UiB : Juridisk Fakultet : eksamen : 2. studieår : JUS121

SENSORVEILEDNING

SKOLEEKSAMEN

2. STUDIEÅR - JUS121 - HØSTEN 2003

Denne sensorrettleiinga er søkt utforma i samsvar med Instruks om oppgåvegjeving og sensur for mastergraden, vedteke av fakultetsstyret 09.09.03, der det heiter i punkt 1.4:
” Sensorrettleiinga skal kort gjera greie for kva problemstillingar som det er rimeleg å vente at studentane tek opp. Vidare skal det gjerast greie for kva grunnlag kurset har gjeve for å svara på oppgåva. Så langt det er råd, bør det òg gjevast retningsliner for vurderinga.

Ein bør unngå at sensorrettleiinga inneheld ei utførleg framstilling av dei rettsspørsmåla som oppgåva reiser eller kan reise, og på det viset skapar eit urealistisk inntrykk av kva som kan krevjast av studentane.”

Oppgåva er søkt utforma i tråd med ”retningsliner for utforming av prøvar i jusstudiet”, fastsett av fakultetsstyret 17.06.03. Der heiter det i punkt 1:

” Oppgåver som er med i grunnlaget for karaktersetjinga, skal i form og innhald byggje på kursinnhaldet.I oppgåvene kan det likevel inngå spørsmål som ikkje har vore oppe i kurset. Dette kan vera spørsmål som er dekte av kjernelitteraturen, spørsmål som studentane kan svara på ut frå lovlege hjelpemiddel ved prøven, eller spørsmål som stiller krav til sjølvstendig resonnement ut frå læringsmåla til det aktuelle kurset og tidlegare kurs. Oppgåver som blir gjevne til skuleeksamen bør i hovudsak gjelde tema som har vore oppe i kurset.”

Oppgåva tek utgangspunkt i ein fiktiv internasjonal konfliktsituasjon og stiller konkrete folkerettslege spørsmål ut frå denne.

Dette er ein oppgåvetype som har vore mykje brukt på kurset. Oppgåvesvaret må relaterast til dei konkrete problema er skildra i oppgåva, slik som ved tradisjonelle praktikumsoppgåver. Samtidig er dei fleste spørsmåla såpass generelt utforma (”gjer greie for...”) at det gir eit forholdsvis vidt rom for å visa teoretiske kunnskapar i faget.

Avslutningsavsnittet i oppgåva gir eit signal om kva studentane skal leggja særleg vekt på:
” Innanfor tidsramma (4 timar) er det ikkje mogeleg å gi eit uttømmande svar på dei fem spørsmåla. Konsentrer drøftinga omkring det mest sentrale, og det som undervisinga på kurset har gitt deg føresetnader for å seia noko seia noko om”.

Dette må også vera utgangspunktet for sensuren. Ein bør akseptera at studentane vektlegg dei ulike spørsmåla noko ulikt, så lenge den enkelte svarar på hovudpunkta under kvart spørsmål. Spørsmåla sin karakter tilseier nok likevel at dei fleste nok vil bruka mest plass på spørsmål 1 og 3. Ved den samla vurderinga av oppgåvesvaret må ein først og fremst sjå på kva kunnskapar og forståing studenten til saman får vist fram. Dette må til sist vurderast i samanheng med det tidlegare innleverte oppgåvesvaret.

Spørsmål 1 gjeld reglane om statleg maktbruk og intervensjon. Dette er tema som har vore mykje framme i undervisinga. Førelesinga om statane sine grunnleggjande rettar og plikter (Husabø, 2. dobbeltime) var bygt opp som ein gjennomgang av dei sentrale prinsippa i FN-pakta art. 1 og 2 (sjå handouts i Studentportalen). Maktforbodet og intervensjonsforbodet har dessutan stått sentralt både i oppgåve 2A (om støtte til terroristar og opprørarar) og oppgåve 5 (om Irak-krigen). Sjølv om dette er tema som ein i følgje læringsmåla berre skal ha ”kjennskap” til, må ein difor kunna forventa at studentane kan drøfta dei problema som oppgåva her reiser på ein adekvat måte. I hovudlitteraturen (Ruud/Ulfstein) er dei aktuelle reglane drøfta i kapittel 9, punkt 1-4.

