UiB : Juridisk Fakultet : Studier : eksamen : oppgaver 1. avdeling

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk og bokmål

Sensorveiledning

Nynorsk

UNIVERSITETET I BERGEN
CAND. JUR. EKSAMEN
FØRSTE AVDELING -VÅREN 2001
Praktisk oppgåve - tysdag 22. mai kl. 09.00-16.00

Drøft og avgjer spørsmåla i det følgjande:

Marte og Peder hadde halde saman ei tid, og venta no barn. Marte meinte det ville vere riktigast for alle at ho og Peder gifta seg, og ho følte dessutan eit visst sosialt press. Peder var positiv til å gifte seg. Han sette imidlertid som vilkår at Marte skreiv under på ei ektepakt han sjølv hadde sett opp. Dersom Marte ikkje skreiv under, ville han bryte kontakta med henne – og barnet. Marte visste at Peder meinte det han sa.
I ektepakta var det bestemt at Peder skulle ha fullstendig særeige, medan Marte sine midlar skulle vere felleseige. Dessutan sa Marte frå seg retten til å krevje skeivdeling.
Marte forstod ikkje alt av innhaldet i ektepakta, men skjønte i alle fall at ektepakta klart favoriserte Peder. Ho skreiv under, men forsøkte ved fleire høve seinere å ta forholdet opp med Peder, men han var ikkje villig til å snakke om ektepakta.
Ektepakta vart formriktig oppretta i juni 1990, og tinglyst i Ektepaktregisteret kort tid etter.
Da Marte og Peder gifta seg i august 1990 vart Peder si mor, Karin, svært glad. Ho meinte Peder hadde behov for ei kone, og ho kom godt overeins med Marte. Barnet vart fødd i desember.
Marte sine foreldre var ikkje like glade, blant anna fordi Peder nekta å kjøpe eit skikkeleg hus til familien, trass i at han hadde råd til det. Marte sine foreldre kjøpte derfor eit koseleg lite hus med hage, som dei gav til Marte. I gåveskøytet var det presisert at Marte skulle eige huset aleine og at det skulle vere hennar særeige.
Etter at Marte sine foreldre hadde hjelpt til med hus, følte Karin at også ho måtte hjelpe til. Året før hadde ho arva ei lita hytte på Kvamskogen etter ein onkel. I eit brev til Marte og Peder i oktober 1990 tilbaud ho dei begge å overta hytta vederlagsfritt, men likevel slik at Karin skulle kunne bruke ho i feriar og anna etter avtale. Peder vart svært fornærma over at mora tilbaud Marte å bli medeigar i hytta, og gjorde klart at ei slik ordning ikkje ville bli tolerert. Han viste til at han var einebarn og at mora – som sat i uskifte med felleseigemidlar – begynte å dra på åra.
Karin og Marte snakka litt seinare om hytta. Marte takka svigermora så mykje. Ho var klar over Peder si tilbakemelding, men dei to kvinnene var samde om at ein ikkje kunne ta Peder så veldig alvorleg.
Det vart aldri snakka noko meir om overdraging av hytta, men etter som åra gjekk tok imidlertid Marte og Peder meir og meir over bruken av hytta, og etter kvart også alt av utgifter. Kvar gong Karin ville bruke hytta, spurde ho Marte og Peder først.
Noko formelt eigarskifte vart imidlertid aldri foreteke, og Karin førte kvart år opp hytta som sin formue i sjølvmeldinga. Derimot hadde ho i 1993 oppgjeve til skattefogden at hytta var overført til Marte og Peder som gåve.
