UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 1. avdeling
Drøft og avgjer spørsmåla i det fylgjande:
Peder Ås, 22 år, var ein aktiv ung mann som særleg
engasjerte seg i idrettsaktivitetar i Lillevik. Peder var trenar
for eit av smågutlaga i handballgruppa i Lillevik Handballklubb
(LHK), spela sjølv på A-laget, og han var også
medlem i klubbstyret.
Økonomien i handballgruppa var langt frå god. For
å spe på økonomien i LHK og samstundes koma
i møte eit ynske om at gute- og jentelaga blei profilert
utover med like treningsdrakter, gjorde styret vedtak om fylgjande
opplegg: Peder fekk i oppdrag å innhenta tilbod hos sportshandlarane
i Lillevik og å tinga treningsdrakter på vegne av
klubben. Klubben skulle i sin tur selja treningsdraktene vidare
til gute- og jentehandballspelarane sine og til trenarane. I dette
vidaresalet var det lagt inn ei lita forteneste som skulle tilfalla
LHK.
Peder Ås meinte at tilbodet frå Kirkerud Sport A/S
var det beste, og tinga her 60 treningsdrakter som LHK skulle
få til kr. 300,- pr. stk. Draktene skulle seljast vidare
til klubbmedlemene for kr. 350,- pr. drakt.
Då Peder kom for å henta draktene i byrjinga av april,
forklarte han at LHK akkurat då ikkje hadde nok pengar til
å betala rekninga på kr. 18.000,-. LHK fekk kreditt.
Ved avtalt forfall, 2. mai 1995, var treningsdraktene ennå
ikkje betalte. Ettersom handballsesongen slutta ved påsketider,
var også økonomien i handballklubben inne i ein dødperiode
fram til august.
Peder Ås tok i bruk den nye treningsdrakta tidleg i haustsesongen.
Etter ei tid viste det seg at det losna ein saum i jakka. Peder
tok jakka med til butikken i månadsskiftet august/september,
og kunne henta den ferdig reparert etter tre dagar. D! Peder kom
tilbake for å henta jakka, opplyste han at fleire andre
hadde vendt seg til han og desse hadde også opplevd at trådar
losna slik at nokre av saumane gjekk opp. Peder fekk då
beskjed om at draktene kunne leverast til forretninga. Det var
det same for butikken om Peder organiserte ei innsamling av treningsdraktene
eller om den enkelte klubbmedlem tok drakta med til butikken for
reparasjon. Kostnadene ved reparasjonane skulle seljar ta på
seg. Det var ei enkel sak å reparera saumane. Peder var
då også godt nøgd med reparasjonen - den var
fint utført og det viste seg at saumane heldt.
Men det kom ikkje fleire drakter for reparasjon til forretninga.
Utover hausten var Peder fleire gonger innom Kirkerud Sport A/S
og slo ofte av ein prat med dagleg leiar Kari Holm. Men det blei
ikkje snakka meir om manglar ved treningsdraktene.
Kirkerud Sport A/S sende fleire purrebrev til Lillevik Handballklubb
for å få innbetalt det klubben skulda for kjøpet
av treningsdraktene. Då det på haustparten framleis
ikkje var betalt for treningsdraktene, tok Kirkerud Sport A/S
kontakt med advokat. I midten av oktober tok advokaten på
vegne av sportsforretninga ut stemnemål ved Lillevik byrett
mot Lillevik Handballklubb. Kirkerud Sport A/S la ned påstand
om at Lillevik Handballklubb måtte betala kr. 18.000,- med
tillegg av 12 % morarente frå 2. mai 1995 og fram til betaling
skjedde.
I tilsvaret datert 10. november heldt Lillevik Handballklubb fram
at grunnen til at draktene ikkje blei betalt, var at treningsdraktene
etter klubben si meining hadde for dårleg kvalitet. Klubben
meinte å ha rett til å heva kjøpet. Klubben
påsto at kjøpet måtte hevast og at handballklubben
skulle tilkjennast skadebot for tapt forteneste på grunn
av at vidaresalsarrangement gjekk i vasken.
Kirkerud Sport A/S avviste kravet om heving og skadebot. Sportsforretninga
heldt fram at det i realiteten ikkje var sett fram nokon reklamasjon
i og med at ein berre hadde sett ei av dei draktene det skulle
vera noko gale med, etter det som blei sagt. Dagleg leiar heldt
fram at ho ikkje kunne ta stilling til om det var nokon mangel
ved fleire av draktene utan å få sjå på
draktene. Dessutan heldt ho fram at dersom det var slik at fleire
drakter var mangelfulle, ville butikken gjort bruk av utbetringsretten
etter kjøpslova. Ho hevda at i denne situasjonen måtte
retten til utbetring gå føre kjøparen sitt
eventuelle hevings- og skadebotkrav. Når det galdt det kravet
på skadebot som var sett fram, gjorde Kari Holm gjeldande
at i alle fall måtte det gjerast frådrag for forteneste
ved dei sala som trass alt var gjennomførde.