Når det gjeld art. 2(4) bør ein kunna forventa at studentane tek opp:
• Dreier det seg om ”international relations”? Når ein føreset at det dreier seg om to statar, skulle dette vera klar.
• Kva meinest med ”force” i art. 2 (4)? Her er det ut frå oppgåva naturleg å drøfta kor omfattande våpenbruken må vera for å bli råka av forbodet, jf at det stadig er ”skotvekslingar og granateksplosjonar” i området. (Det står ikkje noko om kven som står bak desse, men her må ein kunna føresetja at det kan vera begge partar.)
• Forbodet omfattar også truslar om bruk av makt. Enkelte vil kanskje nemna at det seinare i oppgåva kjem fram ei utsegn som kanskje kan tolkast som ein trussel. Det må vera OK å drøfta dette nærare, men ikkje nødvendig.
• Også indirekte maktbruk i form av støtte til opprørarar og terroristar vert i noko grad omfatta av art. 2 (4). Dette er det naturleg at ein går inn på, sidan det stod sentralt i oppgåve 2A og det første storgruppemøtet. Der var vi inne på både deklarasjonen om ”Friendly Relations” og Nicaragua-saka, som mange nok vil nemna. Sjå også læreboka s. 175.
• Av unntaka frå maktforbodet er det berre retten til sjølvforsvar som oppgåva (faktum) inviterer til å drøfta. Men det må vera OK at ein også nemner dei andre unntaka, for oversikten si skuld. Dvs. samtykke frå staten sjølv og autorisasjon frå Sikkerhetsrådet (art. 42). Spørsmålet om humanitær intervensjon unntaksvis kan vera lovleg, gir oppgåva ingen haldepunkt for å ta opp.

Art. 2(7) har eit mindre klart innhald og har vore mindre i fokus i undervisinga. Difor kan ein ikkje venta like mykje om ikkje-intervensjonsprinsippet. Men aktuelle moment er:
• Samanhengen mellom art. 2 (7) og art. 2 (4) (lex specialis).
• Eit sentralt området for intervensjonsforbode er staten si interne organisering. Dette har relevans til staten Irak sin avtale om å godta at Irakisk Kurdistan blir skilt ut som eigen stat.
• Eit anna sentralt område er forholdet mellom staten og eigne borgarar. Dette betyr at Tyrkia ikkje kan leggja seg opp i detaljar om kva vilkår den tyrkiske minoriteten i Irakisk Kurdistan blir gitt. Men forbodet gjeld ikkje for grove og massive brot på menneskerettane. Her reiser det seg interessante spørsmål som må vera greitt at studentane peikar på. Men oppgåva gir ikkje haldepunkt for å seia at ein er i nærleiken av ein slik situasjon i dette tilfellet.
• Det følgjer eit meir vidtgåande forbod mot å støtta opprørarar og terroristar av art. 2(7) enn det som følgjer av art. 2(4). Jf Declaration on Frienly Relations og Nicaragua-saka (oppgåve 2A). Studentar som har fått med seg denne samanhengen mellom dei to reglane, bør få pluss for det. Men studentane har neppe føresetnader for å gå særleg djupt inn i denne problemstillinga.
Retten til sjølvforsvar (art. 51) er det viktigaste unntaket frå maktforbodet. Dette gir faktum i oppgåva grunn til å drøfta nærare:
• Eit sentralt punkt er kva som skal til av maktbruk frå motparten si side for å utløysa sjølvforsvarsretten, jf uttrykket ”an armed attack”. Studentane bør få fram at det skal noko meir for å oppfylla dette vilkåret enn for at maktforbodet er krenkt. Spreidde skotvekslingar i grenseområda er neppe nok.
• Eit anna spørsmål som oppgåva indikerer, er kor langt Tyrkia eventuelt kan gå i sjølvforsvar. Den som får fram at det gjeld ulovfesta vilkår om at forsvarshandlingane må vera nødvendige og proporsjonale i høve til angrepet, må få pluss for det. I lys av desse vilkåra er det slett ikkje sikkert Tyrkia kan etablera ei ”tryggingssone” inne på ”kurdirakisk” område. Det vil i alle fall koma an på kva form for angrep dei vert utsette for.
• Enkelte vil kanskje også koma inn på spørsmålet om preventivt sjølvforsvar. Det må vera forsvarleg, sidan forslaget om ei ”tryggingssone” er nemnt i oppgåva.
• Likeeins må det vera forsvarleg å nemna at sjølvforsvar også kan utførast kollektivt. At Tyrkia er medlem av NATO aktualiserer dette spørsmålet. Men oppgåva gir ikkje haldepunkt for å gå nærare inn på dette temaet.