I 1998 døydde Karin. Peder var einebarn, men det oppstod tvist mellom han og Marte om eigedomsretten til hytta. Etter Karin sin død fann ein eit ferdig utfylt skøyte der hytteeigendomen var overskøytt til Marte og Peder med ein ideell halvpart til kvar. Skøytet var formriktig oppretta i 1993, dvs. at Karin hadde skrive under på det og hennar underskrift var stadfesta av to vitne. Skøytet hadde følgjande påteikning:
”Dersom sonen min nektar på at svigerdottera mi Marte har rett til halvparten av hytta på Kvamskogen, skal denne tilfalle Marte som arv. ”
Karin hadde skrive under skøytet og to vitne hadde stadfesta at ho hadde skrive under medan dei var til stades . Det gjekk fram av vitnepåteikninga at vitna var kjende med innhaldet i heile skøytet.
Marte hevda prinsipalt at ein ideell del av hytta var overdrege til henne lenge før Karin døydde. Ho viste til at Karin hadde tilbode Marte ein halvpart av hytta, og at Marte hadde teke i mot gåva. Marte hevda dessutan at måten partene i ettertid hadde innretta seg på, stadfesta at avtale om overdraging var inngått. Etter Marte si meining stadfesta også skøytet at Karin hadde meint å overføre hytta til Marte og Peder.
Peder på si side hevda at det aldri var inngått nokon avtale om overdraging av hytta. Til det var for mykje uavklart. Karin hadde etter Peder si meining aldri gjeve noko konkret tilbod til Marte, og eit eventuelt tilbod måtte i alle fall oppfattast under føresetnaden av at Peder også aksepterte tilbodet. Sameleis hevda Peder at Marte aldri hadde gjeve nokon klar aksept av tilbodet. Den eventuelle semja som var mellom Marte og Karin kunne i høgda oppfattast som ein slags intensjonsavtale – som aldri vart følgd opp. Peder meinte derfor at hytta framleis tilhøyrde mora sitt uskiftebu, og at han var einearving til ho.
Under eitkvart høve ville ei eventuell overdraging medføre gåveoverføring av fast eigedom, noko Karin – som sat i uskifta bu – ikkje hadde rett til.
Peder gjorde vidare gjeldande at ei eventuell overdraging måtte bli sett på som ein ugyldig dødsdisposisjon. Ein mogeleg avtale om overdraging hadde aldri blitt gjennomført, og medførte ingen realitet for Karin i hennar levetid. Peder viste bl.a til at Karin framleis førte opp hytta som sin eigen eigedom i sjølvmeldingane, og at det heller ikkje var foreteke nokon formell overdraging. Påteikninga i skøytet meinte Peder understreka Karin si eiga oppfatning om at hytta framleis tilhøyrde henne. Overdraginga måtte bli kjent ugyldig som dødsdisposisjon både fordi ho ikkje tilfredsstilte formkrava for testament, og fordi ho var i strid med pliktdelsreglane. Dessutan hadde Karin i alle tilfelle disponert over meir enn ho etter uskiftereglane hadde rett til.
Marte heldt fast ved at overdraginga av ein ideell halvpart til henne var ein gjennomført livsdisposisjon som ikkje kunne angripast. Ho erkjende at det var snakk om ei gåveoverføring av fast eigedom frå uskifta bu, men hevda at ein måtte sjå det slik at Peder hadde samtykka i overdraginga. I alle fall var det no altfor seint for Peder å protestere.
Subsidiært hevda Marte at Karin hadde testamentert halve eigedomen til henne. Etter Marte si meining gjekk dette fram av skøytet, som ho meinte oppfylte formkrava til testament. Etter Marte si meining låg verdien av hytta også klart innanfor det Karin kunne råde over ved testament.
Nettoverdiane i uskiftebuet utgjorde om lag to millionar kroner, derav utgjorde hytta kr 600.000.