Under hovudførehavinga som blei halden 1S. desember, hadde
representanten for Lillevik Handballklubb ein kartong som inneheldt
alle dei 60 treningsdraktene. Alle hadde då vore selde vidare
til medlemmer, men var blitt kalla tilbake, fordi det viste seg
at 20 av draktene hadde gått opp i saumane. Alle draktene
hadde vore like mykje brukte. Kari Holm vedgjekk at dei 20 draktene
var mangelfulle, men uten at dette ga rett til heving.
Drøft og ta stilling til fylgjande problemstillingar
(det presiserast at det ikkje skal tas stilling til spørsmålet
om motrekning):
1. | Ligg det her føre eit forbrukarkjøp ? |
2. | Har Lillevik Handballklubb fylgt reklamasjonsføresegnene i kjøpslova ? |
3. | Vil utbetringsretten til sportsforretninga her kunne avskjere kjøparen sitt misleghaldskrav ? |
4. | Har Lillevik Handballklubb rett til - heilt eller delvis - å heva kjøpet ? |
5. | Har Lillevik Handballklubb krav på erstatning ? |
Peder synes at det var ei stor påkjenning å vera med
på rettssaka mot handballklubben. På vegen heim gjekk
han i eigne tankar og lurte på kva utfall saka ville få.
Då Peder skulle kryssa ei gate, gløymde han å
sjå seg skikkeleg for, og trakka rett ut i vegbana. Føraren
av ei grøn Volvo stasjonsvogn makta ikkje å unngå
trafikkuhellet. Bilføraren bremsa kraftig og freista å
gjera ein unnamanøver, men det enda med at Peder blei overkøyrd
over venstre fot og han fekk eit stygt brot i venstre ankel. Dei
pene klærne han hadde på seg i samband med rettssaka
blei også øydelagde.
Peder måtte på sjukehus med ankelbrotet, og i løpet
av første halvdel av 1996 måtte Peder opererast to
gonger for om mogeleg å få skikk på ankelen.
Men etter andre gongs operasjon var det klårt at ankelen
aldri kom til å bli heilt bra igjen.
Ankelskaden fekk fleire fylgjer for Peder. På grunn av dei
mange sjukehusopphalda måtte Peder utsetje planen sin om
å få teke avsluttande eksamen ved revisorstudiet ved
Distriktshøgskolen i Lillevik. Eksamen måtte utsetjast
med eit semester. Med sikte på skadebotkrav mot trafikkforsikringsselskapet
blei Peders skade vurdert av medisinsk sakkunnige. Partane var
samde om at ankelskaden ikkje ville føra med seg at Peder
blei ervervsmessig ufør. Den individuelt fastsette medisinske
uføregraden sette dei medisinsk sakkunnige til 13 %.
Men for Peder som idrettsmenneske hadde skaden relativt store
konsekvensar. Han kunne framleis fungera som handballtrenar for
dei yngre årsklassane. Sin eigen karriere som handballspelar
på Lillevik Handballklubbs A-lag (2. divisjonslag) måtte
Peder gje opp. Før trafikkuhellet hadde Peder dessutan
vore ein mykje habil brettseglar. Han var rangert som nr. 12 i
Noreg i sin klasse og hadde vore med på nokre landslagssamlingar.
Etter ankelskaden var det heilt utelukka at Peder kunne vera med
på regattaer på tilsvarande nivå. Peder måtte
for ettertida vera nøgd med rein "hobbysegling".
Jogging hadde tidlegare utgjort ein viktig del av Peders treningsopplegg,
og Peder hadde hatt stor glede av desse treningsturane. Etter
skaden måtte Peder ta det mykje meir med ro også med
denne treningsforma. Lett jogging over eit kortare tidsintervall
kunne han nok tola, men det var snart gjort å overbelasta
ankelleddet, og dette førte med seg store smerter. Lækjaren
til Peder vurderte hans idrettslege uføregrad til å
vera ca. 40 %.
Drøft og ta stilling til fylgjande:
6. | Kva krav om skadebot for økonomisk tap kan Peder setja fram, og korleis blir omfanget av dei aktuelle tapspostane fastsett ? |
7. | Har Peder Ås krav på skadebot for mein ? |
8. |
Gjer nærare greie for korleis skadebota for mein for Peder
sitt vedkomande skal utreknast. (Sjølve utrekninga krevst
ikkje.) I tilknyting til spørsmål 8 legg ein for å gjera det enkelt til grunn at grunnbeløpet er kr. 40.000,-. Vedlagt fylgjer kopi av §§ 2 og 3 i forskrift, kgl.res. av 5. mai 1972, med heimel i ftrl. § 11-8, 2. leden og tabell over kapitaliseringsfaktorar. |
Vedlegg: |
Forskrifter om yreksskadeerstatning 5.mai 1972 Nr.25 side 400-403 Rikstrygdeverkets tabell 1980 Grunnlagsrente 6%tabell 1a Rikstrygdeverkets tabell 1980 Grunnlagsrente 6%tabell 1b Tabell svarende til rikstrygdeverkets tabell for FTRL. § 11-8, livsvarig |
Sist oppdatert 08.03.2000 av TEG Kommentarer til denne siden. |