Spørsmål 2 utfordrar først og fremst til å finna problemstillinga, nemleg om tilsvarande krav også følgjer av folkerettsleg sedvanerett. Dette er ei heilt sentral problemstilling når det gjeld forståinga av rettskjeldene i folkeretten (jf kap. 3 i læreboka), som det etter læringsmåla blir kravd ”grundig kjennskap” til. Under omtalen av dei aktuelle prinsippa i læreboka (kapittel 9) står det også presisert at dei i all hovudsak avspeglar sedvaneretten. Jf særleg Nicaragua-saka, som vart løyst ut frå sedvaneretten. I art. 51 er det sedvanerettslege grunnlaget meir enn antyda med ordet ”inherent”. Den som også peikar på samanhengen mellom suverenitetsprinsippet og sjølvforsvarsretten, bør få pluss for det.

Spørsmålet om kva som berre er traktatrett og kva som er sedvanerett har stått sentralt i ei rekkje av oppgåvene på kurset (ikkje berre 2A og 5), så her bør ein forventa at dei fleste treffer bra. Studentar som har ”følgt med i timen” vil difor kunna svara eit klart (og rimeleg kort) ja på spørsmålet.

Spørsmål 3 dreier seg om Sikkerhetsrådet sin kompetanse. Dette er eit emne som ein i følgje læringsmåla skal ha ”grundig kjennskap” til. FN-pakta kap. VII har vore gjennomgått på førelesingane. Visse sider ved dette emnet var difor oppe i oppgåve 5 om Irak-krigen. Ein bør difor kunna forventa gode kunnskapar her.

Det sentrale utgangspunktet er om det ligg føre ein slik situasjon som art. 39 omhandlar. Det er eit grunnvilkår for å kunna nytta fullmaktene i kap. VII. Her gir faktum i oppgåva fleire relevante opplysningar, både at det er ein spent situasjon, at det førekjem trefningar, at det er etablert opprørsgrupper, at grensene er omtvista og at det er trua med ”frigjering” av kurdisk-dominerte område i andre statar. Det må vera greitt at ein drøftar dei ulike alternativa i art. 39: ” threat to the peace, breach of the peace, or act of aggression”. Men den som kjenner emnet frå før, vil vita at det er det første alternativet som er avgjerande, sidan det er minstevilkåret. Det må difor vera fullt forsvarleg å konsentrera seg om dette. På bakgrunn av Sikkerhetsrådet sin praksis, bør det ikkje vera vanskeleg å konstatera at grunnvilkåret i art. 39 er oppfylt her.

Alternativ a) må løysast etter art. 41 om ikkje-militære tiltak. Våpenembargo er eit av dei mest vanlege tiltaka etter art. 41, og fell inn under opprekninga der, jf uttrykket ”partial interruption of economic relations”.

Alternativ b) kan det henda at studentane vil streva noko meir med. Sjølv om det har med militære styrkar å gjera, inneber det ikkje ”action by air, sea, or land forces” som art. 42 regulerer. Også denne typen tiltak må difor drøftast ut frå art. 41. Her er det eit sentralt poeng at opprekninga der ikkje er uttømmande, og at Sikkerhetsrådet i praksis har autorisert ei rekkje andre ikkje-militære tiltak enn dei som er særskilt opprekna i artikkelen. Studentar som på forsvarleg vis også trekkjer inn art. 42, må få aksept for det. Det vil nemleg vera praktisk at den ”freda” sona vert overvaka av FN-styrkar eller andre nøytrale militære styrkar, og i så fall må ein heimla vedtaket også i art. 42. Oppgåva legg likevel ikkje opp til at ein skal drøfta dette særskilt.

