygg Forsikring AS at det årlege tapet ikkje kunne setjast til meir enn kr. 70.000,-. Partane var samde om at dersom inntekta på kr. 120.000,- hadde blitt oppgitt til skattlegging, ville skatten blitt på kr. 50.000,-. Selskapet hevda at det ikkje kunne vere ei oppgåve for skadebotretten å stilla Holm økonomisk som om strafflagt skattesvik var gjennomført med hell. Holm viste på si side til at han utan skaden ville oppnådd ei årleg inntekt på kr. 120.000,-. Han meinte at dersom selskapet fekk medhald i at skadebota skulle reknast med utgangspunkt i kr. 70.000,- ville han koma dårlegare ut økonomisk med skaden enn utan skaden. Eit slikt resultat ville etter hans meining vere i strid med grunnprinsippa for utmåling av skadebot.

Spørsmål nr. 3: Har Lars Holm krav på skadebot for tapet av den "svarte" inntekta i framtida ?
Spørsmål nr. 4: Dersom Holm har krav på skadebot for tap av "svart" inntekt i framtida: Skal årstapet (før diskontering) setjast til kr. 120.000,- eller 70.000,- ?

DEL II

Peder Ås dreiv fiskeoppdrettsverksemd i Storesund kommune. Verksemda sysselsette 14 personar, og oppnådde solide årlege overskott. Tre av dei tilsette hadde som oppgåve å slakta og sløye den fullvaksne fisken. Dette arbeidet blei utført manuelt.

Peder Ås hadde lenge vurdert spørsmålet om det kunne vere mogeleg å rasjonalisera slakte- og sløyeprosessen. Saman med svogeren sin, som var utdanna som ingeniør og som var medeigar i oppdrettsverksemda, konstruerte Peder i 1994 og 1995 ei kombinert slakte- og sløyemaskin.

Peder tok med seg teikningar, skisser og skildringar av den nye maskina til Storesund Maskinfabrikk AS, som det siste tiåret hadde konstruert og levert store mengder teknisk utstyr til oppdrettsnæringa. Partane kom saman i eit møte 17. juni 1995. Til stades i møtet var, forutan Peder, den daglege leiaren av Maskinfabrikken Marte Kirkerud og sjefen for utviklings- og konstruksjonsavdelinga, dr. ingeniør Frank Hansen. Partane drøfta dei teikningane m.v. som Peder hadde med seg, og Peder gjorde greie for føremålet med den nye maskina: Å overta arbeidet for dei tre arbeidstakarane som i dag sto for slakte- og sløyearbeidet. Ved å byte ut dei tre arbeidstakarane, ville verksemda årleg kunne spara kr. 750.000,-. Vidare ga Peder uttrykk for at han var noko uviss når det galdt spørsmålet om maskina ville fungere slik som føresetnaden var. Frank Hansen svara at prosjektet var særs interessant og at fabrikken si ekspertgruppe for oppdrettsutstyr ville gå gjennom alle sider ved nyskapinga (maskina), herunder også kontrollera alle matematiske utrekningar. Peder meinte at det hasta med å koma i gang, og det blei difor inngått ei avtale om at maskinfabrikken skulle tilverka maskina med levering i slutten av september 1995. Kjøpesummen blei avtalt til 2.000.000-. Fabrikken skulle etter avtalen med ein gong melde frå til Peder dersom ein støytte på uventa tekniske problem.

Arbeidet med den nye maskina blei innleida med ein grundig kontroll av Peder sine teikningar og analysar. Maskinfabrikken sine ekspertar fann ingen svake sider eller feil. Arbeidet blei utført i samsvar med teikningane, og maskina blei levert i rett tid, den 30. september 1995.