1)

Føreligg det ein bindande avtale om eigedomsoverdraging frå Karin til Marte?

2)

Kan ein sjå på denne eventuelle overføringa til Marte som ein gjennomført livsdisposisjon?

3)

Dersom ein ser på overføringa som gjennomført, kan Peder no krevje overføringa omgjort fordi mora sat i uskifta bu?

4)

Dersom ein ikkje ser på overføringa som gjennomført, føreligg det da ein gyldig testamentarisk disposisjon som gjev Marte rett til ein ideell halvpart av hytta?


Som følgje av all krangel som oppstod i samband med skifteoppgjeret etter Karin sin død, sprakk ekteskapet mellom Marte og Peder. Det Marte hadde av verdiar var det ho hadde fått av sine foreldre i 1990, samt hennar påståtte eigardel av hytta på Kvamskogen. Forutan arven etter foreldra sine, eigde Peder ei bedrift han hadde skaffa seg lenge før han møtte Marte.
Peder viste til ektepakta og hevda at han hadde rett til å behalde alle sine midlar udelt, medan verdien av Marte sine midlar måtte delast likt. Dette gjaldt eventuelt også Marte sin halvdel av hytta, anten Marte hadde fått han som arv eller gåve.
Marte på si side hevda at ektepakta frå 1990 måtte settast til side fordi ho ved inngåinga av avtalen var blitt utsett for utilbørleg press, slik at ho følte seg tvungen til å skrive under på ektepakta. Etter hennar meining hadde Peder utnytta den avhengige og sårbare stillinga ho den gong var i.
Dersom ein såg på avtalen som gyldig inngått, kunne føresegna om likedeling likevel ikkje omfatte dei verdiane Marte hadde fått av sine foreldre med føresegn om særeige. Føresegna om likedeling ville i alle høve måtte settast heilt eller delvis til side som urimeleg.
Peder meinte ektepakta måtte opprettholdast fullt ut. Ho var etter hans meining verken ugyldig eller urimeleg. Han viste til at Marte som eit vakse menneske sjølv måtte treffe sine avgjersler. Likte ho ikkje ektepakta, kunne ho berre late vere å gifte seg.
Peder meinte det heller ikkje var noe galt med innhaldet i avtalen. Fordi Marte allereie hadde inngått ektepakta med Peder då ho fekk gåva frå sine foreldre, kunne føresegna om særeige ikkje få noko å seia.
Sjølv om ektepakta vart sett til side, meinte Peder at han uansett hadde rett til å halde alt han eigde utanfor likedelinga.

5)

Kan heile ektepakta settast til side som ugyldig inngått?

6)

Kan ektepakta si føresegn om likedeling omfatte huset som Marte fekk av foreldra sine?

7)

Kan føresegna i ektepakta om likedeling settast til side som urimeleg?

8)

Kan Peder uavhengig av ektepakta krevje verdien av alt han eig halde utanfor likedelinga?


Bokmål

UNIVERSITETET I BERGEN
CAND. JUR. EKSAMEN
FØRSTE AVDELING -VÅREN 2001
Praktisk oppgave tirsdag 22. mai kl 09.00-16.00

Drøft og avgjør spørsmålene i det følgende:

Marte og Peder hadde holdt sammen en tid, og ventet nå barn. Marte mente det ville være riktigst for alle at hun og Peder giftet seg, og hun følte dessuten et visst sosialt press. Peder var positiv til å gifte seg. Han satte imidlertid som betingelse at Marte underskrev en ektepakt han selv hadde satt opp. Hvis Marte ikke skrev under, ville han bryte forbindelsen med henne – og barnet. Marte visste at Peder mente det han sa.
I ektepakten var det bestemt at Peder skulle ha fullstendig særeie, mens Martes midler skulle være felleseie. Dessuten frafalt Marte retten til å kreve skjevdeling.
Marte forsto ikke alt av innholdet i ektepakten, men skjønte i alle fall at ektepakten klart favoriserte Peder. Hun skrev under, men forsøkte ved flere anledninger senere å ta forholdet opp med Peder, men han var ikke villig til å snakke om ektepakten.
Ektepakten ble formriktig opprettet i juni 1990, og tinglyst i Ektepaktregisteret kort tid etter.
Da Marte og Peder giftet seg i august 1990 ble Peders mor, Karin, meget glad. Hun mente Peder trengte en kone, og hun kom godt overens med Marte. Barnet ble født i desember.
Martes foreldre var ikke like glade, blant annet fordi Peder nektet å kjøpe et skikkelig hus til familien, til tross for at han hadde råd til det. Martes foreldre kjøpte derfor et koselig lite hus med have, som de ga til Marte. I gaveskjøtet var det presisert at huset skulle eies av Marte alene og at det skulle være hennes særeie.
Etter at Martes foreldre hadde bidratt med huset, følte Karin at hun også måtte bidra. Året før hadde hun arvet en liten hytte på Kvamskogen etter en onkel. I et brev til Marte og Peder i oktober 1990 tilbød hun dem begge å overta hytten vederlagsfritt, men likevel slik at Karin skulle kunne bruke den i ferier og annet etter avtale. Peder ble meget fornærmet over at moren tilbød Marte å bli medeier i hytten, og gjorde klart at en slik ordning ikke ville bli tolerert. Han viste til at han var enebarn og at moren – som satt i uskifte med felleseiemidler – begynte å dra på årene.
Karin og Marte snakket litt senere om hytten. Marte takket svigermoren så mye. Hun var klar over Peders tilbakemelding, men de to kvinnene var enige om at man ikke kunne ta Peder så veldig alvorlig.
Det ble aldri snakket noe mer om overdragelse av hytten, men etter som årene gikk tok imidlertid Marte og Peder mer og mer over bruken av hytten, og etter hvert også alt av utgifter. Hver gang Karin ville bruke hytten, spurte hun Marte og Peder først.
Noe formelt eierskifte ble imidlertid aldri foretatt, og Karin førte hvert år opp hytten som sin formue i selvangivelsen. Derimot hadde hun i 1993 oppgitt til skattefogden at hytten var overført til Marte og Peder som gave.
I 1998 døde Karin. Peder var enebarn, men det oppsto tvist mellom ham og Marte om eiendomsretten til hytten. Etter Karins død fant man et ferdig utfylt skjøte hvor hytteeiendommen var overskjøtet til Marte og Peder med en ideell halvpart til hver. Skjøtet var formriktig opprettet i 1993, dvs at Karin hadde underskrevet det og hennes underskrift var bekreftet av to vitner. Skjøtet hadde følgende påtegning:
”Dersom min sønn bestrider min svigerdatter Martes rett til halvparten av hytten på Kvamskogen, skal denne tilfalle Marte som arv. ”
Karin hadde underskrevet skjøtet og to vitner hadde bekreftet at hun hadde skrevet under i deres nærvær. Det fremgikk også av vitnepåtegningen at vitnene var kjent med hele skjøtets innhold.
Marte hevdet prinsipalt at en ideell andel av hytten var overdratt til henne lenge før Karin døde. Hun viste til at Karin hadde tilbydd Marte en halvpart av hytten, og at Marte hadde tatt i mot gaven. Marte hevdet dessuten at måten partene i ettertid hadde innrettet seg på, bekreftet at avtale om overdragelse var inngått. Etter Martes mening bekreftet også skjøtet at Karin hadde ment å overføre hytten til Marte og Peder.
Peder på sin side hevdet at det aldri var inngått noen avtale om overdragelse av hytten. Til det var for mye uavklart. Karin hadde etter Peders mening aldri avgitt noe konkret tilbud til Marte, og et eventuelt tilbud måtte i alle fall oppfattes som betinget av at også Peder aksepterte tilbudet. Likeledes hevdet Peder at Marte aldri hadde avgitt noen klar aksept av tilbudet. Den eventuelle enighet som forelå mellom Marte og Karin kunne i høyden oppfattes som en slags intensjonsavtale – som aldri ble fulgt opp. Peder mente derfor at hytten fortsatt tilhørte morens uskiftebo, og at han var enearving til den.
Under enhver omstendighet ville en eventuell overdragelse innebære gaveoverføring av fast eiendom, noe Karin – som satt i uskiftet bo – ikke var berettiget til.
Peder gjorde videre gjeldende at en eventuell overdragelse måtte anses som en ugyldig dødsdisposisjon. En mulig avtale om overdragelse hadde aldri blitt gjennomført, og innebar ingen realitet for Karin i hennes levetid. Peder viste bl.a til at Karin fortsatt førte opp hytten i selvangivelsene som sin egen eiendom, og at det heller ikke var foretatt noen formell overdragelse. Påtegningen i skjøtet mente Peder understreket Karins egen oppfatning om at hytten fortsatt tilhørte henne. Som dødsdisposisjon måtte overdragelsen kjennes ugyldig både fordi den ikke var opprettet i testaments former, og fordi den var i strid med pliktdelsreglene. Dessuten hadde Karin i tilfelle disponert over mer enn hun etter uskiftereglene var berettiget til.
Marte fastholdt at overdragelsen av en ideell halvpart til henne var uangripelig som en gjennomført livsdisposisjon. Hun erkjente at det dreide seg om en gaveoverføring av fast eiendom fra uskiftebo, men hevdet at Peder måtte anses å ha samtykket i overdragelsen. I alle fall var det altfor sent for Peder å protestere nå.
Subsidiært hevdet Marte at Karin hadde testamentert halve eiendommen til henne. Dette fremgikk etter Martes mening av skjøtet, som hun mente oppfylte formkravene til testament. Etter Martes mening lå verdien av hytten også klart innenfor det Karin kunne råde over ved testament.
Nettoverdiene i uskifteboet utgjorde om lag to millioner kroner, hvorav hytten utgjorde kr 600.000.