Spørsmål 4 er i realiteten eit reint ”teorispørsmål”, jf Gundersen s. 65-66 og 70-72 (sjå også Ruud/Ulfstein s. 226). Det er samtidig sentralt for å testa basale kunnskapar innan EU-retten, der læringsmåla m a krev ”kjennskap til lovgivingsprosessen innanfor EU si første søyle (EF-retten)”. I oppgåve 7 skulle studentane samanlikna rettsverknadene til ei forordning og ei rammeavgjerd etter tredje søyle. Sidan rettsverknadene til ei rammeavgjerd i store trekk er dei same som til eit direktiv (og ordlyden i dei aktuelle artiklane også mest identisk), må ein forventa at studentane har fått tak i hovudtrekka her.

Spørsmålet må løysast med utgangspunkt i EF-traktaten art. 249, andre og tredje ledd. Ein må forventa at studentane sjølve finn denne regelen, og at dei prøver å forklara (ikkje berre gjengi) det som står der. Her bør ein særleg sjå etter om studentane har forstått dei grunnleggjande sidene ved forholdet mellom nasjonal rett og internasjonal rett, slik som utgangspunktet (i dei fleste land) om dualisme. Ein bør også få fram at EU utøver ”overnasjonal myndighet” både når ein vedtek EF-forordningar og EF-direktiv, sidan også direktiva forpliktar medlemsstatar til gjennomføring, sjølv om staten kanskje stemde mot i Ministarrådet.

Den som også har fått tak i (og får tid til å seia noko om) diskusjonen om direktiv kan ha ”direkte effekt”, og om ikkje-gjennomføring kan utløysa erstatningsansvar (jf oppgåve 8 om Finanger-saka), bør få pluss for det.

Spørsmål 5 er også i realiteten eit ”teorispørsmål”, jf Ruud/Ulfstein s. 35-42. Det står heilt sentral i faget, jf læringsmåla sitt krav om ”grundig kjennskap til hovudprinsippa for folkeretten si stilling i intern, norsk rett”. Særleg oppgåve 3 (det siste spørsmålet) skulle gi eit godt grunnlag for å kunna svara. Der var det lagt inn ein link til gjennomgangen av ulike gjennomføringsmåtar i proposisjonen om gjennomføring av barnekonvensjonen (Ot.prp. nr. 45 (2002-2003) kapittel 4.1.). Terminologien der er i hovudsak den same som i læreboka, men den nyansen at ein skil mellom to former for aktiv transformasjon: hel aktiv og delvis aktiv. Dette bør ikkje valda særlege problem.

Utgangspunktet for alle dei gjennomføringsmåtane som skal drøftast er det dualistiske prinsippet.

Hovudpoenget med inkorporasjon er at det blir troffe eit formelt vedtak, typisk i lov eller forskrift, om at ein konvensjon eller ei EF-forordning skal gjelda som norsk lov eller forskrift. Det folkerettslege regelverket blir på denne måten direkte gjeldande i norsk rett, utan at ein skriv reglane inn i eksisterande lovverk. For tolkinga får inkorporasjon den følgja at ein fullt ut må følgja dei folkerettslige tolkningsprinsippa som gjeld for konvensjonen eller forordninga. Dette er ein hovudgrunn til at EF-forordningar alltid skal inkorporerast (noko det vil vera eit pluss å få fram, sjølv om oppgåva ikkje direkte spør etter det).

Ved transformasjon skjer derimot ei ”omskaping” frå folkerettslege reglar til nasjonale reglar. Tydelegast er dette ved aktiv transformasjon, der det blir vedteke norske lovreglar som innhaldsmessig samsvarer med dei folkerettslege pliktene. Ved heil aktiv transormasjon blir heile konvensjonen (eller direktivet) gjengitt i meir eller mindre redigert norsk språkdrakt. Ved delvis aktiv transformasjon vedtek ein meir spreidde lovreglar eller endringar i eksisterande reglar (gjerne i fleire ulike lover) for å oppfylla dei folkerettslege pliktene.

Passiv transformasjon går ut på å konstatera at norsk rett allereie oppfyller dei folkerettslege krava. Slik sett kan ein diskutera om ordet transformasjon her er heilt treffande.

Til toppen