Det viste seg at maskina ikkje svara til forventningane. Maskina slakta fisken heilt slik det hadde vore føresetnaden, men under sløyinga blei fisken kutta i stykke. Ei veke etter levering blei det, etter ynske frå Peder, arrangert eit møte mellom partane . I møtet b lei det vedteke at Maskinfabrikken skulle gjera visse endringar i sløyedelen av maskina. Endringane blei utførte i oktober og november 1995. Heller ikkje etter desse endringane svara maskina til dei forventningane Peder hadde. Det viste seg at maskina berre kunne sløye fisk som hadde ei vekt mellom 5 og 9 kilo. Var fisken større eller mindre enn dette, blei den kutta i stykke.

Tidleg i januar 1996 blei det arrangert endå eit møte mellom partane. På møtet blei det gjort vedtak om å gjera eit siste forsøk på å få maskina til å verka slik som opphavleg planlagt. Maskinfabrikken sine folk gjorde grundige undersøkingar og testar gjennom vinteren, men det viste seg å vera teknisk umogleg å laga ei maskin som kunne sløye fisk av alle vektklassar. Fabrikken sa frå om dette til Peder Ås i eit brev datert 1. mars 1996.

Peder ville vurdera kva nytte han kunne ha av maskina, og gjorde bruk av den utover våren 1996. I månadsskiftet mars/april konkluderte Ås med at han ikkje var tent med å behalde maskina. Den kunne berre utføra arbeid svarande til eitt- og eit halvt årsverk, og det var ikkje godt nok. Han sette difor fram krav om heving ved brev av 14. april 1996. Han viste i denne samanhengen til at maskina ikkje på langt nær svara til forventningane. Av den samla produksjonen var det berre 50% av fisken som låg i vektklassa 5 til 9 kilo. Resten av kvantumet kunne ikkje sendast gjennom maskina utan å bli øydelagt. Vidare kravde Ås skadebot for det tapet verksemda blei påført fordi den planlagde rasjonaliseringa ikkje kunne gjennomførast.

Storesund Maskinfabrikk AS avviste krava frå Peder. For det første hevda selskapet at det ikkje låg føre nokon mangel ved maskina. Fabrikken hadde berre teke på seg å tilverka den maskina som Peder og svogeren hans hadde konstruert. Selskapet viste i denne samanhengen til kjl. § 17 (2) (b).

Subsidiært hevda Maskinfabrikken at hevingskravet ikkje var sett fram i tide. Det var semje mellom partane om at dei rettslege spørsmåla som var knytte til kjøpet ikkje hadde vore reiste før kravet om heving blei sett fram 14. april 1996. Sidan mangelen blei oppdaga alt i månadsskiftet september /oktober 1995, måtte det vere for seint å fremja krav no.

Atter subsidiært hevda Maskinfabrikken at heving ikkje kunne kome på tale fordi mangelen ikkje var vesentleg. Maskina kunne brukast i oppdrettsverksemda, og ho gjorde det mogeleg å ta bort eitt og eit halvt årsverk. Rettnok måtte all fisk under 5 kilo og all fisk over 9 kilo framleis sløyast manuelt, men dette kunne etter Maskinfabrikken sitt syn kompenserast ved eit prisavslag. Vidare hevda Maskinfabrikken av det heller ikkje var grunnlag for skadebotansvar. Partane var samde om at det einaste aktuelle ansvarsgrunnlaget var kontrollansvar ( andre mogelege grunnlag skal ikkje drøftast).

Maskinfabrikken hevda også at tapet i tilfelle måtte reknast som indirekte, jfr. kjl. § 67 (2).

Spørsmål nr. 5: Ligg det føre mangel ved slakte- og sløyemaskina?

Spørsmål nr. 6 til nr. 9 skal alle drøftast ut frå den føresetnad at slakte- og sløyemaskina har ein mangel.

Spørsmål nr. 6: Er hevingskravet sett fram i tide?
Spørsmål nr. 7: Er det grunnlag for heving av kjøpet?
Spørsmål nr. 8: Er det grunnlag for skadebot etter reglane om kontrollansvar?
Spørsmål nr. 9: Skal det tapet som verksemda blir påført reknast som indirekte, jfr. kjl. § 67 (2) ?