UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS122

Det juridiske fakultet

heimeeksamen

2. studieår - JUS122 - haust 2005

 

Oppgaven er tilgjengelig på nynorsk

 

Nynorsk

 

Heia Burettslag hadde ei fotballbane med grusdekke på eigedomen sin.  Denne vart mykje brukt av ungdomar og born i nabolaget. Gjennomsnittleg vart bana i åra 2002 - 2004 brukt av 5 personar eller meir så mykje som ti timar per veke.

 

Måla på fotballbana var sett opp på byrjinga av 1980-talet. På midten av 80-talet hadde det blitt kjent at den aktuelle typen fotballmål var farlege, fordi dei under gjevne omstende kunne velte. Berre i Norge var det i løpet av 1984 registrert fire personskadar som følge av at denne typen mål hadde velta når born har leika. I 1985 sørga derfor den dåverande vaktmeistaren i burettslaget for å leggje ei sementblokk bak på ”målrammene” for å sikre at målet ikkje skulle falle ned. (Med målramme meiner ei tynn jernstong som går langs bakken ca. 1 m. bak frå høgre stolpe før han svingar 90 gradar mot venstre stolpe og går fram til han er på høgde med venstre stolpe for så å gjere ein sving på 90 gradar inn mot venstre stolpe. Målnetta er festa til målramma, til stolpane og til tverrliggaren.) Sementblokka på det eine av måla hadde no smuldra opp, slik at dette målet stod utan noka sikring. Særleg etter at det gjenverande av sementblokka brekte i to den 20. mai 2005, utgjorde målet ein fare for dei fotballspelande borna.  Målet ville imidlertid ikkje falle ned utan at nokon prøvde å rive det ned, eller på annan måte la eit tungt press på tverrliggaren.

 

Styret i burettslaget hadde i skriftleg instruks av 7. juni 2005 bede vaktmeistaren, Petter Eide, om å sikre det nemnde målet.  Eide var sjølv partseigar i burettslaget, og han var tilsett i 20 % stilling som vaktmeistar. Sikringa av målet skulle gjerast ved å grave bort grus bak målet og støype eit fundament som målramma kunne forankrast i, noko som ville ta ca. fire timar. Eide hadde imidlertid utsett denne arbeidsoppgåva i mange dagar. Dette skuldast at Eide venta på levering av ein ny sement-blandemaskin som skulle ha vore levert den 14. juni, men som hadde blitt forseinka.  Eide vurderte å låne ein anna maskin, men dette ville på grunn av transport m.m. påføre burettslaget ein ekstrakostnad på kr. 2.000, og det ville han helst unngå. For å ha gjort noko, hadde Eide derfor festa eit tynt nylontau mellom målramma og ein lysstolpe, som stod bak målet. Eide rekna med at tauet ville hindre at målet fall ned dersom det av ein eller annan grunn begynte å vippe.

 

Den 21. juni spilte 8 gutar fotball på bana.  Det stod ei målvakt i kvart mål. Målvakta i det usikra målet var Jacob Ås, 11 år. Den ni år gamle Robert Berge stod ved målet til Jacob og såg på kampen. Robert Berge var kjent blant gutane i nabolaget for å vere uvanleg flink til å klatre, og no valde han å klatre opp på målet for å sjå på kampen derfrå. Han mora seg med å sette seg ytterst på tverrliggaren, noko som førte til at målet begynte å vippe.

Målet velta som følgje av dette, og tverrliggaren fell mot området der målvakta, Jacob Ås, røyrde på seg .  Nylontauet rauk tvers av idet det var alt for tynt til å halde igjen det tunge målet. Tilfellet ville at Jacob Ås akkurat i den augneblinken målet fall, var med hovudet nede mot grusen, fordi han hadde kasta seg etter ein ball.  Dette førte til at tverrliggaren trefte hovudet til Ås med stor fart og kraft, og slik at hovudet dels vart klemt mellom tverrliggar og grusen. Jacob Ås pådrog seg alvorlege skadar som følgje av ulykka. Han vart etter kvart erklært 100 % medisinsk ufør og den før så aktive guten måtte etter alt å døme sitje i rullestol resten av livet, som følgje av varig lamming.

 

Robert Berge slo seg kraftig då han fall ned saman med målet, men pådrog seg ingen varige skadar.

 

Då Jacob Ås kom på sjukehuset, gjekk mora, Elina Ås, igjennom ei tung tid. Kvar dag tok ho taxi opp til sjukehuset for å sitje ved sonen si side. Det var godt buss-samband opp til sjukehuset, men i sin sorg-tilstand opplevde Elina det som ei sterk påkjenning å ta buss sammen med mange framande menneske. Ho valde av denne grunn å ta taxi. Jacob hadde mista mykje av røyrsla og heile tale-evna, men ein kunne likevel tydelig sjå at han viste glede når mora kom på besøk. Ås vart verande to månader på sjukehuset før han kunne flytte heim att.

 

Jacob Ås (ved sin advokat) saksøkte burettslaget, som hadde ansvarsforsikring. Han krevde barneerstatning jfr. skl. § 3-2 a på grunnlag av skl. § 2-1 og på ulovfestat objektivt grunnlag. Ås viste særleg til at fotballmålet utgjorde eit ekstraordinært faremoment som burettslaget som eigar måtte vere ansvarleg for.

 

Elina Ås saksøkte også burettslaget og krevde erstatning for utgifter til taxi under besøka av Jacob (kr. 400 x 60 =) kr. 24.000. Ho viste særleg til at det var den skaden burettslaget hadde påført Ås som  indirekte var årsaken til at ho ikkje kunne ta buss.

 

I høve til Elina Ås påstod burettslaget at ei mor ikkje kunne ha krav på erstatning for skade på eit born. Ho kunne i alle fall ikkje krevje erstatning for taxi-utgiftene.  Etter rettspraksis måtte det vere klart at ein eventuelt berre kunne krevje erstatning for bussutgifter, som i dette tilfelle ville utgjere kr. 50 per dag, til saman (kr. 50 x 60 =) kr. 3.000.  

  1. Er Heia Burettslag erstatningsansvarleg ovanfor Jacob Ås, og kor stor blir i så fall erstatningssummen? (Begge dei  ansvarsgrunnlaga som det er vist til skal drøftast, også om drøftinga av det eine ansvarsgrunnlaget blir ei subsidiær drøfting)

  2. Er Heia Burettslag erstatningsansvarleg ovanfor Elina Ås, og kor stor blir i så fall erstatningssummen? (Spørsmålet om omfanget av erstatningssummen skal drøftast sjølv om dette blir ei subsidiær drøfting.)

+