1)

Foreligger det en bindende avtale om eiendomsoverdragelse fra Karin til Marte?

2)

Kan denne eventuelle overføringen til Marte anses som en gjennomført livsdisposisjon?

3)

Dersom overføringen anses gjennomført, kan Peder nå kreve overføringen omgjort fordi moren satt i uskiftet bo?

4)

Dersom overføringen ikke anses gjennomført, foreligger det en gyldig testamentarisk disposisjon som gir Marte rett til en ideell halvpart av hytten?


Som følge av all krangel som oppsto i forbindelse med skifteoppgjøret etter Karins død, sprakk ekteskapet mellom Marte og Peder. Det Marte hadde av verdier var det hun hadde fått av sine foreldre i 1990, samt hennes påståtte eierandel av hytten på Kvamskogen. Foruten arven etter sine foreldre, eide Peder en bedrift han hadde anskaffet lenge før han traff Marte.
Under henvisning til ektepakten hevdet Peder å ha rett til å beholde alle sine midler udelt, mens verdien av Martes midler måtte likedeles. Dette gjaldt eventuelt også Martes halvdel av hytten, enten Marte hadde fått den som arv eller gave.
Marte på sin side hevdet at ektepakten fra 1990 måtte settes til side fordi hun ved avtaleinngåelsen var blitt utsatt for utilbørlig press, slik at hun følte seg tvunget til å skrive under på ektepakten. Etter hennes mening hadde Peder utnyttet den avhengige og sårbare stilling hun den gang var i.
Dersom avtalen ble ansett som gyldig inngått, kunne bestemmelsen om likedeling likevel ikke omfatte de verdier Marte hadde fått av sine foreldre med bestemmelse om særeie. Bestemmelsen om likedeling ville under enhver omstendighet måtte settes helt eller delvis til side som urimelig.
Peder mente ektepakten måtte opprettholdes fullt ut. Den var etter hans mening verken ugyldig eller urimelig. Han viste til at Marte som et voksent menneske selv måtte treffe sine avgjørelser. Likte hun ikke ektepakten, kunne hun bare latt være å gifte seg.
Peder mente det heller ikke var noe galt med avtalens innhold. Fordi Marte allerede hadde inngått ektepakten med Peder da hun fikk gaven fra sine foreldre, kunne bestemmelsen om særeie ikke få noen betydning.
Selv om ektepakten ble satt til side, mente Peder at han uansett hadde rett til å holde alt han eide utenfor likedelingen.

5)

Kan ektepakten i sin helhet settes til side som ugyldig inngått?

6)

Kan ektepaktens bestemmelse om likedeling omfatte huset som Marte fikk av sine foreldre?

7)

Kan bestemmelsen i ektepakten om likedeling settes til side som urimelig?

8)

Kan Peder uavhengig av ektepakten kreve verdien av alt han eier holdt utenfor likedelingen?